Lauvdokken gnr. 3 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lauvdokken gnr. 3 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Lauvdokken eller Lauvslettplassen låg i sameige-marka under Sire, Torpo, Storlien og Bråtalien. (1259) s 663b
    Plassen er truleg den same som Siredokken, som var nemnt i 1830-åra. Me veit ikkje om hus eller tufter.
   

{126} År: 1776

Ola Olson Sire Lauvslettplassen 1740m-1800c
Foreldre: Ola
Gm Kari Halvorsdtr. Kvinnegard SkarsgardHagen 1740-1824.
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Kristi Nilsdtr. nordre Sehl.

Kari og Ola gifte seg 1776. Kari var enkje etter Asle Lasseson SkarsgardHagen. (falskmyntaren)
    I 1802 overlot Kari plassen grunna alderdom og svakheit til sonen Ola mot kår. Barna i fyrste ekteskap hadde ikkje på "ringeste måde" hjelpt til med opprydding av Lauvdokk-plassen. (1259) s 663b
    Kari fortalde 1802 at ho og 'salige Ole' hadde rydda plassen Lauvdokken av udyrka mark og rå rot i sameiga under Sire og Torpo, Storlien og Bråtalien.
    Kari var truleg død i 1824: 'Kari Halvorsdtr enke og legdslem i nedre Torpo fjerding. 82 år gamal.'

{127} År: 1820c

Ola Sevatson Settungsgard Siredokken 05.04. 1750-1833
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard i Leveld.
Gm Øyan Syversdtr. Bjørøyen Siredokken 21.06. 1750-1839
Foreldre: Syver Olson Bjørøyen og Margit Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Sevat Olson Sletten Siredokken 1781-
Truleg død før 1801.
2. Sigrid Olsdtr. Siredokken Eivindhaugen 1786.-1867
G 1821 m Syver Olson Eivindhaugen, gnr. 4/39a.

Ola var smed og husmann med jord. I 1769 var Øyan i tenest på Haugerud i Krødsherad.
    Ola og Øyan gifte seg i 1780. I 1781 skreiv han seg Sletten. Ola Sevatson Siredokken var nemnt i husmannmanntal i 1830-åra.
    Ola og Øyan budde på ymse plassar i Torpo, den siste og lengste tida på ein plass som heitte Siredokken. Ho fekk litt korn årleg frå 1832. (784)