Øyen gnr. 2 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øyen gnr. 2 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øyen, Storliøyen. I daglegtale 'Øyn' og etterkvart 'Tufteøyne'. 1670 vart Øyen skattlagd som halv øygard. Landskyld etter 1758: 1 laupsbol.
    Garden Øyen ligg på ei øy i Hallingdalselva, litt vest for delet mot Gol. Frå gamalt var det krongods i garden tilsvarande ei årleg avgift på 1/2 rdlr. Krongodset i Øyen vart selt til bonden i 1702.
    I 1633 heitte det at Øyen var 'En ødeplass som presten tilforn hadde hatt bygselrett til. Årleg skyld 1/2 rd.' Dermed har både kongen og kyrkja hatt eigelutar i garden.
    På same tid vart det opplyst at '... Storlien har i fordums tid ligget under Øyen.' Dvs. nedre Storlien. Frå å vera eit udyrka slåttelende i lia ovanfor Øyen kring 1640, vart Storlien hovudbruket på Øyen sist på 1600-talet. Garden og underbruka held fram med matrikkelnamnet Øyen.
    I 1708 heitte det at husa på Øyen var ganske nedrotna, og skogen voks på engene. I 1758 vart Storlien selt og delt frå Øyen.
    For å koma ut på Øyen trongst bru. I 1772 heitte det at brua var dårleg. I nyare tid brukte dei båt. Båtnaustet stod ved Slåtta.
    Frå 1832 vart Øyen underbruk til Tufto, og på kartverket i dag heiter det no "Tufte-øyne".
    Areal 1865: 6 mål åker og 32 mål naturleg eng. Avlinga var 4 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Øyen låg utsatt til for flaum. Både før og etter reguleringa har flaumen fare hardt fram på Øyen. Mykje jord har vorte borte, truleg også hus.
    Øyen er no oppdyrka av H. Trillhus, og det står reistar av eit nyare forhus. Dei gamle tuftene låg på høgaste punktet midt på Øyen. Stugu vart selt.

{56} År: 1758

Torkjell Olson Svarteberg Storlien 1722-1784s
Foreldre: Ola Torkjellson nordre Svarteberg og 2.g Sunnev Torkjellsdtr. Opsata.
Gm Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus

Barn: sjå på Sire, gnr. 4/20.
    Torkjell var fehandlar i 1750 og skatte-ytande handverkar/handelskar i 1752. Han og broren kjøpte Øyen i 1758. Dårlege for-år gav dårlege prisar for fehandlarane.
    Ein gong måtte Torkjell like til Halden før han fekk selt drifte-feet sitt. Torkjell måtte selja med tap, men han sa det slik etterpå: "Eg gret ikkji før heile Halden gret!" (Mehlum 1906/36)
    Dei flytta frå Storlien til Sire etter 1762. På skiftet etter Torkjell i 1784 var buet 44 rd underskot, og lausøyret vart selt på auksjon.
    Etter ekteskapet med Torkjell, vart Margit attgift med Tolleiv Olson Sire, og så til sist med Ola Herbrandson Bjørøyen Svarvargarden.

{57} År: 1768

Ola Halvorson Storedal Storliøyen 1739-1799
Foreldre: Halvor Torson Medgard Storedal og 2.g Ingrid Jonsdtr. ... .
Gm Ingrid Syversdtr. Storliøyen 14.07. 1748-
Foreldre: Syver Olson Storlien og Gro Ivarsdtr. Tormodsgard.

Ola selde Storliøyen i 1771 til Arnfinn Syverson Roen og hustru for 310 rd og kår til svigerforeldra Syver Olson Storliøyen og Gro Ivarsdtr. Men ungane 1773-1787 er døypte som Storlien/Slåtten. Barn: sjå Storlien.
    Ola var tiltala for hogst av undermåls tømmer i 1764. Ein fut og "Holtz-førster" hadde funne 3 tylvter tømmer 'ulovleg' virke, og saka kom opp på tinget. Ola let føre vitne som fortalde at pga. ein skogbrann kunne ikkje denne skogen oppnå full storleik. (1288) s 1
    Ola lånte 190 rd i 1775 mot pant i nedre Storlien. Død som husmann på Eivindhaugen i 1799. Same år stevna Ingrid Bjørn Tormodsgard for å løyse inn Tormodsgard på odel. Men det vart ikkje noko av. (1407)

