Trøhaugen gnr. 2 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trøhaugen gnr. 2 bnr. 4a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Trøhaugen var plass under Storlien. Trøo eller nordre Trøo vart plassen kalla i 1790. Seinare vart det oftast skrive Storli-eie, Trøhaugen eller Storlihaugen.
    Det syner tufter og steingjerde i granskogen. Plassen ligg i eigna til Nedre Storlien. Plassen var i bebudd til 1898.

{95} År: 1790

Per Arnfinnson Roen Storliøyen 1761-1832
Foreldre: Arnfinn Syverson Roen Storliøyen og Liv Persdtr. Arnegard.
Gm Birgit Sveinsdtr. Sire Trøo 1741-1819
Foreldre: 'Syversdtr' står det i 1801. 'Svein Olson Sire og Gro Olsdtr' på slektskort.

Per og Birgit bygsla på livstid 1790 jordstykket nordre Trøo hjå Ola O. nordre Torpo for 14 rd og 3 ort årleg. Etter deira tid skulle plassen falle attende til garden utan erstatning.
    I 1820 vart Per attgift med Amalia Hopstock. Sjå under Øyen, gnr. 2/1.

{96} År: 1823

Tor Anderson Huus Storlihaugen 23.12. 1787-1871
Foreldre: Anders Torson Huus og Ågot Embriksdtr. Hagaplassen.
Gm Håkine Nilsdtr. ... Bergo 1792-1874
Foreldre: Nils ... ... og Kari Holmsdtr. ..., Trøgstad. (Mora var husmor og enkje med 6 barn på ein plass under søre Sæter i Trøgstad i 1801.)

I 1823 bygsla Tor på livstid plassen Haugen under Storlien samt to sletter, bygningsfang, brenneved og risping etter behov. Årleg avgift: slått av ein dalarsteig og skjera 2 mål åker og levere 1 dusin knappar. Barna står oppført under Bergo.
    Grunneigaren kravde 6 spd årleg og plassen til halvningsbruk for å oppvarte Tor og Håkine i 1871.

{97} År: 1862

Håkon Syverson TorpeHagen Trøhaugen 24.09. 1813-1862
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Margit Håkonsdtr. Storlien.
Gm Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard Urden 13.05. 1820-1898
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og Anne Knutsdtr. Kolsrud.
*Barn
1. Margit Håkonsdtr. Trøhaugen Bankohuset 27.12. 1845-1925
G 1884 m Tomas Syverson Bankohuset, gnr. 4/17. Som enkje til systera Anne som budde i Syrakslåtta.
2. Syver Håkonson Trøhaugen 29.01. 1848-1848
3. Syver Håkonson Trøhaugen 28.10. 1849-1933
G 1881 m Louise Borgine Domier 1864-1938 (ho var dotter til Kari Larsdtr. Trintrudrudningen 1833- ).
    Barn: John 1882-1965 g 1909 m Christina Hanson 1889-1968; Gena 1884-1960 g 1908 m Peter Anderson 1881-1945; Fred 1887-1964 g 1915 m Clara Paulson (1 son); Helmer 1890-1946 g 1917 m Josephine Jacopson (2 søner); Carl 1893-1906; Gilbert 1896-1978 g 1924 m Eva Brend (2 døtre);
    Henry 1900-1994 g 1923 m Inga Ostby (3 barn); Lavina Salina 1903-1977 g 1928 m Alfred Brend (2 barn); Edward 1907-1971 g 1928 m Elvina Haugen 1908- (1 son). (1635)
    Syver var på Roen i Gol i 1867. Til Am. 1876. Syver skreiv seg "Haagenson". Dei budde i Rochester, MN. Død i Clifford, Steel Co, ND.
4. Asle Håkonson Trøhaugen 29.07. 1853-1936
Gm Sissel Nyhus, MN 1861-1936. Barn: 18, berre 8 vaks opp: Gina; Anna; Alpha ; Herbie ; Stella ; Lettie; Clarence; Leroy/Lloyd.
    Asle fekk utfl.attest i 1874: Rochester, MN.
5. Håkon Håkonson Trøhaugen 23.09. 1856-
G 1902 Gol m "Julia"/ikkje Liv Torsteinsdtr. Roen, Gol 1866-1954. Adoptivson: Theodore Helmer 1899-1972 gm Hannah ... .
    Til Am. 1885: reisemål: Portland. Busett Gunwick, MN. I Am i 1898.
6. Anne Håkonsdtr. Trøhaugen SyrakSlåtta 10.06. 1859-1950
G 1889 m Kristen Knutson SyrakSlåtta, gnr. 2/2.

Håkon og Guri gifte seg i 1846. Han vart skriven Storlieie 1856.
    Dei festa eit jordstykke under Storlien i 1862. Og ein rett til å lauve 200 lauvkjerv. Der måtte byggast hus på bruket. Og det var ikkje høve til å ta inn inderstar.
    Guri gifte seg oppatt i 1877 med enkjemann Håkon Arneson Urden Storlieie.

{98} År: 1877

Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard Urden 13.05. 1820-1898
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og Anne Knutsdtr. Kolsrud.
Gm Håkon Arneson Urden 16.08. 1817-1898
Foreldre: Arne Håkonson Storlien Urden og Birgit Håkonsdtr. Sire.

Guri vart attgift med Håkon i 1877. Båe hadde vore gift før: Håkon med Torand Torkjellsdtr. Vesledalstugu (ingen barn), og Guri med Håkon Syverson Torpehagen, den førre brukaren av plassen.
    Guri og Håkon var dei siste som budde i Trøhaugen.