Sirerudningen, øvre gnr. 4 bnr. 13
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sirerudningen, øvre gnr. 4 bnr. 13-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Sirerudningen ligg synst på sletta saman med Sylvsmedbråten. Eigedomen har 10 mål dyrka jord som dels vert leigd bort, anna areal 5 mål, skog 12 mål.
    Våningshus bygt 1920, påbygt og restaurert 1967, stabbur 1965, driftsbygning 1926, garasje 1980.
   
{250} År: 1815c
Helge Olsdtr. Sire Sirebråten 19.07. 1789-
Foreldre: Ola Torkjellson Øvre Sire og Birgit Sandersdtr. Tufto.
Gm Nils Asleson Tune Sirebråten 1785c-1818
Foreldre: Asle Nilsson Holto Klemetsrud/dal og Gro Eiriksdtr. Holto Holterudningen.
*Barn
1. Gro Nilsdtr. Sirebråten 10.05. 1816-
Gm Jon Mekkelson Lia-eie på Snarum, husmann med jord på Ramfoss. (FT 1865 Modum)
2. Nils Nilsson Sirebråten 30.10. 1818-1820
Etter å ha vore på Klemetsrud i Lier i oppveksten fekk Nils kallenamnet Klemme-Nils.
    Nils sleit med eit hastigt lynne. Som arbeidslaus vart han idømt tukthusarbeid i 1809. Så fekk han arbeid som timremann, og gjorde ymse gardsarbeid på Skottebøl.
    Nils og Helge gifte seg i 1813.
    I 1813 prøvde Nils å selja ei daue-ferdig hest. Kjøparen leverte hesten attende straks, men Nils gav seg ikkje før han han hadde mørbanka kjøparen og skore over strupen på hesten. (1419)
    I 1816 selde han gardparten Storliøyen (1 lb.) til Per A. Rotneim for 300 spd.
    Nyårshelga 1817-18 stod eit lag på Sveinsgarden, og det enda ille. Nils drap morbror til kona, Eivind Sanderson Sogla. Og dermed var Nils sine dagar talde.
    Nils vart halshogd på Skeie ved Ål stavkyrkje i 1818. "Det er mykji folk forsamla her i dag. Å ja,- skikken må vel haldast," sa Klemme-Nils.
    Broren Lars la hovudet hans opp i kista etter avrettinga. Ein månad etterpå fødde Helga sonen Nils. Dette var truleg den siste avrettinga i Ål. Helga vart attgift 1821 med Ola Gjestson SireBråten. Sjå Tuftebråten.
{251} År: 1854c
Ola Olson Sirerudningen SireBråten 11.04. 1825-1905
Foreldre: Ola Eivindson Sirerudningen og Ingeborg Olsdtr. Skuleslåtta.
Gm Margit Nilsdtr. Sveinsgarden SireBråten 19.08. 1832-1909
Foreldre: Nils Olson Sveinsgarden og Margit Olsdtr. Underberget.
Ola Olson og Margit gifte seg i 1854. Dei kjøpte Sirebråten i 1857 og brukte også noko av Sirerudningen. Her er litt ugreitt å fylgje brukarane. Barn: sjå Sirebråten, gnr. 4/22.
    Sonen Ola overtok øvre Sirerudningen, sjå år 1904.
   
{252} År: 1884
Embrik Tolleivson Svarteberg kjøpte 1884 og selde til Nils Olson 1885.
    Nils selde noko av bruket til Tolleiv Bjella Sirerudningen. Som selde 1915 til Ola Sveinson Sjugurdsgarden.
{253} År: 1900
Tolleiv Tolleivson Bjella SireRudningen 28.06. 1864-1957
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
Gm Kari Olsdtr. Grov SireRudningen 1865-1949
Foreldre: Ola Torjusson Finnesgarden Grov og Gunvor Olsdtr. vestre Grov. (Gol V s 448)
*Barn
1. Sigrid Tolleivsdtr. SireRudningen 26.04. 1893-1901
Sigrid døydde av kolera.
2. Tolleiv Tolleivson Bjella SireRudningen 23.06. 1895-1901
Kolera.
3. Gunvor Tolleivsdtr. SireRudningen 18.08. 1897-1988
Ug. Til Am i 1906. (825)
4. Mari Tolleivsdtr. SireRudningen 10.10. 1899-1915
Til Am. i 1906. (825)
5. Sigrid Tolleivsdtr. SireRudningen 09.11. 1902-1952
G 1941 m Ed Berg. Barn: Katrine 1942-1993 gm ... . Til Am. i 1906. (825)
6. Anne Tolleivsdtr. SireRudningen 15.09. 1905-
Var gm Dee LaGrange (ingen barn) Til Am. i 1906. (825)
   
    Barn i USA: Olaf 1908-1910; Hilda 1912- g 1935 m Alfred Benson (3 barn);
Tolleiv hadde ein del av Sirerudningen. Tolleiv og Kari gifte seg i 1892.
    Tolleiv dreiv landhandel på Sirerudningen ei tid, det gjekk dårlegt, han leverte buet til skifteretten i 1904.
    Tolleiv og familien reiste til Amerika i 1906 og tok seg land vest for Bemidji, MN. Ved sida av farming vart det skogsarbeid og jarnbanebygging.