Randen gnr. 4 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Randen gnr. 4 bnr. 9a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Randen var også kalla Bråtalihagen. Randen ligg rett opp for tunet i Bråtalien. Til Randen høyrde stølen Timreskardet.
    I 1865 hadde folka i Randen 1 ku, 1 sau og 4 geiter. Tuftene syner godt. Stugu frå Randen vart flytta kring 1909 og står no som stølsbu på Liahaga-vollen på Narveset.
    Randen vart nedlagt fyrst på 1900-talet.
   

{236} År: 1830c

Asle Olson ØvreLå Ellingsgard 17.11. 1805-1861
Foreldre: Ola Olson Kvinnegard (?) ØvreLå og Birgit Olsdtr. ØvreLå.
Gm Guri Olsdtr. Sørbøen Randen 11.03. 1812-1903
Foreldre: Ola Håkonson Sørbøen og Margit Olsdtr. Karigarden Opheim.
*Barn
1. Ola Asleson Ellingsgard 07.02. 1834-1834
2. Ola Asleson Ellingsgard Trillhus 05.05. 1835-1904
G 1864 m Liv Torsdtr. Rudningsdokken. Sjå Trillhus, gnr. 4/12.
3. Ola Asleson Ellingsgard 23.03. 1837-1911f
Gm Guri Knutsdtr. ... . Barn: ..... . Guri var enkje i Amerika i 1911.
4. Birgit Aslesdtr. Ellingsgard Redalen 25.07. 1839-1924
G 1861 m Bjørn Helgeson Redalen frå Katrineplassen f. 1838. Barn: 12 , derav Hans Jørgen 1859- ; Maria 1860- ; Gunhild 1862- ; Anders 1864- .
    Birgit og Bjørn budde i Rundskogen, eller hjå foreldra hans på Botolvsgard i Krødsherad. Bjørn var inderst og tømmerhoggar på Botolvsgard i 1865. (Krødsherad s 655. Register Lee Rokke.)
5. Margit Aslesdtr. Ellingsgard Johannesen 05.08. 1841-
Gm bryggearbeidar Anton Johannesen, Lier 1843- . Barn: Jørgen Alfred 1874- .
    Busett i Rødfylkgt. 40 i Kr.ania i 1911.
6. Embrik Asleson Ellingsgard 11.12. 1843-
G 1867 m Marte Knutsdtr. Kamberud. Sjå Inderstar. Sidan til Amerika: Allamake Co. Vaterville Iowa.
7. Håkon Asleson Ellingsgard 12.02. 1847-1849
8. Håkon Asleson Ellingsgard 29.04. 1851-1861


Asle og Guri gifte seg i 1833. Saman med Oleiv Embrikson Havardsgard kjøpte Asle garden Ellingsgard på auksjon i 1835 for 1210 spd.
    Asle og Oleiv delte garden i 1841. Asle selde halve Ellingsgard i 1849. Asle var inderst på ØvreLå, Moldbakken og BråtaliRanden. Truleg også i Trillhus.
    Asle døydde i 1861 og Guri levde i stor armod med sine seks barn. Etterkvart flytta ho til Trillhus og var med i arbeidet på garden. Guri var skrivefør og flink til å ordlegge seg. Ho skreiv til sønene sine og minna dei om 'at de har et Moderhjerte paa denne side af Havet i Barndomshjemmet.' (Brev frå 1886 v/ Reidar Flatland)

