Svarvargarden gnr. 4 bnr. 23
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svarvargarden gnr. 4 bnr. 23-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Svarvargarden var husmannsplass under myljo Sire fram til 1858. Garden ligg på sørsida av Storelva, på ei flate innved Skuleslåtta. Av husa står att ein gamal låve.
    Namnet på garden kjem av 'Nils Svarvar' som budde her i 1660-åra.
    Areal 1865: 2 1/2 mål åker, 12 mål naturleg eng, 2 mål dyrka eng, 7 1/2 mål utslått. Avling: 1 3/5 tunne bygg.
    Svarvargarden vart lagt under Skuleslåtta i 1890, og har sidan vore underbruk. Svarvarstølen vart frådelt 1944 og overført til Flatland.

{291} År: 1760c

Torjus Olson TorpoMoen Opsata 1720c-
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Margit Larsdtr. Grov? Svarvarplassen 1725c-1799
Foreldre: Lars ... ... . Ein gong vart ho kalla "Grov". Men ho er ikkje funnen som dotter til Lars Jonson Rotneim Flatagrov i Gol.
*Barn
1. Randi Torjusdtr. Svarvargarden Sire Byggjargarden 1748-1793s
Gm Knut Solveson Helling Byggjargarden Sire, gnr. 4/31.
2. Guri Torjusdtr. Svarvargarden Sveinslåtta 29.09. 1750-1814
G 1776 m Ola Knutson Kjellargard Håheim Sveinslåtta, gnr. 37/2.
3. Kari Torjusdtr. Svarvargarden Ramsviken 28.03. 1758-1845
Gm Arnfinn Halvorson Urden Ramsviken, gnr. 4/26.
4. Lars Torjusson Svarvargarden 24.04. 1763-

Torjus varsldat - han vart skadd av Knut Sveinson Høgset under eit bryllaup i Opheim 4. dag jul 1746. Men han stod det over.
    I 1748 var Torjus husmannsson, soldat og gift husmann under Opsata. Dette er truleg Torjus Olson skomakar.
   

{292} År: 1788c

Margit Syversdtr. Sire Svarvargarden 24.06. 1744-1836
Foreldre: Syver Tomasson Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.
Gm Ola Herbrandson Bjørøyen Svarvargarden 07.05. 1757-1821
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.

Margit var enkje etter Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Tolleiv Olson Sire.
    På skiftet etter Torkjell i 1784 var buet 44 rd underskot, og lausøyret vart selt på auksjon.
    I 1788 bygsla Margit halve Svarvargarden hjå stesonen Ola Tolleivson mot 2 ort årleg avgift.
    I 1794 fornya dei bygsla som ho hadde i Svarvargarden og "underliggende herligheder": ei rispling ved Bjørnehaugen, eit nyrydda seterstykke ved Storegrøven.
    Ola og Margit gifte seg i 1797. Presten skreiv på bygselbrevet: etter at Ola og Margit er avgått ved døden, skulle det oppdyrka jordstykket utanfor langstølen delast i to mellom bygselhavarane på Sire. (1259) s 441b
    Ola og Margit hadde også Rotneimøyen i Gol, men budde helst på Svarvargarden.
    På skiftet etter Ola i 1822 arva syskena 2 spd.

