Trillhus gnr. 4 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trillhus gnr. 4 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Steget eller Trillhus er nok same bruket. Namnet Trillhus kan koma av ein trillrund bergknaus ovanfor garden. Hovudvegen går over eigedomen, og frå gamalt var her skysstasjon. Ein kan og tenkje seg at namnet er knytt til køyrereiskapen 'trille'.
    Trillhus grensar inntil kommunegrensa mot Gol og ligg geografisk utanfor Sire-eigna. Men eigedomen har lege under Sire så langt ein kan sjå. Trillhus var husmannsplass under Sire fram til 1857.
    Det låg ein gamal frukthage på berghyllene oppi 'Skorro'. Her voks eple og stikkelsbær. (1817) s 25
    Areal 1865: 3 2/3 mål åker; 3 mål naturleg eng; 5 mål utslått. Avling: 3 1/2 tunne bygg og 3 tunner potet. Jorda var noko utsett for flaum og frost.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, anna areal 6 mål, produktiv skog 40 mål, anna utmark 75 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 7 mjølkekyr, 8 ungdyr til 1993.
    Våningshus 1928, påbygg 1987, stabbur 1943, driftsbygning 1923, påbygd fjøs 1970, gardsverkstad 1988, 9 utleigehytter.
    Stølar: Tvinilsdokken slåttevoll (Ridalen). Slåtte/heimstøl: Berget. Heimstølen Skardet ved Syningen og Trillestølen på Veståsen.

{241} År: 1779

Ola Eirikson Lien Storlien 18.08. 1748-
Foreldre: Eirik Halvorson Opheim - Lien og Fribjørg Helgesdtr. Lien.
Gm Guri Halvorsdtr. Storedal Lien 1741-1817
Foreldre: Halvor Torson Medgard Storedal og Ingrid Jonsdtr. ... .

I 1779 bygsla Ola og Guri plassen Trillhus på livstid mot 1 rd årleg avgift. Barn: sjå under Nedre Storlien, gnr. 2/4.
    Guri overlot plassen til brorsonen Halvor i 1817.
   

{242} År: 1817

Halvor Olson Storlien Trillhus 28.04. 1776-1850
Foreldre: Ola Halvorson Storedal Storlien og Ingrid Syversdtr. Storlien.
Gm Barbro Embriksdtr. Grov Trillhus 1781-1856
Foreldre: Embrik Torsteinson myljo Grov og Margit Olsdtr. Skaga. (Gol V s 444)
*Barn
1. Ingrid Halvorsdtr. Trillhus 08.04. 1803-
Gm ... ... . Ingrid reiste ut til tenest på garden Snikkestad i unge år. I 1856 var ho enkje og budde i Kr.ania.
2. Embrik Halvorson Trillhus Tveitehagen 15.09. 1805-1891
G 1834 Gol m Margit Tolleivsdtr. Hjelmen 1804-1895. Sjå Tveitehagen, gnr. 55/12.
3. Guro Halvorsdtr. Trillhus Bankohuset 27.12. 1807-
G 1829 m Kristen Eivindson Gudbrandsrud (Nes) Klokkarbråten, gnr. 4/7.
4. Margit Halvorsdtr. Trillhus 06.01. 1812-
Ikkje arving i 1856.
5. Ola Halvorson Trillhus 04.10. 1815-
Han vart avhøyrt 1843 etter å ha naska tobakk. Ikkje spurd sidan. (1512)45
6. Ingrid Halvorsdtr. Trillhus 04.10. 1815-
7. Margit Halvorsdtr. Trillhus Slåtten 28.07. 1818-1891
G 1845 m Knut Kristenson Slåtten, gnr. 2/2.
8. Ola Halvorson Trillhus 30.08. 1821-
Ola Halvorson Opheimshaugen?? Barn m/Guri Olsdtr. Opheimshaugen: Halvor 1850- det var lyst til ekteskap.? Til Am. 1850: ... .

Halvor og Barbro gifte seg i 1803. I 1817 fekk dei bygsla Trillhus på livstid. Dvs. dei overtok bygsla etter "systera Guri Halvorsdtr", står det. Men Guri Halvorsdtr. var farsystera. (1537) 8 Plassen skulle falle attende til Sire då Barbro og Halvor var døde. Ungane Ingrid og Guro var på legd frå 1814.

{243} År: 1857

Bjørn Olson Sveinsgarden Trillhus 29.09. 1828-1861
Foreldre: Ola Nilsson Krosshaug Sveinsgarden og Margit Olsdtr. Sveinsgarden.
Gm Guri Olsdtr. Noss Trillhus 29.08. 1834-
Foreldre: Ola Tolleivson Haugegarden Noss og Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Ola Bjørnson Trillhus 07.09. 1856-
Til Am. i 1870.
2. Ingebjørg Bjørnsdtr. Trillhus 25.10. 1858-
Til Am. i 1870.
3. Margit Bjørnsdtr. Trillhus 10.01. 1861-
Til Am. i 1870

Bjørn og Guri gifte seg i 1855. Bjørn kjøpte Trillhus i 1857 for 250 spd. Sidan har garden vore eit sjølveigar-bruk.
    Guri vart attgift 1863 med Per Olson Svarvargarden. Sjå neste hushald.
   

{244} År: 1863

Guri Olsdtr. Noss Trillhus 29.08. 1834-
Foreldre: Ola Tolleivson Haugegarden Noss og Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde.
Gm Per Olson Svarvargarden Trillhus 11.02. 1837-
Foreldre: Ola Person Uthalle Gol - Narum- Svarvargarden og enkje Margit Andersdtr. Narum.

Per og Guri gifte seg i 1863. Økonomien var trong, og i 1869 vart det teke utlegg hjå Per.
    Då Guri fekk morsarven vart det pengar til Amerika-reisa. Dei reiste til Am. i 1870 med tre barn frå hennar fyrste ekteskap. Båten heitte "Anna Delius" og gjekk til Quebec. Billetten kom på 53 spd, kontantar var 100 spd.

{245} År: 1875c

Ola Asleson Ellingsgard Trillhus 05.05. 1835-1904
Foreldre: Asle Olson ØvreLå Ellingsgard og Guri Olsdtr. Sørbøen.
Gm Liv Torsdtr. Rudningsdokken Trillhus 1841-1911
Foreldre: Tor Hermannson Nyhus Rudningsdokken og Margit Bjørnsdtr. Brenna.

Liv og Ola gifte seg i 1864. Dei hadde ingen barn.
    I 1865 var Ola husmann utan jord i Tjyruhjelldalen under Sire. Liv gjekk i dagarbeid.
    I FT 1875 hadde Liv og Ola huslyden hans Hermann Syverson Evjen (heimattkomen frå Am.) buande hjå seg som inderstar.