Sire, øvre gnr. 4 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sire, øvre gnr. 4 bnr. 20-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Sire er den søre halvparten av det som var Myljo Sire frå gamalt. I dagleg tale vert garden kalla Uppistugu. Presten Zacharias Tolleivsen bygsla kyrkjegodset i myljo Sire i 1616 og betalte 2 rd i fyrstebygsel. Ei landskyld på tilsaman 12 laupsbol hadde fleire brukerar utgjennom 1600-talet. Fyrst på 1700-talet vart dette godset samla til to bruk, øvre og nedre Sire. Kyrkjegodset i øvre garden (8 settung korn i landskyld til Torpo kyrkje) vart utløyst så seint som i 1855.
    Det gamle tunet på Øvre Sire låg litt vest for noverande tun. Om lag rett opp for tunet på Nedre Sire. I 1990-åra vart stugu og loft restaurerte og flytte opp til ein tredje tunstad ovanfor vegen. Uthusa står att nedanfor vegen.
    Stugu er ei langstugu ombygd kring 1870. Opphavleg var dette ei loftstugu. Den vart teken ned og sett opp att med eit mellombygg. Ut frå lafteteknikken kan loftstugu vera bygd før 1700. Jfr. gardsynet frå 1765. Loftet er eit påbygd stolphus. Fyrste høgda, stolphuset, er lafta av fint ovalt tømmer og må vera svært gamalt. Andre hus: bryggjarhus omkr. 1905, fjøs 1906 og uthus 1933.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 20 mål, utslått 40 mål. Avling 28 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 33 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 1343 mål, annan utmark 412 mål.
    Stølar. Heimstøl er Hovdestølen som vart tilkjøpt frå nedre Sire. På Nystølen brukte dei å sitja i haustbeite. Den fyrste langstølen var Hellebustølen ved Beljevatnet. På Hellebustølen var det så plagsamt med haugafolk at Sire-folket måtte rydda seg ny støl litt lenger sør. Det vart Nybustølen som er nemnd i gardsynet frå 1765. Sidan rydda dei Sirestølen ved Beljevatnet. (2 vollar). Dit var det stuttare veg (17 km). Stadnamn ved Sirestølen: Kjeringtjønn; Kroktjønn; Dagroshaugane; Raunefet og Fuglefet.
    Øvre Sire hadde storrslått i Bausteslåtta, Hopeslette, Storeflæe og Krukane, men storrslåtten er for lengst komen or bruk.
    Garden vart mykje skadd under skriene i 1860. Det la seg mykje jord og stein og leire på åker og eng. Skriene gjekk like ned i Storelva. Stadnamn: Bjødnaåkeren, Niehodne, Haugåkeren (rugåker) og Byggjar-åkeren.

{273} År: 1762

Knut Halvorson Sire 1737-1764
Foreldre: Halvor Knutson Sire og Barbro Helgesdtr. Lien.
Gm Barbro Olsdtr. Svarteberg Sire 1716-
Foreldre: Ola Torkjellson myljo Svarteberg og Sunnev Torkjellsdtr. Skjervheim.

Knut og Barbro var barnlause. Knut var soldat. Han bygsla Sire i 1762 på livstid på vanlege vilkår. Årleg leige 3 mælar korn. I tillegg skulle faren og stemora ha eit upåklageleg opphald på garden.
    I 1764 overførte Knut bygsla av Sire til skulemeister Tor Eilevson for 110 rd og dessutan eit lite kår.
    På skiftet etter Knut i 1764 var buet 127 rd underskot. Kreditorane var misnøgde og fekk teke ei ny registrering som fekk fram nye verdiar til 1 rd 2 ort og 22 skilling. Av gjelda var m.a. 4 rd for ei matte hollandsk tobakk. Barbro hadde kår på Sire etter tre kontrakter.

{274} År: 1764

Tore Eilevson Eilevmoen Sire 1729.-1768
Gm Birgit Olsdtr. Opheim. Sjå Tretterudhaugen, gnr. 4/46. Foreldre: Eilev Toreson Grov Eilevmoen og Ingebjørg Halvorsdtr. ?Eldbjøro, Gol.

