Evjen gnr. 1 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Evjen gnr. 1 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bjørøy-evjen, eller berre Evjen, i daglegtale Ivju. Garden er fyrst nemnt 1670 som Bjørnemoen, det er truleg ei forvansking av Bjørøy-moen. Namnet har også vore Bjørhus-evjen. Tyding: bjør = kile, ivju= evje.
    Fyrst på 1600-talet var Evjen i bruk som vår- og haustbeite under mellom-nordre Rotneim og Nigarden Rotneim i Gol. Evjen var såleis matrikkulert i Gol. (Sjå Gol V side 380.)
    Mikkel Sire, sonen til Tomas Arnfinnson mellom Rotneim som gifte seg til Sire, overtok fyrst ein halvpart av Evjen hjå faren. Den andre halvparten av Evjen låg til Per Ivarson Rotneim ifylgje ein dom frå 1694, denne delen overtok Mikkel i 1709.
    Landskyld: Ved dom i 1716 vart skylda sett ned frå 2 til 1 laupsbol.
    I 1804 heitte det at ein del av garden låg i Gol og den andre i Torpo sokn. Og i 1939 vart garden Evjen overført til Ål som bnr. 13 under Bjørøyen.
    Plassar. Ørjansbråten? (Ein Ørjans Ivarson TorpeBråten var gift i Gol 1783. Kan han ha budd her før? Otterplassen i Gol låg under Evjen ei tid. Rudningsmannen her skal ha vore Syver frå Ottargarden Rotneim. Syver har nok hatt Ottar-namnet med seg heimanfrå. Dette bruket er handsama i bygdeboka for Gol, bind V side 388.
    Evjenbakken, den fyrste moderne skibakken i Hallingdal vart bygd i 1903. Den vart opna med storlauparar, og representantar frå Centralforeninga som instruerte og demonstrerte moderne skisport.
    Areal 1865: ingen opplysningar funne. (Utegløymt?)
    Areal 1995: dyrka jord 100 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog ca 2000 mål, annan utmark ca 2000 mål. Buskap: 90 vinterfora sauer.
    Bjørøy-stølen på Hagastølane vart bruk fram til 1906. Evjen-kyrne vart sidan sette bort om sumrane. Stølen Buglebjørk vart selt til Knut Olson Aasgard i 1884. Drifta vart omlagt til sauehald frå 1963. Og dei dyrka potet for sal.
    Loft og uthus gjekk med i brannen omkring 1933. Nytt uthus 1934, påbygg 1988. Gamlestugu vart rive på 1960-talet og nytt våningshus oppført i 1963. Stølsbu 1975.
   

{34} År: 1787

Mikkel Tomasson Tufto Eivindhaugen 12.06. 1753-1825
Foreldre: Tomas Mikkelson Tufto og Gunvor Eivindsdtr. Hovde.
Gm Turid Halvorsdtr. Opheimsbråten Bjørøyevjen 23.02. 1755-1812
Foreldre: Halvor Oleivson Opheim Bråten og Birgit Olsdtr. Eikre (?Blakkestad frå Gol).
*Barn
1. Birgit Mikkelsdtr. Bjørøyevjen 06.08. 1786-1786

Ved skøyte av 1787 frå stefar Sander H. Tufte vart Mikkel eigar av Bjørnemoen i Gol for 298 rd. Dermed hadde Mikkel løyst ut all arv og odelsretten til Tufte.
    Frå 1795 var Mikkel i Bjørøyevjen. Han var husmann på Eivindhaugen før 1801.

{35} År: 1801

Håkon Eirikson Gullhagen Ruud 29.07. 1759-1825
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Astrid Håkonsdtr. Bomberud Ruud 26.12. 1765-1825
Foreldre: Håkon Ivarson Sando-Bomberud og Ragnhild Trondsdtr. Skjervheim.

Håkon var fyrst gift med Margit Olsdtr. Skjervheim 1748-1794. Håkon og Astrid gifte seg i 1795. Sjå Ruud i Liagardane, gnr. 25/1.

