Lauvsletten gnr. 3 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lauvsletten gnr. 3 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lauvsletten ligg på sletta nedunder Lien. "På Lauvsletto". Lauvsletten var husmannsplass under Lien.
    Sist på 1700-talet vart det rydda ein plass som heitte Lauvslett-plassen eller Lauvdokken. Ola Olson Rime og Kari Halvorsdtr. Kvinnegard var her. Sjå under Lauvdokken.
    I tunet står to stuguhus, ei gamal stugu og ei kårstugu frå omlag 1915. Der var også to loft, det eine brukte kårfolka, men det vart rive og ombygd til snikkarverkstad kring 1938.
    Ny driftsbygning vart sett opp i 1957. Kårstugu har fått eit nytt tilbygg. Lauvsletten hadde sag og kvern i "Bekken". Og der var kvern nedunder fossen ved Ramsviken. Her hadde ein mann i Lauvsletten brennt ei vassrenne i fjellet, den skal syne enno. Men sjølve kverna reiste i vårflaumen ein gong.
    Areal 1865: åker 16 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 15 mål. Avling 13 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 95 mål, produktiv skog 450 mål, bjørkeskog 2500 mål. Buskap 50 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1820, sidebygning 1915, påbygd 1985-90, driftsbygning 1957, snikkarverkstad 1938, gamalt loft, lagerbygg 1980, gamal smie.
    Stølar: heimstøl Dokken og langstøl Øystølen. Tilkjøpte stølar: Langedokken og Byggjarstølen. Det var stølsdrift fram til 1948 og onning til 1958.
    Buskap kring 1930: 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe og 6 småfe. Sidan vart det drive med sau. No er det ingen dyr på garden, og jordvegen er leigd bort.

{131} År: 1782

Ola Arneson Rust Lauvsletten 1742-1817
Foreldre: Arne Torson Rust og Eli Olsdtr. Skaga (Sjå Gol IV s 310)
Gm Ingeborg Tolleivsdtr. Lauvsletten 1740-1827
Foreldre: Tolleiv Knutson Sire Lauvsletten og Margit Larsdtr. Grov.
*Barn
1. Eli Olsdtr. Lauvsletten 02.01. 1774-1868
Gm Halstein Bjørnson Stavedalen, Reinli til Lauvsletten. Sjå neste hushald.
2. Margit Olsdtr. Lauvsletten Moen 17.09. 1775-
G 1805 m Halvor Anderson Moen. Sjå inderstar 'Sataøyen'. Til Namdalen i 1832.
3. Ingeborg Olsdtr. Lauvsletten Ramsviken 31.08. 1777-1860
G 1822 m enkjemann Syver Torkjellson Ramsviken, gnr. 4/26.
4. Randi Olsdtr. Lauvsletten 14.03. 1779-1779
Randi døydde 5 veker gamal.

Ola og Ingeborg kjøpte Lauvsletten for 49 rd og kår i 1782. Og i 1801 var dei kårfolk.