Tore var skulemeister. Han kjøpte 1764 bygselsretten til halve myljo Sire på livstid for 110 rd. Brørne Herbrand og Halvor Arnulfson delte myljo Sire i to: Øvre og nedre Sire. (Me fylgjer øvre Sire.) Tore vart ikkje lenge her.
    Tore selde øvre Sire og kjøpte i staden Træet for 112 rd i 1765. Barn: sjå Træet eller Tretterudhaugen, gnr. 4/46.
    Tore held gardsyn i 1765, då hadde Tolleiv Olson Bjørøyen Sire den andre halvparten. Husa var: stugu med loft 24 rd, ei stugu med kove og sval 14 rd, låve med 2 luer og agn-hus 14 rd, fehus, stall, kjellarbu, sauestall, 1/2 stabbur, 1/2 badstugu og smie. Stølane var: Nystølen, Nybustølen, Langedokken. (1288) s 23

{275} År: 1765

Torkjell Olson Svarteberg Storlien 1722-1784s
Foreldre: Ola Torkjellson nordre Svarteberg og 2.g Sunnev Torkjellsdtr. Opsata.
Gm Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus
*Barn
1. Ola Torkjellson Sire 16.11. 1766-1834
Gm Helge Sveinsdtr Sire. Gm Birgit Sandersdtr. Tufto. Sjå 1796-hushaldet.
2. Guri Torkjellsdtr. Sire Sanderhaugen 16.04. 1769-1841
G 1810 m Sander Sanderson Tufte Sanderhaugen, gnr. 4/25.
3. Sunnev Torkjellsdtr. Sire Kringla 1770-1841
G 1794 m Ola Olson Opheim Kringla, gnr. 10/14. G 1828 m Henrik A. Ruud Skjerpingmoen, gnr. 12/14.
4. Syver Torkjellson Sire Bjørøyslåtta 27.06. 1773-1847
Gm Anne Olsdtr. Bjørøyen 1774-1821. G 1822 m Ingeborg Olsdtr. Lauvsletten ....-1860. Sjå Ramsviken og Bjørøyslåtta, gnr. 5/1a.
5. Johannes Torkjellson Sire Tretterud 17.11. 1776-1863
G 1811 m Sigrid Olsdtr. Torpo. Sjå Tretterud, gnr. 7/7.
    "En Israelit uden svig". Johannes var av venene til Hans Nielsen Hauge. (1379) s 575
6. Knut Torkjellson Sire 17.10. 1779-1784f
Truleg død ung.
7. Ola Torkjellson Sire 13.05. 1781-1784f
8. Barbro Torkjellsdtr. Sire Svarvargarden 23.06. 1782-1869
G 1814 m Guttorm Steingrimson Bruvollen (Nes) Svarvargarden, gnr. 4/23. Til Am.

Torkjell var fehandlar i 1750. Han flytte frå Storlien til Sire. Sjå også Storlien.
    I 1765 bygsla Torkjell garden Sire etter Knut Halvorson og Tor Eilevson Bakke hjå presten. Han fekk skøyte på feste- og bygselsrett til Sire i 1766 for 200 rd hjå Helge Halvorson. Årleg avgift tre mælar korn.
    På skiftet etter Torkjell i 1784 var buet 44 rd underskot etter at lausøyret vart selt på auksjon. Enkja sat att med seks barn frå 2 til 18 år.

{276} År: 1796

Ola Torkjellson Sire 16.11. 1766-1834
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
Gm Helge Sveinsdtr. Sire 13.09. 1767-1787
Foreldre: Svein Syverson Tomasgarden Sire og Liv Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Sandersdtr. Tufto Sire 1757-1847
Foreldre: Sander Holgeson Ruud Tufto og Gunvor Eivindsdtr. Tufte.
*Barn i andre ekteskap
1. Helge Olsdtr. Sire Sirebråten 19.07. 1789-
G 1813 m Nils Asleson Tune 1786-1818. G 1821 m Ola Gjestson SireBråten. Sjå Tuftebråten, gnr. 4/41.
2. Torkjell Olson Sire 11.09. 1791-
Truleg død ung.
3. Gunvor Olsdtr. Sire 13.10. 1793-1801f
Truleg død ung.
4. Tomas Olson Sire 1795-
Truleg død ung.
5. Sander Olson Sire 09.10. 1796-1858
G 1822 m Ambjørg Helgesdtr. Leikvoll. G 1838 m Turid Larsdtr. Torpeslåtta. Sjå neste hushald.
6. Tomas Torkjellson Sire 1799-1799
7. Margit Olsdtr. Sire Ramsviken 22.02. 1801-1846
G 1825 Per Olson Narums-eie, Gol 1800-1885. Barn: Ola 1826-1911 g 1851 m enkje Anne O. Vermåker; Barbro 1828-1870 g 1858 m Gulbrand T. Hamarneseige, Sørum (5 barn); Birgit 1830-1910 g 1869 m Hans Arnesen, V.Aker (1 son); Ola 1831-1886 g 1867 m Kjersti Jensdtr. Huseplassen; Torkjell 1832-1832; Torkjell 1833-1834; Kari 1834-1888 g 1868 m Hans Olsen, Odal; Torkjell 1835-1838; Lars 1836-1919 g 1872 m Ingeborg Østensdtr. Slettadn; Margit 1837-1838; Margit 1843-1923 g 1876 m Halvor Hansen, Aurskog (4 barn); Torkjell 1844-1845.
    Etter om lag fem år i Ramsviken flytte dei til Narums-eie i Gol. Peder vart gift på nytt i 1851. Sjå Gol III s 786.

