Grandokken, øvre gnr. 3 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Grandokken, øvre gnr. 3 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Grandokken ligg ovanfor Lien, på grensa mot Gol. Garden ligg solvendt i halla ovanfor Liaberget. Her var husmannsplass iallefall frå 1739. Grandokken vart frådelt Lien i 1871 og er no eit velstelt småbruk.
    Fyrste husmannen bygsla her i 1739. Nedst i jordet låg plassen nedre Grandokken. Den vart frådelt saman med Liaskogen 1883, men då budde det folk der. I 1963 vart dette arealet makeskifta attende til garden i byte med ein skogteig.
    Garden vart fulldyrka frå 1959 og framover, og er no på ca. 40 mål. Jorda vert leigd bort. Anna areal 8 mål, produktiv skog 70 mål. Våningshus bygt 1972, gamal låve, loft 1890, reidskapshus 1980, garasje 1990. Gamlestugu står no på Sveingardsvollen på Pålset.
    Stølar. Heimstøl er Bergastølen, medan langstølen på Syningen er frådelt til Forsvaret. (Treningsleir og skytefelt.)
   
{160} År: 1794c
Tomt hushald. (Nummereringsomsyn.) Kan fjernast frå manus.
{161} År: 1797c
Ola Olson Grasbakken 1760-1831
Foreldre: Ola Olson ... Grasbakken (under Finnesgarden) og Anne Herbrandsdtr. Bråtalien. (Gol V s 411)
Gm Ingeleiv Olsdtr. Rotneim Grandokken 12.02. 1764-1839
Foreldre: Ola Herbrandson Jonsgarden Rotneim og Sigrid Olsdtr. Gutigarden Rotneim, Gol.
*Barn
1. Ola Olson Grandokken 23.04. 1797-
G 1830 m Anne Eiriksdtr. Ruud. Sjå neste brukar.
2. Eirik Olson Grandokken Lien 01.04. 1799-1831
Ugift.
3. Ola Olson Grandokken 17.01. 1802-1802
4. Anne Olsdtr. Grandokken Bankohuset 05.05. 1804-1890
G 1840 m Syver Tomasson Rotneim Bankohuset, gnr. 4/17.
Ola og Ingeleiv gifte seg i 1793. Ola var husmann med jord i 1801.
{162} År: 1830
Ola Olson Grandokken 23.04. 1797-
Foreldre: Ola Olson Grasbakken Grandokken og Ingeleiv Olsdtr. Jonsgarden Rotneim.
Gm Anne Eiriksdtr. Ruud Grandokken 1793-
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Ola Olson Grandokken 28.07. 1831-1918
G 1856 m Anne Helgesdtr. Tronrud, Norderhov, 1826-1917. Barn: Karen 1848-1946 g 1872 m Olaus Larsson (9 barn).
    Dottera Karen er fødd på Ringerike. Til Am. i 1871. Anne er gravlagt på Mound Grove Cemetery, Evansville, MN. (J. Marler)
2. Ingeborg Olsdtr. Grandokken 13.01. 1834-1834
3. Ingeborg Olsdtr. Grandokken 07.10. 1835-1836
4. Håkon Olson Grandokken 27.10. 1838-
G 1859 m Barbro Guttormsdtr. Svarvargarden. Barn: Anne 1860-1862; Anne 1862-1863; Anne 1866-1942 til Am.,- g 1883 m Ola Olson Brenno (8 barn).
    Dei reiste til Hestehagen i Grogardane i Gol 1847 og kom til Øyno. I 1870 selde dei Øyno og reiste dei til Am. Håkon skreiv i Hallingen 1912 (3/32) og 1913 ( 4/30): "Træk av mit omflakkende Liv".
Anne hadde dottera Margit 1820-1911 før ho vart gift. Sjå på Ruud.
    Ola og Anne gifte seg i 1830.
