Tomasgarden gnr. 4 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tomasgarden gnr. 4 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tomasgarden Sire var hovedbølet på søre Sire. Tomasgarden var benefisert gods og høyrde til Nes prestebol. I 1616 betalte presten Zacharias Tolleffsen 2 rd i fyrstebygsel for 2 meler korn kyrkjegods i "Sirenn." Skylda var 1 1/2 bismarpund smør - 12 3/5 laupsbol.
    Kring 1660 var sonen til Anfinn Tomasson Perigarden Rotneim her, namnet Tomasgarden kan skrive seg frå Tomas på Rotneim.
    I 1723 var det to oppsitjarar på garden. Bråtalien vart frådelt fyrst på 1700-talet.
    I 1824 vart bonden sjølveigar. Garden vart delt i Øvre og Nedre Tomasgarden i 1835. Her fylgjer me øvre Tomasgarden.
    Plassar og underbruk: Bråtalien, Bankohuset; Trillhus; Øvre Sirerudningen; Sirerudningen; Randen.
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, 43 mål naturleg eng, 25 mål utslått. Avling: 26 tunner bygg og 22 tunner potet. (2 husmanns-plassar irekna.) Buskap: 1 hest, 8 kyr og 20 småfe.
    Areal 1995: dyrka jord 125 mål, produktiv skog 500 mål, anna utmark 100 mål. Våningshus bygt 1924, gamalt stolphus og loft, bryggjarhus 1927, driftsbygning 1954, reidskapshus 1974.
    Stølar: Skardet og Volelia, del i Søre Volelia stølssameige.

{215} År: 1764

Svein Syverson Sire 1740-1787s
Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.
Gm Liv Larsdtr. Gjeldokk Sire 1734-1792s
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helga Mikkelsdtr. Hove.
*Barn
1. Guri Sveinsdtr. Sire Golberg 13.03. 1765-1803
Gm Johannes Tomasson Golberg, Gol 1752-1800. Barn: Tomas 1788-1788; Liv 1790-1870 g 1817 m Sakarias Anderson Ihlene, Sem, budde på Tomsbakken i Sem; Jørand 1793-1793; Jørand 1794-ung; Jørand 1796-ung.
2. Helge Sveinsdtr. Sire 13.09. 1767-1787s
Gm Ola Torkjellson øvre Sire, gnr. 4/20.
3. Tomas Sveinson Sire 1769-1826
G 1788 Nes m Brynhild Larsdtr. Bakke, Nes. Sjå neste hushald.
4. Jørand Sveinsdtr. Sire Hulbakklien 19.09. 1773-1858
G 1794 m Lars Syverson Hulbakklien, Gol. Barn: Gunvor 1795-1843 ug. ; Syver 1797- utreist til ... ; Svein 1800-1876 g 1833 Lier m Maren Johannesdtr. Hafslund, Bragernes, til ein plass under søre Hegg i Lier; Liv 1803-1884 g 1837 m Halvor Olson Dokk, til Harahaug i Hemsedal; Helge 1806-1846 g 1842 m Guttorm Guttormson Øyno, Rotneim, g 1859 m Halvor Knutson Sternes, Numedal; Birgit 1808-1810; Jakop 1811- g 1840 m Marit Helliksdtr. Langestrand, Flesberg, til Am. i 1864; Birgit 1814-1890 g 1838 m Anders Håkonson Lindum, Skoger 1808-1841 g 1844 m Ola Halvorson Eidsberget til Hulebakklien; Lars 1816- ug. handelskar.
5. Birgit Sveinsdtr. Sire Håvelmoen 17.11. 1776-1868
G 1798 m Håvel Halvorson Rudningsbakkadn Håvelmoen, Gol 1775-1846. Barn: Guri 1799-1800; Halvor 1802-1873 g 1828 m Jørand Steingrimsdtr Rudningen Nos; Svein 1805- g 1834 m Birgit Solvesdtr. Liahagen til Torpo ... til Am. som enkjemann; Guri 1807-1875 g 1826 m Halvor Embrikson Rudningen under Skaga g 1850 m em. Ivar Knutson Lauvdokken; Syver 1810-1892 g 1838 m Barbro Knutsdtr. Nøreim, g 1876 m enkje Olaug Tolleivsdtr. Hodnungset-Bråten; Kari 1813-1813; Kari 1815- g 1837 m Halvor Olson Gardølsdokken, Nes .. til Richland, Rice Co, MN; Halvor 1817-1886 g 1836 m enkje Ragnhild Torsteinsdtr. Øygarden til Am. i 1850; Liv 1819-ung.
6. Guri Sveinsdtr. Sire Gjerdingane 02.05. 1779-1869
G 1801 m Tolleiv Herbrandson Brennhovd i Gol. Barn: Liv 1803-1879 g 1827 m Ola Olson Prestgards-eie /Hagen i Norderhov.
    G 1805 m Oleiv Mekkelson Øvre-Ro Gjerdingane i Gol. Barn: Turid 1806- til Valdres; Mekkel 1809-ung; Barbro 1811-1898 g 1840 m Lars Hansson Moen; Guro 1814-ung; Guro 1817-1865 g 1852 m Jon Hansson Presthaug, Hems. ; Guri 1820- til Am.; Helge 1823-1913 g 1867 m Syver Knutson Sindrol, Hol.