Fyrste ekteskapet med Helge Sveinsdtr. var barnlaust. Då ho døydde i 1787, var buet 122 rd i underskot. Ola gifte seg oppatt med Birgit Sandersdtr. Tufto. Ola bygsla garden hjå presten på vanlege vilkår i 1796, mora overdrog bygsla mot kår.
    Ein haust var Ola og grannen innpå Nystølen og veda. Dei hadde sett opp ein stor haug med tyrirøter bortpå vollen. Men då mørkret kom, vart karane brått vare at veda-dyngja stod i lys loge, og at det sat ein mann innved bålet og varma hendene. Det brann heile kvelden, men ingen av dei våga gå inntil. Det var som noko trolsk over karen. Då morgonen kom, skulle karane ut og sjå på elendet. Dei vart då svært forundra. Tyrihaugen låg der som før, ikkje ei flis var svidd! (Mehlum 1905/36)
    Ola og Helge fekk slikt kår i 1815: framfødd 3 kyr, 12 småfe; 3 settungs-land til hampesæd, salt, humle og tobakk; eit forlass frå langstølen, halve kålhagen m.m. (1537)

{277} År: 1815

Sander Olson Sire 09.10. 1796-1858
Foreldre: Ola Torkjellson Sire og Birgit Sandersdtr.Tufto.
Gm Ambjørg Holgesdtr. Leikvoll Sire 29.11. 1795-1837
Foreldre: Holge Syverson Leikvoll og Anne Sveinsdtr. Juvsjord (Hol).
Gm Turid Larsdtr. Torpeslåtta Sire 01.05. 1801-1892
Foreldre: Lars Syverson søre Helling m/ Birgit Olsdtr. Torpeslåtta.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Sandersdtr. Sire SireRudningen 31.03. 1822-1909
G 1848 m Arne Olson Sirerudningen. Til Am. i 1879.
2. Anne Sandersdtr. Sire Ramsviken 23.09. 1824-1903
G 1848 m Embrik Arneson Urden Ramsviken, gnr. 4/26. Til Skoger ca 1893.
3. Torkjell Sanderson Sire 13.07. 1826-1909
G 1860 m Kristi Eiriksdtr. Underåsen. Sjå neste hushald.
4. Gunvor Sandersdtr. Sire 30.03. 1829-1829
5. Ola Sanderson Sire 16.08. 1830-1830
6. Ola Sanderson Sire 03.08. 1831-1905f
Ugift. Til Am. 1856. Rømde unna borgarkrigen, og ingen visste kvar han var. Sonen til Helge fekk spora han opp. (934)
7. Holge Sanderson Sire 03.08. 1835-1905f
Gm Anne Knutsdtr. Ivarslien. Barn: Relius (?) 1876- Dei budde i Ivarslien i Gol i 1867. Til Am. i 1868: Rock Dell.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Sanderson Sire Grandokken 26.01. 1840-1930
G 1867 m Anne Toresdtr. Bråten. Sjå Grandokken, gnr. 3/6.
2. Johannes Sanderson Sire StoredalsJordet 07.06. 1841-1919
G 1876 m Margit Olsdtr. Skjervheimshagen Gjesthaugen. Sjå Storedalsjordet, gnr. 6/6.
3. Ambjørg Sandersdtr. Sire #Rotneim 24.09. 1843-1929
G 1874 m Knut Olson Jonsgarden Rotneim 1833-1922. Barn: Ola 1875-1876; Ola 1877-1962; Sander 1879-1963; Liv 1881-1934 ug. 1 dotter: Alma 1915- ; Anders 1884-1950 g 1932 m Anne Rasmusdtr. Gjerden; Turid 1888-1950 ug. på Bekketun i Gol.
4. Sander Sanderson Sire 26.10. 1845-1846
5. Sander Sanderson Sire 06.05. 1847-
G 1882 m Ingeborg Skjærve Starkson. (Av Vadsø-slekt i Am.) Barn: Augusta 1883-1973, Burton 1885-1934 gm Emma Thompson, Sander 1887-1981; Louis 1890-1980 gm Alma Sevarson; Ida 1893-1966; Willie 1893-1977; Lena 1895-1960; Simon 1900- gm Alice Peterson. (814)
    Sander var skreddar i 1865. Til Am.1869: Winona, MN. Dei flytte fleire gonger, budde m.a. ved Shelburne i Lyon, Co MN.

