Slåtta gnr. 2 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Slåtta gnr. 2 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruket Slåtta ligg mellom Hallingdalselva og riksvegen, litt vest for Øyen.
    Slåtta var også kalla Storlislåtta og Syrakslåtta. Namnet Syrakslåtta har sitt opphav i eit bibel-sitat som Kristen Knutson brukte ofte. ("Det siger den vise Syrak.") Kristen vart etterkvart kalla Syrak. Slektsnamnet vart Slåtten.
    Frå gamalt var tunet synst på jordet, nær riksvegen. Sidan flytta dei tunet nordover og ned til elva. Men her var vårflaumen plagsam. Fyrst på 1900-talet vart tunet flytta omlag 100 lenger opp til noverande stad. Gamlestugu (bygd 1916) står som hytte i Gol, medan loftet vart rive.
    Areal 1865: 4 mål åker, 6 mål naturleg eng. Avlinga var 2 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, annan utmark 20 mål.
    Våningshus bygt 1994, kårhus 1968, stabbur 1987, driftsbygning 1955 og 1965, garasje 1975.
    Heimstølen Slåtteskardet er selt, nedlagt og tilvokse med skog. Kyrne var sett bort til andre sumarstid. I dag er ingen dyr på bruket.
    I skogen like ovanfor Slåtta, innved den gamle vegen ligg Verpebakken. Her var eit såkalla verp, folk kasta frå seg ein kvist eller stein som vern på ein ulykkesstad. I seinare tid er det teke ut grus or bakken.
   
{71} År: 1765c
Hermann Olson Slåtten 1734-1765
Foreldre: Ola Olson Slåtten og Anne Olsdtr. Storlien.
Gm Jørand Solvesdtr. Nubgarden Storlien 1742-
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
*Barn
1. Hermann Hermannson Storlien Nyhus 15.12. 1765-1854
G 1789 m Ingeborg Embriksdtr. Syversgarden Rotneim. Sjå Nyhus, gnr. 10/1.
Jørand og Hermann gifte seg i 1764.
    Hermann og broren Ola Olson Øyen dreiv handel med slaktedyr, og dei hadde uteståande krav både i Bragernes, Kongsberg og Larvik. På skiftet etter Hermann 1766 var buet 430 rd. Fastegods var det ikkje.
    Jørand vart attgift med Aslak ... Espeset frå Nes, men var enkje att i 1784.
{72} År: 1787
Ola Olson Torpeslåtta Øyen 1732-1808
Foreldre: Ola Olson Slåtten og Anne Olsdtr. Storlien.
Gm Guri Olsdtr. Storlien Torpeslåtta 1730c-
Foreldre: Ola Syverson Storlien og Guri Olsdtr. Eikre.
Gm Randi Syversdtr. Trageton Nyhus 1751-1806f
Foreldre: Syver Jonson Trageton og Barbro Arnesdtr. Arnegard Skurdalen. (Hol VI s 142)
Gm Margit Herbrandsdtr. Brennhovd TorpeSlåtta 1778-1861
Foreldre: Herbrand Halvorson Brennhovd og Kari Tolleivsdtr. Imre (Hemsedal), Gol.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Olsdtr. TorpeSlåtta 21.06. 1789-1801?
Ola og Guri gifte seg i 1762. Han vart attgift i 1788 med Randi. Og i 1806 gifte han seg opp att med Margit Herbrandsdtr.
    Ola makeskifta Hagen med Halvor Olson Storedal i 1786 og fekk att Storedal og 200 rd. Ola Olson Slåtten (bror til Halvor Olson Hagen) kjøpte Storliøyen i 1791 og lånte 200 rd. Broren Halvor kausjonerte for rentene. I 1794 selde han frå ein skogrem for 40 rd. Kjøpar var Knut K. Grov, Gol.
    Dei selde Storliøyen 1795 for 399 rd og tok slikt kår: 1 ku og 3 småfe framfødde, 5 kvartel stritt korn, land til 1/2 settung linfrøsæd, 2 settungar salt.
    Ola vart krøpling, han fekk kreft i høgre handa. Dei hadde ingen livsarvingar. Den lengstlevande skulle arve den avdøde. Eiga var Slåtta, noko lausøyre av tre og 3 fe-kreature. Dersom lengstlevande var attgift, så arva ikkje den avdøde sine arvingar. (1536) 429
    Margit gifte seg opp att med Ola Olson Medgarden Løyte.
{73} År: 1807
Torstein Olson Hagaplassen Moldbakken 08.04. 1757-1835
Foreldre: Ola Torsteinson Bjørøyen Hagaplassen og Kari Olsdtr. Leikvoll.
Gm Guri Ivarsdtr. Finnesgarden Hagaplassen 1752c-1827
Foreldre: truleg Ivar Nilsson Tuv Finnesgarden og enkje Birgit Syversdtr. Torpehagen. (Gol V s 396.)
Torstein og Guri Ivarsdtr. gifte seg 1786. Barn, sjå Moldbakken.
    Under Storofsen (storflaumen) i 1789 vart Hagaplassen råka av 7 skrider. Skaden på hus og jordveg hjå Torstein vart taksert til 200 rd. (Jfr. amtsarkiv. kat. B Diverse) Dei budde mange stader: Leikvoll 1786, Nyhus 1789, Torpebråten 1792 og Moldbakken 1800. I 1807 kjøpte han Slåtta og døydde der som legdlem i 1835. Torstein døydde av nervefeber. Guri døydde på Slåtta i 1827 som sjølveigar-husmannskone.