{237} År: 1865c

Anton Olson Fuglekjær BråtaliRanden 08.01. 1830-1910
Foreldre: Olaf Fuglekjær og Katrine Aastre, Kville sokn i Bohuslen i Sverige.
Gm Ingeborg Nilsdtr. Ottardokken Randen 07.07. 1838-1907
Foreldre: Nils, men han er ikkje funne på Ottardokken i Gol bind V.
*Barn
1. Kristi Antonsdtr. Randen Haugen __.__. 1863-
Gm Syver Olson Eivindhaugen, gnr. 4/39a.
2. Ola Antonson Randen 1865-1934c
Gm ... ... . Til Am. Død 1928 eller i 1934.
3. Nils Antonson Randen 21.11. 1867-
Til Am. 1892: Lake Vermillion, MN. Død 1892 (?) eller 1920 (?).
4. Kristi Antonsdtr. Randen Haugen 23.03. 1871-1944
G 1892 m Amund Ellingson Bentehaugen 1868-1950. Barn: Edvard 1893- g 1924 m Olga Sanden; Kari 1894- g 1918 m George Thorvald Sundby (3 barn), gm Ole Mikkelson Mjølid; Anton 1896- til Am., g 1931 m Bernice Bordalen (1 dotter); Ingeborg 1898- g 1919 m Tor Pedersen Moen, Flå (8 barn); Gunda 1900- g 1929 m Albert H. Reiersgård (1 son); Anna 1902- g 1923 m Olaf K. Geitsund, Flå (1 son); Alma Kristine 1904- g 1931 m Ole E. Hovde; Olga 1908- g 1929 m Knut O. Liodden; Selma 1910- g 1944 m Hans Alfred Holtet (2 barn); Ragnhild 1914- g 1941 m Jørgen Johansen (1 son); Ole 1917-1917; Ole Nicolai tvilling 1917-1917; Alfred Kåre 1919-1919. (Nes I s 366)
    Kristi og Amund hadde Bentehaugen/Martehaugen i Nes. Dei var fem år i Amerika frå 1903. Amund var spelemann.
5. Karl Antonson Randen 21.02. 1873-1924
G 1908 m Rosetta Josephine Emma Enter. Barn: Harold Alton (Randy) 1909-1976 gm Bertha Arlene Manske; Ella Sophia Emma 1909-1982 g 1929 m farmar Herman C. Becker (2 barn); Olga Ida Johanna 1913- g 1936 m farmar Rudolph Louis Bode (5 barn); Clifford Edgar 1915- forretningsmann, g 1940 m Evelyn Yetty Braun (4 barn); Stella Bertha Louise 1917- g 1940 m snikkar Donald Edward Summers (2 barn); Carl Robert August 1920-1927; Herbert Paul 1922-1922; Hilbert Henry 1922-1923 (tvilling).
    Til Am. i 1892: Karl reiste i staden for broren, som ikkje kunne reise. Ein Lewis Hermanson, New Sweden, Nicollet County, sende pengar til billett. (Farslekt ?)
    Karl laga smør på det lokale meieriet i Nicollet, MN. I 1906 gjekk han på teologisk seminar i Minnesota.
6. Anne Antonsdtr. Randen 12.11. 1875-1876
7. Ola Antonson Randen 19.10. 1877-1952?
I 1906 var Ola i tenest, eitt år på ein gard, neste år på ein annan gard, og så attende. Etter oppmoding frå broren Ola la Ola i veg på Amerika-tur. Men då han kom til Gulsvik, vart heimlengten så stor at han snudde og reiste heim att.
    Ola var ein sterk og traust arbeidskar med god leselyst. Han arbeidde på landbruksskulen på Lien, og han var kyrkjetenar.
8. Anne Antonsdtr. Randen 14.04. 1883-1891

Anton og Ingeborg gifte seg i 1863. Var han født 8. januar 1830 eller 1836?
    Som 9-åring mønstra Anton på ei saltskute. I 20 år var han på sjøen. Ein gong forliste dei ved Færder, og Anton sat tre dagar på eit skjer før dei vart berga.
    Sidan var Anton på ymse stein-arbeid, m.a. i Vestfold. Så fylgde han rallarane oppover Hallingdal, kom til Gol der han møtte Ingeborg og kjærleiken.
    Anton kjøpte plassen Hestehagen i Gol og var myllar eit år før han bygsla plassen Randen under Bråtalien. (Mehlum 1907/10)
    Anton var fagmann på steinarbeid, muring av peis og pipe og sprengingsarbeid. Han fekk avslag på søknad om støtte til Amerikareise i 1878. Anton gjekk på ymse dagarbeid. I 1889 var han skuldig 22 kr i grunnleige for "Slåtten".
    Anton gjekk fremst i 1. mai-toget i 1905 og slo på tromme. Anleggsarbeidarar og enkelte torpingar tona flagg, men vart møtte med hån og skepsis den fyrste tida.
    Dei siste åra budde han i Liahagen. Såleis kom stugu frå Randen til Liahagastølen på Narveset. Eit minne etter Anton blømer i Randen kvar sumar: ein syrin som han henta frå Hardanger.

{238} År: 1894

Gustav Høgberg 1860-
Foreldre: ... ... og ... ... Høgberg, Stockholm.
Gm Anna Evensen 1869-
Foreldre: ... ... ... og ... ... ..., Fåberg.

Gustav og Anna budde i Randen kring 1894. Barn: Olga Karoline 1894- ; Gustav 1897- .
    Gustav var steinarbeider og gråsteinsmurar. I 1900 budde dei på nordre Østmoen på Nes.