Liv og Svein gifte seg i 1764. Liv var enkje etter Ivar Sveinson Noss Sire.
    Svein overtok bygsla i søre Sire i 1764 mot å yte kår til foreldra.
    Svein kjøpte Nyhus på auksjon i 1770. Pris: 700 rd. Han vart stevna av eigarane av Torpo kyrkje for uteståande leige av kyrkjekyr i 1783. Svein kjøpte halve Sveinsgarden i 1782 for 380 rd og kår til Randi Sveinsdtr. På skiftet etter Svein i 1787 var det 383 rd å dele på enkje og 5 barn og 2 stesøner.
    Liv Larsdtr. fekk slikt kår då sonen Tomas overtok bygsla av Sire i 1787: 4 tunner bygg, 1/2 tunne lettkorn, framfødt 2 kyr og 8 småfe, 3 settung rug, 3 settung salt, jord til utsæd av 1 settung jordeple (potet), 2 settung hampefrø, varmt hus annakvart år. (Ho og stefaren budde annekvart år på Sire og Flategrov i Gol.) (1221) s 279
   

{216} År: 1787

Tomas Sveinson Sire 1769-1826
Foreldre: Svein Syverson Sire og Liv Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Brynhild Larsdtr. Bakken Sire 03.04. 1763-1833
Foreldre: Lars Tolleivson Bakken og Ingebjørg Persdtr. Nes, Nes.
*Barn
1. Svein Tomasson Sire 21.06. 1789-1801f
2. Liv Tomasdtr. Sire Skarsgard 05.10. 1794-
G 1810 m Ola Larsson Skarsgard, gnr. 92/1. Til Skarsgard og sidan Romsdal.
3. Ingebjørg Tomasdtr. Sire Noss Rime 14.02. 1796-1869
G 1816 m Ivar Olson Ivarsgarden Noss. G 1843 m Ola Olson Sata Rime, gnr. 115/16.
4. Svein Tomasson Sire 14.03. 1800-1833f
5. Lars Tomasson Sire 14.03. 1804-
G 1824 m Ragnhild Olsdtr. Brattåker. Neste hushald.
6. Syver Tomasson Sire 06.07. 1806-1810

