Liaberget gnr. 3 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Liaberget gnr. 3 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Liaberget var husmannsplass under Lien fram til 1900. Sidan underbruk til Bråtalien.
    Liaberget ligg i ei lita kvelv vest for toppen av Liaberget. Her var ei gamal stugu (flytt til Bråtalien i 2001), ein gamal låve (rivi) og eit loft som er selt til H. Bråten i Opheim.
    Areal: ca. 15 mål beite og ca. 42 mål skog. Nedre delen av eigedomen, omlag 40 mål, er makeskifta med Lauvsletten i byte med ein skogteig innpå åsen.
    Liaberget har ikkje hatt fast busetnad etter 1900. Stundom har kårfolk or Bråtalien evt. arbeidsfolk hatt tilhald her.
   

{186} År: 1757

Håkon Eirikson Lien Liaberget 1724.-
Foreldre: Eirik Halvorson Opheim myljo, til Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
Gm Birgit Sveinsdtr. Sire Liaberget 1725c-
Foreldre: Svein Olson Sveinsgarden Sire og Gro Olsdtr. Sata.
*Barn
1. Guri Håkonsdtr. Liaberget 19.06. 1757-
2. Svein Håkonson Liaberget 27.12. 1759-
3. Eirik Håkonson Liaberget 11.07. 1762-
Gm Guro Olsdtr. Kinneberg, Gol 1740- . Barn: Birgit 1785c- ; Ingeborg 1788c- ; Ragnhild 1793c- .
    Eirik var husmann med jord på Dahl i Borre i 1801. Sjå (1077) "Borre" s 2
4. Helge Håkonson Liaberget 24.03. 1765-
5. Helge Håkonson Liaberget 27.07. 1766-
Helge stod på lista over "fattige børn" i Torpo i 1780.
6. Endre Håkonson Liaberget 06.08. 1769-

Håkon og Birgit gifte seg i 1756. På tinget i 1749 var Håkon Eirikson skattlagt som handelskar. (1146) s 4
    Håkon stevna 1762 Embrik Ellingsgard for noko tømmer, og for at Embrik hadde "begiegnet han med uteærlige Ord". Embrik hadde sagt at Håkon burde skaffast "Logemente for begangne Prakkerier i bygden".
    Korporal Håkon Lien som laga bråk i fylla i eit gravøl på Sire før jul 1765. Håkon slo ein bismar i to. Då fata det i Håkon Ellingsgard. Han svarpa til Håkon Lien med eit vedtre, og deretter rømde både han og broren ut av huset. (1288) s 44
    Korporal Håkon Lien vitna 1768 at han kom frå Kr.ania med ammunisjon for fem år sidan.
    Håkon kom skakt ut. Dei 'prakkeriene' gjekk nok ut på at Håkon plukka med seg det han fann. Håkon skulle dessutan ha vore ein meister til å gjera seg lyklar, så han kom seg inn kvar han ville. (1370) s 18
    Håkon vart mistenkt for alt som vart borte i vid omkrets, og folk gjekk "burgang" hjå han for å leite etter sakene sine. Det var for det meste matvarer. Segnene om "Tjuvekjellaren" i skogen ovanfor Lien vert sett i samband med Håkon. Denne løyndestaden vart avsløra ved at geitene på Lien kom mjølute heim att. Dei hadde funne mjøl inne i hola hans.
    I 1772 vart han sett under tiltale for ymse tjuveri. Ei rekkje vitne vart avhøyrde, men retten fann ikkje noko fellande prov. Saksøkjar vart tilrådd nytt søksmål og framskaffing av betre prov. (1370) s 78
    Familien til Håkon og Birgit reiste frå Ål. Bror til Håkon overtok plassen kring 1774. Sonen Eirik havna i Borre i Vestfold før 1793. Elles veit me ikkje kvar det vart av denne familien.

