Grandokken, nedre gnr. 3 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Grandokken, nedre gnr. 3 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen nedre Grandokken høyrde til Liaskogen, bnr. 10. Liaskogen vart frådelt Lien i 1883 og var sidan på handel.
    I 1865 var fyrste husmannen på plass. Denne huslyden var der til ca. 1907.
    Nedre Grandokken låg nedst i jordet på øvre Grandokken. Tuftene vart oppdyrka, men det syner rydningsrøyser og ein gamal åker inne i skogen. Nedre Grandokken vart makeskifta mot eit skogstykke og ligg no til øvre Grandokken.
{193} År: 1860
Lars Olson Grov Grandokken 01.03. 1825-1907
Foreldre: Ola Embrikson Grov og Kari Torsteinsdtr. Torpeslåtta. (Gol V s 445)
Gm Sigrid Torsdtr. Rudningsdokken Grandokken 30.11. 1828-1908
Foreldre: Tor Hermannson Rudningsdokken og Margit Bjørnsdtr. Brenna.
Lars og Sigrid gifte seg i 1860. Bryllauppet var fyrste dagen under storflaumen 15. juni 1860. Messa vart halde i Ål stavkyrkje.
    På heimvegen stansa brureferda i tunet i Nubgarden då dei skulle skjenke seg. Då kom kom det folk og fortalde at no var bruene over Lya reist i flaumen. (Fortalt av Olav Sire) Lars var husmann i nedre Grandokken.