Byggjargarden gnr. 4 bnr. 31
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Byggjargarden gnr. 4 bnr. 31-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Namnet Byggjargarden har truleg ein samanheng med "Byggjaren", dvs. Hallstein Bjørnson Lauvsletten (1769-1853). Han var ein handverkar som vølte stavkyrkja i Torpo, og så vart han verande i bygda. Hallstein kan ha budd i Byggjargarden før han kom til Lauvsletten.
    Det vart fortalt at garden Myljo Sire ein gong vart delt mellom to brør og ei syster, brørne fekk 6 lb. kvar, medan systerluten var på 4 lb. Dvs. Byggjargarden. (Fortalt av Olav Sire.) (Etter vanleg praksis i gamal tid arva ei datter halvparten av ein bror.)
    Byggjargarden under Myljo Sire vart bygsla bort av presten i 1740-åra. Prestesonen Hans Jørgen Qwam i Nubgarden bygsla også Byggjargarden hjå far sin. Byggjargarden kom på auksjon i 1780 og var eigen gard fram til omlag 1873, då den kom under nedre Tomasgarden.
    Ingen hus står att, men tuftene syner at tunet låg ovanfor bygdevegen, rett opp for nedre Sire. På Sirestølane ligg Byggjarvollen.
   
{333} År: 1758
Ingrid Olsdtr. Nubgarden Hagen 1735c-1800
Foreldre: Ola ... Gunhildgard og Margit Knutsdtr. Nubgarden.
Gm Torkjell Syverson TorpeHagen 1716-1765
Foreldre: Syver Olson Torpo søre Hagen og Guri Sandersdtr. Ruud.
Torkjell overtok Hagen (8 lb.) på skiftet etter faren i 1721 og mora i 1749.
    Torkjell overtok bygsla på livstid i 1758 etter Ola Syverson. (Som skulle "forundes noget til livsophold efter forening". Ingen av Ola Syverson sine arvingar ville inngå slik avtale. Torkjell skulle arve alt etter Ola Syverson og kona. ) Lagrettemann frå 1750. Syskenpartane vart løyste ut i 1759.
    På skiftet etter Torkjell i 1765 var det 266 rd å dele på enkje og ungar. Garden var taksert til 400 rd. Ingrid vart attgift med Halvor Olson Slåtten (Torpeslåtta?) Hagen.
{334} År: 1768
Hans Jørgen Nilsson Qwam 1740.-1780s
Foreldre: prest Nils Nilsson Qvam og Amalia Knutsdtr. Solberg, Ramnes.
Gm Dordei Solvesdtr. Nubgarden Nyhus 27.10. 1748-1813
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Hans Jørgen bygsla Sire i 1768 hjå far sin. Presten skreiv då slik: "Siden hand ikke har løst til andet end bondestanden." Han kjøpte jord, og sat etter kvart med 4 lb. i Sire.
    Men Hans Jørgen var ein ihuga bonde og ville ha meir jord. Det fekk han i 1772 då han bygsla Nubgarden etter svigermora Kari Halvorsdtr. Ho skulle ha slikt kår: 3 tunner godt korn, 1 kvartel rug, 1/2 bismarpund humle. Dertil skulle fødast 2 kyr og 4 småfe. Hans Jørgen brukte båe gardane. NB. Kyrkjeboka nyttar slektsnamnet hans og ikkje gardsnamnet. Såleis kan ein ikkje sjå om han budde på ein av eller på båe gardane. Barna er førte opp under Nubgarden.
    I 1776 kom Torpo stavkyrkje på auksjon. Saman med Halvor K. Opheim slo Hans Jørgen til og kjøpte kyrkja for 244 rd. Sjå meir under Nubgarden.
    Hans Jørgen reiste til Branes våren 1780 etter eit korn-lass. Då han i kveldinga kom til Bromma, høyrdest rop frå ein som hadde køyrt nedi. Hans Jørgen sprang til for å hjelpe, men det det gjekk ikkje betre enn at han drukna sjølv. På skiftet etter Hans var det 793 rd å dele på enkje og fire barn. Det minste barnet vart født etter at skiftet hadde begynt.
    Dordei vart attgift 1781 med Eilev Olson Skjerping Nyhus Nubgarden.
{335} År: 1780
Knut Solveson Nubgarden Sire 29.09. 1750-1821
Foreldre: Solve Knutson Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Randi Torjusdtr. Svarvargarden Sire 1748-1793s
Foreldre: Torjus Olson Leikvoll Svarvargarden og Margit Larsdtr. Grov (Gol).
*Barn
1. Solve Knutson Sire Myro 04.09. 1774-1837
G 1807 m Ingeborg Oleivsdtr. Bergsgard. Sjå Eggertmyro, gnr. 36/6.
2. Kari Knutsdtr. Sire Skjervheim 01.06. 1777-1847
G 1798 m Ola Guttormson Bergsgard, sjå Tråo, gnr. 43/1a. G 1818 m enkjemann Syver Embrikson myljo Skjervheim, gnr. 35/3.
    G 1830 m Per Knutson Arnegard GurigutMoen, gnr. 23/2.
3. Torjus Knutson Sire Vestaforslåtta 22.08. 1779-1867
G 1821 m Guri Olsdtr. Hageslåtta. Sjå Hagaplassane, gnr. 8/1c.
4. Margit Knutsdtr. Sire Storedal 05.05. 1782-1871
G 1821 m Botolv Olson Storedalsjordet, gnr. 6/6.
5. Halvor Knutson Sire 1785-1864
Ugift, vanfør på legd. Han vart kalla 'Halvor Vanfør'.
6. Hans Knutson Sire 01.05. 1788-1793f
7. Marte Knutsdtr. Sire 1791-1793f
Knut kjøpte Byggjargarden Sire på auksjon i 1780. Som enkjemann selde han garden 1794 til Svein Ivarson, men budde likevel på garden fram til om lag 1801.
    Knut gifte seg opp att 1802 med enkje Kari Tolleivsdtr. Dusegard Odden under Nyhus. Dei siste leveåra budde dei i Vestaforslåtta.
   
