Bergo gnr. 2 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bergo gnr. 2 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bergo eller 'Bergene' var husmannsplass under Øyen. Bergo ligg oppe i berga ovanfor Trillhus. Det er truleg denne plassen som vart kalla 'Steget' i 1737. Sjå Trillhus. Til bruket høyrde to slåtter, den eine ovanfor Hjallestølen, den andre nedanfor.
    Bergo vart frådelt Øyen i 1893 og ligg no under Trillhus. I Bergo budde folk til omlag 1905. Då vart Trillhus kjøpt og Bergo vart nytta til slått. Solid mura tufter ligg att, men ingen hus. Stugu står no i Moldbakka på Torpo.
{111} År: 1800c
Solve Halvorson Berget Liahagen 25.09. 1768-1861
Foreldre: Halvor Eirikson Lien Berget og Birgit Solvesdtr. Nubgarden/Helling.
Gm Turid Olsdtr. Liahagen 05.07. 1778-1843
Foreldre: Ola Holgeson Lien (ungkar) og Ambjørg Endresdtr. Liahagen.
Turid og Solve gifte seg i 1798. Han var tidlegare gift med Ambjørg Olsdtr. Nyhus. Barn: sjå Liahagen.
    Solve lyste pengemangel 1792 for Lien for ikkje å tape odelsretten. I 1801 var han husmann med jord.
{112} År: 1840c
Tor Anderson Huus Storlihaugen 23.12. 1787-1871
Foreldre: Anders Torson Huus og Ågot Embriksdtr. Hagaplassen.
Gm Håkine Nilsdtr. ... 1792-1874
Foreldre: Nils ... ... og Kari Holmsdtr. ... . (Mora var husmor og enkje med 6 barn på ein plass under søre Sæter i Trøgstad i 1800.)
*Barn
1. Ola Torson Bergo Bergo 16.06. 1821-1914
G 1851 m Birgit Fredriksdtr. Richter 1822. Barn: Tor 1852- lærar i Rock Co, MN, - gm ..., Haugesund; Anne 1854-1935 g 1873 m Tolleiv Olson Opsata, farma Rock Co, seinare Luverne (6 barn); Guro 1856-1870; Fredrik 1859-1914 g 1893 m Mary Haugner, Oslo, farma ved Luverne, MN; Kari 1861-1931 g 1899 m Peder Arneson Roen, busett Luverne, MN; Nils Carl 1865-1942 tannlege, busett Webster City, Iowa, gm Sarah Johnson. (1417)
    Ola var sersjant og Birgit var jordmor. Dei var på Øygarden i Gol 1856-1870. Ola reiste til Am. i 1869, ho og barna kom etter i 1870. Farma i Vienna, Rock Co MN.
2. Nils Torson Bergo Moen 10.09. 1825-1909
G 1856 m Astrid Torgeirsdtr. Svillegarden. Utvandra til Am. 1880. Sjå Skjerpingmoen.
3. Embrik Torson Bergo 29.09. 1830-
G 1852 m Ingeborg Olsdtr. Satalien 1822- .... . Sjå barnebarn.
    I FT 1865 var Embrik 'Husfader på Daglønn' i Bergen. Embrik og Ingeborg reiste til Amerika i 1865. Embrik kom attende og slo seg til i Nærøy pr.gj. Sjå Hallingen juni 1920 s 729.
*Barnebarn
1. Tor Embrikson Bergene Sata-eie 03.01. 1854-
Til Am. i 1865. Foreldre: Embrik Torson Bergo og Ingeborg Olsdtr. Sata-eie.
2. Nils Embrikson Bergene 13.05. 1858-
Til Am. i 1865. Foreldre: Embrik Torson Bergo og Ingeborg Olsdtr. Sata-eie.
Tor bygsla plassen Trøhaugen under Storlien på livstid i 1823. Likevel kom han til Bergo kring 1840.
    Tor var sylvsmed og laga knappar. Grunneigaren kravde 6 spd årleg og plassen til halvningsbruk for å oppvarte Tor og Håkine i 1871. Tor døydde same året.
