Tomasgarden, nedre gnr. 4 bnr. 9
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tomasgarden, nedre gnr. 4 bnr. 9-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Tomasgarden vart frådelt Tomasgarden i 1836.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 47 mål, utslått 18 mål. Avling 24 tunner bygg og 22 tunner potet. Buskap 1865: 1 hest, 5 kyr og 8 sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål som vert leigd bort, produktiv skog 1500 mål, anna utmark 500 må. Våningshus bygt 1874, påbygt 1927, 2 loft 1874, låve 1899, fjøs frå 1954.
    Stølar: heimstølen Skardet og langstølen i Volelien er fråselde. Tilkjøpt langstøl på Fjellset i Nes. Heimstølen Veslestølen er nedlagd.
{232} År: 1836
Ola Larsson Sire Brattåker 17.02. 1838-
Foreldre: Lars Tomasson Sire og Ragnhild Olsdtr. Brattåker (Hol).
G 1864 m Unni Ivarsdtr. Kleppo, Hol. Barn: Sigrid 1862-1921 gm farmar Ola Knutson Hjallo 1856-1918 (8 barn).
    Ola hadde sonen Ola 1864-1937 med Gunhild Olsdtr. Ovavoll, Hol.
    Ola budde på Brattåker i Hol, og hadde brukar på garden ei tid. Det var broren Tomas Larsson Sire og Ingebjørg Syversdtr. Bjørøyen. (Til Amerika sumaren 1869.)
    Ola reiste til Am. 1864. Ola døydde etter kort tid, og Unni gifte seg opp att i 1873 med Ole Uveness.
    I 1870 selde Ola frå heimstølen Skardet og langstølen i Volelien til øvre Tomasgarden.
{233} År: 1870
Torjus Sanderson Tufto Tomasgard N 20.10. 1841-1928
Foreldre: Sander Holgeson Tufto og Birgit Torjusdtr. Finnesgarden.
Gm Guri Nubsdtr. Medhus Sire 15.10. 1859-1945
Foreldre: Nub Nubson Medhus og Birgit Persdtr. Helling.
*Barn
1. Birgit Torjusdtr. Sire 26.08. 1878-1891
2. Sander Torjusson Sire 01.06. 1880-1961
G 1910 m Kristi Embriksdtr. Ro. Sjå neste hushald.
3. Birgit Torjusdtr. Sire Grov 05.07. 1883-1963
G 1909 Kr.ania m Kitil Olson Grov frå Gol 1874-1932. Barn: Ola 1909-1978 ug. farmar; Gunvor 1910- farmar, gm Roy Markert (3 barn); Guri 1914- gm Harold Friestad (7 barn); Anne 1916- g 1935 m Norbert Thompson (5 barn); Torjus 1918- ingeniør, g 1972 m Ingunn Eline Haave (ingen barn); Birgit 1920- ug. busett i Colorado; Kari 1920-1967 g 1948 m Charlie Rogers (2 barn); Augot "Nikki" 1926-1990 g 1954 m Nelson Kaufman (3 barn); Tormod 1928- driv betong-firma, g 1973 m Cheryl Louise Dixon (1 son). (1539)
    Kitil farma i Amerika i 1910-13 medan Birgit var heime. I 1914 budde dei på Haugo i Hol. Sidan var dei innom Jevnaker og Vikersund, og dei brukte FlataGro i Gol 1922-29. Til Am i 1929. Dei farma i Butte Valley, Harlow, ND.
4. Anne Torjusdtr. Sire Torshaug 25.02. 1886-1911
Gm Ola Syverson Torshaug, Gol 1882-1972. Barn: Sigurd Helmin 1909- ; Anne 1911-1986. Dei farma i Am. frå 1908. Då Anne døydde i 1911, flytte Ola og ungane attende til Gol.
5. Margit Torjusdtr. Sire 12.11. 1888-1946
Ug.
6. Birgit Torjusdtr. Sire 21.09. 1891-1986
Ug. Til Vikersund i 1918. Barn: Gullborg 1918-1993, sjå barnebarn.
    Birgit budde i Nybråten på Torpo.
7. Nub Torjusson Sire 09.10. 1893-1965
Ugift. Han var heime på garden.
8. Helge Torjusson Sire 22.08. 1899-
Ugift. Han var heime på garden.
*Barnebarn
1. Gullborg Sire Øyno 08.05. 1918-1993
G 1938 m Håkon Øyno 1912-1982. Sjå eige hushald.
    Foreldre: ... ... og Birgit T. Sire 1891-1986.
Torjus kjøpte garden i 1870. Guri og Torjus gifte seg i 1876. Torjus var flink smed, laga både ljåar og sakser.
    Han var ein ivrig jorddyrkar. Åkrane på Sire er fulle med småstein av same slag som åkrane i Opheim. Dei forvitra og gav næring, meinte folk. Ein bonde i Opheim reinska åkeren sin for småstein, men totte at avlinga minka merkbart. Så steinen vart køyrd inn på åkeren att.