Bjørøyen gnr. 1 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bjørøyen gnr. 1 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Bjørøyen. Også kalla Vestre Bjørøyen. Namnebruken har variert noko: "Bjørhus" er kjent frå 1657 og 1673. "Bjørhus-evjen" nemnt i 1670. NB. I daglegtale heiter det "Ivju" om Evjen, og "Bjørøyn" om Bjørøyen.
    Landskyld: 3 laupsbol.
    Bjørøyen er ei halvøy på flatene sør for Hallingdalselva. Namnet kan truleg forklarast av bjorr (gno.) som tyder kile. NB. 'bjøre' vart brukt om eit kileforma saue-mark, dvs. klypp i øyra. Under same gardsnummer, men ca. 3 km lenger sør ligg Bjørhusevjen eller Evjen. Det er ei halvøy som har liknande form som Bjørøyen. Truleg kan båe desse gardsnamna forklarast ut frå landskapet, dvs. ei kileforma halvøy.
    Dei eldste kjeldene fortel ikkje om Bjørøyen var sjølvstendig gardsbruk i mellomalderen. Truleg var vårflaumen i sterkaste laget på nedre Bjørøyen. Øvre Bjørøyen derimot ligg på turr mark i halla rett søraust for Nedre Bjørøyen.
    På 1600-talet vart Bjørøyen brukt som slottelende, dvs. underbruk under både nordre Rotneim og og Nyhus/nordre Torpo. Myljo Rotneim sin del av Bjørøyen vart kalla 'Bjørnemoen'. Den delen av garden er handsama i Boka om Gol, V s 380.
    Bjørøyen kom i skattelistene fyrst i 1664. Etter kvart vart garden oppdelt i Nedre Bjørøyen, Øvre Bjørøyen og Evjen. Til tider har det vore same brukar på både øvre og nedre Bjørøyen.
    Bjørøyen vart sjølveigarbruk kring 1730. Ved matrikuleringa i 1838 fekk Øvre Bjørøyen gardsnummer 5, medan resten av garden nedre Bjørøyen og Evjen fekk gnr. 1.
    Husmannsplassar var Bjørøy-slåtta/bråten, Vestaforslåtta, Otterplassen (i Gol) og Sollien. Bruket Evjen låg til Gol fram til 1939. Sidan til Ål.
    Storflaumen i 1860 for hardt fram på Bjørøyen. Det fortelst at det tok tre dagar før garden vart turrlagt att. Etter dette var Bjørøyen fråflytt fram til 1906. 'Flaumfri åker' var eit omgrep i kårkontrakter på denne garden. Men etter vassdrags-reguleringane på 1960-talet kom vårflaumen under kontroll.
    Areal 1865: 8 mål åker, 56 mål naturleg eng. Bygg-avlinga var 4 tunner.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 64 mål, produtiv skog 189 mål.
    Våningshus bygt kring 1958, driftsbygning 1907, påbygd i 1950 og i slutten av 1960-åra.
   
{11} År: 1759
Tolleiv Olson Bjørøyen Tufteslåtta 1726-1787
Foreldre: Ola Gjermundson Bjørøyen og Sigrid Embriksdtr. Opheim.
Gm Kari Olsdtr. Sire Bjørøyen 1722.-
Foreldre: Ola Halvorson Nedre Sire og Gjertrud Tomasdtr. Sire.
Gm Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus
I 1759 bygsla "den unge mand" Tolleiv Bjørøyen på livstid. Det skulle ytast 3 mælar reint bygg årleg som avgift til Ål prestebord. Tolleiv brukte Bjørøyen under Sire. Kari var tidlegare gift med Syver Knutson Sire 1706-1757.
    Tolleiv vart attgift med enkje Margit Syversdtr. Sire. Barn: sjå på nedre Sire. Margit sitt fyrste gifte var Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire. Margit vart gift for 3. gong m Ola Herbrandson Bjørøyen, husmann i Svarvargarden.
