Lien gnr. 3 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lien gnr. 3 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lien grensar inntil Gol kommune i aust, Øyen/nedre Storlien i sør og Sire i vest.
    Lien ligg solvendt til midtlies. Innmarka er hallande, delvis bratt. Dvs. ein god korn-gard etter gamal skikk.
    Lien er hovudbølet for gnr. 3. Lien vart skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 12 3/5 laupsbol. Etter nyrydding fyrst på 1600-talet betalte bonden 1 kalvskinn i årleg leige av 1 1/2 pund krongods i garden frå 1625. Bonden i Lien kjøpte ut krongodset i 1702.
    Oldfunn: under arbeidet med internatet på Lien i 1930-åra vart det funne ein ljå av middelaldertype. Ljåen er smidd av myrmalm, og svært krumma av form. Sjå foto i Ål I s 101.
    Lien hadde ei flomkvern i 1723. Truleg i Liabekken.
    Plassar og underbruk: Øvre Storlien, Lauvdokken, Lauvsletten, Liaberget, Grandokken øvre og nedre; Liahagen, Grønebakken og Bakkevollen og Rudningsdokken. Plassane ligg kring garden, nokre er nedlagte, andre kom i bruk som sjølvstendige gardar etterkvart. (I Grønebakken budde Torkjell Olson Borkhusbråten nokre år kring 1870.)
    Areal 1865: åker 51 mål, naturleg eng 182 mål, utslått 106 mål. Avling 57 1/2 tunne bygg og 56 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, 60 mål beite (derav 6 på Øyestølen, 5 på stølsvoll og 20 mål dyrka myr i Volelia). Leigd jord 115 mål. Buskap: 15 mjølkekyr og ungdyr, 35 vinterfôra sauer, 6 mjølkegeiter, 2000 verpehøns, 2 slaktegrisar, 2 hestar (fjordingar).
    Undervisningsbygg 1977-80, internat 1937, ombygt i 1960-åra, "rektorbolig" 1926, lærarbustadar 1950 og 1956, gardsbestyrarhus 1924, drengestugu og stabbur frå 1700-talet, fjøs frå 1924, ombygt 1952 og 1975, ny driftsbygning 1987, hønsehus 1954, ombygt 1960, 1978 og 1984, verkstad med smie 1935, ombygd 1957, traktorverkstad 1969, vognskjul/potetkjellar 1951, motorsagbu 1970. Norsk Alsstasjon for fjellørret i Hovet ferdig 1976 (klekkerikapasitet: 3 mill. yngel), startfôringshall og hus for stamfisk, 6 betongdammar med inntil 2000 fiskar pr. dam.
    Stølar: langstøl i Volelien og på Gravarstølen. Heimstøl: Liastølen. Stølen Slettbak som Embrik Ellingsgard rydda, ser ein ikkje meir til. Truleg vart den brukt som plass i seinare tid, truleg under namnet Bakkevollen.
    Fyrst på 1900-talet kom Lien på utanbygds hender. Garden gjekk gjennom mange handlar, og gardsdrifta var nok litt ymse. I 1921 vart det meste av skogen fråseld. Resten av garden vart gjeve som gåve frå Rudolf Olsen til Buskerud fylke. Meir om skulen under 1919-hushaldet.
    I 1980 vart fellesbeite-anlegget på Torsteinslåtta teke i bruk. Dette er bygt av Lien Landbruksskule saman med tre bønder frå Torpo.

{148} År: 1756

Embrik Olson Kyrkjedelen Ellingsgard 1693-1775
Foreldre: Ola Bjørnson Bergsgard Kyrkjedelen og ... ... ... ..
Gm Margit Olbjørnsdtr. Dokk Ellingsgard 1716-1808s
Foreldre: Olbjørn Knutson Medgard Dokk og Ambjørg Olsdtr. Dokk.

