Herbrandstugu gnr. 4 bnr. 28
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Herbrandstugu gnr. 4 bnr. 28b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sire-moen eller Herbrandstugu låg like ova riksvegen på moen aust for nedre Sirerudningen. Herbrand-stugu vart selt og står no (påbygd og kledd) som hytte på Wangen Camping. Sjå foto. I dag syner berre tufta så vidt i øvre vegkanten av riksvegen.

{331} År: 1863c

Herbrand Olson Ivarslien Sirerudningen 1816-1876
Foreldre: Ola Herbrandson Jonsgarden Ivarslien og Randi Torsteinsdtr. Eikre. (Sjå Gol V s 108)
Gm Kari Solvesdtr. Kanafetmyro Sirerudningen 26.05. 1826-1901
Foreldre: Solve Knutson Sire - Byggjargarden Kanafetmyro og Ingeborg Oleivsdtr. Bergsgard.
*Barn
1. Ola Herbrandson Sirerudningen Bruteigen 19.08. 1847-1938
G 1879 m Kari Tolleivsdtr. Haugo. Sjå Bruteigen, gnr. 11/12.
2. Ingeborg Herbrandsdtr. Sirerudningen Borgersen 24.11. 1849-
G 1875 m Borger Olsen Lie, Vestfossen 1848-1931. Barn: Ole 1874- ; Karoline 1876- g 1920 m Peter Toresen; Olava 1878- gm Teodor Olaussen; Ole 1880- g 1903 m Martha Elise Andersdtr. Semsmoen, Hokksund; Herman 1884- ; Herman 1885- g 1916 m Martha Evensen; Inga Ottea 1889- g 1909 m Peder Leonard Petersen; Ragna 1891- g 1918 m Syvert Oskar Wilhelm Løff.
    Ingeborg og Borger budde på Åseie på øvre Eiker i 1876. Ho var død før 1901. Dei skreiv seg Borgersen. Borger var gruvearbeidar. (Oppl. v/ Kjell Horgen)
3. Torstein Herbrandson Sirerudningen 07.03. 1853-
Torstein var ukonfirmert då han reiste til Am. i 1870.
4. Solve Herbrandson Sirerudningen 22.03. 1855-
Solve var ukonfirmert då han reiste til Am. våren 1873: Milwaukee, Wisc. Busett i MN.
5. Rangdi Herbrandsdtr. Sirerudningen 17.02. 1866-1867
6. Ola Herbrandson Siremoen Sirerudningen 27.12. 1868-
Ola reiste til Am. i 1886.
7. Rangdi Herbrandsdtr. Siremoen Sirerudningen 11.02. 1872-
Gm Anders Johansen, Bohuslen Sverige 1864- . Barn: Karoline 1893- ; Herman 1897- ; Torstein 1899- ; ... .
    Ho var 'husmannsdtr. utflytt til Østre Aker for ekteskap i 1896'. Dei budde på Bellevue i Aker i 1900, Anders var køyrekar på blykvitt-fabrikken.
*Barn elles
1. Knut Person Siremoen 26.02. 1863-
Foreldre: Per Syverson Bjørøyen og Kari Solvesdtr. Sire-eie.
    Knut reiste ut omlag 1877, arbeidde ei tid i Drammen og Skoger. Så tok han arbeid som lettmatros på barken 'Karen Elise' (Tønsberg) og forliste med denne. Han vart heimsendt av konsulen i Skjeld (? Sjelland?), men reiste nok ut att. I 1901 var han sjømann med ukjent opphaldstad. Kanskje havna han i Wyndmere, ND, vart gift med ei hallingjente og far til m.a. Oscar født 1891- . Oscar sin far heitte "Knut Sire" . (1235) s 863

Herbrand og Kari gifte seg i 1847, men hadde berre mellombels husvære kring på bygda. Herbrand rota seg opp i litt av kvart. I 1840 vart han sett under tiltale for å ha kalla mor si "Liatjuven" og truga ho på livet. Han vart ilagd livsvarig festningsarbeid og tap av all morsarv for dette. Men eitt år seinare var han ute att. Sidan vart det ymse nye påfunn.
    Ein gong laga Herbrand oppstyr i fylla på Nes: med pistol i handa vavra han på gata, skræmde folk og tok styringa av hestar til reisande. Deretter herja han inne på krambua til Rømke. Slike opptrinn førte til fleire dommar med tukthus og straffarbeid utover 1850-åra.
    Då Herbrand og familien var husville i 1860-åra vart det sett opp ei lita stugu på furumoane vest for Trillhus. Fattigkommisjonen kunne ikkje la dei bu 'på slette marken under open himmel'. Her var han husmann utan jord.
    I 1870 fekk Herbrand arbeid som "buse" eller "ståtarkonge", dvs. han skulle hindre fant og omtreifarar i å koma inn i Ål. Til dette lønna vervet høyrde sabel og ei luve som det stod "Bygdevegter" på. (Ål II s 205) Men det var nok ikkje berre moro med slikt eit verv.
    Ein gong vart ein svensk omstreifar skyssa ut att or Ål. Han hytta åt Busen og ropte: "Viss Busan rører svenskan, så bære Busans sjel!" I Hol II s 445 er det ei soge som kan ha med Herbrand å gjera: Busen skulle jaga ei krokut 'fantekjering' som gjekk med to stavar. Då forrekna Busen seg. Fantekjeringa var såpass 'rødig' at Busen vart mørbanka og mista fleire tenner. (Truleg var 'fantekjeringa' ein utkledd kar. )