{58} År: 1771

Arnfinn Syverson Roen Storliøyen 1719-1776
Foreldre: Syver Tomasson Tufto Roen (Gol) og Gjertrud Andersdtr. Ottergarden Rotneim.
Gm Liv Persdtr. Arnegard Øyen 1720.-1800c
Foreldre: Per Embrikson Arnegard Nordre Vats og Berte Ivarsdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Syver Arnfinnson Storliøyen 1748-1776
Syver 1748-1776 budde ugift på Tufteslåtta.
2. Arne Arnfinnson Storliøyen Roen 1751-1785
G 1778 m Margit Eivindsdtr. Skølt, Hemsedal 1745-1832. Barn: Liv 1779-1860 g 1808 m Ola Wilhelmson Urdo; Anne 1781-1845 g 1806 m Svein Olson Rikansrud, gnr. 15/13; Arnfinn 1784-1844 g 1816 m Guri Torkjellsdtr. Træe (3 barn).
    Arne var på Roen under Rotneim. (Gol V s 356)
3. Per Arnfinnson Storliøyen 1754-1755c
4. Per Arnfinnson Roen Storliøyen 1761-1832
Gm Birgit Sveinsdtr. Sire 1737-.... . G 1820 m Amalia Hopstock. Sjå neste hushald.
5. Birgit Arnfinnsdtr. Øyen Ulsåk 1761-
Gm Østen Eivindson Skølt-Ulsåk 1751-1836. Barn: Anne 1787-1840 gm Halvor Grøv-Ulsåk; Liv 1798- gm Torleiv O. Ro (Gol). Dei kom til øvre Ulsåk i Hemsedal.
6. Anders Arnfinnson Storliøyen 1762c-
Konf. 1779. Han var dreng hjå Krom på Bragernes.
7. Guttorm Arnfinnson Øyen 1766-1846
G 1788 m Sigrid Syversdtr. Hallbjørhus, Hemsedal. Sjå eit seinare hushald.

Arnfinn kjøpte Storliøyen for 310 rd og kår i 1771.
    Det var gardsyn på Storliøyen i 1772. Husa var: ei bru over elva, dårleg stand 14 rd; ei bu med loft over 8 rd; eit fehus 10 rd; ei stugu med kjellar 7 rd; låve; lu; stallar til sau og hest; eit størhus; badstugu. På Gravestølen: ei stølsbu og ei lu. På heimstølen "Gieladen" (Hjalladn?): ei bu og eit fehus. Til stades var Ola Halvorson Storlien, odelsmann på vegne av kona. (1194) s 567

{59} År: 1776

Per Arnfinnson Roen Storliøyen 1761-1832
Foreldre: Arnfinn Syverson Roen Storliøyen og Liv Persdtr. Arnegard.
Gm Amalia Hopstock Nubgarden 27.12. 1771-1834
Foreldre: ... Hopstock og ... Hammer.

Per selde Øyen til Eivind Eivindson Kjellargard i 1783. I 1790 bygsla dei nordre Trøo. (Trøhaugen) Birgit døydde som 'Tufteplass' i 1819. Neste år gifte Per seg oppatt med Amalia Hopstock. Ho var enkje etter ein Ingar Gunnarson og hadde sonen Gunnar født 1807. Gunnar var på legd i 1814.
    Amalia døydde som inderst på Nyhus i 1834. Utanbygdes arvingar: fleire sysken, m.a. ein bror i Risør. Amalia hadde årleg pensjon på 20 spd frå det Vogtske Legat.
   

{60} År: 1783

Eivind Eivindson Kjellargard Bjørøyen 28.09. 1766-1854
G 1795 m enkje Helge Olsdtr. Skjerping Øvre Bjørøyen. G 1802 m Haldis Johannesdtr. Helling. Barn sjå Torpebråten. Foreldre: Eivind Eivindson Kjellargard Torpebråten og Margit Olsdtr. Løken.

I 1783 fekk Eivind Eivindson skøyte på Øyen av Per Anfinnson Roen. Pris 250 rd og kår til Liv Persdtr. (mor til Per Arnfinnson). Sjå Øvre Bjørøyen og Torpebråten.

{61} År: 1789

Halvor Olson Storlien Trillhus 28.04. 1776-1850
Foreldre: Ola Halvorson Storedal Storlien og Ingrid Syversdtr. Storlien.

Halvor gifte seg 1803 i Gol med Barbro Embriksdtr. Grov, Gol. Sjå Trillhus.

{62} År: 1795

Svein Ellingson Løken Storlien 25.02. 1761-1808f
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken d.y.
Gm Guri Torsdtr. Øygarden Løken 22.08. 1751-1839
Foreldre: Tor Ørjansson Underåsen Øygarden og Anne Persdtr. Bakke(?)
*Barn
1. Kari Sveinsdtr. Løken 29.08. 1790-1846
G 1815 m Arne Knutson Gjerden i Åsgardo, Gol.
    Barn: Kari 1815-1876 g 1843 m Kristen Kristenson Kristenbråten;
    Anne 1820-1901 g 1853 m Hans Olson Solli; Guri 1823-1891 g 1851 m Knut Ellingson Rustejorde; Knut 1826-1872; Ingrid 1829-1900 g 1857 m Paul Aslaksrudeie, Norderhov. Sjå Gol IVs 199.
2. Elling Sveinson Løken Storlien 1794-1870
G 1816 m Sigrid Herbrandsdtr. Jonsgarden 1794-1871.
    Barn: Svein 1817-1887 ug; Kari 1820-1828 g 1855 m Steinar A. Jakopbråten; Per 1823-1863 g 1848 m Gunhild Torkjellsdtr Opheimshaugen; Herbrand 1826-1835; Tor 1830-1881 g 1854 m Ingebjørg Olsdtr øvre Hodnungset; Knut 1834-1835; Herbrand 1836-1904 g 1868 m Liv Persdtr Skjønne, Nore (11 barn + )- busett på Musehaugen, sidan i Numedal.