Embrik Ellingsgard slo på seg Lien for gjeld i 1756. Det var gardsyn på Lien i 1764. Embrik hadde kosta mykje på hus og jordveg og gjerde både heime og på stølane. Både gjødsel og avling var tilkøyrt. 10 kyr hadde Embrik fora på Lien fram til vinterdags-tid. Embrik hadde vølt svala på den søre, gamle stugu. Taksten på garden vart 1400 rd. (1288) s 21
    Det var nytt gardsyn på Lien i 1773. Då vart Embrik sitt arbeid og påkostnad påvist. Stølen Slettbak hadde Embrik rydda. Vidare hadde han grave vassledning frå ei kjelde og ned til garden. Garden vart taksert til 1600 rd. (1370) s 97
    I 1774 fekk Margit skøyte frå Tolleiv Tolleivson og Halvor Eirikson på Lien for 2217 rd. Kjøpesummen var i samsvar med ein høgsterettsdom av 1772. Eirik Halvorson hadde tapt sin rett under rettssaka, men fekk likevel bygselbrev på Berget for 48 skilling årleg. Plassar: Berget, Grandokken og Hagen.
    På samfrendeskifte etter Embrik i 1775 fekk enkja Margit utlagt garden Lien. (Takst 1600 rd) Dessutan fekk ho 1/4 part i Ål stavkyrkje.
    Margit selde garden i 1785 og tok slikt kår: 6 tunner bygg, salt og rug og 1 settung hampesæd; framfødd 3 kyr og 12 småfe osv. På skiftet etter Margit i 1807 var det 851 rd å dele. Ho budde i ei lita stugu i Lien.

{149} År: 1785

Ola Olson Toresgard Lien 10.02. 1760-1787
Foreldre: Ola Embrikson Ellingsgard og Kari Eiriksdtr. Toresgard.
Gm Guro Olsdtr. Havardsgard Lien 04.04. 1765-1804
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Tullegard.
*Barn
1. Eirik Olson Lien 1786.-1802
Eirik fekk utlagt 607 rd på skiftet etter faren i 1789. Mora gift på nytt med Asle Knutson Hesla.
    Asle skulle bruke garden inntil Eirik vart 18 år. Etter den tid skulle han få skøyte på garden og svare kår til mora.
    Men slik gjekk det ikkje. Eirik døydde på Hesla, og skifte vart halde i 1802. Buet var 865 rd som tilfall mora og to halvsysken på Hesla, Knut og Sissel.

Ola kjøpte Lien i 1785 for 1597 rd hjå bestemora. (Halve oppgjeret skulle utstå til etter bestemora si tid.) På skiftet etter broren Eirik i 1789 vart det strid med halvsyskena. Dei gjorde semje om at stefaren fråfall all arv mot 200 rd.
    Ola var soldat og døydde "på commando" i Kristiania sumaren 1787. Skifte vart halde 11. okt. 1788. Buet var på 1227 rd netto. Brutto 3144 rd. Garden Lien var taksert til 1600 rd. Elles hadde han mykje peng uteståande. Ola hadde drivi fram 83 tylvter tømmer og 6 stokkar som låg klar ved elva. (Verdi 146 rd minus 27 rd for fløytinga = 118 rd netto.) Ola åtte halve Sire-saga (verdi 12 rd).
    Guro vart attgift med Asle Knutson Hesla Lien.

{150} År: 1797

Guro Olsdtr. Havardsgard Lien 04.04. 1765-1804
Foreldre: Ola Asleson Havardsgard og Sissel Olsdtr. Tullegard.
Gm Asle Knutson Hesla Lien 1755-1830
Foreldre: Knut Anderson Torset Hesla og Margit Olsdtr. Intelhus (Hemsedal), Gol.
*Barn
1. Eirik Asleson Hesla Lien 13.02. 1803-1830
G 1821 m Astrid Torsdtr. Hoftun. Sjå neste brukar.

