Liahagen gnr. 3 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Liahagen gnr. 3 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Liahagen var ein plass under Lien. Sjølveigarbruk frå 1872. Garden ligg i lia ovanfor Lien.
    Jordfunn: i ein røys nordpå jordet er funne to gryter av jern og ein skjerding. Denne røysa er omkransa med store steinar,- visst nok det som arkeologane kallar skipssetnings-røys.
    Liahagen hadde kvern og slipe i Liabekken.
    Areal 1865: Liahagen er irekna arealet til Lien saman med tre andre plassar.
    Areal 1995: dyrka jord 49 mål, anna areal 8 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 800 mål. buskap: 140 slaktegrisar, 21 vinterfôra sauer, 1 avlshoppe.
    Våningshus bygt 1951, tilbygg i 1998, driftsbygning 1971, gardsmuseum, reidskapshus 1968, gamalt loft, restaurert 1970.
    Stølar. Heimstøl på Veslestølen. Den er slegen saman med Nystølen (tilkjøpt). Gamlestugu i Liahagen er bu på Nystølen. Langstøl: Narveseth i Gol (gnr. 26, bnr. 18). Det var stølsdrift fram til 1978.
{167} År: 1796
Solve Halvorson Berget Liahagen 25.09. 1768-1861
Foreldre: Halvor Eirikson Lien Berget og Birgit Solvesdtr. Nubgarden/Helling.
Gm Ambjørg Olsdtr. Ivarslien Liahagen 1760c-1798
Foreldre: Ola Olson Gutigarden Ivarslien i Gol og Birgit Tomasdtr. Sire. (Sjå Gol V s 107)
Gm Turid Olsdtr. Liahagen 05.07. 1778-1843
Foreldre: Ola Holgeson Lien (ungkar) og Ambjørg Endresdtr. Liahagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Halvor Solveson Liahagen 21.07. 1794-1873
Ugift. Han døydde på legd i 1873.
2. Ola Solveson Liahagen 11.09. 1796-1816
Han fekk korn som støtte i 1815. (777)
*Barn i andre ekteskap
1. Ambjørg Solvesdtr. Liahagen 19.01. 1800-1802
2. Ola Solveson Liahagen 03.10. 1802-1874
Sjå neste hushald.
3. Ambjørg Solvesdtr. Liahagen 10.11. 1805-1881
G 1831 m Svein Sveinson Flatagrov frå Gol 1800-1874. Barn: Svein 1834-1834; Solve 1832-1883 ugift; Birgit 1835-1916 ugift (2 barn m/Torgeir H. Eilevmoen); Svein 1837-1896; Ola 1840-1863 ugift; Turid 1842-1866 til Am. i 1866, gm 1865 m Endre Endreson Rustberggard (1 son); Ingeborg 1844- , til Am., g 1868 m Svein Knutson Øvre-Sire; Knut 1847- , til Am. 1870, truleg ugift.
    Svein tente i Lien i 1831, dei budde i Liahagen i 1832. Til FinnesgardHaugo kring 1835. Dei selde FinnesgardHaugo til sonen i 1863.
4. Birgit Solvesdtr. Liahagen Torpo 20.09. 1809-1875
G 1834 m Svein Håvelson Håvelmoen Liahagen Torpo, gnr. 9/1.
Solve og Ambjørg gifte seg i 1793. Han lyste pengemangel for Lien i 1792 for odelsretten sin. Solve gifte seg opp att 1798 med Turid Olsdtr.
    I 1801 var Solve husmann med jord under Storlien, men ikkje i "sitt 1. ekteskap" som det står. Solve og Ambjørg bar barn til dåpen som "Liahagen" frå 1796. I 1838 vart det vitna om eit bryllaup hjå Solve Bråtaliehagen.
{168} År: 1849
Ola Solveson Liahagen 03.10. 1802-1874
Foreldre: Solve Halvorson Liahagen og Ambjørg Olsdtr. Ivarslien (Gol).
Gm Anne Olsdtr. Ivarslien 14.01. 1814-1844
Foreldre: Ola Herbrandson Ivarslien og Rangdi Torsteinsdtr. Eikre (Hemsedal), Gol.