{36} År: 1806


Hallgrim Ruud på Nes kjøpte Evjen i 1805. Han budde ikkje på garden, hadde truleg ein brukar til han selde til versonen i 1836.

{37} År: 1836

Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Evjen 21.08. 1791-1837
Foreldre: Hallgrim Kolbjørnson Ruud Evjen og Mari Klemetsdtr. Rud, Sokndalen.
Gm Hallgrim Eirikson Svenkerud Evjen 17.04. 1788-1842
Foreldre: Eirik Trulsson Svenkerud og Rangdi Knutsdtr. ...
*Barn
1. Eirik Hallgrimson Evjen Noss 08.05. 1813-1891
G 1839 Gol m Barbro Arnfinnsdtr. Roen. Sjå neste brukar og Knutsgarden Noss, gnr. 120/1.
2. Mari Hallgrimsdtr. Evjen 16.07. 1815-1883
G 1837 m Syver Hermannson Sire Evjen. Sjå år 1842.
3. Hallgrim Hallgrimson Evjen 18.04. 1818-1873
Ugift. Hallgrim hadde vistnok to barn i Krødsherad: ei jente født ca 1860- ho arva i 1873.
    Handelskar. Han vart kalla Rike-Hallgrim. Hallgrim tok seg fyrst vegarbeid på Filefjell. Der henta han startkapitalen. Sidan vart det handel med brennevin og matvarer. Han og brørne byrja med å kjøpe opp skogar på Rotneim og betalte arbeidsfolk med mat og sterk drikke. Sidan vart det omfattande skoghandlar i inn- og utland.
    Då han og brørne delte sitt økonomiske hopehav, fall replikken: "Du får ta det som er ova Hesla-brune, so e du vel tent ..." (Dette galdt Eirik H.)
    Hallgrim kjøpte m.a. Løvhaugen i Grue i Finnskog. (Broren Ola, var fullmektig her. )
    Hallgrim hadde gard på Bragernes, fleire sagbruk, bryggeri m.m. På skiftet i 1876 var brutto eige 247 000 spd. Arvingane heldt fram med forretningsdrifta og skipa Evjen & Co. Dei 7 syskena hans arva 33611 spd kvar.
    Det vart sagt om Hallgrim at han budde i karjolen etter kvart som forretningsdrifta auka på.
4. Knut Hallgrimson Evjen Ruud 16.09. 1820-1907
Gm Ambjørg Anne Marie Jorde. Til Ruud i Nes.
    Barn: Hallgrim 1853-1942 ug.; Kristi 1855-1936 gm Arne Revling (9 barn); Mari 1957-1945 gm Ole Andreas Fretheim; Thuri 1859-1940 gm Arne Kjørstad (7 barn); Jørgen 1863-1944 gm Anne Dorph Muus (4 barn); Inger Marie 1868-1935 gm Hallgrim Evjen (syskenbarn); Rangdi 1870-1942 gm Petter Svenkerud (8 barn).
5. Rangdi Hallgrimsdtr. Evjen 13.12. 1824-1879
G 1846 m Ola Sveinson Eidal. Barn: Kari 1847-1934 gm Arne K. Engen (syskenbarn) (9 barn); Svein 1850-1879 gm Marthe Berg; Hallgrim 1852-1926 gm Hansine Mikkelsen (6 barn); Mari 1854-1938 gm Kolbjørn Berg ( barn- 7 døde små); Ole 1856-1901 gm Gunhild Berg (6 barn); Margit 1861-1932 gm Jørgen Jenssen Jorde (7 barn).
    I tenest hjå prokurator Hygen i 1842.
6. Margrete Hallgrimsdtr. Evjen 22.07. 1825-1893
G 1847 m Christen Arnesen Engen på Nordby i Skoger. Barn: Arne 1846-1924 gm Kari Eidal (syskenbarn); Hallgrim 1850-1927 på Nordby gm Barbro Rødningen frå Nes (2 barn); Ingeborg 1853-1943 gm Knut Berg (8 barn); Kristi 1856-1935 gm Kristen Gandrud (6 barn).
    Margrete reiste tidleg ut på teneste. Ho var i Skoger saman med bror sin 1878.
7. Kolbjørn Hallgrimson Evjen 03.07. 1828-1828
8. Kolbjørn Hallgrimson Evjen 23.03. 1830-1879
Han vart sjuk 'under opphald i Gol og Nes'. Ei tid var han på legd i Grangarden i Nes. Kolbjørn flytte til Skoger i 1878 med systera si Margrete.
9. Ola Hallgrimson Evjen 19.01. 1833-1833
Ola døydde av koppar 15 veker gamal.
10. Ola Hallgrimson Evjen 10.10. 1834-
Barn: Tolleiv 1859- m Eli Tolleivsdtr. Rime.
    G 1863 m Sigrid Andersdtr. Nivstad. Barn: Kjersti 1863- .
    Fullmektig på Løvhaugen/Pekkola i Finnskog hjå broren Hallgrim. Ei tid åtte Ola bruket Herra i Finnskog. (1589)