Asle Hesla skulle bruke Lien fram til Eirik Olson Lien fylte sine 18 år. Alle barna bortsett frå Margit i 1797 er fødde på Hesla. Truleg var det der Asle og Guro budde.
    Barn: Margit 1791-liten; Margit 1792-1792; Sissel 1793-1884, g 1812 m Ola Kristenson Grimsgard i Nes, til Am. som enkje i 1859; Knut 1797-1805; Margit 1800-1801; Eirik 1803-1830, g 1821 m Astri Torsdtr. Hoftun, sjå neste brukar; Ola 1804-1804.
    I 1804 fekk Tor Arneson Rust feste Lien hjå Asle mot ei årleg avgift på 40 rd. Sonen Eirik overtok Lien i 1830.
    Asle vart gift opp att 1808 m Guro Olsdtr. Frøysok. (Sjå Gol III s 523)

{151} År: 1830

Astrid Torsdtr. Hoftun Lien 25.03. 1804-1837
Foreldre: Tor Knutson Hoftun og Gunhild Kolbjørnsdtr. søre Hoftun, Gol.
Gm Eirik Asleson Hesla Lien 13.02. 1803-1830
Foreldre: Asle Knutson Hesla Lien og Guro Olsdtr. Havardsgard.
*Barn
1. Asle Eirikson Lien 06.04. 1823-1910
G 1844 m Guri Herbrandsdtr. Jegleim 1824-1901. Sjå år 1840c.
2. Tor Eirikson Lien Ruud 02.10. 1824-1878
G 1855 m Randi Sveinsdtr. Løken. Sjå nordre Ruud, gnr. 18/1a.
3. Knut Eirikson Lien Bruvollen 26.09. 1826-
G 1855 m Guro Olsdtr. Lofthus. Sjå Bruvollen under inderstar.
4. Knut Eirikson Lien Bruvollen 28.01. 1829-1915
G 1853 m Birgit Halvorsdtr. Skjerpingmoen. Sjå Lyatun, gnr. 9/28b.

Astrid og Eirik gifte seg 1821. Eirik overtok Lien i 1830.
    Eirik kom innom på Gutigarden på Rotneim laurdag i pins 1830 og kravde 3 spd som Torstein Larsson Ursdalen var skuldig. I staden for oppgjer vart det slagsmål, Torstein drog kniven og Eirik vart drepen.
    Astrid vart attgift 1832 med Ola Olson Garnås Lien. Sjå neste hushald.

{152} År: 1832

Astrid Torsdtr. Hoftun Lien 25.03. 1804-1837
Foreldre: Tor Knutson Hoftun og Gunhild Kolbjørnsdtr. søre Hoftun, Gol.
Gm Ola Olson Garnås Opheim Lien 27.04. 1808-1878
Foreldre: Ola Levorson Garnås og Kristi Olsdtr. ... , Nes.
*Barn
1. Eirik Olson Lien 01.05. 1833-1833
2. Gunhild Olsdtr. Lien Torpehagen 17.06. 1834-1897
G 1854 m Svein Sanderson Torpehagen, gnr. 8/1. Sjå også Ramsviken, gnr. 4/26.

Astrid gifte seg opp att 1832 m Ola Olson Garnås. Ola vart kalla "Liamannen". Astrid døydde av kolikk i 1837, 32 år gamal.
    Eiga var: åkrar 400 spd, eng 300 spd, heimehusa 150 spd, skogen 1000 spd, vårstølen "Bakkene" 50 spd, "Liastølen og Oddesæteren" 50 spd, "Volelien" 200 spd, plassen Liahagen 150 spd, Berget 150 spd, Grandokken 150 spd = sum 2600 spd, stølen Fjellset i Nes 145 spd. (1301)
    Ola vart attgift 1841 med enkja Gunvor Helgesdtr. Tufto Rasmusgarden. Dei kom til øvre Medhus i 1848.

