Bråtalien gnr. 4 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bråtalien gnr. 4 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opphavleg var Bråtalien ei slåtte under søre Sire/Tomasgarden. Sist på 1600-talet vart Bråtalien husmannsplass. Truleg vart bonden sjølveigar i 1824.
    Når Bråtalien har bruksnr. 1, så tyder det at matrikkuleringa av søre Sire starta øvst i Sire-eigna. Bråtalien hadde kvern og sag i Lia-bekken.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, 109 mål naturleg eng og 39 mål utslått. Avling: 23 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 2600 mål, anna utmark 650 mål. Buskap: 70 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1907, restaurert fleire gonger, kårhus 1935, bryggerhus 1934, driftsbygning 1930, stabbur 1875, restaurert 1951, bekkekvern vølt 1993, gardsverkstad 1983. Den gamle hallingstugu frå Liaberget vart flytta til tunet på Bråtalien i 2001.
    Stølar. Heimstølar Grasbakken og nedre Nystølen som båe er nedlagte. Langstøl i Volelia. Under garden ligg også småbruket Liaberget (gnr. 3/9). Skog: ca. 1000 mål i Hagaskogen (gnr. 8, bnr. 14).

{199} År: 1776

Herbrand Olson Bråtalien 03.09. 1752-1790
Foreldre: Ola Herbrandson Bråtalien og Borghild Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Margit Larsdtr. Gjeldokk Bråtalien 04.09. 1749-1832
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
*Barn
1. Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien Høgset 17.12. 1775-1831s
G 1797 m Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset, gnr. 26/1.
2. Lars Herbrandson Bråtalien 21.04. 1782-1813
G 1807 m Guri Olsdtr. Bakke. Sjå år 1804.
3. Liv Herbrandsdtr. Bråtalien Grov 1785-1822.
G 1820 m em. Magnus Olson MagnusGrov, Gol. Barn: Ola 1821-1821; Live 1821-1822. (Tvillingar fødde 24.12 og 30.12.1821.)
    Magnus hadde svarteboka og var kar om å bruke ho. Ei dotter hans frå fyrste ekteskap vart ikkje kvitt ein innpåsliten haugakar før svarteboka kom til gards. (Folkeminne v/Halvard Berg - Norsk Folkekultur 1923)
4. Ola Herbrandson Bråtalien 1787-1788
5. Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen 21.06. 1789-1849
G 1826 m Astrid Olsdtr. Haugstad, Gol. Til Sørbøensmoen, gnr. 23/10.

Herbrand overtok bygsla på livstid etter far sin i 1776. Vilkår: vanlege skattar og avgifter til Nes prestebol og ei kårkontrakt til foreldra hans.
    Herbrand hadde ein prosess med Ola Olson Ivarslien i Gol, men døydde frå saka i 1790. Buet var 19 rd til deling.

{200} År: 1790

Margit Larsdtr. Gjeldokk Bråtalien 04.09. 1749-1832
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
Gm Hermann Olson Medhus Bråtalien 20.01. 1765-1829
Foreldre: Ola Hermannson Medhus og Ragnhild Knutsdtr. Jordheim (Hemsedal).

Margit vart attgift 1792 med Hermann Medhus. Dei hadde ingen barn saman.
    Hermann og Margit bygsla Bråtalien 1792 hjå presten på Nes. I 1804 vart bygsla overført til hennar son Lars Herbrandson Bråtalien. Stesonen skulle yte slikt kår: 2 kyr framfødd, 1 mål åker, ein kål-hage ved smia; øvre stugu m.m.

{201} År: 1804

Lars Herbrandson Bråtalien 21.04. 1782-1813
Foreldre: Herbrand Olson Medhus Bråtalien og Margit Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Guri Olsdtr. Bakke Bråtalien 09.09. 1781-1861
Foreldre: Ola Amundson Bakke og Haldis Torkjellsdtr. Kvelprud.
*Barn
1. Herbrand Larsson Bråtalien 06.03. 1808-
G 1839 Nes m Kristi Olsdtr. Garnås, Nes 1817- . Barn: Guri 1839-1922 g 1867 m Tollef Stenson, Sanden i Nes, død i McVille, ND.; Kristi 1842- ; Margit 1845-1845; Margit 1848-1924 til Am., gm Ola Sevatson Olsgard; Lars 1852- ; Ola 1855-1933 til Am. gm Marie Østensdtr. Olsgard(?)
    Herbrand arva 475 rd etter faren i 1813. Herbrand kjøpte ein skogrem og stølen Timreskardet hjå Lars T. Sire i 1835. Han prøvde seg som bureisar i Fladalen, men måtte gje opp. Dei reiste til Dakota våren 1857 med "Familien" frå Drammen. (1544)54
2. Ola Larsson Bråtalien Rikansrudslettene 06.06. 1811-1890
G 1843 m Guri Holgesdtr. Gåsterud. Sjå Sletto, gnr. 15/2.

Guri og Lars gifte seg i 1807. Lars fekk bygselsrett til Bråtalien i 1804.
    Presten tok atterhald i fall garden skulle bli "embedsmands-bolig". Då skulle Lars vike garden mot å få attende bygselspengane. Nes-presten Otto Glatved skreiv bygselbrevet. (1536)71b
    Guri vart attgift 1813. Sjå neste hushald.