    Det var smått med mat i Grandokken. I 1838 var det burgang hjå Ola og Anne. Bygdefolk kom og leita etter forsvunne saker. Det vart funne restar etter ein geitebukk. Dermed vart Ola idømt 4 månadar på tukthuset og pålagt å erstatte bukken med 1 spd. Prokurator Saxe skulle ha 12 spd for arbeidet med saka, og Ola og Anne vart pålagde å dekke dette.
    Dei flytta til Hestehagen i Gol i 1847 med to barn (Ola og Håkon). Død i Am.
{163} År: 1872
Lars Sanderson Sire Grandokken 26.01. 1840-1930
Foreldre: Sander Olson Sire og Turid Larsdtr. Torpeslåtta.
Gm Anne Toresdtr. ToreBråten Grandokken 28.06. 1846-1939
Foreldre: Tore Person Bjørøybråten ToreBråten og Ragnhild Aslesdtr. Helling.
*Barn
1. Ola Larsson Grandokken 12.04. 1860-1893
Gm Birgit Andersdtr. Sire. Barn: Gurine 1890-1916 gm pastor Nils Christian Brun, Bodø (2 barn); Oline ....- ; Lars 1885-1897; Andres 1886-1971 i Albert Lea, MN, gm Margaret ... .
    Ola og Birgit utvandra til Am. i 1883: Silver Lake, Worth Co. Han var markarbeidar.
2. Sander Larsson Grandokken 18.08. 1868-
Til Am. 1893: Marshall, MN.
3. Tore Larsson Grandokken 22.12. 1870-
4. Turid Larsdtr. Grandokken Medhus 15.02. 1873-
Til Am. 1894 og gift med Herman Person Kolsrud Medhus f. 1859. Barn: Per 1897- overtok Åsum, gm Elida Gulli; Sander ....- gm Anne ... ; Anne ....- ug.; Birgit 1904- ug. født i Torpo.
    Kring 1885 var Hermann busett i Nord Dakota. Dei gifte seg 1897, og reiste attende til Noreg. Budde på nordre Rotneim i Gol kring 1910, og kjøpte garden Åsum ved Kongsvinger kring 1912 og flytta dit. (Vinger bind II s 142)
5. Ragnhild Larsdtr. Grandokken Lund 06.05. 1877-
Gm Olaf Lund ....-.... . Dei hadde eit småbruk i Lier, Olaf arbeidde ved jernbanen.
    Barn: Anna 1905-1995, ug. meierist, var sidan på speiderdepot; Gunvor 1908-1970, ug. arbeidde på gartneri; Sigrid 1915-2000, gm Karsten Kjos (1 barn) på Tuverud gartneri i Lier.
6. Anne Larsdtr. Grandokken 25.04. 1879-
Lawrence Ivarson Lanking, Walsh ND var arving i Anne Grandokkens bo slutta 1941. (?)
7. Birgit Larsdtr. Grandokken 03.06. 1882-1961
Barn m/Nils Andreassen Sørby, Skoger: Anne 1903-1957. Sjå neste brukar.
    Birgit Grandokken brukte skrå-tobakk.
8. Barbo Larsdtr. Grandokken 06.12. 1886-
9. Ola Larsson Grandokken 20.05. 1889-1986
Ug. Sjå neste brukar.
*Barnebarn
1. Anne Nilsdtr. Grandokken 01.03. 1903-1957
Ug. Ingen barn. Busett på Torpo.
    Foreldre: Nils Andreassen Sørby i Skoger og Birgit Larsdtr. Grandokken.
Lars og Anne gifte seg i 1867. Grandokken var i dårleg stand då Lars og Anne overtok.
    Det vart fortalt at ho gjekk dit ein dag for å ta bruket i augnesyn. Men då gret ho Anne. Der var ikkje noko dyrka jord, og husa var dårlege.
    Men slik var det ikkje lenge. Med stort pågangsmot sette Lars og Anne Grandokken i god stand. Han var skreddar i 1865.