   
{336} År: 1794
Svein Ivarson Sire 1752-1816c
Foreldre: Ivar Sveinson Noss Gunhildgard Sire og Liv Larsdtr. Gjeldokk.
I 1794 kjøpte Svein garden Sire for 640 rd og kår til Knut Solveson, og selde att etter 3 år. Men i 1806 kjøpte ein Svein Ivarson Flategro (Gol) løysingsretten til Sire hjå ein Solve Knutson. Pris 60 rd. (1536)276
    Var det Svein som gjekk på legd frå 1814 og utover og døydde i 1816? (777)
{337} År: 1797
Halvor Herbrandson Bjørøyen Sire 1757-
Foreldre: Herbrand Olson øvre Bjørøyen og ... ... ...
Gm Liv Jørgensdtr. ... Sire 1751-
Foreldre: Jørgen ... ... og ...
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Halvorsdtr. Sire Bankohuset 1796-
Gm Kristian Eivindson Gudbrandsrud (Nes) Bankohuset.
Halvor vart attgift med Liv Jørgensdtr. Fyrste kona er ikkje kjent. (Halvor var i andre ekteskap i 1801.)
    I 1797 kjøpte han Sire Byggjargarden hjå Svein Ivarson for 698 rd og kår til Knut Solveson. Halvor og Liv selde for 900 rd i 1806. Kjøpar var Torjus Knutson. (1536)275b
   