{74} År: 1825c
Ola Torsteinson Torpeslåtta Sirerudningen 21.10. 1792-1887
Foreldre: Torstein Olson Hagen Hagaplassen Moldbakken Torpeslåtta og Guri Ivarsdtr. Finnesgarden.
Gm Liv Olsdtr. Bjørøyen Sirerudningen 27.07. 1788-1863
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helge Olsdtr. Skjerping.
Ola og Liv gifte seg i 1816. Barn, sjå Sirerudningen.
    I 1828 gjekk Torpeslåtta på auksjon, inklusive eit kår til Torstein Olson. Ingen baud, men til slutt fekk panthavar Eirik O. Sando bruket for gjelda på 180 spd. (utan kår) (1537)3
    Ola skulle få 8 settungar korn hjå kassa på det vilkår at han let sonen fylgja omgangsskulen i 1830. (784)
{75} År: 1828
Eirik Olson Sando 27.03. 1791-1839
G 1819 m Sissel Mikkelsdtr. Medhus Sando. Sjå Sando gnr. 32/8.
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Sando d.y. og Mari Olsdtr. Skjervheim.
Eirik kjøpte Torpeslåtta på auksjon i 1828, inkl. kår til Torstein Olson.
{76} År: 1836
Kristen Knutson Eidal Syrakslåtta 1782-1847
Foreldre: Knut ..... ?Eidal i Nes?.
Gm Barbro Håkonsdtr. Ruud Syrakslåtta 1785-1866
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og Margit Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Knut Kristenson Syrakslåtta Slåtten 16.11. 1816-1866
Gm Margit Halvorsdtr. Trillhus. Sjå år 1857.
Barbro og Kristen budde på Nyhus ei tid, var sidan på Moen som vart kalla Kristenmoen etter kvart. Og så kom dei til Syrakslåtta i 1836. (898)
    Barbro var blind i 15 år før ho døydde i 1866.
{77} År: 1857c
Knut Kristenson Syrakslåtta Slåtten 16.11. 1816-1866
Foreldre: Kristen Knutson Nyhus Kristensmoen SyrakSlåtta og Barbro Håkonsdtr. Ruud.
Gm Margit Halvorsdtr. Trillhus Slåtten 28.07. 1818-1891
Foreldre: Halvor Olson Storlien Trillhus og Barbro Embriksdtr. Grov.
*Barn
1. Barbro Knutsdtr. Syrakslåtta 09.07. 1847-
Barbro flytta til Bærum for giftarmål. Barn: Karl Alfred 1876- , truleg med ektemannen Hermann Andreassen i Bærum (898); ... ei jente ... 1878- født i Bærum.
2. Kristen Knutson Syrakslåtta 24.11. 1852-1924
Gm Anne Håkonsdtr. Trøhaugen. Sjå neste hushald.
3. Halvor Knutson Slåtten 08.02. 1858-1858
Knut og Margit gifte seg i 1845. Frå før hadde Knut dottera Ragnhild f. 1842 med Kristi Olsdtr. Rikansrud. Sjå Rikansrud.
    Knut hadde ikkje heimel på bruket. Sonen overtok kring 1890.
{78} År: 1890c
Kristen Knutson Syrakslåtta 24.11. 1852-1924
Foreldre: Knut Kristenson Slåtta og Margit Halvorsdtr. Trillhus.
Gm Anne Håkonsdtr. Trøhaugen SyrakSlåtta 10.06. 1859-1950
Foreldre: Håkon Syverson Torpo Gudbrandsgard Trøhaugen og Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard.
*Barn
1. Knut Kristenson Syrakslåtta 12.09. 1889-1966
Ugift. Knut var dreng, dreiv sidan med pelsdyr på Slåtta. Han kjøpte ein skogrem i Ridalen saman med broren Halvor. Dei bygde seg skogshytte og dreiv skogsarbeid.
2. Håkon Kristenson Syrakslåtta 24.05. 1891-1963
Gm Kari Herbrandsdtr. Jegleim. Sjå neste hushald.
3. Halvor Kristenson Syrakslåtta 25.10. 1893-1966
Ug. Skog-eigar/brukar. Om sumrane var han ekstrahjelp v/NSB. Han budde i lag med broren Knut.
4. Margit Kristensdtr. Syrakslåtta Otterdokken 03.09. 1895-1972
Barn m/ Johan Tuft - gardbr. Lunner: Kristian 1923-2001 ug. bonde på Otterdokken i Gol frå 1973.
    G 1926 m Knut Olson Otterdokken, Gol 1874-1941. Barn: Ola 1926-1950; Ingeborg 1930- ug. gardsarbeid og vaskejobb.
5. Asle Kristenson Syrakslåtta 28.12. 1898-1941
Asle var ugift. Død som 'bondeson' i 1941.
6. Syver Kristenson Syrakslåtta Slåtten 28.12. 1898-1978
G 1944 m Sissel Perplass 1906-1960. Sjå gnr. 10/38.
Kristen og Anne gifte seg i 1889. Kristen overtok bruket utan heimel. Kristen låg sjuk dei siste 10-15 åra.