Hallgrim og Kristi gifte seg i 1813. Hallgrim kjøpte 1836 Evjen hjå svigerfaren, som hadde pant i garden.
    På sine gamle dagar var kåret til Hallgrim "utexequeret" i mange år, så han måtte selja av lausøyret til livsens opphald. (1721)

{38} År: 1838c

Eirik Hallgrimson Evjen Noss 08.05. 1813-1891
Foreldre: Hallgrim Eirikson Svenkerud Evjen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Evjen.
Gm Barbo Arnfinnsdtr. Roen Noss 26.08. 1820-1892
Foreldre: Arnfinn Arneson Roen og Guri Torkjellsdtr. Træet. Sjå Gol V s 358.
*Barn
1. Hallgrim Eirikson Evjen 29.08. 1839-1839
2. Hallgrim Eirikson Evjen 15.12. 1840-1842
3. Hallgrim Eirikson Evjen 22.01. 1843-1846
4. Arnfinn Eirikson Evjen 23.03. 1845-1867
Arnfinn gjekk på latinskule i Drammen. Deretter var han ei tid i England. Så var han betjent hjå kjøpmann Sørensen i Drammen. (1553)1902
    Han døydde ugift i Kr.ania 1867 av tuberkulose.
5. Kristi Eiriksdtr. Evjen Breie 14.01. 1847-1937
G 1864 m Tolleiv Larsson Skottebøl Breie. Sjå Breie, gnr. 127/17.
6. Hallgrim Eirikson Evjen 08.12. 1849-1917
Ugift. Hallgrim tok seg utdanning (m.a. i Frankrike) og dreiv trelastforretning i Drammen.
    Hallgrim hadde sterke religiøse interesser, han testamenterte i 1912 ca 650 000 kr til eit indremisjons-legat. Mange av bedehusa i Ål, og indremisjonshuset Evjens Minne på Ål vart bygd for desse pengane. (Lokalet ber namnet hans.)
7. Eirik Eirikson Evjen Noss Knudsgarden 30.03. 1852-1927
G 1872 m Sissel Larsdtr. Skottebøl. G 1895 m Sigrid Tolleivsdtr. Strand. Sjå Knutsgarden Noss.
8. Guri Eiriksdtr. Evjen Sando 31.07. 1854-1939
G 1873 m Eirik Kolbjørnson Sando, gnr. 30/2.
9. Mari Eiriksdtr. Noss 25.06. 1856-1875
10. Rangdi Eiriksdtr. Noss Kjørstad 14.12. 1858-1902f
G 1880 m lærar Olaf Kjørstad 1853-.... . Barn: Borghild 1889-1962 barnelege, gm Martin Hustad; ...
    Han var cand. phil. og kaptein. Til Valdres. I 1902 var ho død 'for nokre år sidan'.
11. Hallgrim Eirikson Noss Evjen 27.09. 1862-1918
Gm Inger Marie Rud frå Nes 1868-1935. Barn: Einar Asbjørn 1890-1967; Borghild Kristi 1892-1970, gm Olaf Olsen, dei var misjonærar i Afrika (5 barn); Astrid Solveig 1895-1898; Knut Arnfinn 1899-1942; Leif Erik 1901- ; Halgrim Kåre 1905-1907; Arnbjørg 1909- .
    Hallgrim tok medisinsk embets-eksamen i 1891. Etter ha arbeidd ved Rikshospitalet m.m. vart han 1892 kommunelege i Sør-Aurdal. Ved sida av arbeidet dreiv han skoghandel og tok del i kommunalt arbeid. (773)

