Storlien, nedre gnr. 2 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storlien, nedre gnr. 2 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Før 1640 var Storlien eit udyrka slåttelende i lia ovanfor Øyen. Storlien vart brukt under Øyen. Utpå 1700-talet vart husa frå Øyen flytta til Storlien, og Øyen vart liggande øyde.
    I 1758 vart Storlien selt og delt frå Øyen. (2 av Øyen sine opphavelege 3 laupsbol ligg no til Storlien.)
    I 1847 vart Øvre Storlien, gnr. 3/1 slege saman med nedre Storlien. Øvre Storlien gjekk gradvis over til beite.
    Areal 1865: 28 mål åker, 8 mål dyrka eng, 63 mål naturleg eng og 56 mål utslått. (Ein plass er irekna.) Avlinga var 31 1/2 tunne bygg og 28 tunner poteter.
    Areal 1995: dyrka jord 76 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 700 mål, anna utmark 350 mål. Buskap: 12 mjølkekyr, 7 kviger, 4 kalvar.
    Våningshus bygt 1940, gamalt loft, driftsbygning 1930, ombygd 1970, gardsverkstad, snikkarhus, gardssag.
    Stølar. Heimstølen er Hjallane, også der to vollar. Den eine innkjøpt. Langstøl er Gravarstølen på Auståsen. (2 vollar, Sara-vollen er tilkjøpt frå Rotneim).
    Garden har kvernhus i Finnesåne (i full stand!) og sagbruk i Ridøla. I dag driv dei mjølkeproduksjon på garden.

{84} År: 1758

Torkjell Olson Svarteberg Storlien 1722-1784s
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg nordre og 2.g Sunnev Torkjellsdtr. Opsata.
Gm Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.

I 1758 kjøpte brørne Torkjell og Johannes Olsøner Svarteberg Storlien og Øyen for 540 rd. Men Øyen var unnateke handelen, med Øyen fylgde hustømmer og 1/4 i sagtømmeret, og dessutan bar og beiteskog. (1190) s 278b
    Torkjell var fehandlar i 1750. Dei flytte frå Storlien til Uppistugu Sire, gnr. 4/20 i 1765. Ungane er førte opp der. (4/20)
    Dårlege for-år gav dårlege prisar for fehandlarane. Ein gong jaga Torkjell fedrifta like til Halden i håp om å selja utan tap. Då sa Torkjell: "Eg gret ikkji før heile Halden gret!" (Mehlum 1906/36)
    Johannes var også handelskar. Han drukna i Mjøsa då han var på ei handelsferd i mai 1761.
    På skiftet i 1762 var det 204 rd å dele på halv og heil-syskena. Uteståande krav måtte slettast, då ingen ville vedkjenne seg å vera skuldig.
   

{85} År: 1771c

Ingrid Syversdtr. Storliøyen 14.07. 1748-
Foreldre: Syver Olson Storlien og Gro Ivarsdtr. Tormodsgard.
Gm Ola Halvorson Storedal Storliøyen 1739-1799
Foreldre: Halvor Torson Medgard Storedal og 2.g Ingrid Jonsdtr. ... .
*Barn
1. Guro Olsdtr. Storlien Sire 09.05. 1773-
2. Halvor Olson Storlien Trillhus 28.04. 1776-1850
G 1803 Gol m Barbro Embriksdtr. Grov. Sjå Trillhus, gnr. 4/12.
3. Gro Olsdtr. Storlien 12.03. 1786-
4. Syver Olson Storlien Eivindhaugen 12.08. 1787-1867
G 1821 m Sigrid Olsdtr. Dokken. Sjå Eivindhaugen, gnr. 4/39a.

Ola selde Storliøyen i 1771 til Arnfinn Syverson Roen og hustru for 310 rd og kår til svigerforeldra Syver Olson Storliøyen og Gro Ivarsdtr. Men: ungane 1773-1787 er døypte som Storlien/Slåtten.
    I 1772 møtte han på gardsyn på Storliøyen på vegne av Ingrid.
    Ola Storedal var tiltala for hogst av undermåls tømmer i 1764. Ein fut og "Holtz-førster" hadde funne 3 tylvter tømmer ulovleg virke, og saka kom opp på tinget. Men Ola kom seg or knipa: vitne fortalde på tinget denne skogen ikkje kunne oppnå full storleik grunna ein skogbrann. (1288) s 1
    Ola døydde omlag 62 år gamal som husmann på Eivindhaugen i 1799.