   
{12} År: 1766
Ola Larsson Rotneimsøyen Bjørøyen 1741-1813
Foreldre: Lars Hermundson Rotneimsøyen og Gunvor Knutsdtr. ... . (Gol V s 116)
Gm Birgit Syversdtr. Bjørøyen 14.02. 1745-1777
Foreldre: Syver Olson Bjørøyen og Margit Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunvor Olsdtr. Bjørøyen Opheimsjorde 08.06. 1766-1839
Barn m/Gullik Knutson Tune: Syver 1792- . Sjå barnebarn.
    G 1803 m Torstein Arneson Bøygard Opheimsjorde, sjå Utluteigen, gnr. 22/5d.
2. Lars Olson Bjørøyen 28.08. 1768-
3. Ola Olson Bjørøyen Helling 1769-1844
Gm Ingeborg Steingrimsdtr. ...?Løstegard. Ingen livsarvingar.
    Ola fekk skøyte på Bjørøyen i 1804. Pris: 596 rd. Men om han budde på garden er uvisst. Det vart ny eigar før 1806. (1536)65a
4. Margit Olsdtr. Bjørøyen 21.06. 1773-1813
G 1811 m enkjemann Halvor Herbrandson Brennhovd, Gol.
5. Syver Olson Bjørøyen 05.02. 1775-
Truleg død som liten.
*Barnebarn
1. Syver Gullikson Bjørøyen 08.07. 1792-
Barn m/Turid Oleivsdtr. Klemma, Gol: Guri ....- gm Lars Tolleivson i Asker.
    G 1850 m Barbro Olsdtr. Olsgard, Gol. Barn: Gunvor 1851-1924 til Am. , g 1876 m Ivar Tolleivson Bråten (6 barn); Ola 1853-1927 til Am., gm Inga Williamson (8 barn); Ragne 1856-1867.
    Foreldre: Gullik Knutson Tune (ungkar) og Gunvor Olsdtr. Bjørøyen-Kinneberg.
    Syver vaks opp hjå besteforeldra på Kinneberg i Gol. (Gol VI s 770) Han kjøpte seinare Juven i Golreppen. (Gol VI s 338)
Ola og Birgit fekk fem barn.
    Ola Larsson fekk 1766 skøyte på Bjørøyen 3 laupsbol hjå Ola Gjermundson Bjørøyen (bestefar hennar Birgit) mot kår til dei gamle. (2 kyr og 6 småfe framfødd, 4 tunner korn, åker tilsådd med 3 settung rug og 1 settung hampesæd, hus og tilsyn).
    Ola vart attgift 1777 m Mari Andresdtr. Vestre Grov og kom til Kinneberg i Gol. (sjå vidare Gol VI s 770) Barn: Birgit 1779-1834 gm Halvor Tolleivson Knaldre; Barbro 1782-1864 g 1802 m Arne Oleivson Trandheim, g 1811 m Mekkel Larsson Sørbøl; Anders 1784-1875 til Eldbjør i Valdres, gm Barbro Olsdtr. Svartebråten.
    I 1787 vart Bjørøyen (3 + 3 laupsbol) selt til Ola Herbrandson for 499 rd og kår. Det framgår ikkje korleis Ola vart eigar av Øvre Bjørøyen (2 lb). Men Tor Torpo hadde pant i desse 2 laupsbola i 1793. I 1787 kjøpte Ola garden Kinneberg i Gol for 480 rd hjå Lars Gjermundson og flytte dit.
{13} År: 1774
Ola Herbrandson Bjørøyen 02.02. 1755-1793s
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Helge Olsdtr. Skjerping Bjørøyen 14.02. 1745-1801
Foreldre: Ola Knutson Rime Skjerping og Anne Håkonsdtr. Berg.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Bjørøyen Bjørøyslåtta 02.10. 1774-1821
Gm Syver Torkjellson Tretterud Bjørøyslåtta, gnr. 5/1a.
2. Herbrand Olson Bjørøyen 19.11. 1775-1793f
Død før 1793.
3. Anne Olsdtr. Bjørøyen Bakken 31.08. 1777-1849
G 1804 m Lars Tomasson SataBakken, gnr. 32/3.