{132} År: 1797

Eli Olsdtr. Lauvsletten 02.01. 1774-1868
Foreldre: Ola Arneson Rust Lauvsletten og Ingeborg Tolleivsdtr. Lauvsletten.
Gm Hallstein Bjørnson Stavedalen Lauvsletten 02.08. 1769-1853
Foreldre: Bjørn Gudbrandson Austegarden Stavadalen og Åse Hallsteinsdtr. Bøen, Sør Aurdal. (1531) s 84
*Barn
1. Bjørn Hallsteinson Lauvsletten 1797-1882
G 1831 m Guri Larsdtr. Hognerud frå Hovet. Sjå neste hushald.
2. Åse Hallsteinsdtr. Lauvsletten Kastbråten 1799-1887
Gm Lars Helgeson, Ådal f. 1799. Barn: Lars og Christian, båe til Am. Fosterson: Asle Halvorson 1852- til Amerika, gm Torina Olson Wiig, gm Olea Nilsdtr. Somdalseie. (Oppl. v/Nils Elsrud)
    Åse var i tenest på Skollerud i Ådal i 1818- 1820.
    I FT 1865 var Åse og Lars på plassen Kastbråten under Skollerud i Ådal. Lars var husmann. Dei fødde 2 kyr og 5 småfe.
3. Ingeborg Hallsteinsdtr. Lauvsletten Haugo 08.11. 1801-1884
Barn m/ Eirik Olson Skjerping: Ola 1825- . Sjå barnebarn.
    G 1827 m Nils Asleson Haugeteigen 1791-.... . Sjå Kvernteigen, gnr. 22/54.
    Ingeborg var kårenkje hjå sonen Ola Eirikson på garden Klumpen i Nærøy i 1865.
4. Ola Hallsteinson Lauvsletten 03.07. 1803-1861
G 1836 m Mette Olsdtr. Dokken i Sudndalen ( Ola Ellingson Skøro ). Barn: gut 1837, Ola 1839, Hallstein 1842-1926 gm Anne K. Verpe, jente 1845- . Busett på Geilo: ... .
5. Tolleiv Hallsteinson Lauvsletten Rime 10.11. 1805-1880
G 1837 m enkje Kari Larsdtr. Rime Leksvol. Sjå Rime, gnr. 115/1.
6. Hallstein Hallsteinson Lauvsletten 11.01. 1808-
Ukjent lagnad.
7. Guttorm Hallsteinson Lauvsletten Hagaplassen 03.07. 1811-1839
G 1838 m Torand Torsteinsdtr. Hagaplassen. Sjå Hagaplassen, gnr. 8/1c.
8. Hallstein Hallsteinson Lauvsletten 28.06. 1814-1875f
G 1845 m Dorotea Gautsdtr Bjørndal, Nærøy. Ingen barn.
    Til Valdres i 1840 - sidan til Nærøy. (1596) III s 289
9. Ola Hallsteinson Lauvsletten SireBråten 03.07. 1816-1891
Gm Ambjørg Olsdtr. Tretterudhaugen. Sjå SireBråten, gnr. 4/22.
10. Tidemann Hallsteinson Lauvsletten 16.01. 1819-
Ukjent lagnad.
*Barnebarn
1. Ola Eirikson Lauvsletten Klumpen 03.10. 1825-
G 1849 m Ingeborg Fordelsdtr. ..., Moskenes 1826-.... . Barn: Fredrik 1849- Hammarøy, g 1893 m Andora Hansdtr. ... (3 barn); Anna Marta 1851- Vikna, gm Abraham Karlsen (8 barn); Ivar Olaus 1853- gm Augusta Emilie Johnsen (ingen barn); Oline 1855- gm Konrad Johansen Dekkerhus (11 barn); Hanna Eline 1858- gm Thomas Slettebakk (1 dotter); Edvind Gerhart 1861- bonde på Vågen i Vikna, gm Ellen Anna Jensdtr. Ulsund (7 barn); Indeanna Lovise 1864- gm Albert Olsen Åvikmyra; Ole Isak 1868- ug. (1619)
    Ola og Ingeborg flytta til Nærøy. Gardbrukar og sjølveigar på Klumpen i Nærøy i 1865.
    Foreldre: Eirik Olson Skjerping (ungkar) og Ingeborg Hallsteinsdtr. Lauvsletten.

Hallstein og Eli kjøpte Lauvsletten hjå foreldra hennar for 199 rd og kår i 1797.
    Hallstein arbeidde som snikkar og timremann. Han vart kalla "Byggjaren" og skal ved å ha budd på Sire vera årsaka til namnet Byggjargarden Sire. Han var kyrkjebyggar, truleg var Hallstein ein sentral handverkar under vølinga av Torpo-kyrkja i 1811. (Ål I s 332)
    I 1805 skjøpte han to jordstykke frå Nils Sveinsgarden: Øystølen (utanfor Sire langstølen) og heimstølen Dokken (nedanfor Langdokken). Pris 100 spd.