Eirik og Barbo gifte seg i 1839.
    I unge år kjøpte Eirik ein skogrem i Ridalen til uthogst. Sidan dreiv han stort med skoghandel saman med broren Hallgrim. Fyrste tida budde Eirik og Barbro i Evjen, sidan på Øygarden og Ottargarden Rotneim i Gol.
    I 1855 kjøpte Eirik Knutsgarden Noss, gnr. 120/1. Sjå der.

{39} År: 1842

Mari Hallgrimsdtr. Evjen 16.07. 1815-1883
Foreldre: Hallgrim Eirikson Svenkerud søre Torpo Evjen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Evjen.
Gm Syver Hermannson Sire Evjen 06.02. 1811-1882
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire.
*Barn
1. Kristi Syversdtr. Evjen Stensrud 28.09. 1838-1903
G 1858 m Mikkel Halvorson Stensrud frå Gol. Barn: Halvor 1857-1915 g 1884 m Jenny Halvorsdtr. Sørum, på Stokker i Røyken (4 barn); Syver 1859-1925 g 1883 m Albertine Bentsdtr. Bjørnstad på Høvik i Røyken (8 barn); Halgrim 1860-1924 g 1891 m Maren Jørgine Kristiansdtr. Høvik, hadde Auvi i Røyken (9 barn); Knut 1862-1934 g 1890 m Hilda Martine Kristiansdtr. Stokker, bonde på Grette i Røyken (6 barn); Herman 1864-1903 g 1895 m Karin Kristiansdtr. Flater, marineoffiser, busett i Horten; Erik 1869-1949 g 1897 m Lorentse Bentsdtr. Follestad, hadde Bjørnstad (3 barn); Ola 1870-1937 gm enkje Julie Slagsvold, slaktar, busett på Nordstrand (4 barn); Marie 1872-1905 gm Karl Lund, Røyken (3 barn); Herman ....-.... garvar, gm Louise Ramberg; Margrete ...- til Am. (ingen barn); Hilda ....- gm ... Foss, til Am. (1 dotter); Olaf ....- gm Margaret ..., Danmark, skipsførar busett i Canada; Karl 1877-1886. (1654)63
    Kristi og Mikkel budde på Bjørnstad i Røyken frå 1874.
2. Margit Syversdtr. Evjen Slåtto 27.03. 1841-1925
G 1863 m Ola Knutson JegleimSlåtto. Barn: Knut 1864-1939, gm Inga Helene Helgesen, underoffiser og bokhaldar, busett på Lysaker (7 barn); Syver 1865-1936, gm Amalie Pettersen Madsø, Namdalen (ingen barn), forretningsmann i Minneapolis, Am.; Nils 1867-1867; Nils 1868-1923, g 1894 m Thora Juliane Evensdtr. Askestad, Røyken, lærar, klokkar og ordførar i Røyken (5 barn); Hallgrim 1870-1900, ug., hadde vore i Am.; Hermann 1873-1877, drukna; Hallgrim 1876-1959, gm Inga Betzy Kongsgård, Solør, (6 barn), kvartermeister på Bergen festning; Marie 1879c- , dreiv mjølkehandel i Kr.ania. (Sjå Evjenslekta s 80) (1420)
    G 1883 m Hans Johanson, (Sverige), Ølstad, Røyken. Barn: Kristine 1883-1951, gm Otto Martinus Nystrand.
    Margit overtok mjølkebutikken etter systera. Margit og Hans kjøpte garden Olstad i Røyken og flytta dit.
3. Hermann Syverson Evjen 29.10. 1845-1926
G 1872 i Am. m Oline Halvorsdtr. Stensrud 1855-1941. Barn: Mari 1873-1931, gm John Erickson (6 barn); Randina 1874-1960, gm Martin John Thompson (10 barn); Kristin Syverine 1877-1958, gm Teodor Tostenson (3 barn), gm Erick J. Anderson (5 barn); Hilda 1878-1922, ug.; Sivert 1885-1913 ug.; Minnie 1888- , gm Johan Anderson (ingen barn); Hilma 1890-1939, gm John Glase (ingen barn); Helmer 1892-1961, ug. ; Henning 1894- , gm Anne Postma (1 adoptivbarn); Edwin 1896-1918, ug. (1654)84
    Herman reiste til Am. og var farmar ved Alexandria, MN.
4. Mari Syversdtr. Evjen 09.06. 1853-1908
G 1873 m Henrik Dunker Kjerulf 1836-1914. Sjå år 1875.
5. Hallgrim Syverson Evjen 09.01. 1856-1937
Gm ... ... ... . Gm ... ... ... . Sjå neste hushald.
6. Eirik Syverson Evjen 31.08. 1859-1905
G 1880 m Liv Aslaksdtr. Kinneberg 1859-1894. Barn: Marie 1881-1942 g 1906 m James E. McKivett, g 1911 m Gilbert Treslan, farmar i Sasc. Canada; Sigurd 1882-1958 ugift saueklyppar; Sigrid 1884-1886; Aslak 1886-1965 ug; Hallgrim 1889-1984 farmar i Beechy, Sasc. Can., sidan i ND, g 1932 m Margaret Palma Moe (5 barn); Olaf 1891-1957 ug. farmar i Beechy, Sasc. Can; Sigrid 1894-1894; Hermann 1894-1894.
    G 1905 m enkje Anna Jaunanger.
    Eirik selde garden Rotneim i 1897 til Håkon Kåreson Myking og drog til Am.: Alexandria, MN.
   