{202} År: 1813

Guri Olsdtr. Bakke Bråtalien 09.09. 1781-1861
Foreldre: Ola Amundson Bakke og Haldis Torkjellsdtr. Kvelprud.
Gm Botolv Embrikson Rotneim 1788c-1847
Foreldre: Embrik Olson Syversgarden Rotneim og Liv Botolvsdtr. Embriksgarden Opheim.
*Barn
1. Lars Botolvson Bråtalien 02.05. 1822-1901
G 1845 m Ingrid Hermannsdtr. Sire. Sjå neste hushald.

Guri gifte seg opp att med Botolv Embrikson Rotneim i 1813.
    Guri uttrykte seg slik då dei fornya bygsla av Bråtalien i 1813: "Botolv er bekjent for at være en brav og driftig karl, dertil besidder han nogen formue.. ". Men når Guri gjekk bort, så skulle Botolv straks vike plassen. (1537)7b
    Skiftet etter Botolv enda i forlik: Guri overførte heile buet til yngste son Lars på slike vilkår: han skulle hjelpe henne med bruken av Bråtalien, syte for oppvarting av henne, hefte for eventuell åbot på plassen, og dessutan betale dei to halvbrørne 60 spd kvar.

{203} År: 1862

Lars Botolvson Bråtalien 02.05. 1822-1901
Foreldre: Botolv Embrikson Rotneim Bråtalien og Guri Olsdtr. Bakke.
Gm Ingrid Hermannsdtr. Sire Bråtalien 19.07. 1827-1914
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Nedre Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Botolv Larsson Bråtalien 26.11. 1845-1936
G 1869 m Borghild Olsdtr. Toresgard. Sjå neste hushald.
2. Hermann Larsson Bråtalien Gullhagen 19.05. 1859-1939
G 1878 m Borghild Knutsdtr. Gullhagen. Sjå Gullhagen, gnr. 36/1.

Lars og Ingrid gifte seg i 1845. Han arbeidde på Blåfargeverket på Modum i unge år, og han var tambur i 5 år i Aalske kompani. Lars var ein god sylvsmed. Han kjøpte Bråtalien i 1862 for 4300 spd og fekk kongeleg skøyte same året.
    Herbrand, halvbror hans i Amerika, frårådde han denne handelen på det sterkaste: "der er ikke andet enn sten på sten og byrde på byrde så lenge livet varer!"
    Han lærte seg landmåling og skaffa seg måleutstyr. Han utførte ei rekkje private utskiftingar, og dessutan var han poståpnar.

{204} År: 1885

Botolv Larsson Bråtalien 26.11. 1845-1936
Foreldre: Lars Botolvson Bråtalien og Ingrid Hermannsdtr. Sire.
Gm Borghild Olsdtr. Toresgard Bråtalien 22.03. 1844-1922
Foreldre: Ola Olson Toresgard og Ingrid Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn
1. Lars Botolvson Bråtalien 14.01. 1870-1957
G 1892 Kr.ania m Jørand Helgesdtr. Tufte. Sjå neste hushald.

Botolv og Borghild gifte seg i 1869. Botolv var flink på dansegolvet. Han dansa springar med to fylgje.
    Botolv var ein av dei fyrste i bygda som laga silo av potetgras. Han fylte potetgraset i ei grop og spadde jord over. Så hadde han silofor då våren kom.
    Botolv Bråtalien kjøpte Liaberget eller Berget som tilleggsjord i 1900.

{205} År: 1898c

Lars Botolvson Bråtalien 14.01. 1870-1957
Foreldre: Botolv Larsson Bråtalien og Borghild Olsdtr. Toresgard.
Gm Jørand Holgesdtr. Tufte Bråtalien 27.09. 1868-1939
Foreldre: Holge Sanderson Tufto og Birgit Knutsdtr. Tufto (Ustedalen).
*Barn
1. Botolv Larsson Bråtalien 28.02. 1892-1969
Gm Guri Knutsdtr. Myregard. Sjå neste hushald.
2. Borghild Larsdtr. Bråtalien 10.02. 1893-1986
Ug. Ho dreiv med husflid og budde heime på garden.

Lars og Jørand gifte seg i 1892. Lars sette opp både kvern og sag i Lia-bekken. Og han bygde sponhøvel (for takspon-produksjon) ovanfor kvernhuset. Høvelen vart driven med vasskraft frå Liabekken. (1175).
    Lars var ein av vasskraft-pionerane i Ål. Kring 1908 installerte han ein pelton-turbin under låven, og den drog både slipestein og treskjeverk. Turbinen var i bruk fram til 1914 då straumen kom og det vart elektrisk motor. Lars var med i byggenemnda for Ål Kraftverk. (1287)
    Lars var føregangsmann i bygginga av Sirevegen og vegen vidare til Volelia. I hans tid kom det opp nye uthus og våningshus på garden. Lars var leiar i byggjenemnda for Lien Landbruksskule. Han tok elles del i mykje offentleg arbeid: kommune, bank og rettsvesen. Lars deltok i fleire store skjøn utanbygdes. (Nore og Mårvatn.) Lars fekk Kongens fortenestmedalje.