{187} År: 1774c

Halvor Eirikson Lien Berget 1725c-1775
Foreldre: Eirik Halvorson Opheim - Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
Gm Birgit Solvesdtr. Nubgarden Lien 1740-1821
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
*Barn
1. Jørand Halvorsdtr. Berget Torpebråten 27.07. 1766-1798c
Gm Helge Olson Nubgarden Torpebråten. Sjå nedre Granlien, gnr. 11/2.
2. Solve Halvorson Berget Liahagen 25.09. 1768-1861
G 1793 m Ambjørg Olsdtr. Nyhus. G 1798 m Turid Olsdtr. Ruud. Sjå Liahagen, gnr. 3/7 og Bergo, gnr. 2/7.
*Barn elles
1. Guri Halvorsdtr. Sire 26.03. 1750-
Foreldre: Halvor Eirikson Lien og Gunvor Sveinsdtr. Sire. Ukjent lagnad.
2. Mari Halvorsdtr. Sire 1754-1754
Ho døydde av barnekoppar. Foreldre: Halvor Eirikson Lien Berget og jente Gunvor Sveinsdtr. Sire.

Halvor og Birgit gifte seg i 1765. Dei budde fyrst i Nubgarden.
    Halvor Eirikson tapte rettssaka om farsgarden Lien i Høgsterett i 1772, men fekk likevel bygselbrev på Berget for 48 skilling årleg. Bygsla galdt for levetid for Halvor, mor hans og kona hans. (1203) s 90b
    Halvor og Birgit bygsla Berget på livstid i 1774. Grunnleige: 48 sk. Med plassen fylgde Bakkane og ein støl. Dei fekk ikkje løyve til å ta inn andre lausgjengarar eller inderstar på plassen, men mora Fribjørg var med. (1221) s 330b
    Birgit vart attgift med Syver Ivarson Skarsgard Lien.

{188} År: 1779

Birgit Solvesdtr. Nubgarden Liaberget 1740-1821
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Syver Ivarson Nestegard Berget 24.11. 1744-1812?
Foreldre: Ivar Guttormson Larsgard Skarsgard Nestegard og Birgit Knutsdtr. Nestegard.
*Barn
1. Halvor Syverson Lien 12.12. 1779-
Truleg død før 1801.
2. Ivar Syverson Lien Berget 29.02. 1784-1865
G 1813 m Ragne Torsdtr. Lien frå Gol. Sjå neste brukar.

Syver og Birgit gifte seg 1779. Birgit var enkje etter Halvor Eirikson Lien. Broren Svein var dagarbeidar hjå Syver i 1801.

{189} År: 1816

Ivar Syverson Lien Berget 29.02. 1784-1865
Foreldre: Syver Ivarson Skarsgard Lien og Birgit Solvesdtr. Nubgarden.
Gm Ragne Torsdtr. Gjerdingane Berget 1790-1880
Foreldre: Tor Arneson Berg Gjerdingane, Gol og Anne Ingvarsdtr. ..., (Lykkja).
*Barn
1. Syver Ivarson Berget 06.06. 1814-1841
Ugift.
2. Birgit Ivarsdtr. Berget 13.07. 1818-1820
3. Birgit Ivarsdtr. Berget Breibrenna 25.07. 1821-1897
G 1839 m Hermann Olson Sveinsgarden Breibrenna, gnr. 4/43.
4. Anne Ivarsdtr. Berget Brujordet 06.10. 1824-1908
G 1848 m Ola Syverson Bjørøyen. Barn: Syver 1849-1932, gm Ragnhild Hippe, fyrst på Toppol, kjøpte sidan Brujordet (2 barn); Ivar 1851-1868 drukna; Ingeborg 1855- , tidleg til Am., gm Svein Ulsaker (6 barn); Tor 1856- , ug. var nokre år i Amerika før 1908; Ole 1859-1920, tidleg til Am. ugift farmar i Dakota; Ragne 1862- , tidleg til Am. gm ... Madsen (.. barn); Nils 1864-1947, g 1890 m Gjertrud Helgesdtr. Haganes, overtok søre Brujordet (barn: 9, 8 voks opp); Berit 1868- , til Kindred i Dakota i 1894 (1046).
    Anne og Ola kom til Brujordet i Nord-Aurdal omlag 1856.
5. Tor Ivarson Berget 07.08. 1830-1831
6. Tor Ivarson Berget 30.05. 1833-1834

Ivar og Ragne gifte seg i 1813. Dei bygsla Berget i 1816 på livstid. Til plassen høyrde skogsvirke, bar og beit etter behov. Avgift: 2 veker slåttonn og 1 veke anna arbeid. Det vart ingen erstatning for forbetring av hus. (1537)7b
    I 1823 kjøpte Ivar eit 6-måls jordstykke på Syningstølen. I handelen var også hamnerett til dyra som kunne fødast på Berget. Pris 45 spd.