Syver og Mari gifte seg i 1837. I 1842 kjøpte Syver garden Evjen hjå verfar sin.
    Bededags-kvelden 1843 vart Syver hardt skadd i eit slagsmål på Bjørøyjordet. Det gjekk i kniv og steinkast, og dei var 4 mot 1. (1512) 37
    Sonen Hallgrim overtok garden i 1874. Syver var djerv til å ro, ofte når elva var stor. I 1882 drukna han i Øynehølen på Rotneim, han sov i båten i drukken tilstand. Syver vart funnen på Nes og gravlagd der. Om etterkomarane, sjå boka "Prest, klokker, bonde" av Jens Grønset.

{40} År: 1874

Hallgrim Syverson Evjen 09.01. 1856-1937
Foreldre: Syver Hermannson Sire Evjen og Mari Hallgrimsdtr. Evjen.

Hallgrim fekk skøyte på Evjen i 1874 og selde att i 1875.
    Han var gift to gonger, den eine kona var norsk. Barn: Mary 1880- gm ... Mikkelsen (6 barn). Busett i Duright, ND. Sidan i Otter Tail Lake, MN. (1654)

{41} År: 1875

Mari Syversdtr. Evjen 09.06. 1853-1908
Foreldre: Syver Hermannson Sire Evjen og Mari Hallgrimsdtr. Evjen.
Gm Henrik Jensson Kjerulf Evjen 1836-1914
Foreldre: Jens Lauritz Kjerulf (prest i Hole, Trysil og Gol) og Henriette Philipine Dunker.
*Barn
1. Henriette Henriksdtr. Evjen Ødegard 11.06. 1877-1955
Barn m/Sander Torjusson Sire: Margrete 1904- gm Johan Aulebo (1 son).
    G 1907 m Ola Sveinson Ødegard frå Vågå. Barn: Margrete 1904- gm Johan Aulebo (1 barn); Sverre 1907- gm Magdalene Roløkken (3 barn); Marie 1910- gm Erik Terje Hofstad (2 barn); Alf 1912-1932; Henry 1914- gm Else Therese Haugard (3 barn). (1653)
    Henriette og Ola budde på Sundre i 1907. Ola var stasjonsmeister på Kolsrud i Flå. Sidan baneformann på Alnabru.
2. Marie Henriksdtr. Evjen Rotneim 09.06. 1879-1969
G 1904 m Kåre Håkonson Nedre Rotneim 1880-1964. Barn: Håkon 1905-1984 g 1936 m Guro Jonsdtr. NødreLi (3 barn); Mari 1907- gm Sigurd Ringstad, Bergen (1 barn); Henrik 1911- gm Torbjørg Eide, Dalsøyra (4 barn); Ingebret 1913- g 1943 m Gudrun Knutsdtr. Ursdalen (3 barn); Syver 1916- lastebilsjåfør; Kari 1919-1979 g 1951 m Steingrim Steingrimson Frøysok (1 barn); Kåre 1924-1953 (motorsykkel-ulykke) g 1951 m Kari Torleivsdtr. Hagen, Torpo (2 barn).
