Sanderhaugen gnr. 4 bnr. 25
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sanderhaugen gnr. 4 bnr. 25-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sanderhaugen er eit småbruk som ligg på sørsida av Hallingdalselva. Bruket vart også kalla Sirehaugen den fyrste tida.
    Ved frådelinga i 1862 fylgde stølen Haugeholu med, storrsletta Husskoslætte på Veståsen, Haugeslette og eit slåttelende i Ridalen. I 1890 vart parsellen Sanderhaugen bnr. 50 frådelt nordre Sire og lagd til Sanderhaugen bnr. 25.
    Areal 1865: 1 1/2 mål åker, 8 mål naturleg eng. Avling: 1 tunne bygg.
    Areal 1995: Dyrka jord 4 mål som vert lånt bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 190 mål. Gamal stugu og driftsbygningar frå 1800-talet. Den gamle stugutufta med kjellar ligg omlag 45 m ovanfor (dvs. sør for) den gamle låven som står enno. Sanderhaugen vart fråflytt i 1971. Stugu vert leigd ut på åremål.
    Frå 1976 har Sanderhaugen vore tilleggsjord til Teigen (gnr. 96/6) i Kvinnegardslia.
   
   

{297} År: 1760c

Halvor Olson Sire Sirehaugen 1731-1811
Foreldre: Ola ... ... .
Gm Unn Syversdtr. Rotneim Sirehaugen 1741-1826
Foreldre: Syver Tomasson Tufto - Roen Rotneim og Gjertrud Andersdtr. Rotneim. (Gol V s 356)
*Barn
1. Syver Halvorson Sirehaugen 31.07. 1757-
Mora er oppgitt som jente Anne Syversdtr. ved dåpen.Truleg skal det vera Unn Syversdtr.
2. Gjertrud Halvorsdtr. Sire 12.12. 1762-
Gjertrud var mellom "fattige børn" i 1780. Uviss lagnad.
3. Ola Halvorson Sirehaugen 05.01. 1766-
G 1788 m Gro Knutsdtr. Øvre Breie. Barn: Margit 1789-1873 gm Ola Solveson Urden Haugeplass, Gol (4 barn); Halvor 1792- ; Guri 1794- (til Botne?); Unn 1796- .
    Ola og Gro flytte frå Sirehaugen til Dorteplassen i Gol (Haugeplass Rotneim) litt før 1800. I 1801 var Gro enkje og "betlar".

Halvor var ukonfirmert i 1758 og soldat i 1759. Halvor hadde fire legemål før han gifte seg i 1762. (Ola 1756-1756 og Ola 1758- m/Gjertrud Mikkelsdtr.; Kari 1756-1756 m/Kari Olsdtr. Bjørøyen; .... .)
    Halvor og Unn bar dottera Birte til dåp i Eiker Hovedkyrkje 24. mars 1769. Sidan ser ein ikkje meir til Birte.
    Var dei utanbygds ei tid? Barna Gjertrud og Ola var på legd i Ål i 1780.
    I 1801 var Halvor husmann med jord.
   

{298} År: 1788c

Ola Halvorson Sirehaugen 05.01. 1766-
Foreldre: Halvor Olson ... Sire/Sirehaugen og Unn Syversdtr. Rotneim (Gol).
Gm Gro Knutsdtr. Tune Sirehaugen 03.03. 1754-1836
Foreldre: Knut Tolleivson øvre Breie Tune Kvamen og truleg Margit Torgeirsdtr./Tolleivsdtr. Øvremyro (Hol).
*Barn
1. Margit Olsdtr. Sirehaugen Haugeplass 11.01. 1789-1873
Barn: Guri Torkjellsdtr. 1812- sjå barnebarn.
    G 1817 m Ola Solveson Urden Haugeplass i Gol. Barn: Kari 1817-ung; Solve 1818- død i Am.; Ola 1821- truleg g 1843 Borre m Helle Marie Larsdtr. Våla i Vestfold; Kari 1826-1906 g 1846 m Syver Aslakson Sørbøenston. (Sjå nedre Ton gnr. 23/8) og (Gol V s 315)
2. Halvor Olson Sirehaugen 1792-
Truleg død i 1790-åra.
3. Guri Olsdtr. Sirehaugen 1794-
4. Unn Olsdtr. Sirehaugen Arnegardshagen 04.12. 1796-1887
G 1818 m Ola Tolleivson Arnegard Arnegardshagen, gnr. 91/10.
*Barnebarn
1. Guri Torkjellsdtr. Sirehaugen 19.09. 1812-
G 1846 i Borre m Kristoffer Olson ... (1077) s 4)
    Foreldre: Torkjell Syverson Torpo (ungkar) og Margit Olsdtr. Sire (1. lm. )
    Guri var enkje og busett i Horten i 1865 og 1873.