Tomas og Brynhild gifte seg i 1788. Han bygsla Tomasgarden hjå presten på Nes i 1787. Mora Liv Larsdtr. skulle ha kår, ho var enkje i 1787. I 1788 selde Tomas og Brynhild plassen Bakken i Nes til Christen Jørgenson Grimsgard for 280 rd og kår til mor til Brynhild. (1206) s 548
    I 1824 fekk han skøyte frå kong Karl Johan for 700 spd og årleg avgift på 1 tunne 2 skjepper bygg til presten på Nes. I kornrente til Opplysnings-vesenets fond skulle han yte årleg 2 tunner og 4/6 skjepper bygg.
    Dermed var bonden sjølveigar. Men det kosta å ha skøyte og. Tida fram til delinga av garden i 1835 var nok tung for folket i Tomasgarden. (1537)8b
    Tomas selde garden til sonen Lars i 1826 og tok slikt kår: framfødt 3 kyr og 12 småfe, 6 tunner bygg, Haldisåkeren, 1/2 mål åker til hampesæd/lin-sæd, øvre kålhagen, 5 settung rug, 4 settung salt, 6 merker humle m.m.

{217} År: 1826

Lars Tomasson Sire 14.03. 1804-
Foreldre: Tomas Sveinson Sire og Brynhild Larsdtr. Bakken (Nes).
Gm Ragnhild Olsdtr. Brattåker 18.05. 1807-
Foreldre: Ola Olson Brattåker og Birgit Håkonsdtr. Berg, Hol.
*Barn
1. Brynhild Larsdtr. Sire Sundre? 04.10. 1825-
G 1843 m Ola Torkjellson Opheim Sundre.
    G i Am. m em. Ola Gudbrandson Kjersundlien. (Sjå Hol VI s 269)
2. Birgit Larsdtr. Sire 11.01. 1827-1827
3. Birgit Larsdtr. Sire 24.02. 1828-1828
4. Tomas Larsson Sire 12.08. 1829-
Barn: tvillingane Kari og Syver 1859 m Ragnhild Olsdtr. Eikre. (948)
    G 1859 m Ingebjørg Syversdtr. Bjørøyen. Barn: Ragnhild 1859- sjå barnebarn.
    I 1865 var Tomas forpaktar i Tomasgarden,- sumaren 1869 reiste heile huslyden til Am. på skipet "Oder". Busett i Chicago?
5. Birgit Larsdtr. Sire 12.07. 1832-
Ho reiste til Am. i 1861.
6. Liv Larsdtr. Sire 28.05. 1835-1839
Ho døydde av koppar.
7. Ola Larsson Sire Brattåker 17.02. 1838-
G 1864 m Unni Ivarsdtr. Kleppo, Hol. Sjå Nedre Tomasgarden, gnr. 4/9.
8. Syver Larsson Sire 30.11. 1841-1842
*Barnebarn
1. Ragnhild Tomasdtr. Sire 18.08. 1859-
Foreldre: Tomas Larsson Sire Tomasgarden og Ingebjørg Syversdtr. Bjørøyen.
    Til Am. 1869: Chicago.

Lars og Ragnhild gifte seg i 1824. Han fekk skøyte på Tomasgarden Sire i 1826. Pris 600 spd og kår.
    I 1835 selde Lars delar av garden til Kristen Evensen Banko/Bakken. Pris 100 spd. Det frådelte var: Haldis-slåtta sunnanfor Grove; ei annan Haldis-slåtte i heimåsen; 1/2 mål av heimstølen Skaret; Hestebråten og litt rett til skogsvirke. (1544)53
    Lars delte garden i øvre og Nedre Tomasgarden i 1835. Han selde halve garden til Ola Olson Brattåker d.y. (dvs. nedre T.) og halve garden til Knut Sveinson Flategro. Lars tok seg slikt kår: framfødt og røkta 2 kyr og 6 sauer; 3 tunner korn; varmt hus; rett til å bryte seg åker på garden, fri hest til kyrkje- og stølsreiser m.m.
    I 1837 selde Lars delar av Nyhus: Nystølen; nokre myrslåtter; rett til hamnegang og skogsvirke. Kjøpar var Hermann H. Nyhus.
    Lars trega på handelen med Knut Sveinson i 1835. Dei to vart uvener, og i 1842 vart Knut stygt skadd av Lars. Lars hadde vore på plassen Træet og årelate ei ku. På heimvegen møttest dei to med knivar. Lars fekk eit opphald på tukthuset som straff for dette. (1338) s 22
    Sumaren 1848 var Lars bortreist "uten at man kjender hans opholdssted, og uden at man ved om eller når han vender tilbage". Ho Ragnhild måtte inngå eit rettsforlik med Knut E. Opheim på hans vegner. (1544)782
    I 1885 var Lars busett i Minnesota.

