Sire, nedre gnr. 4 bnr. 28
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sire, nedre gnr. 4 bnr. 28-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Sire er den vestre halvparten av Myljo Sire. Garden skatta av 6 laupsbol og låg under presten frå gamalt, dvs. bonden var bygselmann. Fyrst i 1856 fekk bonden skøyte på garden. Sjå også innleiinga til Øvre Sire.
    I daglegtale vert garden kalla Nistugu eller Nedre Sire. Tunet ligg truleg på opphavleg stad. Stadnamn: Haugaåkeren, Dekkane og Gamletræet.
    Areal 1865: dyrka jord 27 1/2 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 56 mål. Avling 33 tunner bygg og 30 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål og anna areal 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 1400 mål, utmark 220 mål.
    Våningshus bygt 1940; hallingstugu bygd 1901, loft, driftsbygning 1930, gardssmie.
    Stølane Hovda og Sirestølen vart fråselde etter odelsløysinga i 1907. Garden har fiskerett i Bausta.
   
{315} År: 1750
Kari Olsdtr. Sire Bjørøyen 1722.-
Foreldre: Ola Halvorson Nedre Sire og Gjertrud Tomasdtr. Sire.
Gm Syver Knutson Sire 1706-1757
Foreldre: Knut Halvorson Øvre Sire og Ingebjørg Bjørnsdtr. Frøysok (Gol).
*Barn
1. Knut Syverson Sire 23.04. 1752-
Ug. Knut arva "en del ubetydelige penger". For desse gav han seg inn hjå Ola Tolleivson Sire på kår, mot at Ola skulle overta eiga etter Knut. Kår: 1 ku framfødd (fritt val mellom kyrne til Ola ), 3 tunner bygg, 1 tunne brødkorn, varmt hus på plassen Tufteslåtta og oppvarting under sjukdom, 3 settung salt og ei sømeleg gravferd. (1221) s 116
Syver fekk bygselbrev hjå presten Niels Ribe på ein del i myljo Sire i 1750. Bygselretten til Sire (6 lb.) overtok han frå Ola Olson Sire i 1752.
    På skiftet i 1757 var det 157 rd å dele. Husdyr: 7 kyr, 2 kalvar, 5 geiter, 7 sauer og 1 hest.
{316} År: 1760c
Tolleiv Olson Bjørøyen Tufteslåtta 1726-1787
Sjå Bjørøyen, gnr. 1/1 og Skuleslåtta, gnr. 4/49.
Foreldre: Ola Gjermundson Bjørøyen og Sigrid Embriksdtr. Opheim.
Tolleiv Olson hadde vorte eigar av halvparten av Sire før 1762. Sonen overtok kring 1787.
{317} År: 1787c
Ola Tolleivson Sire Vestenfor 31.05. 1764-1851
Foreldre: Tolleiv Olson Bjørøyen Sire og Kari Olsdtr. Sire.
Gm Kari Nilsdtr. Nyhus Sire Vestenfor 22.09. 1765-1837
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire og Guri Helgesdtr. Lien.
Ola og Kari var på garden om lag 5 år. Sjå Tufteslåtta og Vestenfor, gnr. 1/6.
{318} År: 1793
Per Arneson Bøygard Moslåtta 18.03. 1746-1801
Foreldre: Arne Person Bøygard og Guri Olsdtr. Lå nordre.
Gm Barbro Olsdtr. Opheim Sire 20.03. 1763-1847
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Margit Larsdtr. Opheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Persdtr. Sire Bjørøyen 17.01. 1796-1841
G 1821 m enkjemann Syver Olson øvre Bjørøyen, gnr. 5/1.
2. Ola Person Sire 19.02. 1797-1867
G 1828 m Ingeborg Solvesdtr. Helling. Sjå Kringla, gnr. 10/14.
3. Tore Person Sire Torebråten 07.10. 1798-1891
G 1828 m Birgit Larsdtr. Vesledal. G 1837 m Ragnhild Aslesdtr. Helling. Sjå Torebråten.