Sander og Ambjørg gifte seg i 1822. På skiftet etter Ambjørg i 1837 var buet 125 spd. Han gifte seg opp att med Turid i 1838.
    I 1815 overtok Sander bygsla av Sire etter broren Torkjell. Han var bygselmann til 1855 då han kjøpte garden for 1000 spd og fekk kongeleg skøyte. Med dette var kyrkjegodset i myljo Sire utløyst, bonden var sjølveigar heretter. Men det var eit tungt lyft. I 1857 selde han frå Sirebråten, og i 1858 halve Svarvargarden med ein skogrem.
    Sander vart drepen pinsedagen 1858. Han sat i stugu og drakk kaffi med grannane sine, då Ola Asleson Slåtta d.y. kom inn i rusa tilstand og kravde Sander for 6 skilling. Sander jaga Ola ut med ein kjepp, men då fekk han eit dødeleg knivstikk. (1016)
   

{278} År: 1859

Torkjell Sanderson Sire 13.07. 1826-1909
Foreldre: Sander Olson Sire og Ambjørg Helgesdtr. Leikvoll.
Gm Kristi Eiriksdtr. Underåsen Sire 11.06. 1836-1895
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Rangdi Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Ambjørg Torkjellsdtr. Sire 27.08. 1860-1889
Gm Ola Olson Rikansrud 1851- . Barn: Ola 1880- gm Margrete Dahl (ingen barn); Gunhild 1881- "Gunda?" i Sioux Falls; Torkjell 1883- farmar i Lincoln Co. SD, gm Ella Stubberud (6 barn); Svein 1885- farmar i Brookings Co. SD, gm Emma Sørenson (3 barn); Randi 1886- ; Erick 1888- .
    Til Am.: Lincoln County, SD.
2. Randi Torkjellsdtr. Sire 10.04. 1863-1886
Ug. Randi skreiv dikt. (Sjå NU nr. 35 i 1905)
3. Birgit Torkjellsdtr. Sire 29.01. 1866-1868
4. Sander Torkjellson Sire 08.02. 1868-1949
Gm Anne Torsteinsdtr. Golberg, Gol 1867-1959. Sjå 1892-hushaldet.
5. Eirik Torkjellson Sire 07.11. 1870-1942
G 1894 m Kari Torsteinsdtr. Golberg. Sjå 1906-hushaldet.
6. Ola Torkjellson Sire 09.11. 1873-1877
7. Helge Torkjellson Sire 03.11. 1876-1876

Torkjell overtok garden 1859. Dei gifte seg i 1860. Torkjell var av dei som var skeptisk til papirpengar. Og det var med rette. Med ei kløvkiste nesten full av mynt kom han heldigt frå penge-reduksjonen og innvekslinga.

{279} År: 1892

Sander Torkjellson Sire 08.02. 1868-1949
Foreldre: Torkjell Sanderson Sire og Kristi Eiriksdtr. Underåsen.

Sander overtok garden i 1892. I 1894 kjøpte han Holmen gnr. 59/2 i Skoger.
    Sander selde Sire til broren i 1906 og kjøpte Skjervik i Sande i Jarlsberg. Kring 1914 kjøpte han Thorsrud i Røyken.
    Sander gifte seg med Anne Torsteinsdtr. Golberg, Gol 1867-1959. Barn: Ola 1892-1971 ug.; Torkjell 1894-1935 g 1919 m Sigrid Fusk, Askim (4 barn); Torstein 1896-1935 g 1931 m Elisabeth Johnsrud (1 barn); Kristine 1898-1968 g 1926 m Martin Tandberg (2 barn); Karoline 1901- g 1934 m Kristoffer Foss, Botne; Ambjørg 1903-1975 ug.; Sverre 1905- g 1936 m Gudrun Hagen (5 barn); Anna 1912- g 1934 m Even Melbostad, Oslo (3 barn). (1188) (1345)