Klokkarbråten gnr. 4 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Klokkarbråten gnr. 4 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Klokkarbråten er også kalla Bankohuset. Tidlegare vart bruket kalla Haldisslåtta. Namnet Bankohuset kan koma av 'bank', dvs. ein jordbank. Men det kan også forklarast 'økonomisk'. Ein ser at kjøparen i 1835, Kristian E. Gudbrandsrud frå Nes, stundom vart skriven "Kristen E. Banko". Då mor hans døydde i 1834, vart det skrive 'Bankehuset'. NB. Bankohuset er også namnet på bruksnr. 17.
    Klokkarbråten vart brukt saman med Rudningen bnr. 33 frå 1937. Gamlestugu på garden står som hytte på eigedomen.
    Areal 1865: dyrka jord 3 1/2 mål, naturleg eng 4 mål, utslått 1/2 mål. Avling 2 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål og anna jbr. 15 mål som vert leigd bort, produktiv skog 150 mål. Buskapen var 10 fôringsdyr fram til 1992.
    Våningshus bygt 1970, kårhus 1979, gamalt bryggjarhus, driftsbygning 1953, garasje 1975, reiskapshus 1987.
{224} År: 1835
Kristen Eivindson Gudbrandsrud Bankohuset 1798-
Foreldre: Eivind Olson Gudbrandsrud ... og Kjersti Aslaksdtr. Espeset, Nes. (1545)204
Gm Guro Halvorsdtr. Trillhus Bankohuset 27.12. 1807-
Foreldre: Halvor Olson Storlien Trillhus og Barbro Embriksdtr. Grov.
*Barn
1. Kristi Kristensdtr. Bankohuset 25.11. 1829-1863
Barn: Guro 1856- m Kristoffer Mortensen Grimelund, Aker (Guro vart oppfostra hjå Jørgen Brekko i Gol.)
    Utflytt til Onsøy prgj. i 1847. Etter seks år kom ho heim att, men fekk ingen fast bustad. Ho flakka rundt i Hallingdal, Ringerike og i Kr.ania.
2. Barbro Kristensdtr. Bankohuset 29.01. 1833-
3. Eivind Kristenson Bankohuset 04.11. 1835-
Kristen og Guro gifte seg i 1829. Kristen var husmann i Bankohuset frå om lag 1829. I 1835 vart han kalla "Kristen E. Banko" medan bruket heitte Haldisslåtta.
    Kristen kjøpte Haldisslåtta sunna grove på Tomasgarden Sire i 1835. I handelen var også 1/2 mål på stølen Skardet og rett til å rydde seg heimstøl; ei Haldisslåtte på heimåsen, Hestebråten og rett til skogsvirke. Pris 100 spd. (1544)53
    I 1840 arbeidde Kristen hjå kjøpmann Bruun i Drammen. I 1845 kjøpte han Bankohuset for 100 spd.
{225} År: 1863
Torstein Olson Sirerudningen 28.09. 1820-1905
Foreldre: Ola Torsteinson Sirerudningen og Liv Olsdtr. Bjørøyen.
G 1861 m Eli Bjørnsdtr. Lauvsletten. Barn: Ola 1864-1915 ugift; Liv 1866-1956 gm Håkon Embrikson Storlien, gnr. 2/4; Guri 1882-1951.
    Torstein Olson kjøpte bruket i 1863, men det stod øyde i 1865. Han selde att i 1867. Torstein kjøpte Roen i Gol. (Gol V s 359)
{226} År: 1867
Tolleiv Larsson Bjella 26.09. 1833-1898
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Haldis Olsdtr. Huus.
Gm Sigrid Sevatsdtr. Thon Bjella 17.10. 1837-1916
Foreldre: Sevat Embrikson myljo Thon og Mari Tolleivsdtr. Medgard.
*Barn
1. Haldis Tolleivsdtr. Bjella 26.07. 1859-1957
G 1883 m Lars Olson søre Haug Svarteberg, gnr. 54/2.
2. Lars Tolleivson Bjella 25.12. 1861-1953
Gm Margit Tidemannsdtr. Haugeplass, Gol 1863-1922. Barn: Sigrid 1883-1975; Tolleiv 1885-1886; Jørand 1886-1972 ; Tolleiv 1888-1973; Tidemann 1890-1968.
    Barn i USA: Marie 1901- gm Clinton Heilman til Honolulu; Hilda 1904-1993 gm Walther Whitney. (1244)
    Margit budde på Rotneim i 1899. Lars var kasserar/sekretær i Hallinglaget i Am. 1925-31. Lars vart sjukehusdirektør i Minnesota.
3. Tolleiv Tolleivson Bjella SireRudningen 28.06. 1864-1957
G 1892 m Kari Olsdtr. myljo Grov frå Gol 1866-1949. Sjå øvre Sirerudningen, gnr. 4/13.