{133} År: 1833

Bjørn Hallsteinson Lauvsletten 1797-1882
Foreldre: Halstein Bjørnson Stavedalen i Reinli Lauvsletten og Eli Olsdtr. Lauvsletten.
Gm Guri Larsdtr. Hognerud Lauvsletten 1806-1893
Foreldre: Lars Knutson Hognerud og Gunhild Persdtr. Hognerud, Hovet i Hol.
*Barn
1. Hallstein Bjørnson Lauvsletten 27.12. 1832-1912
G 1861 m Birgit Wilhelmsdtr. Eidsgard, Gol. Sjå neste brukar.
2. Lars Bjørnson Lauvsletten 24.11. 1834-
Lars reiste til Nærøy i 1853 for busetjing der. Han reiste vidare til Am. i 1861. Busett i Albert Lea, Friborn Co. MN.
3. Eli Bjørnsdtr. Lauvsletten Roen 18.09. 1837-1919
G 1861 m Torstein Olson Sirerudningen, Roen i Gol. Barn: Ola 1864-1916 ug.; Liv 1866-1956 til Amerika, gm Håkon Håkonson Storlien (sjå Trøhaugen); Guri 1882-1951 gm Bjørn Ursdalen.
    Eli og Torstein budde på Roen i Gol. (Gol V s 359)
4. Gunhild Bjørnsdtr. Lauvsletten Waaler 14.12. 1840-
Gm tidlegare hotellvert (eller restauratør i Karl Johansgt. 5) Jens Olson Waaler, Nes på Romerike i Kr.ania. Barn: Nils Bernhard 1876- ugift lagermann hjå W. Fischer i 1900; Helene 1879- ugift strikkejomfru hjå H. Meyer i 1900. (Oppl. v/Solberg)
    FT1900: enkje/reingjeringskone, busett i Christian Krohgs gate 35.
5. Guri Bjørnsdtr. Lauvsletten 22.05. 1848-1862

Bjørn og Guri gifte seg i 1831. I 1833 fekk Bjørn skøyte på Lauvsletten og to skogremmar som før hadde tilhøyrt Bjørøyen.

{134} År: 1854

Hallstein Bjørnson Lauvsletten 27.12. 1832-1912
Foreldre: Bjørn Hallsteinson Lauvsletten og Guri Larsdtr. Hognerud.
Gm Birgit Vilhelmsdtr. Eidsgard Lauvsletten 17.10. 1835-1901
Foreldre: Vilhelm Bjørnson Hersgard Eidsgard og Margit Ivarsdtr. Haukstad, Gol.
*Barn
1. Guri Hallsteinsdtr. Lauvsletten Rødningen 15.02. 1865-1943
G 1892 m Arne Håkonson Urden d.y. Sjå SireRudningen, gnr. 4/54.
2. Ingeborg Hallsteinsdtr. Lauvsletten 29.01. 1867-1936
Ug. Barn m/ Håkon Embrikson Storlien: Ragnhild 1898-1977. Ho dreiv som bakstekjering, vevnad m.m. Ingeborg budde lenge i kårstugu heime, sidan i lag med dottera.
3. Bjørn Hallsteinson Lauvsletten 25.05. 1869-1954
G 1906 m Margit Jakopsdtr. Holde frå Hemsedal. Sjå neste hushald.
4. Margit Hallsteinsdtr. Lauvsletten Eriksen 25.09. 1871-
Gm Karl Eriksen, budde på Bergfløt i Lier.
5. Gunhild Hallsteinsdtr. Lauvsletten 20.01. 1875-
Gm ... ... og busett i Kr.ania heitte det i 1912.
6. Birgit Hallsteinsdtr. Lauvsletten 23.12. 1879-
Ho reiste til byen i 1917. Myndig og busett i Kr.ania.
7. Guri Hallsteinsdtr. Lauvsletten 07.07. 1882-1882
*Barnebarn
1. Ragnhild Håkonsdtr. Lauvsletten 12.06. 1898-1977
Ug. Veverske. Ragnhild gav eit stort åklede som brure-teppe til Torpo kyrkje. Ho budde i ei stugu ved Lia-vegen på Torpo.
    Foreldre: Håkon Embrikson Storlien og Ingeborg Hallsteinsdtr Lauvsletten.

Hallstein og Birgit gifte seg i 1861. Han selde garden til sonen i 1901.