{218} År: 1835

Knut Sveinson Flatagrov 1798-1885
Foreldre: Svein Ivarson Sire Flatagrov og Birgit Knutsdtr. Grov, Gol.
Gm Birgit Andersdtr. Rotneim 1797-1885
Foreldre: Anders Olson Perigarden Rotneim og Ingebjørg Knutsdtr. ..., Gol.
*Barn
1. Anders Knutson Sire 29.07. 1827-1916
G 1850 m Guri Olsdtr. nedre Medhus. Neste hushald.
2. Svein Knutson Rotneim Sire 17.04. 1831-1833
3. Svein Knutson Sire 12.03. 1834-1834
4. Svein Knutson Sire 19.04. 1835-
G 1868 m Ingeborg Sveinsdtr. Haugo, Gol. Barn: Knut 1868- .
    Dei var syskenbarn. Dei flytte fyrst til Haugo i Gol hausten 1868. Så for dei vidare til Am. våren 1870: Broadhead (Wisconsin eller Kentucky?). Dei hadde med 30 spd. Ingen barn nemnde ved utreise. Men ifylgje Gol V s 404 er sonen Knut født 1868 nemnd i eit Am. brev.
5. Knut Knutson Tomasgarden Brenna 22.02. 1841-1911
G 1870 m Anne Knutsdtr. Opheim 1844-1910. Sjå Brenna, gnr. 20/12.
6. Anders Anderson Sire 31.08. 1866-1866

Birgit og Knut gifte seg i 1824. Knut kjøpte halve Tomasgarden i 1835. Knut vart alvorleg skadd av Lars Tomasson i 1842. Dei var uvener som fylgje av gardehandelen.
    Det var gemytt i Birgit og. I april 1862 rauk Birgit Andersdtr. og grannekona Ingebjørg i hop i slagsmål ved vass-olda. Stridens kjerne var nokre vassrenner. Birgit vart sengeliggjande lenge etterpå. (1016) s 51
    Knut og Ola i Nedre Tomasgarden delte plassane slik: Knut fekk Bankohuset, og Ola fekk Trillhus.