{153} År: 1840c

Asle Eirikson Lien 06.04. 1823-1910
Foreldre: Eirik Asleson Hesla Lien og Astrid Torsdtr. Hoftun. (Gol V s 505)
Gm Guri Herbrandsdtr. Jegleim Lien 16.09. 1824-1901
Foreldre: Herbrand Tolleivson Jegleim og Gunhild Olsdtr. ..., Gol.
*Barn
1. Astrid Aslesdtr. Lien Gunhus 16.02. 1845-1930
G 1866 m em. Eirik Gunhus i Amerika. Barn: Henning 1867-1956, gm Anne Marie Baker; Anton Olaus 1870-1965, gm Johanna Olina Baker; Carl 1873-1935; Gurine 1877-1950, g 1897 m Gilbert Ellesen Strandemo; Etta Albertina ....- g 1914 m Joseph Marcussen; George ....- ; Clara 1890-1980, gm Oscar Sahl. (1358)
    Astrid reiste til Am. i 1861 saman med mor og sysken, busett i Kenyon, MN.
2. Gunhild Aslesdtr. Lien Finset 23.01. 1847-1943
G 1866 m Ola Knutson Finset 1833-1902. Barn: Mathilda Carolina 1867-1940, musikk-lærar, g 1910 m pastor Jens Christian Rosseland; Gurine 1869-1945 ug. ; Karolina Anetta 1872- , g 1896 m August G. Bjørneby; Knut (Olaus) 1875-1960, farmar g 1912 m Selma Distad; Gina Henriette 1878- ug. ; Marcus 1811- , i skatte-departementet, gm Catherine Hallum; Anna 1884- kiropraktisk forr. i Portland, ug. ; Victor 1888- ug.; Gisle Olaf 1890-1896. (1358)
    Ola og Gunhild farma i Goodhue Co. MN.
3. Guri Aslesdtr. Lien Ødegård 06.10. 1849-1945
G 1867 m Peder Halvorsen Ødegård (Gol) 1837-1903. Barn: Halvor 1868- ; Halvor 1870- ; Halvor 1871-1871; Ragnhild Helene 1872- g 1897 m Edward E. Strandemo; Henning 1874-1910; Gurine 1876- ; Thomas Albert 1877-1904; Gine Lovise 1880- konf. 1894; Berhard ....- ; Edvin ....- ; Lydia ....- gm Alfred Helland; Leonard ....- ; Pauline 1892c-1909.
    Til Am. (1358)
4. Birgit Aslesdtr. Lien Gunhus 06.03. 1852-1937
G 1876 m Hans Eirikson Gunhus. Dermed vart systera hennar, Astrid, også svigermor hennar!
    Barn: Erik Olaus 1877-1947 pastor, gm Lillie Karoline ... Chrislock; Hellene Albertine 1880- gm pastor Edward Thoreson Aasheim; Gerhard 1884- levde 1941. (1358)
5. Eirik Asleson Lien 29.04. 1854-1940
G 1878 m Caroline Henriksdtr. Wold 1860-1941. Barn: Gina ....- ; Henry 1881-1958 gm Nina ... ; Elmer 1886-1935; Clarence 1888-1953 musikar, g 1916 m Estine Wagle (5 barn); Myrtle ....- ; Cora ....-. (J. Marler)
    Eirik farma fyrst i Richland Co. ND. Kom seinare i Edinburg i ND. Eirik og Caroline er gravlagde i Walsh Co. ND. Eirik var hestehandlar og auksjonarius.
6. Gunhild Aslesdtr. Lien Anderson 27.12. 1856-1952
Gm John A. Anderson. 4 barn: ... ... ... ... . Utfl. til Am. 1861. Busett Kenyon, MN. i 1945.

Asle og Guri gifte seg i 1844. Asle kom seg opp på skog- og trelast-handel. Han dreiv med travhest, så Guri måtte stå for gardsdrifta medan han var ute. Så fall prisane og tidene skifta. Asle måtte selja skog til uthogst.
    Asle passa på at slåttekarane ikkje let gras stå uslege. "Eg vil ikkje ha krage på steinane og skjegg på tubbene!"
    I 1862 reiste Guri og ungane til Amerika etter at Asle hadde vore utru. Dei slo seg fyrst ned i Nicollet Co. MN, men etter eit stort indianaropprør reiste dei vidare til Zumbrota. (frå Hallingen)
    Asle og Guri vart skilde i 1875. Asle selde restane av garden i 1881 og reiste til Amerika. Ei tid stelte han hestar hjå sonen Eirik, deretter tok Asle seg land i Turtle Mountain og budde der livet ut.
   

