Bankohuset gnr. 4 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bankohuset gnr. 4 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bankohuset var husmannplass under Sire frå 1820-åra. Bankohuset vart frådelt Øvre Tomasgarden og nedre Sire i 1877.
    Bankohuset ligg lognt og fint til i skogen nedanfor vegen til Storlien. Om namnet Bankohuset, sjå år 1829.

{259} År: 1829

Kristen Eivindson Gudbrandsrud Bankohuset 1798-
Foreldre: Eivind Olson Gudbrandsrud ... og Kjersti Aslaksdtr. Espeset, Nes. (1545)204 G 1829 m Guro Halvorsdtr. Trillhus.

Kristen var husmann i Bankohuset frå omlag 1829. I 1835 kjøpte "Kristen E. Banko" Haldisslåtta, Sjå Klokkarbråten.
    Kristen arbeidde hjå kjøpmann Bruun i Drammen i 1840. Truleg la han seg opp pengar i byen og fekk 'Banko' som kallenamn. I 1845 kjøpte han Bankohuset for 100 spd. Kristen sette ein husmann i Bankohuset.

{260} År: 1840c

Syver Tomasson Botten 13.03. 1803-1862
Foreldre: Tomas Olson Ivarslien Botten og Ragnhild Syversdtr. Haugo, Gol.
Gm Anne Olsdtr. Grandokken Bankohuset 05.05. 1804-1890
Foreldre: Ola Olson Grasbakken Grandokken og Ingeleiv Olsdtr. Jonsgarden.
*Barn
1. Tomas Syverson Bankohuset 11.04. 1840-1896
G 1884 m Margit Håkonsdtr. Trøhaugen. Skreddar i 1875. Sjå neste hushald.

Anne og Syver gifte seg i 1840. Han var husmann i Bankohuset. Sonen fekk kjøpe plassen i 1877.

{261} År: 1877

Tomas Syverson Bankohuset 11.04. 1840-1896
Foreldre: Syver Tomasson Rotneim Bankohuset og Anne Olsdtr. Grandokken.
Gm Margit Håkonsdtr. Trøhaugen Bankohuset 27.12. 1845-1925
Foreldre: Håkon Syverson Torpo Gudbrandsgard Trøhaugen og Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard.

Tomas fekk skøyte på Bankohuset i 1877. Bruket vart frådelt slik: ein part frå Øvre Tomasgarden og ein part frå nedre Sire.
    Margit og Tomas gifte seg i 1884. Tomas var skreddar. Margit vart enkje i 1896, og flytte då til systera Anne i Syrakslåtta. Margit selde Bankohuset i 1900.

{262} År: 1900

Embrik Hansson Hulebaklien Bankohuset 1870-1934
Foreldre: Hans Anderson Slåstad og Margit Embriksdtr. Steinteigen, Hemsedal.
Gm Jørand Eilevsdtr. Villandseige Bankohuset 10.05. 1876-1917
Foreldre: Eilev Herleikson Hago og Mari Olsdtr. Villandseige, Hol.
*Barn
1. Hans Embrikson Bankohuset 09.07. 1900-
Ug. Bakar i Oslo. Han døydde tidleg.
2. Margit Embriksdtr. Bankohuset 05.10. 1901-1976
Ug. Margit dreiv med handarbeid og budde i ei stugu ved Nyhusmoen.
3. Olaf Embrikson Bankohuset 04.02. 1903-
Gm ... ... . Barn: to. Olaf reiste til Am. i 1924: ND. Sidan til Canada.
4. Anders Embrikson Bankohuset 15.07. 1905-
Gm ... ... . Barn: Andy ....- gm ... ... . ( .. barn). Til Canada.
5. Emil Embrikson Bankohuset 26.03. 1907-1977
G 1941 m Marit Olsdtr. Høymyr, Flesberg 1913- . Sjå neste hushald.
6. Jørgen Embrikson Bankohuset 05.08. 1913-1983
G 1946 m Anne OpheimsHaugen. Barn: Erling 1949- . Sjå eige hushald.

Embrik og Jørand gifte seg i 1899. Som nygift kjøpte han Bankohuset for 1600 kr. Der fødde dei 2 kyr, kvige og 5 geiter.
    Embrik var kramkar og småbrukar. Han sende 90 kr til boktrykkjar Andersen i Horten, og bad om å få bøker for beløpet, han ville begynne som "kolportør". Etter nokre år vart han lei av bok-kramet og begynte som vanleg kramkar. Vanlegvis gjekk han med skreppa 8 veker før jul og 8 veker etter jul, og han farta mest i Odalen, Solør og på Romerike. (NU nr. 42)