{86} År: 1775

Ola Eirikson Lien Storlien 18.08. 1748-
Foreldre: Eirik Halvorson myljo Opheim Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
Gm Guri Halvorsdtr. Storedal Lien 1741-1817
Foreldre: Halvor Torson Medgard Storedal og Ingrid Jonsdtr. ... .
*Barn
1. Eirik Olson Lien 05.02. 1775-1776
2. Eirik Olson Lien 22.10. 1780-

Ola og Guri står som husmenn under Lien i 1762.
    Dei kjøpte 1775 halve Nedre Storlien (1 lb.) for 320 rd og selde att 4 år seinare. I 1779 bygsla dei plassen Trillhus på livstid mot 1 rd årleg avgift.

{87} År: 1779

Håkon Embrikson Ellingsgard Storlien 30.05. 1745-1828
Foreldre: Embrik Olson Ellingsgard Lien og Margit Olbjørnsdtr. Dokk.
Gm Barbro Arnesdtr. Golberg Storlien 1752-1837
Foreldre: Arne Arneson Golberg og Anne Arnfinnsdtr. Finnesgarden, Gol. (Gol VI s 597)
*Barn
1. Embrik Håkonson Storlien 1776-1801f
2. Embrik Håkonson Storlien 23.11. 1777-1852
G 1814 m Sissel Torsteinsdtr. Medgard. Sjå neste brukar.
3. Arne Håkonson Storlien Urden 17.10. 1779-1857
G 1816 m Birgit Håkonsdtr. Opheimsjorde. Sjå Urden, gnr. 2/6.
4. Margit Håkonsdtr. Storlien Torpo 28.10. 1781-1867
G 1805 m Syver Torkjellson nordre Torpo, gnr. 9/1.
5. Margit Håkonsdtr. Storlien 1783-1801f
6. Olbjørn Håkonson Storlien Storedal 04.12. 1785-1852
G 1814 m Birgit Rasmusdtr. nordre Storedal, gnr. 6/5.
7. Ola Håkonson Storlien Dølahaugen 1789-1877
G 1834 m Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard, sjå Dølahaugen gnr. 22/231.
8. Arne Håkonson Storlien 1792-1801f
9. Arne Håkonson Storlien 1796-1798
10. Anne Håkonsdtr. Storlien 1800-1802

Håkon og Barbro gifte seg i 1775.
    Håkon Embrikson Ellingsgard vart bøtelagt 9 rd for overfall på korporal Håkon Lien i 1765. Vidare vart han tiltala for knivstikking på skiløypar-soldat Ivar Kinneberg i 1772. Dei hadde krangla om ein mindre pengesum. Ivar vart sengeliggande 14 dagar, og det tok heile våren før han kom i arbeid att. Domaren refsa Håkon som ein av dei i dette prestegjeld som brukte det lumske våpen tollekniv "at beskadige sin neste med". Han vart bøtelagd 27 rd for knivstikkinga. (1374) s 20
    Håkon Embrikson Lien (Storlien - Ellingsgard) fekk 1779 auksjonsskøyte på Ellingsgard for 887 rd. Enkja Margit Lien (mora) hadde kravd auksjon. Håkon selde Ellingsgard vidare til Ivar Olson Dokk same år for 920 rd. Og kjøpte deretter halve nedre Storlien for 320 rd. Lånte 220 rd i 1779.
    Håkon lyste pengemangel på vegne av sønene Arne og Embrik i 1804. Han tok atterhald om retten deira til å løyse inn garden Lien. Asle Hesla hadde teke garden for utlegg på 1600 rd. (1536)73
    I 1808 kjøpte dei myrsletta Hjallen, den låg inntil Storliøyen, på austkanten.
    I 1816 selde dei garden "Storlien eller Øen" til sonen Embrik og tok slikt kår:
    framfødd 6 kyr og 12 småfe, 6 tunner bygg, 4 settung rug, 1 kvarter salt, 1 fjerding tobakk.
    Åkerlende til 2 settung hampefrø, åkeren ved smia, 1/4 i kålhagen og i humlehagen.
    Kår-bustad i nordre stugu. Årleg verdi 270 rbd. (1537)4b
   