4. Sevat Tolleivson Bjella Teigen 20.01. 1866-1951
G 1894 m Turid Syversdtr. Torshaug, Gol. Barn: Sigrid 1897-1976 g 1920 m Embrik Torsteinson Hansegard, Gol; Tolleiv 1899-1978 ug.; Guri 1902- g 1925 m Erling Henry Bjørnstad, Skoger, busett Holmestrand; Mari 1904-1982 g 1922 m Hermann Reinhardson Hulen; Sigurd 1906- g 1930 m Guri Sandersdtr. Sire; Birgit 1908- g 1931 m Helge Olson Bakko; Lars 1911-1921; Ola 1913- ; Olga 1915- g 1940 m Knut Hermannson Helling, Brenna. (1195) s 6
    Sevat arbeidde i krambua på Sirerudningen som broren Tolleiv dreiv. Toraderspelmann m.m. Han brukte Bjella i 7 år. Då faren døydde, gjekk garden med i skiftet og prisen vart såpass høg at Sevat kjøpte Rotneimsteigen i staden. Turid var nytta som nærkone. Dei skreiv seg 'Teigen'.
5. Mari Tolleivsdtr. Bjella Helling 16.01. 1871-1969
G 1892 m Lars Syverson Logsengard Helling, gnr. 106/1.
6. Ingebjørg Tolleivsdtr. Bjella Rotneim 28.11. 1875-1945
G 1893 m Torstein Larsson Finnesgarden søre Rotneim 1859-1955. Barn: Lars 1893-1893; Lars 1894-1912 (skyteulykke); Birgit 1896-1980 g 1916 m Olav S. Thorshaug; Sigrid 1898- g 1918 m Ola Tolleivson Brennhovd Syversgarden Rotneim; Tolleiv 1901-1983; Olav 1905-1979 ug.; Anna 1908- gm Kristian Langsø, Heggedal; Engebret 1910- g 1946 m Bergljot Jørgensdtr. Brekko, har søre Gutigarden Rotneim; Laura Marie 1915- gm Arne Olson Turhus.
Tolleiv og Sigrid gifte seg i 1859. Han var kyrkjesongar og bonde på Torpo 1867-1898.
    I 1884 fekk han skøyte på Bjella, men det vart dottera Haldis og mannen som dreiv den garden.
    Tolleiv var netthendt: i unge år laga han tre pipeorgel, det eine vart nytta i Torpo kyrkje. Og ungane fekk kvart sitt skatoll.
{227} År: 1868
Torpo soknekommune kjøpte Bankohuset bnr. 7 for å ha bruket som bustad for klokkar/lærar. Såleis kom namnet Klokkarbråten.
{228} År: 1898
Halvor Tomasson Bankeplassen Næss 1864-1939
Foreldre: Tomas Halvorson Bankeplassen og Mari Torkjellsdtr. Domholt, Nes.
Gm Karen Andersdtr. Bølgen Næss 1872-1958
Foreldre: Anders Johnsen ... (Lunner) Bølgen og Oline Trulsdtr. Bølgen, Ringerike. (1638), (1767)
*Barn
1. Olga Halvorsdtr. Næss Christiansen 1898-1978
G 1940 m kjøpmann Anton Christiansen, Hønefoss 1900-1978. Barn: Kjell Ingar 1942-1943.
    Anton og Olga dreiv kolonialforretning. Dei hadde Solengen, gnr. 180/9 i Hole. (Hole III s 672)
2. Gunhild Halvorsdtr. Næss Jepsen 13.12. 1899-1980
G 1924 Bergen m Peder Kristian Jepsen, Risør, 1879-1931. Barn: Bodil 1925- ; Kristbjørg 1927-1994; Håkon 1930-1979, lærar i Ål, gm Aud Fossgård, sjå eige hushald.
    Gunhild var lærarinne i Risør og Ål. Gunhild vart enkje i 1931. Då flytte ho til Ål saman med barna. (1373)
3. Agnes Halvorsdtr. Næss Halvorsrud 12.04. 1905-1981
G 1940 m Svend Johanson Halvorsrud, forstkandidat i N. Høland og son til bonde Eivind Jensson Halvorsrud. Barn: Kari Elisabeth 1941- ; Sissel 1953- .
4. Tomas Halvorson Næss 30.05. 1908-1975
Gm Anna Moe. Barn: Halvor 1940- .
5. Alfhild Halvorsdtr. Næss Holdhus 18.02. 1911-1988
G 1937 m Sigurd Olavson Holdhus. Sjå eige hushald.
Lærar Næss budde i Klokkarbråten ei tid. Sidan budde dei i det gamle skulehuset på Sundre. Han hadde underoffiserskule, og gjorde tenest som fanejunker kring 1911, og vart sidan kaptein.
    Næss tok lærareksamen på Hamar i 1888. Han var lærar og kyrkjesongar i Ål frå 1901. Karen var flink veverske og aktiv i sjømannsforeninga.