Urden gnr. 2 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Urden gnr. 2 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Urden ligg lognt og fint til under Liaberget, noko ovanfor riksvegen vest for Trillhus. Namnet kjem av terrenget kring innmarka.
    Urden var husmannsplass under Øyen. Frå 1810 var bonden sjølveigar.
    Areal 1865: 10 mål åker og 32 mål naturleg eng, 22 mål utslåtter. Avling 8 tunner bygg 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 67 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 120 mål. Leigd jord 25 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 13 ungdyr.
    Våningshus bygt 1946, 2 loft, det eine gamalt, det andre frå 1980, driftsbygning 1925, restaurert 1976, gardsverkstad med garasje 1975, snikkarhus 1956. Kårstugu står no som hytte på heimstølen. Gamlestugu er selt og står på Nøtterøy.
    Stølar. Heimstøl er Liastølen ved Syningen (10 mål dyrka). Langstøl er Gravastølen i Volelien (omlag 25 mål dyrka.).

{100} År: 1768

Halvor Syverson Urden 1733-1787
Foreldre: Syver Olson ... Urden og Ingrid Tomasdtr. Sire.
Gm Gro Arnfinnsdtr. Finnesgard Urden 1733-1763
Foreldre: Arnfinn Larsson Finnesgard og Birgit Syversdtr. Torpehagen.
Gm Randi Ivarsdtr. ... Urden 1740c-
Foreldre: Ivar ... ? Opheim og ... ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingrid Halvorsdtr. Urden 17.11. 1765-1787f
Død som liten.
2. Arnfinn Halvorson Urden Ramsviken 1768-1823
Gm Kari Torjusdtr. Svarvargarden. Sjå Ramsviken gnr. 4/26 og Anfinnset, gnr. 8/12.
3. Syver Halvorson Urden 13.11. 1768-1787f
Død som liten.
*Barn i andre ekteskap
1. Syver Halvorson Urden Bergo 10.07. 1774-1856
G 1818 m enkje Margit Arnesdtr. søre Brenno under Frøysok i Gol 1765-1838.
    G 1840 m Margit Olsdtr. Mjølbakka under Hoftun i Gol 1776-1858.
    Syver bygsla Bergo under Vilhelmsli i Gol frå 1818. (1180) s 151

Halvor var lausgjengar i 1761. Halvor og Gro gifte seg i 1763.
    I 1768 bygsla Halvor Urden på livstid hjå Ola Skjerping. Halvor gifte seg opp att med Randi Ivarsdtr ... .
    På skiftet etter Halvor i 1787 var det 11 skilling å dele. Det vart halde auksjon, men ingen ville by. Buet fekk 12 rd for påkosting på stugu, låve og badstugu.
    1789: enkja Randi Urden stevna Håkon E. Storlien for ulovleg å ha snike seg til bygselsetelen som mannen hennar hadde på plassen Urden. Men så kom det fram at ho hadde fått 16 rd som betaling, og dermed tapte ho saka. Sidan ser me ikkje meir til Randi. (1673)8

{101} År: 1790c

Solve Olson Opheim Urden 1742-1812
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. nordre Opheim.
Gm Kari Solvesdtr. Kolsrud Urden 15.09. 1748-1820
Foreldre: Solve Gudbrandson Kolsrud og Anne Syversdtr. Rotneim.
*Barn
1. Ola Solveson Urden Haugeplass 27.07. 1790-1872
G 1817 m Margit Olsdtr. Sirehaugen 1789-1873. Barn: Kari 1817-ung; Solve 1818- til Wanamingo, Goodhue Co, MN. 1861, g 1840 m Helge Eivindsdtr. Eilevmoen; Ola 1821- til Am., g 1843 m Helle Marie Larsdtr, Våle, Borre; Kari 1826-1906 g 1846 m Syver Aslakson nedre SørbøensTone (sjå der).
    Ola og Margit var husmannsfolk på Haugeplassen i Gol. (Gol V s 315)

I 1785 kjøpte Solve Olson plassen Opheimsjordet for 280 rd. Det meste av plassen og husa skulle inntil vidare brukast som kår til seljaren Ola Syverson. Solve skulle ta i bruk 6 mål åker no, resten etter at O.S. var død. (1206) s 330
    Solve og Kari lånte ut 97 rd til Håkon E. Storlien i 1789 mot fast brukeleg pant i plassen Urden og slåttene Storlislåtta. Dei fekk og løyve til å rydde seg seterbøle under Storlien. (1221) s 426b
    I 1801 makeskifta dei til seg søre Bæra, gnr. 32/10. Sjå der.