    Kåre var ein sprek lausdansar og idrettsmann.
3. Jens Henrikson Evjen 21.04. 1882-1962
=Jens Sigurd. G 1916 m Kari Olsdtr. Nyhusmoen. Sjå neste hushald.
4. Hilde Henriksdtr. Evjen Ursdalen 10.09. 1885-1926
=Hilda Kristie. G 1914 m Knut Bjørnson Ursdalen. Barn: Mari 1914- gm Ola Sveinsgard (6 barn); Liv 1916- g 1957 m Syver Sollien (2 barn); Bjarne 1918- bygningsmann Torpo; Henrik 1921- bygningsmann g 1965 m Synnøve Skaret, Nes (1 barn); Gudrun 1923 g 1943 m Ingebret Rotneim (3 barn).
    Knut var bygnings- og innreiingssnikker. Budde fyrst i Mjøndalen. Arbeidde sidan på Langeland Trevare på Ål.
5. Sigurd Henrikson Evjen 25.06. 1893-1983
G 1925 m Liv Arnfinnsdtr. Ursdalen. Tretterudhaugen. Barn: Gunhild 1924- g 1949 m Erling Haugen, busett på Nes (2 barn); Marie 1926- g 1953 m Olav A. Storebråten (3 barn); Henrik 1928-1986 g 1956 m Ragnhild Haugen, busett på Nes (3 barn); Anfinn 1929- g 1963 m Magnhild Slåtto, busett på Torpo (3 barn); Ingvar 1931- g 1958 m Synnøve Vestenfor (2 barn); Ida 1934- var gm Dagfinn Gundersen, busett i Larvik (3 barn); Sverre 1938- g 1963 m Ingebjørg Engeset, busett i Musehaugen (2 barn); Liv 1940- g 1961 m Kåre Rukke, busett på Nes (2 barn); Harald 1947- maskineigar, busett på Breidokk i Gol.
    Sigurd og Liv kjøpte Breidekko i Gol i 1941 for 500. Sigurd var aktiv idrettsmann (hopp og langrenn) i unge år. Han tok mange fyrstepremiar i kombinert og deltok i Holmenkollen. Dreiv pelsdyroppdrett i mange år. Dei selde Breidekko kring 1965 og bygde seg hus på Hagaskogen, Gol.

Henrik og Mari gifte seg i 1873. Dei kjøpte Evjen kring 1875, men budde på Kinneberg i Gol til 1883 før dei flytte på garden.
    Garden gjekk på auksjon i 1899 etter krav frå Karen Poppe i 1892. I denne tida vart noko av skogen fråselt.