Gm Anne Torkjellsdtr. Opheim Liahagen 02.01. 1803-1871
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim Vesledalstugu og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Solve Olson Liahagen Larsbakkane 27.10. 1834-1861
G 1860 m Dordei Olsdtr. Vesledalstugu. Sjå inderstar, Larsbakkane.
2. Turid Olsdtr. Liahagen Rudningsdokken 28.12. 1837-1922
Gm Hermann Torson RudningsDokken. Barn: Tor 1862-1948 busett Northwood, Worth Co, Iowa, g 1886 m Birgit Nilson Ljerven; Ola 1864-1934 busett Appelton, Swift, MN, g 1886 m Margaret 'Arneson' frå Ludderudbråten; Anne 1865-.... ; Hermann 1868-1940 busett Allamakee Co Iowa, gm Randina Nelson; Hermann 1869-
    .... . Barn i Am.: Maria 1871-1872; Anna Maria 1873-1897 g 1894 m Nils J. Johnson; Syver 1875-1927 g 1927 m Lecilia McCopmich.
    Hermann og Turid reiste til Am. i 1870. Hermann var skomakar og budde i Allamake Co. Vaterville, IOWA. Ungane skreiv seg Hermannson.
3. Ola Olson Liahagen Rudningsdokken 03.04. 1842-1924
G 1869 m Jørand Torsdtr. Rudningsdokken. Sjå Rudningsdokken, gnr. 3/8.
4. Syver Olson Liahagen 23.12. 1844-1941
G 1874 m Guri Olsdtr. Håvelmoen Torhaugen, Gol 1848-1936. Barn: Anne 1872-1966, gm Embrik H. Flatagrov, farmar i Cass. Co MN; Birgit 1875-1919, g 1902 m Svein Sveinson Underberget Botten; Guri 1880-1955, g 1901 m Kristian Evensen Haakenstad, Ådal; Ola 1882-1972, g 1908 m Anne Torjusdtr. Sire; Olav 1884-1971, g 1916 m Birgit Torsteinsdtr. Gutigarden; Halvor 1887-1906; Randi 1889-1967, g 1919 m Paul M. Lund, til Am., kom attende til Molde; Anne 1894-1988, gm Jens Hansen Finstad, Lørenskog.
    Som soldat hadde Syver dansa på "Moen" og fått ein sylvmynt hjå svenskekongen for dette. Han kom til Torshaug i Gol. Syver dyrka jord og hogde tømmer. Han dansa halling og var av dei som spente i slinda under hallingkastet. Sonen Olav vart dalens sprækaste lausdansar og gjorde fleire utanlands-ferder. 2.83 m var det høgaste hallingkastet hans.
    Syver var ordhag og skrivefør. På sine eldre dagar sat han ofte på eit berg og spelte prillarfløyte. Då kom fuglane inntil.
    Guri var makelaus flink til å tralle slåttar. (1453) (Gol V s 259).
*Barn elles
1. Edvard Eirikson Liahagen 05.04. 1856-
Foreldre: Erik Møller frå Drammen (i Sigdal) og jordmor Marte Olsdtr. Opheim.
    Fosterforeldre: Ola og Anne Torkjellsdtr. Liahagen. Fødd i Drammen 1856. Til Am. våren 1876. Ugift arbeidsmann.
Ola og Anne Olsdtr. gifte seg i 1835. Han bygsla Liahagen i 1849.
    Ola vart attgift med Anne Torkjellsdtr. Opheim. Frå før hadde Anne barna Marte 1828-1865 og Ola 1831-1844 med Ola Olson Opheim.
    I 1865 hadde dei ein fosterson: Edvard Eriksen frå Drammen. Han var 10 år gamal og ein nyleg morlaus dotterson til Anne Torkjellsdtr. Edvard reiste til Am. i 1876.
    Ola gav også husrom til bror sin, Halvor, som var fattiglem i 1875. Stølen Narveset vart pantsett til Lars B. Bråtalien.
   
{169} År: 1874
Herbrand Herbrandson Sørbøensmoen Tretterud 01.10. 1827-1888
Foreldre: Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen og Astrid Olsdtr. Haugstad.
Gm Sigrid Olsdtr. Storedal Tretterud 11.02. 1843-1920
Foreldre: Ola Sveinson Reinton Storedal og Birgit Guttormsdtr. Tufte i Ustedalen.
Herbrand og Sigrid gifte seg i 1872. Dei var eit par år i Liahagen. På Tretterud frå 1879.