4. Ingrid Olsdtr. Bjørøyen Randedokken 27.12. 1778-1847
G 1820 m Lars Tolleivson Strand Randedokken, gnr. 121/7.
5. Herbrand Olson Bjørøyen 21.05. 1780-1815
G 1807 m Ingebjørg Olsdtr. Sveinsgard. Sjå Øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
6. Ola Olson Bjørøyen 25.11. 1781-1793f
Død før 1793.
7. Liv Olsdtr. Bjørøyen 14.12. 1783-1793f
Død før 1793.
8. Ola Olson Bjørøyen Skriudalen 04.12. 1785-1859
G 1818 m Helge Sevatsdtr Holo. Sjå Skriudalen, gnr. 33/3.
9. Liv Olsdtr. Bjørøyen Sirerudningen 27.07. 1788-1863
G 1816 m Ola Torsteinson Slåtta, gnr. 2/2 og nedre Sirerudningen, gnr. 4/54.
10. Kari Olsdtr. Bjørøyen 09.01. 1791-1793f
Død før 1793.
Ola overtok Bjørøyen 1774 for 150 rd og kår. Og i 1787 fekk han skøyte på heile Bjørøyen 1787 (5 lb.) for 450 rd hjå Ola Larsson.
    I 1791 makeskifta Ola frå seg slåtta Øksleskardet og fekk att 12 rd hjå Ola Olson Sveinsgarden.
    Ola lånte 195 rd i 1792. På skiftet etter Ola i 1793 levde enkja, 2 søner og 4 døtre. Buet var 329 rd. Helge fekk slikt kår: framfødd ei ku og tre småkrøter og dessutan 30 settung korn, 18 settung brødkorn, 1 settung rug og 1 settung hampesæd.
    Sonen til kreditoren Ola Larsson Kinneberg ville ta garden Bjørøyen for odelen som far hans hadde. Om enkja godtok dette straks, skulle han sjå bort frå det forfall som garden hadde lide i Ola si tid. Enkja nekta, og tvisten vart vist til lov og rett. Enkja fekk utlagt søre Bjørøyen på skiftet i 1793.
    Helge vart attgift med Eivind Eivindson Øyen Bjørøyen. Ingen barn. Ho kjøpte Øvre Bjørøyen for 198 rd i 1793. Sjå Øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
{14} År: 1793
Helge Olsdtr. Skjerping Bjørøyen 14.02. 1745-1801
Foreldre: Ola Knutson Rime Skjerping og Anne Håkonsdtr. Berg.
Gm Eivind Eivindson Kjellargard Bjørøyen 28.09. 1766-1854
Foreldre: Eivind Eivindson Kjellargard Torpebråten og Margit Olsdtr. Løken.
Helge kjøpte vestre Bjørøyen for 198 rd i 1793-94 og gifte seg oppatt med Eivind i 1795. Ingen barn. Sjå meir under Øvre Bjørøyen.
    På skiftet etter Helge i 1801 var det 568 rd å dele etter at gjeld og utgifter på 779 rd var fråtrekt. Eivind kravde 1/4 i garden og kår hjå arvingane Knut og Ola Herbrandsøner. Dei nekta. Då let Eivind vestre Bjørøyen gå til auksjon i 1802, der han sjølv kjøpte for 610 rd. Eivind gifte seg opp att 1802 m Haldis Johannesdtr. Helling og flytte omlag 1804 til Gol. I 1828 fekk han skøyte bruket Eilevmoen i Gol.
   
{15} År: 1806
Halvor Herbrandson Bjørøyen Bjørøyslåtta 31.05. 1761-1831
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Ingrid Holgesdtr. Satamoen Bjørøyslåtta 06.01. 1759-1837
Foreldre: Holge Eirikson Lien (ungkar) og Anne Botolvsdtr. Sørbøen (truleg Espegard).
Halvor og Ingrid gifte seg i 1793. Barn: sjå Bjørøyslåtta, gnr. 5/1a.