4. Rasmus Person Sire 04.05. 1800-
G 1826 m Berte Jakopsdtr. ... , tenestjente på Drolshamar. Barn: Pauline 1825- . (Klokkarbok Norderhov 1826)
    Rasmus flytta til Drolshammer i Sokndalen for å gifte seg i 1825.
Per bygsla nedre Sire 1793-1800. Barn i fyrste ekteskap med Guri Embriksdtr. Skjervheim står i Moslåtta.
    Per vart attgift 1795 med Barbro Olsdtr. Opheim. Og Barbro gifte seg opp att med Hermann Syverson Sørbøen Bjørøybråten i 1804. (Sjå Vestenforslåtta)
    I 1806 gav Per fråsegn om at arven til Rasmus og broren Tore skulle gå til 'deres nødtørft og oppdragelse'.
{319} År: 1800
Håkon Olson Opheim Utluteigen 08.06. 1756-1823
Gm Turid Olsdtr. Medhus. Sjå Utluteigen, gnr. 22/5d.
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Margit Larsdtr. Opheim.
Før Håkon Olson kom til Sire hadde han budd på plassen Utluteigen under garden Opheim.
    Håkon bygsla 1800 Sire 6 lb. hjå presten mot ei årleg leige på 3 mælar korn. Tidlegare bygslar Per Arneson skulle ha kår. (1259) s 484b
    Ungane er førte på Opheimsjorde. Dottera Margit og mannen overtok Sire i 1811.
{320} År: 1811
Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire 1787-1848s
Foreldre: Håkon Olson Opheimsjorde Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
Gm Hermann Syverson Torpehagen Sire 30.12. 1782-1870
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Ola Hermannson Sire 14.08. 1807-1896
Gm Dordei Halvorsdtr. Bråten. Neste hushald.
2. Syver Hermannson Sire 12.08. 1809-1810
3. Syver Hermannson Sire Evjen 06.02. 1811-1882
G 1837 m Mari Hallgrimsdtr. Evjen, gnr. 1/13.
4. Anne Hermannsdtr. Sire Sveinsgarden 24.07. 1813-1895
G 1838 m Ola Olson nedre Sveinsgarden, gnr. 4/42.
5. Turid Hermannsdtr. Sire Gåsterud 23.11. 1815-1902
G 1842 m enkjemann Holge Holgeson Gåsterud, gnr. 16/1.
6. Håkon Hermannson Sire 02.07. 1818-1820
7. Håkon Hermannson Sire 21.10. 1820-1910
G 1847 m Amalie Nilsdtr. Sveinsgarden. Sjå Byggjargarden år 1847.
    Barn i USA: Oline 1864-1958 gm Kina-misjonær Sigvald Netland (2 barn) (1408), (1661). Av 10 barn voks 7 opp.
    Til Am. i 1861: Norseland, Nicollet Co MN. Sjå boka "Skovholt-Hermandsen Family historie" av Nils Skovholt.
8. Torkjell Hermannson Sire 23.11. 1822-1901
Barn: Margit 1869-1950 gm Ola Halvorson Toppen, farmar ved Kindred, ND. Ugift handelskar. Torkjell dreiv stort med smørhandel, kjøpte opp i Hallingdal og selde i Drammen og Kr.ania. Då Torkjell var død i 1901, sette buet to karar til å ordne og avvikle forretningane.
9. Ola Hermannson Sire Opheim 05.03. 1825-1884
G 1864 m Rangdi Knutsdtr. Karigarden Opheim, gnr. 22/57. Sjå også Bjørøyen, gnr. 1/1.
10. Ingrid Hermannsdtr. Sire Bråtalien 19.07. 1827-1914
G 1845 m Lars Botolvson Bråtalien, gnr. 4/1.
11. Birgit Hermannsdtr. Sire 31.10. 1829-1890
G 1863 m Håvel Sevatson Treverket, Gol 1831-1913. Ingen barn.