{113} År: 1871
Nils Torson Bergo 10.09. 1825-1909
Foreldre: Tor Anderson ... Bergo Trillhus og Håkine Nilsdtr. Sæter. (Trøgstad).
Gm Astrid Torgeirsdtr. Svillegarden Bergo 25.01. 1828-1915
Foreldre: Torgeir Olson Holo Svillegarden og Kari Knutsdtr. Torsteinsrud.
*Barn
1. Kari Nilsdtr. Bergo Brenna 14.04. 1856-1949
G 1877 m Ola Helgeson HellingBrenna. Barn: Henry 1877-1963 overtok farmen; Mari 1879-1891; Nels 1883-1885 ; Nils 1887- ; Oscar 1888- i Vancouver, Wash. ; Albert 1896- i Long Beach, Cal. ; Anna ... gm Andrew Mahlum, Portland, Oregon (minst 2 barn). (1741)
    Til Am. 1869. Dei tok seg land ved Grand Forks ND, etterkvart vart området kalla Brenna township.
2. Tor Nilsson Bergo 11.09. 1858-
Til Am. i 1872: Beaudette, MN.
3. Torgeir Nilsson Bergo 02.08. 1861-1930
G 1889 m Berta Johnson, Vik i Sogn 1862-1934. Barn: Anne 1890- gm Nils Juliussen Berg; Nils 1891- ug. jernbane-ingeniør; Lina 1896- ug.; Jenny 1899- ug. ; Josefine ug. sjukepleierske; Clara 1900- ug. (+ 3 barn som var døde i 1916.) (1405)
    Utvandra til Am. i 1880. Busett Rochester, MN. Han tok land nær Trettontowns, Foston, MN.
4. Birgit Nilsdtr. Bergo Thomas 11.04. 1866-1960
=Belle Thomas. Gm Carl Thomas, McIntosh, MN (av norske foreldre). Barn: ein son død før 1960.
    "91 Aar gammel. Mrs. Belle Thomas, som bor paa Gamlehjemmet i Grand Forks, fyldte siste Uge 91 Aar. Hun blev født i Hallingdal, Norge, den 10de April 1866 og har bodd i Grand Forks de sidste 42 Aar. Mrs. Thomas er godt kjendt i Grand Forks og Omegn som en meget dygtig Sydame. Derfor har hun en lang Liste Kunder some hun sydde for. I Anledning Fødselsdagen blev det holdt en stor Fest i Ryan Hotel hvor Slegt og Venner mødte for at ønske Mrs. Thomas tillykke med Dagen og Aarene fremover." (Frå Rowberg File, Decorah Posten, April 18, 1957)
5. Ola Nilsson Bergo 15.01. 1871-1903
Til Am. Omkom ved ei ulykke på sagbruk i Red Lake Reservation. (1405)
Nils og Astrid gifte seg i 1856. Han hadde også Baustedokken i Ridalen. Nils var sagmeister.
    Reiste truleg til barna i Am. i 1880, busett Rochester Minn.
{114} År: 1889c
Ingrid Olsdtr. Eivindshaugen 07.09. 1860-
Foreldre: Ola Syverson Eivindshaugen og Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde.
Ingrid var utflytt til Lier i 1880. Barn med Carl Johan Fredriksen Gullaug, Lier: Ola 1888- .
    Ingrid og sonen Ola budde i Bergo i FT 1891, ho var sjølveigar og gardbrukar.
    Ingrid og sonen reiste att før 1900, og ein kjenner ikkje til kvar dei reiste.
{115} År: 1895c
Hermann Helgeson Tufteslåtta Bergo 23.09. 1858-1946
Foreldre: Helge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta og Ingeborg Torsdtr. Slåtten.
Gm Ragnhild Aslesdtr. Vestenfor Trillhus 24.12. 1864-1956
Foreldre: Asle Toreson Vestenfor og Guri Halvorsdtr. Garden Opheim.
Hermann og Ragnhild gifte seg i 1890. Barna er førte opp under Trillhus.
    I 1905 kjøpte dei Trillhus og flytta ned frå Bergene. Og Bergene vart nedlagt som bustad etterkvart. Den siste som budde her var ei som heitte Turid.