Ola og Gro gifte seg i 1788. Dei skreiv seg Sirehaugen. Ola døydde i 1790-åra.
    Som enkje kom Gro og ungane til Dorteplassen/Haugeplass i Gol mellom 1796 og 1801. I 1801 budde ho saman med to andre enkjer og barna. Alle 9 er oppførte som betlarar.

{299} År: 1812

Sander Sanderson Tufte Sanderhaugen 1770-1849
Foreldre: Sander Holgeson Ruud Sire og Gunvor Eivindsdtr. Hovde.
Gm Guri Torkjellsdtr. Sire Sanderhaugen 16.04. 1769-1841
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien øvre Sire og Margit Syversdtr. Sire.
Gm Ingeborg Persdtr. Vestaforhaugen Sanderhaugen 1792-1879
Foreldre: Per Olson Vestaforhaugen og Guri Olsdtr. Kolbotten under Hersgard (?). (Sjå Gol IV s 397)
*Barn elles
1. Guri Herbrandsdtr. Sanderhaugen 30.09. 1829-1902
G 1853 m Halvor Hansson Nubgarden Sanderhaugen. Sjå 1865-hushaldet.
    Foreldre: Herbrand Knutson Jegleim m/Ingeborg Persdtr. Vestaforhaugen Sanderhaugen.

Sander og Guri gifte seg i 1810. Han bygsla Sanderhaugen i 1812.
    Som enkjemann gifte han seg opp att 1843 med Ingeborg. Dei var barnlause. Men Ingeborg hadde ein son med Ola A. Olsgard: Ola 1819- (ukjend lagnad) og ei dotter. (sjå nedanfor)
   

{300} År: 1862


Sanderhaugen vart frådelt Myljo Sire 1862 og skøytt til Sander H. Tufto. Han selde bruket i 1870 til Halvor Hansson og kona, dvs. dei som hadde vore leiglendingar frå om lag 1865.

{301} År: 1865c

Guri Herbrandsdtr. Sanderhaugen 30.09. 1829-1902
Foreldre: Herbrand Knutson Jegleim og Ingeborg Persdtr. Vestaforhaugen (Gol) Sanderhaugen.
Gm Halvor Hansson Nubgarden Sanderhaugen 11.01. 1824-1897
Foreldre: Hans Nilsson Nubgarden og Ragnhild Olsdtr. Gutigarden (Gol) Medhus.
*Barn
1. Ingeborg Halvorsdtr. Sanderhaugen 30.09. 1861-1933
G 1899 m Svein Halvorson Eilevstølen Sanderhaugen. Sjå neste hushald.

Guri og Halvor gifte seg i 1853. I 1865 var dei leiglendingar på Sanderhaugen løpenr. 11f og 12 c. Dei fekk skøyte på Sanderhaugen i 1870.

{302} År: 1900

Ingeborg Halvorsdtr. Sanderhaugen 30.09. 1861-1933
Foreldre: Halvor Hansson Nubgarden Sanderhaugen og Guri Herbrandsdtr. Jegleim (Gol).
Gm Svein Halvorson Eilevstølen Sanderhaugen 23.03. 1861-1906
Foreldre: Halvor Sveinson Nupestølen Eilevstølen og Sissel Tolleivsdtr. Opsata.
*Barn
1. Sissel Sveinsdtr. Sanderhaugen 23.01. 1901-1901
Sissel fekk kolera.

Ingeborg og Svein gifte seg i 1899. Ingeborg vart tidleg enkje. Ho plukka mykje bær om haustane og selde, - og budde livet ut på Sanderhaugen.