Rudningsdokken gnr. 3 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rudningsdokken gnr. 3 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Rudningsdokken ligg i ei logn dokk i skogen rett opp for Lien. Bruket var plass under Lien fram til 1883.
    Det gamle tunet ligg øvst på jordet. Her er stugu frå omlag 1840, loft og uthus. Av jordvegen var omlag 20 mål dyrka.
    Garden har i dag tidhøvelege hus i nytt tun lenger nede. Stugu vart bygd 1972 og uthus 1980. I dag er det ca 35 mål dyrka og dessutan 10 mål på Bergastølen. Dertil er det omlag 50 mål leigejord. Garden vert drive med mjølkeproduksjon. Bergastølen var i bruk til ca 1975. Sidan er innkjøpt andel i fellesstølen på Hevjansåsen.
{176} År: 1835*
Tor Hermannson Nyhus Brenna 03.06. 1798-1885
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim (Gol).
Gm Margit Bjørnsdtr. Brenna Nyhus 17.04. 1803-1872
Foreldre: Bjørn Nilsson Sveinsgarden Brenno og Sigrid Syversdtr. Brenno.
*Barn
1. Syver Torson Rudningsdokken 16.12. 1823-1830
2. Ingeborg Torsdtr. Rudningsdokken Tufteslåtta 21.08. 1825-1889
G 1856 m Helge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta, gnr. 4/49.
3. Sigrid Torsdtr. Rudningsdokken Grandokken 30.11. 1828-1908
G 1860 m Lars Olson Grov Grandokken, gnr. 3/10.
4. Syver Torson Rudningsdokken 23.10. 1830-1909
Gm Kristi Sveinungsdtr. Gylvik, Rollag 1832-1913. Barn: Tor 1864-1931 g 1897 m Astrid Halvorsdtr. Kåse, til Fulsås myljogarden i Rollag (5 barn); Margit 1867-1953 g 1894 m Østen Gjermundsen Haugen, på Haugen søre i Hovin (8 barn); Sveinung 1869-1966 g 1898 m Birgit Hansdtr. Rue, Hovin, på Rustadholtet (4 barn); Hermann 1871-1898; Jøran 1874- gm Kitil Eilevson Søre Øverbakke (2 barn + 1 som enkje). (957),(1075),(1724)
    Syver gjekk under namnet Sjur/Sjugurd Torson Brenna. Stundom Sjugurd Halling.
    Dei flytte mykje innanfor Rollag, men i 1876 slo dei seg til på plassen Rustaholtet, Hovin i Telemark. Fritjof Nansen var ein av dei som jakta i Hovintraktene, og han skildra møtet med Syver og sønene Tor og Sveinung. Dei jakta for å berge livet til huslydane sine, han jakta for moro. Tor og Sveinung skaut over 100 elgar kvar. Dei var av dei fyrste som nytta elghund der i traktene. Dertil skaut dei nokre bjørnar. Dei dreiv skogsarbeid i skogane som Cappelen hadde i Telemark.
5. Bjørn Torson Rudningsdokken 14.11. 1833-1919
Ugift. Han var vanfør fattiglem.
6. Hermann Torson Rudningsdokken 17.02. 1836-1875
G 1862 m Turi Olsdtr. Liahagen 1837-1922. Barn: Thor 1862-1948 busett Northwood, Worth Co, Iowa, g 1886 m Birgit Nilsson Ljerven; Ola 1864-1934 busett Appelton, Swift, MN, g 1886 m Margaret 'Arneson' frå Ludderudbråten; Anne 1865-ung; Hermann 1868-1940 busett Allamakee Co Iowa, gm Randina Nelson (7 barn); Hermann 1869-ung.
    Barn i Am.: Maria 1871-1872; Anna Maria 1873-1897 g 1894 m Nils J. Johnson; Syver 1875-1927 g 1927 m Cecilia McCopmich.
    Hermann og Turid reiste til Am. i 1870. Hermann var skomakar og budde i Allamake Co. Waterville, Iowa. Ungane skreiv seg Hermannson.
    Hermann omkom under skogsarbeid. Turid sat att med fem barn mellom 3 veker og 11 år. Turid fekk arv etter far hennar omlag 1885, den var kjærkomen. (Brev Betty M. Schoon)
7. Liv Torsdtr. Rudningsdokken Trillhus 1841-1911
G 1864 m Ola Asleson Ellingsgard Trillhus, gnr. 4/12.
8. Guri Torsdtr. Rudningsdokken Viken 24.10. 1842-1911f
G 1872 m Sander Embrikson Viken. Ingen barn. Dei tok til seg Gunhild Liahagen. Busett i St. Hillaire, Red Lake Co. MN.
9. Jørand Torsdtr. Rudningsdokken 18.09. 1846-1925
G 1869 m Ola Olson Liahagen Rudningsdokken. Sjå seinare hushald.
Tor og Margit gifte seg i 1822. Dei budde i Brenna, i Rudningen frå omlag 1835 og sidan i Tufteslåtta. Tor var husmann med jord i Rudningsdokken i 1865.
   
{177} År: 1883
Jørand Torsdtr. Rudningsdokken 18.09. 1846-1925
Foreldre: Tor Hermannson Nyhus Brenna Tufteslåtta/Rudningsdokken og Margit Bjørnsdtr. Brenna.
Gm Ola Olson Liahagen Rudningsdokken 03.04. 1842-1924
Foreldre: Ola Solveson Liahagen og Anne Olsdtr. Ivarslien.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Rudningsdokken Brenneodden 12.02. 1869-
G 1893 m Ola Person Rudningen Brenneodden. Sjå Nymoen, gnr. 10/5.
    G 1908 m Tolleiv Tolleivson, busett på Gunderud ved Kongsberg.
2. Ola Olson Rudningsdokken 17.12. 1876-1953
Gm Margit Andersdtr. Jonsrudningen, Gol. Sjå neste hushald og år 1926.
    Gm Anne Tolleivsdtr. Skjervheimshagen. Sjå Tollefsrud, gnr. 11/15.
Ola og Jørand gifte seg i 1869. Dei kjøpte Rudningsdokken på auksjon i 1883. I 1901 selde dei til sonen Ola.