{219} År: 1849

Anders Knutson Sire 29.07. 1827-1916
Foreldre: Knut Sveinson Flatagrov Sire og Birgit Andersdtr. Rotneim.
Gm Guri Olsdtr. Medhus Sire 20.12. 1828-1914
Foreldre: Ola Knutson nedre Medhus og Sissel Sandersdtr. Ovavoll (Hol).
*Barn
1. Birgit Andersdtr. Sire Grandokken 20.12. 1849-1911
G 1883 m Ola Larsson Grandokken. Barn: Gurine 1890-1916 gm pastor Nils Christian Brun, Bodø (2 barn); Oline; Lars 1885-1897; Andres 1886-1971 i Albert Lea MN, gm Margaret ... .
    Ola og Birgit utvandra til Am. i 1883: Silver Lake, Worth Co. Han var markarbeidar. Ho var enkje i Iowa i 1909.
2. Sissel Andersdtr. Sire 13.11. 1851-1852
3. Sissel Andersdtr. Sire 05.03. 1853-1865f
4. Knut Anderson Sire 17.06. 1854-1931
Barn m/Guri Halvorsdtr. Leikvoll: Margit 1875- . (1345)
    G 1876 m Astrid Torsdtr. Rud Rotneim. Barn: Guri /Julia 1877- gm Oliver Tisdal (10 barn); Anders 1878-død liten;
    Rangdi 1880-1977 gm Tollef Halvorson (8 barn); Tor 1882-1965 gm Louise Kymle, farmar i Montana (3 barn);
    Barn i USA:
    Ole 1885-1976 sjukehusarbeid, gm Maudeline Stevenson; Betsy 1886-1895; Gunda 1888-1973 gm Ole Dokken (3 barn); Eric 1889-1978 gm Billa Iverson (Kinneberg) (2 barn); Oscar 1892-1923 gm Selma Midtskog. (1501), (1717)
    Dei reiste til Am. 1884: Richland, ND. Knut leigde ut farmen på sine gamle dagar, men ville ikkje flytte inn til byen som mange andre gjorde. Der ute på prærien brukte dei enno norsk i kyrkjene, men i byane gjekk det mest på engelsk. (1414)
5. Sissel Andersdtr. Sire 24.09. 1856-1856
6. Ola Anderson Sire 09.01. 1858-1913
G 1895 m Barbro Kitilsdtr. Hjallen. Sjå neste hushald.
7. Sissel Andersdtr. Sire Lappegard 17.06. 1860-1905
G 1880 m Knut Halvorson Lappegard, gnr. 65/5. Sidan til Am.
8. Ingebjørg Andersdtr. Sire 24.12. 1862-1863
9. Ingebjørg Andersdtr. Sire Blakkestad 18.04. 1864-1946
G 1883 m Mikkel Olson Blakkestad. Barn: Ola 1883- + tre andre barn. Til Am.: Mitaskow Alta, Canada.
10. Anders Anderson Sire 31.08. 1866-1866
11. Guri Andersdtr. Sire Torpe 13.08. 1867-
G 1892 m enkjemann Ola Håkonson Torpo Torpeslåtta. Til Am. Barn: Hermann, sjå barnebarn.
12. Birgit Andersdtr. Sire 22.10. 1869-1870
*Barnebarn
1. Hermann Olson Sire 10.10. 1888-
Til Am. i 1909. Foreldre: Ola Hermannson Vesleslåtta og Guri Andersdtr. Sire.

Guri og Anders gifte seg i 1850. Anders kjøpte Lappegard i Leveld i 1882, men selde att i 1883.

{220} År: 1896

Ola Anderson Sire 09.01. 1858-1913
Foreldre: Anders Knutson Tomasgarden Sire og Guri Olsdtr. nedre Medhus.
Gm Barbro Kitilsdtr. Hjallen Sire 09.12. 1867-1941
Foreldre: Kitil Kitilson Hjallen og Ragnhild Olsdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Kitil Olson Sire 22.01. 1896-1919
Ug. Blindtarm.
2. Guri Olsdtr. Sire 16.07. 1897-1946
Gm Hallgrim Asleson Ødegard. (Møbelsnikkar på Gol.) Barn: Kristian 1921- gm Kari Sollien, sjå Anfinnset, gnr. 8/12. Til Am. i 1925.
3. Anders Olson Sire 08.01. 1899-1976
G 1944 m Anna Olsdtr. Haugen. Sjå neste hushald.
4. Knut Olson Sire 04.08. 1900-1987
Ugift. Han dreiv med pelsdyr og hadde sitt eige hus i Storedal.
5. Eirik Olson Sire 16.11. 1903-1983
Ugift gardsarbeidar. Han budde i Tomasgarden.
6. Ola Olson Sire 16.11. 1905-1995
G 1938 m Ågot Olsdtr. Storedal. Sjå Skuleslåtta, gnr. 4/49.
7. Sissel Olsdtr. Sire Storedal 18.02. 1908-1987
Gm Martin Storedal, gnr. 6/1.
8. Ola Olson Sire 18.02. 1908-1908

Ola og Barbro gifte seg i 1895 og fekk skøyte på garden 1896. Ola ville gjerne ha reist til Amerika, men det vart ikkje. Ola fekk sonen Anders f. 1891 med Ingeborg Helgesdtr. Tufteslåtta.
    Ola hadde sagt at når han skulle døy, så kom han til å døy som ein bukk. Og det vart ikkje så langt unna. Etter ein regnfull uversdag i vedaskogen i Ridalen hausten 1913, la han seg til å sova i våte klede på nokre lauvkjervar i ei bu. Så fekk han lungebetendelse og døydde.