{102} År: 1810

Arne Håkonson Storlien Urden 17.10. 1779-1857
Foreldre: Håkon Embrikson Ellingsgard Lien og Barbro Arnesdtr. Golberg.
Gm Birgit Håkonsdtr. Opheimsjorde Urden 11.10. 1789-1871
Foreldre: Håkon Olson Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Håkon Arneson Urden 16.08. 1817-1898
Sjå neste brukar og Trøhaugen.
2. Håkon Arneson Urden 27.01. 1822-1880
G 1854 m enkje Birgit Olsdtr. Gjerdingen frå Gol. Sjå neste hushald.
3. Embrik Arneson Urden Ramsviken 28.11. 1824-1908
G 1848 m Anne Sandersdtr. Sire. Sjå Ramsviken, gnr. 4/26.
4. Barbro Arnesdtr. Urden Breidekko 04.04. 1827-1909
G 1844 m em Svein Ivarson Flatagrov-Breidekko UndeBergo, Gol. Barn: Anne 1845-1846; Ivar 1847-1931, g 1876 m Birgit Toresdtr. Vestafor; Birgit 1850-1935 g 1882 m Ola Knutson Hjelmen-Strand; Anne 1854-1878 ug.; Turid 1856-1938 g 1883 m Ola Guttormson Medgardshaugen - Haugeplass; Arne 1858-1947 ug; Ola 1861-1934 g 1890 m enkje Jørand Persdtr. Haugeplass; Svein 1863-1937 til Botten i Gol, g 1902 m Birgit Syversdtr. Torhaug; Håkon 1867-1944 til Plassen, g 1902 m Margit Helgesdtr. Tufteslåtta.

Arne og Birgit gifte seg i 1816. I 1810 kjøpte han Urden hjå far sin for 600 rd og kår til Solve Olson Urden. Faren hadde heimel frå 1779. Skyld 1/2 lb.

{103} År: 1850

Håkon Arneson Urden 16.08. 1817-1898
Foreldre: Arne Håkonson Storlien Urden og Birgit Håkonsdtr. Sire.
Gm Torand Torkjellsdtr. Opheim Urden 31.05. 1801-1876
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
Gm Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard Urden 13.05. 1820-1898
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og Anne Knutsdtr. Kolsrud.

Håkon gifte seg 1842 med Torand Torkjellsdtr. Ingen barn. Buet etter Torand var på 299 spd. Husdyr: 2 kyr, 1 kvige, 7 sauer.
    Håkon vart attgift 1877 med enkje Guri Aslesdtr. Ho hadde var enkje etter Håkon Syverson Torpehagen.
   

{104} År: 1865

Håkon Arneson Urden 27.01. 1822-1880
Foreldre: Arne Håkonson Storlien Urden og Birgit Håkonsdtr. Sire.
Gm Birgit Olsdtr. Løstegard Urden 1827-1902
Foreldre: Ola Halvorson Turkop Løstegard og Kari Torsdtr. Gjerdingane, Gol.
*Barn
1. Bjørn Håkonson Urden 07.08. 1854-1932
Neste brukar.
2. Arne Håkonson Urden Rødningen 19.08. 1864-1949
G 1892 m Guri Halsteinsdtr. Lauvsletten. Sjå Sirerudningen, gnr. 4/54.
3. Birgit Håkonsdtr. Urden Gudbrandsgard 30.06. 1866-1948
G 1891 m Sevat Knutson Gudbrandsgard, gnr. 68/2.

Håkon og Birgit gifte seg i 1854. Birgit hadde vore gift med Bjørn Torson Gjerdingen, Gol. Birgit og Håkon Arneson hadde Gjerdingane i Gol frå 1854 til 1865 då han kjøpte attende Urden i Torpo.

{105} År: 1890c

Bjørn Håkonson Urden 07.08. 1854-1932
Foreldre: Håkon Asleson Urden og Birgit Olsdtr. Løstegard Gjerdingen.
Gm Margit Olsdtr. Djupedal Urden 26.09. 1854-1935
Foreldre: Ola Torson Bråtalien Djupedal og Guri Syversdtr. TorpeHagen.
*Barn
1. Birgit Bjørnsdtr. Urden 06.01. 1881-1891
2. Birgit Bjørnsdtr. Urden 09.06. 1892-1975
G 1922 m Helge Hermannson Trillhus Urden. Sjå neste hushald.

Margit og Bjørn gifte seg i 1880. Dei bygde ny driftsbygning kring 1925.