   
{170} År: 1876
Eivind Viggerson Oleivsgard Liahagen 01.03. 1823-1913
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
Gm Sissel Sevatsdtr. Lappeslettane Liahagen 10.04. 1836-1910
Foreldre: Sevat Eirikson Brattegard Lappeslettane og Birgit Olsdtr. Tullegard.
*Barn
1. Vigger Eivindson Liahagen 17.02. 1860-1938
G 1883 m Birgit Helgesdtr. Tufteslåtta. Sjå neste hushald.
2. Sevat Eivindson Liahagen 08.05. 1868-1893
Sevat døydde av difteri.
3. Ola Eivindson Liahagen 09.05. 1873-1960
G 1899 m Sissel Olsdtr. myljo Grov. Sjå neste hushald.
Eivind og Sissel gifte seg i 1858. Dei budde i Dokk og i Tveito inntil dei kom til Liahagen i 1876.
    Dei kjøpte Skaga i Gol i 1883 og flytte dit om lag 1890 då sonen Ola overtok Liahagen. Etter nokre tunge år med eksekusjonar m.m. vart Skaga seld på auksjon i 1894 og Eivind og Sissel flytte til Liahagen att.
    Eivind var ein flink laggar.
   
{171} År: 1893
Ola Eivindson Liahagen 09.05. 1873-1960
G 1899 m Sissel Olsdtr. myljo Grov. Barn: Anne 1894-1932; Sissel 1899- g 1943 m Halvor Asleson Bråten; Eivind 1900- , g 1947 m Karin Agnes Johnsrud, Norderhov - til Aylsham., Sask. Canada; Olav 1902-1988; Gunvor 1907- , g 1936 m em. Einar Dokken (Lagmannsdokken) til Hemsedal.
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard Dokk Tveito Liahagen og Sissel Sevatsdtr. Veslegardjøta.
Ola fekk skøyte på Liahagen i 1893, men broren Vigger brukte garden. Ola kom til Haugo/Søre Finnesgarden i Gol. Broren Vigger fekk skøyte på Liahagen i 1914.
    Ola var ein lettliva kar, musikalsk og ein flink dansar. Han var smed, gjorde m.a. bjøller og klavar. Hauga-bjøllene var særs "lye" og hadde god klang. Han bar posten til Gro-gardane i Gol i 30 år. (1189) s 405
{172} År: 1893c
Vigger Eivindson Liahagen 17.02. 1860-1938
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard Dokk Tveito Liahagen og Sissel Sevatsdtr. Jøta.
Gm Birgit Helgesdtr. Tufteslåtta Liahagen 19.01. 1861-1944
Foreldre: Helge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta og Ingeborg Torsdtr. Tufteslåtta.
*Barn
1. Sissel Viggersdtr. Liahagen 11.09. 1883-1955
Gm Mikkel Eirikson Lunde (frå Hol), 1870-1963. Barn: Mabel 1911- gm ... Garretson; Blance 1913-ung; Walter gm ... ( 3 barn); Lawrence 1916- gm ... ... (2 barn); Norman 1923- farmar gm ... ... (4 barn) (957)
    Etter å ha bygd opp farm i Epping, ND, tok dei nytt land i Bellingham, Wash. på Vestkysten i 1923. Han var ein av dei fyrste i Epping som fekk seg traktor med 6-skjersplog.
2. Eivind Viggerson Liahagen 15.12. 1884-1963
G 1913 m Martine Strand, Eidsvoll. Barn: Melvin Bernhard 1914-1969, gm Elionore Nordli (2 barn); Victor Julius 1918- , gm Eva Troberg, Eidsvoll ( 2 barn). Den eine sonen dreiv bilverkstad i Oslo, den andre arbeidde på Kunstindustrimuseet i Oslo. (1345)
    Etter 13 år i Am. kom dei heim att og slo seg ned på Eidsvoll. Dei dreiv heimegarden hennar, Strand, ved sida av arbeid på Bødalen bruk (cellulose-fabrikk ). Eivind spelte fele som brørne Ola, Hermann og Vigger.