Svein og Guri gifte seg 1789. Svein kjøpte Storliøyen for 399 rd og eit kår i 1795. Kåret skulle fastsetjast når enkja Liv Øyen var død.
    Dei var i Trondsgardlien i Gol frå 1791. Så kjøpte dei Steinsgard i Gol i 1800 for 699 rd og kom til Fikesletten i 1804. Svein selde Storliøyen i 1803 for 499 rd til Guttorm Arnfinnson.
    Guri vart attgift 1821 med Knut Johanneson Dokken-Gjerden i Åsgardane i Gol.

{63} År: 1803

Guttorm Arnfinnson Øyen 1766-1846
Gm Sigrid Syversdtr. Hallbjørhus, Hemsedal. Barn: Liv 1789-1834, g 1834 m Hans søre Hønefoss; Birgit 1792- g 1820 m Arne Olson Sukke-eie, Sør-Aurdal; Rangdi 1795-1870, til Am., g 1819 m Jørgen T. Lio; Arnfinn 1797- til Sør-Aurdal, g 1882 m Eli Arnesdtr. Myre, Nes; Syver 1800-1881 til Am., g 1827 m Barbro Helgesdtr. Åslibråten (10 barn); Anne 1804-....; Anders 1806- til Hovet under Dyrdal i Sande, g 1830 m Rangdi Knutsdtr. Hildeplass, Hol. Foreldre: Arnfinn Syverson Roen Storliøyen og Liv Persdtr. Arnegard.

Gutorm kjøpte Storliøyen i 1803 for 499 rd. I tillegg skulle enkja Liv Øyen ha kår.
    Han selde att i 1805 for 600 rd. Kjøpar lensmann Hallgrim Kolbjørnson Ruud. Guttorm kom til Aslebråten i Gol. Sjå Gol VI s 252

{64} År: 1806


Per Arneson Rotneim kjøpte garden hjå lensmann Hallgrim Ruud i Nes i 1806. Men skogen heldt seljaren att. Per tok opp eit lån på kjøpesummen og sette garden i pant til seljaren. Per og kona Sara tok seg kår av Storliøyen då dei selde garden til Ola Tolleivson Sire i 1807.
    Ola Tolleivson Sire selde att neste år til Embrik Asleson Mykinghaugen for 700 rd.
    I 1824 selde Per Arneson ein part av garden til Reiar Nilsson Smed-Rukke frå Nes for 400 spd. Men han heldt attende Grastølen. I 1829 selde Reiar gardeparten Storliøyen 2 2/5 laupsbol til Arne Person Rotneim for 95 spd.

{65} År: 1808

Embrik Asleson Mykinghaugen Myro 03.05. 1767-1832
Foreldre: Asle Asleson Hovdegard Mykinghaugen og Øyan Gjestdtr. Kvinnegard.
Gm Bodil Embriksdtr. Ulshagen Kringla 08.09. 1748-1825
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).

Embrik og Bodil gifte seg i 1793. Bodil hadde tidlegare vore gift med soldat Svein Knutson Kvamen Kringla som døydde i Sverige i 1789. Hennar barn: Bodil 1789- .
    Embrik kjøpte bygselretten til Storliøyen i 1804. Sidan fekk han skøyte i 1808 for 700 rd hjå Ola Tolleivson Sire eller Øyen. I 1810 var Embrik og Per Arneson Rotneim i forlikskommisjonen og vart samde om ei justering av kåret. Alle ytingane vart omgjorde til varer (smør, ost og prim) og Per lånte ut 55 rd til Embrik.
    Embrik gifte seg opp att i 1826 m Guri Olsdtr. Løkensgard. Ingen barn.
    Embrik kjøpte Kanafetmyro og hadde betalt 40 spd då han omkom på fjellet mellom Bergen stift og Hallingdal i april 1832. Han fraus i hel. Sjå Kanafetmyro.

{66} År: 1814

Nils Asleson Tune Sirebråten 1785c-1818
Foreldre: Asle Nilson Holto-Klemetsrud og Gro Eiriksdtr. Holto Holterudningen.
Gm Helge Olsdtr. Sire Sirebråten 19.07. 1789-
Foreldre: Ola Torkjellson Øvre Sire og Birgit Sandersdtr. Tufto.

Nils og Helga gifte seg i 1813. Barn: .. sjå under Sirebråten. Nils var kalla Klemme-Nils.
    Nils selde Øyen på vegne av sonen Ola i 1816. Han grunngav salet med at kåret var for stort til at bruket kunne drivast. Helga vart attgift i 1821 med Ola Gjestson SireBråten.

{67} År: 1828


Reiar Nilsson Smed-Rukke frå Nes kjøpte Storliøyen i 1828 og selde att i 1829.

{68} År: 1829


Arne Person Rotneim kjøpte garden i 1832 og selde att.

{69} År: 1832


Sander Holgeson Tufto kjøpte Øyen i 1832, og sidan har bruket lege under Tufto. På nyare kart har Storliøyen fått namnet Tufteøyen.