{88} År: 1816

Embrik Håkonson Storlien 23.11. 1777-1852
Foreldre: Håkon Embrikson Lien Ellingsgard Storlien og Barbro Arnesdtr. Golberg (Gol).
Gm Sissel Torsteinsdtr. Medgarden Storlien 09.05. 1793-1874
Foreldre: Torstein Asleson Medgarden og Birgit Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Håkon Embrikson Storlien 25.12. 1816-1897
G 1840 m Ågot Torjusdtr. Finnesgarden. Sjå neste hushald og øvre Storlien, gnr. 3/1.
2. Birgit Embriksdtr. Storlien 18.12. 1825-1915
G 1843 m Lars Torjusson Finnesgarden, Gol. Barn: Torjus 1845-1918 g 1871 m Liv Østensdtr. Ro; Embrik 1848-1927 g 1874 m Liv Olsdtr. Øvre Ro; Anne 1850-1943 g 1871 m Tolleiv Østenson Ro; Kitil 1853-1922 ug. budde på Storedalsjordet; Sissel 1856-1879 ug.; Torstein 1859-1955 g 1893 m Ingebjørg Tolleivsdtr. Bjella, Torpo, til Gutigarden Rotneim; Ågot 1862-1945 g 1885 m Nils Olson Tuv til Lien i Torpo; Birgit 1869-1910 ug.

Embrik og Sissel gifte seg i 1814. I 1816 fekk Embrik skøyte på nedre Storlien for 1400 rbd og kår til foreldra.
    Embrik og Sissel selde garden til sonen i 1840 og tok slikt kår: 3 kyr og 12 småfe framfødd; 6 tunner bygg; 5 settungar salt og ditto rug; 1 mål av den beste åkeren, varmt hus osv. Vidare fekk dei til bruk: Veslebergslåtta, rett til risping og grasing til kår-dyra; Humlegard-åkeren, søre Humlegarden, nordre stugu, nordre fjøset m.m. (1544)827

{89} År: 1840

Håkon Embrikson Storlien 25.12. 1816-1897
Foreldre: Embrik Håkonson Storlien og Sissel Torsteinsdtr. Medgarden.
Gm Ågot Torjusdtr. Finnesgarden Storlien 23.07. 1818-1849
Foreldre: Torjus Asleson Høgset Finnesgarden og Anne Kitilsdtr. Grøt.
*Barn
1. Embrik Håkonson Storlien 19.01. 1841-1929
G 1864 m Ragnhild Eilevsdtr. Nubgarden. Sjå neste brukar.
2. Sissel Håkonsdtr. Storlien Tormodsgard 10.06. 1842-1930
G 1867 m Eirik Olson Tormodsgard 1838-1905. Barn: Ola 1868- ; Håkon 1871- ; Embrik 1874- ; Ingeborg 1876- ; Eirik 1879-.
    Til Am. 1881: Beresford, Union Co SD.
3. Anne Håkonsdtr. Storlien 18.08. 1845-1845
4. Torjus Håkonson Storlien 31.10. 1846-1849

Håkon fekk skøyte på Storlien i 1840. Pris 600 spd og kår.
    I 1865 brukte dei både Storlien og øvre Storlien. Mora Sissel hadde kår. Sonen Embrik og kona brukte ein del av garden.

{90} År: 1865

Embrik Håkonson Storlien 19.01. 1841-1929
Foreldre: Håkon Embrikson Storlien og Ågot Torjusdtr. Finnesgarden.
Gm Ragnhild Eilevsdtr. Nubgarden Storlien 18.07. 1844-1917.
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
*Barn
1. Håkon Embrikson Storlien 11.12. 1866-1949
G 1904 m Liv Torsteinsdtr. Roen frå Gol. Neste brukar.
2. Ågot Embriksdtr. Storlien 21.12. 1868-1873
3. Eilev Embrikson Storlien 20.12. 1870-1891
4. Torjus Embrikson Storlien 19.05. 1873-1891
5. Embrik Embrikson Storlien 21.10. 1875-1929
Ug. Han dreiv gardsarbeid.
6. Sissel Embriksdtr. Storlien 09.10. 1878-1879
7. Sissel Embriksdtr. Storlien 16.12. 1880-1885
8. Nils Embrikson Storlien 12.07. 1883-1891
9. Ragnhild Embriksdtr. Storlien 02.01. 1887-1891

Embrik og Ragnhild gifte seg i 1864. Han brukte ein del av garden i lag med faren i 1865. Sidan overtok han garden, men utan heimelsdokument.
    Embrik kjøpte ein skogteig på Rotneim kring 1860 og vart dermed eigar av plassen Skallhus. Om folka der sjå Gol V s 86.
    Embrik og Ragnhild miste mange barn i 1890-åra. Embrik vart sjuk på sine gamle dagar, og Ragnhild styrte garden.