{338} År: 1806
Torjus Knutson Sire Vestaforslåtta 22.08. 1779-1867
Foreldre: Knut Solveson Helling d.y. Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden.
G 1821 m Guri Olsdtr. Hageslåtta. Torjus kjøpte Sire Byggjargarden for 900 rd i 1806. (1536)275b
    Men han selde vidare same dag, både garden og noko arv for til saman 1800 rd. Kjøpar var Nils Nilsson Sire. Sjå Hagaplassane, gnr. 8/1c.
{339} År: 1806.
Nils Nilsson Sveinsgard 26.07. 1767-1848
G 1795 m Amalia Hansdtr. Qvam.
Foreldre: Nils Bjørnson Sire-Sveinsgarden og Guri Helgesdtr. Lien.
Sjå øvre Sveinsgarden. Nils hadde både Sveinsgarden og Byggjargarden. I 1807 heitte det at Byggjargarden hadde vore utan fastbuande folk i 12-14 år.
{340} År: 1825
Nils Nilsson Sveinsgard Sire 16.10. 1803-1847
Foreldre: Nils Nilsson Sveinsgarden Sire og Amalia Hansdtr. Qvam.
Gm Sissel Olsdtr. Gullhagen Sire 06.03. 1796-1846
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Amalia Nilsdtr. Sire 30.12. 1829-1907
G 1847 m Håkon Hermannson Sire. Neste hushald.
2. Sissel Nilsdtr. Sire Engene 07.12. 1832-
G 1854 m Lars Olson Engjo, Gol. Barn: Ola 1854- ; Anne 1856-1856; Anne 1857- ; Sissel 1859- .
    Dei selde Engjo under Eiklid i 1859 og drog til Am. i 1861.
3. Haldis Nilsdtr. Sire 27.02. 1836-1839
Koppar.
4. Haldis Nilsdtr. Sire 28.06. 1839-
Til Am. Preste-attest i 1861.
Nils overtok garden ved skøyte frå faren i 1825. Sissel og Nils gifte seg i 1829.
{341} År: 1847
Amalia Nilsdtr. Sire 30.12. 1829-1907
Foreldre: Nils Nilsson Sveinsgarden Sire og og Sissel Olsdtr. Gullhagen.
Gm Håkon Hermannson Sire 21.10. 1820-1910
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen nedre Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Nils Håkonson Sire 25.09. 1848-1918
G 1869 m Mary Johnson Berge eller Eidom, Selbu 1843-1928. Barn: Anna 1870-1870; Haagen 1871-1876; Anna 1873-1951 gm Julius Skovholt; Haagen 1875-1876; Herman 1877-1918 farmar gm Marie Sethre (4 barn); John 1879-1953 advokat/dommar, gm Mamie E. Smith (3 barn); Alfred 1882-1963 hotellvert i Fergus Falls gm Ellen Fjestad (5 barn), gm Esther Serena Anderson (2 barn); Helen Emily 1884-1937 gm Bernard Lein (4 barn); Nicolai 1886-1964 overtok farmen, gm Inga Marie Fjestad (4 barn). (1434)
    Nils utvandra til Am. i 1861: Fergus Falls, MN. Dei tok homestead i Ottertail Co., MN i april 1871. Han tok på seg oksespann-køyring for å tene pengar til å byggje opp farmen. Nils var ivrig fråhaldsmann og senator-kandidat for Forbudspartiet i Ottertail Co. i 1896.
    Ein præriebrann i 1875 svidde av alt dei hadde bygt. Det tok fleire år før dei kom på fote att, han kjøpte meir land og bytomter. Ei syster var gift med Kina-misjonær Netland. Nils underheld sjølv ein annan misjonær i Kina. (1402)
2. Hermann Håkonson Sire 02.04. 1850-1888
Gm Borghild Olsdtr. Huus (Bergaplass) 1863-1924. Barn: Henry 1885-1964 gm Inga Augusta Ness (3 barn); Hermina 1889-1975 doktor, gm dr. Hugo Hartig (4 barn). Pionerfarmar i Richland Co ND. (1661)
3. Lars Håkonson Sire 13.08. 1852-1910
"Lewis". Gm Caroline Haugen 1864-1940. Barn: Helmer 1885-1963 farmar; Alma 1886-1964; Selma 1887- gm Clarence Evenson (2 barn); Olga 1889- ; Sophia 1890- ; Clara 1892- gm E.R. Newell (2 barn); George 1893-1963 gm Stella A. Hanson (3 barn). (1661) Til Am. i 1861: farmar i Norseland, Nicollet Co MN.
4. Margit Håkonsdtr. Sire Huus 05.10. 1854-1904
Gm Svein Anderson Huus. (=Hansebråten) Barn: Lena 1880-1930 g 1903 m Helge Johnson (3 barn); Anders 1881-1960 g 1909 m Lena Lyste (4 barn); Hermann 1883-1969 g 1915 m Louise Lukkasen (5 barn); Thea 1887-1888; Thea 1889-1911; Selma 1891-1942 ug.; Helena 1894-1956 g 1914 m Olaf Erickson (1 barn). (1574)
    Til Am 1861: Hatton, ND.
5. Sissel Håkonsdtr. Sire Erickson 20.01. 1858-1923
Gm Hans Erickson 1852-1926. Barn: Alfred 1884-1965; Mary Albertine 1885- gm Charles R. Lee; Lena Georgina 1887- gm John Lenvik Kjos (1 barn); Helmer 1888-1897; Alvin Oliver 1890-1960 gm Julia Johnson (4 barn); Henry Nicolai 1891-1952 gm Mary Halmrast (8 barn); Edward 1894-1965 gm Agnes Martinson (2 barn). (1661)
    Sissel reiste til Am.
6. Anne Håkonsdtr. Sire Ericksen 16.05. 1860-1879
Gm H. Ericksen. Til Am. 1861.
   
    Håkon og Amalia sine barn i USA: Oline 1864-1958 gm Kina-misjonær Sigvald Netland (2 barn); Ole ....- ; Helena ....- .
Amalia fekk garden på skiftet etter faren i 1847 og gifte seg med Håkon same året.
    Til Am. i 1861: Norseland, Nicollet Co, MN.
    Utdrag frå 1870 folketellinga: 80 acres dyrka land; 10 acres skog; 160 acres anna land. Dei hadde 4 hestar; 7 mjølkekyr, 2 oksar (trekkdyr); 11 storfe; 10 sauer og 3 grisar.
    Dei fekk 800 bushels vårkveite, 200 b. havre og 80 b. bygg.
    Dei var mange år i Kina, og deretter busette i Northfield, MN i 1918. Sjå boka "Skovholt-Hermandsen Family historie" av Nils Skovholt.
   
{342} År: 1861
Sander Holgeson Tufto 29.06. 1806-1873
G 1834 m Birgit Torjusdtr. Finnesgarden.
Foreldre: Holge Sanderson Sire og Margit Olsdtr. Barskrind.
Sander kjøpte Byggjargarden i 1861, og skøytte garden vidare i 1873.
{343} År: 1873
Torjus Sanderson Tufto Tomasgarden 20.10. 1841-1928
G 1876 m Guri Nubsdtr. Medhus/Sire.
Foreldre: Sander Holgeson Tufto og Birgit Torjusdtr. Finnesgarden.
Torjus kjøpte Byggjargarden i 1873. Sidan har garden lege under nedre Tomasgarden.