Otterplassen gnr. 1 bnr. 14
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Otterplassen gnr. 1 bnr. 14-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Rudningsmannen her skal ha vore Syver frå Ottargarden Rotneim. Syver har nok hatt Ottar-namnet med seg heimanfrå. Dette gardsbruket låg i Gol saman med Evjen fram til 1939 då bruka vart førte over til Ål. Sjå bygdeboka for Gol, bind V s 388.
{45} År: 1780c
Syver Ottarson Rotneim Toresgard 1734-1787s
Foreldre: Ottar Anderson Ottargarden Rotneim og Birgit Jonsdtr. ... . Sjå Gol V s 329.
Gm Sunnev Olsdtr. Opheimshaugen? Bjørnemoen 1740.-1778
Foreldre: Ola/Tolleiv? ... ... . NB. Mor til dottera Birgit 1764 skal vera 'Sunnev Tolleivsdtr. Leikvoll'.
Gm Gjertrud Oleivsdtr. Bjørøyen Bjørnemoen 1747-1850
Foreldre: Oleiv ... ... og Olaug Olsdtr. Bjørøyen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Syversdtr. Turkarstad 17.10. 1764-1787f
2. Ottar Syverson Turkarstad 16.02. 1766-
3. Ola Syverson Turkarstad 23.07. 1769-1778
Han og mora drukna i Rotneimselva i 1778.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Syverson Bjørnemoen Nyhusmoen 13.08. 1780-1850
Barn: Kari 1801- m/Margit Kristensdtr. Heslaeie; Ola 1803- m Kari Olsdtr. Klokkarstuen.
    G 1806 m Kari Endresdtr. Spelemannsmoen. Sjå Gol V s 389 og Nyhusbråten.
    G 1844 m Anne Syversdtr. Torpo.
2. Syver Syverson Bjørnemoen 29.02. 1784-
Kan forvekslast med Syver Syverson Finnesgardshaugo som kom til Storedal.
3. Tolleiv Syverson Bjørnemoen 1787-
Syver og Sunnev gifte seg i 1765. Syver kjøpte Lille Arnegard (Turkarstad, gnr. 92/1 ) for 99 rd i 1763.
    Syver gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske skiløyparkompani frå 1764. I 1773 var han inderst på Toresgard.
    Dei flytta til Gol, og der drukna ho Sunnev og sonen Ola i Rotneimselva i 1778. Syver budde på plassen 'Rotneimseie' (Otterplassen?) med den andre kona Gjertrud.
    Gjertrud fortalde på skiftet etter Syver i 1787 at han rydda Bjørnemoen av rå rot. Påkostningane vart taksert til 15 rd. Då presten og skifteretten hadde fått sitt, var det att 1 rd til enkja og dei fire ungane.
    Otterplassen vart selt til Mikkel Tomasson Bjørnemoen i 1794 og truleg brukt saman med Bjørnemoen. Deretter vart plassen tillagt Ola Solveson Storlien på Haugeplassen i Gol. Sjå meir i Gol V s 314.
    Dei budde i Bjørnemoen ei tid ôg. Etter at Syver var død var Gjertrud og sonen på ein husmannsplass under Storedal.
    Gjertrud fekk eit barn som enkje: Ingrid 1793- m/Anfinn Syverson Urden.
    Kven var far til Gjertrud? Ved dåp i 1781,1787 og 1788 står det Oleivsdtr. Men mora Olaug skrifta 1752 at Tomas Syverson Roen var faren. Det kan sjå ut som skriftemålet er trekt attende. I såfall er faren Oleiv Knutson Torpo - Torpemoen. Gjertrud døydde i legd på Rotneim, 103 år gamal.