{154} År: 1863


Eirik Olson Ve frå Flå fekk auksjonskøyte på Lien i 1863.
    I 1865 vart Tor Eirikson Ruud eigar av garden etter eit forlik. Asle Eirikson var "lasthandlar".
    I åra 1865-1869 var det fleire gjelds-utdrivingar hjå både Eirik Ve og Asle Eirikson Lien. Asle fekk skøyte 1872 frå Eirik Ve sitt konkursbu.
    I 1872 vart Grandokken og Liahagen frådelt. Asle pantsette garden til kona si i 1876 og i 1876 vart Lien selt på auksjon. Då var plassen Berget, Rudningsdokken og Liaskogen fråselte.
    Ola Torsteinson og Dordei Sveinsdtr. Satahagen forpakta Lien i 1865. Sjå Satahagen.

{155} År: 1883

Ola Olson Anderdal Lien 1819-1902
Foreldre: Ola Syverson Tuv Anderdal og Margit Olsdtr. Anderdal, Hemsedal.
Gm Birgit Nilsdtr. Fystro Lien 1817c-1891
Foreldre: Nils ... Fystro og ... ... ... , Slidre.

Ola var bonde på Øvre Tuv i Hemsedal. Sonen overtok Tuv, i 1883 kjøpte Ola garden Lien på auksjon for kr. 10000.
    Ola og Birgit hadde barna: Nils 1864- sjå neste brukar; Ragnhild 1856-1905c på Brandvol.

{156} År: 1888

Nils Olson Tuv Lien 1864-1903
Foreldre: Ola Olson Anderdal Tuv og Birgit Nilsdtr. Fystro, Valdres.
Gm Ågot Larsdtr. Finnesgarden Lien 1862-1945
Foreldre: Lars Torjusson Finnesgarden og Birgit Embriksdtr. Storlien.
*Barn
1. Birgit Nilsdtr. Lien Østro 24.04. 1886-1971
G 1908 m Østen Tolleivson Ro Østro, Gol. Barn: Torleiv 1909-1960; Nils 1910- g 1943 m Gunhild Øvre-Ro; Anna 1912- g 1932 m Aslak Halvorson Lien; Øystein 1915- g 1939 m Mary Kaspara Hatten; Ola 1918- bonde i Brugjerda/Østro, g 1946 m Margit Storebråten; Lars 1921-1924; Lars Torgeir 1924- g 1950 m Gunni Marie Utigard, Eikesdal; Ågot 1927- g 1952 m Knut Magnetun.
    Østen og Birgit hadde og dreiv Brugjerda ved Robru.
2. Birgit Nilsdtr. Lien Storedal 19.09. 1888-1985
G 1912 m Ola Mikkelson Storedal, gnr. 6/1.
3. Ola Nilsson Lien 14.10. 1890-
Ug. Til Am. i 1910. Farmar.
4. Anne Nilsdtr. Lien 17.10. 1893-1919
Anne var trulova med Ola Solveson. Barn: Ågot 1918- sjå barnebarn. Anne døydde i spanskesjuka og Ågot vart oppfostra i Storedal.
5. Lars Nilsson Lien 03.01. 1899-1947
Ugift altmoglegmann. Han vart alvorleg skadd etter eit fall frå eit stillas på Hols-anlegget, og døydde eit år seinare.
6. Torjus Nilsson Lien 12.07. 1902-1902
*Barnebarn
1. Ågot Olsdtr. Lien Neset 26.12. 1918-
Gm Magnus Neset, Haugesund. Barn: Anne Gurine ....- ; ...
    Foreldre: fehandlar Ola Solveson MoldBakken og Anne Nilsdtr. Lien.

Nils og Ågot gifte seg i 1885. Nils var svært netthendt: han var snikkar, hjulmakar, skomakar og smed. Og han gjorde feler.
    I 1889 leigde han bort jaktretten til garden på 20 år brørne Torgersen i Oslo. Truleg ei av dei fyrste leigekontraktene. ( I 1899 kom jaktlova som sette maks. 10 år på bortleige.)
    Nils sa sjeldan nei, og måtte svi fleire gonger som kausjonist. Det var seks utpantingar hjå han i 1893. Han selde Bergastølen (bnr. 12) til Ola Rudningsdokken i 1893.
    Nils døydde av ei kraftig nasebløding. Som enkje budde Ågot ei tid i Finnesgarden og stelte for Per Kinneberg. Sidan flytta ho saman med broren Kitil til Storedalsjordet i Torpo. (Gol V s 424)