12. Guri Hermannsdtr. Sire Torkjellsgard 28.08. 1832-1915
G 1858 m Elling Olson Torkjellsgard, gnr. 90/1.
13. Lars Hermannson Sire 14.11. 1834-1845
Hermann og Margit gifte seg i 1807. I 1811 overtok dei bygsla av 6 lb. i Sire etter far hennar Margit.
    I 1812 var Hermann Sire utkommandert til krigen. Svigerfaren Håkon, som då var blind, var med og staura korn så godt han kunne. Då Hermann fekk heimlov ved krossmesse for å sjå til med gard og avling, stod åkeren grøn. Neste morgon var alt kornet frose. Hermann brydde seg ikkje om åkeren, han reiste opp i åsen og slo storr i staden. Isen bar på storrmyrane. 1812 vart eit fælt uår i fjellbygdene. (Mehlum 1903/41)
    Hermann vart skadd i eit fylle-slagsmål med Syver Storedal i 1835. Hermann kjøpte nordre Torpo hjå far sin, men selde den garden til brørne Knut og Sander og tok seg kår ved forlik i 1841. (1544)1407
    Hermann fekk skøyte på Sire i 1846 for 600 spd. Sonen Ola overtok våren 1848.
{321} År: 1848
Ola Hermannson Sire 14.08. 1807-1896
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde.
Gm Dordei Halvorsdtr. Bråten Sire 11.08. 1821-1861
Foreldre: Halvor Oleivson Bråten og Eli Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Sire Helling 07.08. 1841-1931
G 1871 m Nils Johannesson Opheim Garden nordre Helling, gnr. 20/5. (Dottera deira løyste garden på odel i 1907.)
2. Eli Olsdtr. Sire Hamaren 03.08. 1843-1943
G 1868 m Ola Hermannson Hamaren - Breibrenna, gnr. 4/43.
3. Turid Olsdtr. Sire 14.09. 1846-1846
4. Anne Olsdtr. Sire Åsegarden 05.08. 1847-1934
G 1877 m Embrik Olson Åsegarden, gnr. 22/45.
5. Guri Olsdtr. Sire Sørbøl 28.09. 1850-1926
G 1879 m Knut Larsson Sørbøel, Gol. Barn: Sigrid 1880-1915 ug.; Dordei 1881-1962 ug.; Lars 1884-1946 ug.; Margit 1887-1966 g 1921 m Ola Halvorson Sørbølhaugen (ingen barn); Ola 1891-1893.
6. Turid Olsdtr. Sire 19.01. 1854-1859
7. Hermann Olson Sire 24.09. 1856-1931
G 1877 m Ingrid Jørgensdtr. Dokken frå Nes. Sjå neste hushald og Bjørøyen, gnr. 1/1.
8. Birgit Olsdtr. Sire Nyhus 1858-1940
Gm Nils Nilsson Nyhus 1858-1920. Minst 1 barn.
    Busett i N-Dakota. I 1945 var ho enkje og busett i Roseau, MN.
9. Turid Olsdtr. Sire 17.07. 1861-1861
Ola og Dordei gifte seg i 1840. Dei fekk skøyte på garden i 1847. Dordei døydde i barselseng. Sonen Herman tok over i garden i 1877.
{322} År: 1877
Hermann Olson Sire 24.09. 1856-1931
Foreldre: Ola Hermannson nedre Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
Gm Ingrid Jørgensdtr. Dokken Sire 04.12. 1855-1945
Foreldre: Jørgen Nilsson Dokken i Nes og Ingeborg Nilsdtr. ... .
Hermann og Ingrid gifte seg i 1877. Ingen barn.
    Same året overtok Hermann nedre Sire. Han selde garden or slekta i 1906. Sjå Bjørøyen, gnr. 1/1. Hermann og Ingrid var rentenistar då dei døydde 1931 og 1945.