    Halvor selde Bjørøyen att i 1811 og flytte til Bjørøyslåtta. Ingrid døydde i legd på Skjerpingmoen i 1837.
{16} År: 1811
Ola Olson Arnfinnmoen Sveinsgarden 1755-1842
Gm enkje Guri Olsdtr. Torpo Rust.
Foreldre: Ola Vilhelmson ArnfinnMoen, Gol og Ingeborg Jakopsdtr. Eiklid.
Sjå også Sveinsgarden, gnr. 4/42.
    I 1806 tok Ola og Guri Olsdtr. seg kår av Bjørøyen. I 1815 overtok svigerson Holge Gåsterud overtok bruket. Men Ola held attende Svartekjønnslåtta (grasland, lauving med både låve og lu) .
    Det er litt uvisst når Guri døydde: Tor Halvorson Bjørøyen (gm Ingrid Olsdtr. Tuftebråten) melde dødsfallet hennar 1830 (84 år gamal), eller Guri døydde som kårkjering hjå dottera Margit på Sveinsgarden Sire i 1842. Under skiftet heitte det at dei levde i 'yderste fatigdom' med eit ubetydeleg kår.
{17} År: 1815
Holge Holgeson Gåsterud Bjørøyen 15.07. 1809-1873
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Margit Toresdtr. Træet.
Gm Ragnhild Syversdtr. Logsengard Gåsterud 16.07. 1818-1839
Foreldre: Syver Håkonson Berg Logsengard og Ågot Knutsdtr. Logsengard.
Holge kjøpte Bjørøyen i 1815, men det er uvisst om han budde på garden. Ved makeskifte i 1820 fekk lensmann Hallgrim Ruud (frå Nes) Bjørøyen, medan Holge overtok Torpeslåtta, stølane Volelia og Pålset og 200 spd.
    Holge og Ragnhild gifte seg i 1838. Ragnhild døydde av barnekoppar i 1839. Holge vart attgift 1842 med Turid Hermannsdtr. Sire og flytta til Gåsterud. Barn: sjå Gåsterud, gnr. 16/1.
{18} År: 1820
I 1820 overtok lensmann Hallgrim Ruud på Nes garden, men han budde ikkje her. Kjeldene fortel ikkje kven som dreiv garden Bjørøyen denne tida.
{19} År: 1831
Hermann Syverson Torpehagen Sire 30.12. 1782-1870
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr Krosshaug.
Gm Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire 1787-1848s
Foreldre: Håkon Olson Opheimsjorde Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
Hermann og Margit gifte seg i 1807. Barn: sjå under nedre Sire.
    Hermann overtok Bjørøyen for 200 spd etter skøyte frå 1831.
    Bjørøyen vart skadd i storflaumen i 1860, landskylda på garden vart sett ned med 14 skilling. Garden vart fråflytt etter flaumen og låg som underbruk til Nedre Sire fram til 1906. Ein kjenner ikkje til fast busetnad på garden i denne tida.
   
{20} År: 1848
Ola Hermannson Sire Opheim 05.03. 1825-1884
G 1864 m Rangdi Knutsdtr. Karigarden Opheim.
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire.
Ola Hermannson fekk han skøyte på Bjørøyen på skiftet etter mora i 1848. Pris: 385 spd og kår til faren. (1549)442
    Bjørøyen vart brukt under Sire. Det er uvisst om Ola budde i Bjørøyen. Ola dreiv som handelskar ei tid før han kjøpte Karigarden. Sjå meir under Karigarden, gnr. 22/57.
{21} År: 1877
Hermann Olson Sire 24.09. 1856-1931
G 1877 m Ingrid Jørgensdtr. Dokken frå Nes. Ingen barn. Sjå nedre Sire, gnr. 4/28.
Foreldre: Ola Hermannson nedre Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
Frå 1877 til 1906 hadde Hermann og Ingrid både Nedre Sire og Bjørøyen.
    I 1906 selde dei Nedre Sire og flytte på Bjørøyen. Sidan storflaumen i 1860 hadde garden vore utan fastbuande folk.