{190} År: 1883

Knut Knutson Myking Liaberget 18.05. 1848-1923
Foreldre: Knut Olson Myking og Ågot Olsdtr. Skrindo.
Gm Guri Knutsdtr. Jegleim 1852-1919
Foreldre: Knut Herbrandson Jegleim og Guro Aslesdtr. Hesla, Gol.
*Barn
1. Ågot Knutsdtr. Liaberget Planting 12.09. 1880-1956
"Aggie" G 1902 m August Planting, Brimsmade, ND. Ingen barn. Dei tok til seg Alma Holte. (dotter til Hans Holto og Ågot Helling).
2. Knut Knutson Liaberget 13.01. 1883-1921
G 1914 m Gunhild Liahagen 1891-1962. Barn: Gillman 1917- gruve-ingeniør og major, gm Luella McGregor (4 barn) (1345)
    Til Am.: Knut var fyrst farmar, sidan landhandlar og sagbrukseigar i McGregor, ND. Gunhild gift på nytt i 1923.
3. Guro Knutsdtr. Liaberget 16.05. 1886-
4. Ola Knutson Liaberget 17.03. 1889-1890
5. Ola Knutson Liaberget 20.06. 1891-
6. Herbrand Knutson Liaberget 14.01. 1895-1980
G 1919 m Ragna Octava Olson 1897-1976 MN, USA. Barn: Brenten 1920- gm Doris E. Richards; Doris Eileen 1922- g 1943 m John Ogden Stewart; Kathryn Yvonne 1937- g 1955 m Richard Perkins; Gail Sandra 1939- gm Lewis Rosenfeld. (1671)
    Herbrand reiste til Am. i lag med foreldra i 1896. Han skreiv seg 'Henning Myking' i Am. Budde i Cushing, MN.

Knut og Guri gifte seg i 1880. Dei reiste til til Am. i 1896 og vart farmarar ved Big Butte, Benson Co. ND.
   

{191} År: 1899

Ola Olson Bakken 09.06. 1869-1919
Foreldre: Ola Henrikson Tretterud Slettebakken og Birgit Olsdtr. Langero.
Gm Margit Hansdtr. Grov Bakken 06.06. 1872-1943
Foreldre: Hans Andresson Brennhovd Grov og Ingebjørg Nilsdtr. Smøtta, Gol.

Ola var gardbrukar (paktar) på søndre Ask i Lier i 1900. Sidan var han gardsarbeidar, Ola og Margit budde på Solfeng under Glesne i Kr.herad.
    Ola og Margit hadde sju barn: Birgitte 1900-1918; Ingeborg 1902-1993 ugift; Olav 1903-1992 oberst i Kristiansand, gm Berte Olsdtr. Solberg (5 barn); Hans 1906-1996 ugift handelsbestyrar ved Leer Handel på Olberg ('Spar-butikken'); Rakel 1908-1972 gm Erling Sørensen, Lier (3 barn); Sigurd 1910-1990 skog-assistent hjå Mathiesen, gm Ingrid Hoen, Hurdal (3 barn); Magnhild 1912- gm Kåre Hegstad, Trondheim (2 barn).

{192} År: 1900

Botolv Larsson Bråtalien 26.11. 1845-1936
G 1869 m Borghild Olsdtr. Toresgard. Foreldre: Lars Botolvson Bråtalien og Ingrid Hermannsdtr. Sire.

Botolv Bråtalien kjøpte Berget i 1900, og sidan fylgde bruket Bråtalien.
    Liaberget har vore bustad for kårfolk or Bråtalien. Den nye kårbustaden i Liaberget vart sett opp 1961 av Botolv (f. 1892) og Guri Bråtalien og fekk bruksnummer 24