{293} År: 1812c

Guttorm Steingrimson Øyen Sire 1786-1859
Foreldre: Steingrim Oleivson ØvreRo - Bruvollen Øyen og Barbro Guttormsdtr. Devegge (Nes) frå Gol.
Gm Barbro Torkjellsdtr. Sire Svarvargarden 23.06. 1782-1869
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
*Barn
1. Guttorm Guttormson Svarvargarden 12.05. 1812-
G 1842 m Helge Larsdtr. Hulebakklien 1806-1846 (død av barsel- og sumpfeber). Barn: Birgit ....- ; Guttorm -.... .
    G 1851 m Liv Eivindsdtr. Dølehuso, Hems. Til Am. i 1846.
2. Torkjell Guttormson Svarvargarden 12.09. 1814-1882
G 1841 m Kristi Ellingsdtr. Vegards-eie, Flå 1800-1842. G 1847 m Berit Eivindsdtr. Nore-eie. (1345)
3. Steingrim Guttormson Svarvargarden 14.07. 1817-
G 1841 Eiker m Kirsti Kristensdtr. Stuvestad, Flesberg, 1820-1855. Barn: Maren Jørgine 1838- g 1865 m Fredrik Johannesen Kalbergeie (4 barn); Birthe Karine 1841-1926c gm Ole Johannes Svartskuren (6 barn); Gullik 1845- bonde på Herle i Skotselv, gm Maren Paulsen (4 barn); Kristian 1847- på søre Arneberg på Eiker, gm Olava Pedersdtr. ... (9 barn); Ola 1851- ; Torkjell 1853- .
    Gm Maret Eivindsdtr. ... , Flesberg. Barn Kjersti 1856- ; Edvard 1858.
    Steingrim reiste til Krødsherad i 1840. Dei budde på Steingrimsplassen på Eiker. Mange av folket på Steingrimsplassen reiste til Am., medan nokre vart att i Vestfossen. (Flesberg V 88) (1231) s 573, epost Kirsten Aas, Bent Nikolaisen.
4. Barbro Guttormsdtr. Svarvargarden Øyen 1822-1896
G 1859 m Håkon Olson Grandokken Øyen. Til Am. i 1870. Barn: Anne 1860-1862; Anne 1862-1863; Anne 1866-1942 til Am., g 1883 m Ola Olson Brenno (8 barn). (Gol V s 377)
5. Margit Guttormsdtr. Svarvargarden 1827-
Til Houston Co, MN. Levde i 1869. (1345)

Barbro og Guttorm gifte seg i 1814. Husmann under Svarvargarden. Guttorm var ute i krigen 1807-14.
    Guttorm kjøpte Øyno i 1814 for 100 rd, men reiste til Nes våren 1820. Han var i tenest hjå lensmann Ruud på Nes.
    Barbro og Guttorm selde Øyno og reiste til Am. i 1869. Dei tok seg land i Grafton, ND, reiste seinare til Canada.

{294} År: 1829

Nils Nilsson Sveinsgarden Sire 16.10. 1803-1847
Foreldre: Nils Nilsson Sveinsgarden Sire og Amalia Hansdtr. Qvam.
Gm Sissel Olsdtr. Gullhagen Sire 06.03. 1796-1846
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Bøygard.

Nils og Sissel gifte seg i 1829. Barn: sjå Byggjargarden, gnr. 4/31.

{295} År: 1847

Ola Person Uthalle Svarvargarden 06.01. 1804-1871
Foreldre: Per Knutson Øvre Uthallen og Kjerstine Arnfinnsdtr. Hersgard. (Gol III s 120)
Gm Margit Andersdtr. Rusten Svarvargarden 1796-1869
Foreldre: Anders Steingrimson Rusten og Mari Amundsdtr. Amundsli, Gol.
*Barn
1. Kolbjørn Olson Svarvargarden Skuleslåtta 30.10. 1833-1906
G 1862 m Kari Olsdtr. Skuleslåtta, gnr. 4/49. Sjå også neste hushald.
2. Per Olson Svarvargarden Trillhus 11.02. 1837-
G 1863 m enkje Guri Olsdtr. Noss Trillhus. Sjå Trillhus, gnr. 4/12.

I ekteskap med Kolbjørn Tidemannson Narum hadde Margit desse barna: Anders 1823-1912 på Jonsrudningen i Gol, gm Birgit Olsdtr. Jonsgarden (6 barn); Tidemann 1826-1881 gm Jørand Persdtr. Stuvebakken; Astrid 1830-1902 ug. på Svarvargarden.
    Kolbjørn og Margit budde i Narums-eie i Gol, Kolbjørn døydde i 1830.
    Ola og Margit gifte seg i 1833. Dei kom til Svarvargarden kring 1847. Han fekk skøyte på garden i 1859.
   

{296} År: 1862c

Kolbjørn Olson Svarvargarden Skuleslåtta 30.10. 1833-1906
Foreldre: Ola Person Uthalle Narum (Gol) Svarvargarden og enkje Margit Andersdtr. Narum.
Gm Kari Olsdtr. Skuleslåtta 05.10. 1823-1895
Foreldre: Ola Olson Vestenforslåtta og Guri Olsdtr. Svartebråten.

Kolbjørn og Kari gifte seg i 1862. Kolbjørn kjøpte Skuleslåtta i 1890. Og i 1900 budde familien i Skuleslåtta. Barn: sjå Skuleslåtta.