3. Holge Viggerson Liahagen 03.02. 1887-1940
Ugift. Farmar i N-Dakota. (957)
4. Ingeborg Viggersdtr. Liahagen 04.06. 1889-1965
G 1908 m Ola Olson Grov d.e 1871-1944. Barn: Walter Olav 1909-1994, gm Opal Bratvold (7 barn) ; Gilbert 1910- , g 1936 m Ruth Erdal (1 dotter), g 1946 m Esther Frendberg (2 barn); Mabel 1916- , g 1946 m Erwin Holk (1 barn ); Bennie 1912- , ug.; Telma Olava 1914- , gm Gene Park (3 barn); Ellen 1916- ; Lillian-Irene 1919-1974, g 1942 m Robert Hoff (2 barn); Oscar 1922-1925; Irene død; Glenn 1930- , var gm Peggy Yaeger (1 barn), gm Patricia Brennan (4 barn); Alan Oscar 1930- . (957),(1709)
    Til Am. 1908: dei farma i Harlow ... og skreiv seg for "Groff". (1345)
5. Gunhild Viggersdtr. Liahagen 05.02. 1891-1962
Gm Knut Myking Liaberget. Barn: Gillman 1917- , gruve-ingeniør og major - gm Luella McGregor ( 4 barn).
    G 1923 m Jon Ritter 1879-1947. Ingen barn. 11 år gamal var Gunhild på Trillhus ein tur. Der møtte ho norsk-amerikanaren Sander RamsViken. Sander og kona var barnlause, og slutten vart at dei fekk ta med seg Gunhild til Amerika. År 1902. Dei dreiv butikk i N-Dakota. (957)
6. Birgit Viggersdtr. Liahagen 01.02. 1893-1923
Ug. Ho fekk poliomylitt.
7. Sevat Viggerson Liahagen 23.01. 1895-1992
Gm Sigrid Moen, Rukkedalen. Barn: Vernon 1928- , lærar gm Arlene ... (5 barn); Laurene Sunneve 1930- , gm William C. Keyes (6 barn); Anne Borgny 1933- , gm Nils Garnaas, Nesbyen (4 barn). (1345)
    Reiste til Am. i 1913. Han skreiv seg for "Sigvart Hagen". Sevat var heim att ein tur i 1926 og "henta" ho Sigrid. Dei farma på Vestkysten, seinare busette i Bellingham, Wash. (957)
8. Ola Viggerson Liahagen 26.03. 1897-1980
Gm Ragnhild Kitilsdtr. Hjallen. Sjå Hjallen, gnr. 19/2.
9. Margit Viggersdtr. Liahagen 28.01. 1899-1899
10. Vigger Viggerson Liahagen 01.06. 1900-1997
G 1926 m Rønnaug Persdtr Ruud. Sjå neste hushald.
11. Margit Viggersdtr. Liahagen Holden 28.06. 1904-1985
G 1928 m Helge Kolbjørn Knutson Holden frå N. Aurdal. Barn: Kristine Bergljot 1929- gm Helge Brattested, Nesbyen (5 barn).
    Helge var agronom i Finnesgarden, seinare flytte dei til Lørenskog.
12. Hermann Viggerson Liahagen 07.02. 1906-1994
G 1939 m Birgit Persdtr. Stuveset 1912-1989. Barn: Wigger 1940- gm Borghild Nilsdtr. Østro, avd.leiar ved Norgesbygg (3 barn); Per 1946- gm Anne Slettholt, bonde & disponent ved VBS, var ordførar i Gol (3 barn); Birger 1949- kultursekretær i Hemsedal, var gm Torunn Fredriksen, Vingrom (.. barn), sbm Karin Lied. (957)
    Hermann var i Canada frå 1927-1936. Bonde på Stuveset. Spelte fele og tok del i politikk og lagsarbeid i bygda.
Vigger og Birgit gifte seg i 1883. Dei brukte garden for broren Ola Eivindson frå omlag 1893. Skøytet vart skrive i 1914.
    Vigger gjekk i fargarlære på Haugesund og i Hafslo i unge år. Så tok han til med farging i smia i Liahagen. Han hadde ei stor "perse", - dvs. presse til glatting av vadmål. I 1918 kjøpte han den fyrste slåmaskina. Han dreiv timrekøyring, m.a. or Finnesgardskogane.
    Vigger og Birgit restaurerte alle husa i Liahagen og på langstølen. Birgit fekk ein premie for godt dyrestell. Vigger vart mykje nytta som fyretalsmann i bryllaup og andre lag.