Sveinsgarden, øvre gnr. 4 bnr. 32
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sveinsgarden, øvre gnr. 4 bnr. 32-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ola Sveinson pantsette Sveinsgarden i 1760-åra. Dette førte til deling av garden i 1774. Då selde Ola Sveinson Øvre Sveinsgarden til Nils Bjørnson Nyhus. Ein kjenner ikkje innhaldet i skøytet.
    Areal 1865: 16 mål åker; 24 mål naturleg eng; 35 mål utslått. Avling: 1811/2 tunne bygg; 22 tunner potet.
    Areal 2000: 45 mål dyrka jord, anna jbr. 40 mål, prod. skog 500 mål, anna utm. 150 mål. Våningshus bygt 1978, kårhus 1889, rest. seinast i 1978, loft 1890, driftsbygning 1958, reiskapshus 1992.
    Langstøl er Gaurhovd, heimstøl er Pålset.

{344} År: 1774

Nils Bjørnson Nyhus Sveinsgard 1735-1823
Foreldre: Bjørn Halvorson Opheim Nyhus og Torand Nilsdtr. Eiklid (Gol).
Gm Guri Helgesdtr. Lien Sire 1726-1787
Foreldre: Helge Syverson Lien og Storlien og Kari Helgesdtr. Finnesgarden.

Nils og Guri gifte seg i 1763. Nils overtok fyrst farsgarden Nyhus, så kom han til Sire i 1774. Då kjøpte han 3 3/4 lb. hjå Ola S. Sire i 1774, og prisen var 899 rd. Ola S. skulle få bruke jordstykket Haugen på livstid før Nils overtok. Det var sak om plassen Haugen i 1789. (Truleg Eivindhaugen.)
    Nils vart oppnemnd til lagrettemann i 1776.
    I 1793 overførte Nils garden og tok slikt kår: 2 kyr og 8 småfe framfødd, 5 tunner bygg, 1 kvartel salt, 2 sett. rug og 5 alen strie. Han skulle få ei ny stugu oppsett til seg. På skiftet etter Guri i 1787 var det 659 rd å dele på enkjemann og 4 barn.

{345} År: 1793

Nils Nilsson Sveinsgard 26.07. 1767-1848
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire og Guri Helgesdtr. Lien.
Gm Amalia Hansdtr. Nubgarden Sire Sveinsgard 17.05. 1778-1852
Foreldre: Hans Jørgen Qvam og Dordei Solvesdtr. Nubgarden.
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Sveinsgard Krosshaug 06.11. 1796-1838
G 1820 m Nils Hermannson Krosshaug, gnr. 33/1.
2. Hans Nilsson Sveinsgard 02.05. 1799-1886
G 1826 m Barbro Nilsdtr. Ruud. Overtok Sveinsgarden i 1825.
3. Nils Nilsson Sveinsgard Sire 16.10. 1803-1847
G 1829 m Sissel Olsdtr. Sando Gullhagen. Sjå Byggjargarden, gnr. 4/31 og Svarvargarden, gnr. 4/23.
4. Johan Nilsson Sveinsgard Skjerping? 26.11. 1821-1880
G 1849 m Mari Larsdtr. Ruud. Hadde Skjerping frå 1851. Gnr. 12/1.

Nils og Amalia gifte seg i 1795. Hausten 1790 skaut Nils ein vaksen bjørn på Opheimsåsen. Han var soldat i 1801.
    Nils kjøpte Sveinsgarden for 300 rd i 1793. Broren Bjørn fekk plassen Brennene og stølen Dokken for odelsretten sin. Nils hadde både Sveinsgarden og Byggjargarden.
    I 1804 selde han og Ola Olson Sire 2 skogremmar på Veståsen til lensmann Hallgrim Ruud. Men dei held att rett til lauvskogen og topp og kvist etter tømmerhogst i desse remmane. Pris 950 rd. (1536)65
    Det vart sønene Hans og Nils som overtok gardane. Eller hadde Håkon Hermannson Byggjargarden likevel??? .
    Nils fekk skøyte hjå far sin i 1825 på Sire 4 lb. Pris: 300 spd og kår.
    Kåravtale av 1844: framfødt og røkta 2 kyr og 6 småfe; 4 tunner bygg, 3 settung salt; 3 settung rug; 3 merker humle; til bruk: 1 1/2 horn (= 24 ruter) av åkeren Badstuguflåte m.m. (1545)25
    Det var ingen gjeld i buet etter Nils. Husdyra til Amalia i 1852 var: 2 kyr, 4 sauer og 3 lam.

{346} År: 1832

Hans Nilsson Sveinsgard 02.05. 1799-1886
Foreldre: Nils Nilsson Sire-Sveinsgard og Amalia Hansdtr. Qvam.
Gm Barbro Nilsdtr. Ruud Sveinsgard 29.11. 1801-1878
Foreldre: Nils Knutson søre Opheim til Ruud og Birgit Larsdtr. Ruud (Løyte).
*Barn
1. Nils Hansson Sveinsgard 27.08. 1830-1840
2. Nils Hansson Sveinsgard 01.02. 1837-1886
Ugift.
3. Nils Hansson Sveinsgard 22.02. 1841-1920
G 1863 m Guri Halvorsdtr Opheim. Neste hushald.
4. Holge Hansson Sveinsgard 19.02. 1844-1894
Ugift.

Barbro og Nils gifte seg i 1826. Hans fekk skøyte på Sire matr. nr 14 2 3/4 lb. i 1825 for 300 spd og kår til foreldra. I 1832 fekk Hans skøyte på Sveinsgarden for 100 spd og kår til Sigrid Syversdtr. (1544)30
    Barbro og Nils feste bort mange husmannplassar.

{347} År: 1865

Nils Hansson Sveinsgard 22.02. 1841-1920
Foreldre: Hans Nilsson Sveinsgard Sire og Barbro Nilsdtr. Ruud.
Gm Guri Halvorsdtr. Opheim Sveinsgard 04.08. 1840-1880
Foreldre: Halvor Torkjellson Garden Opheim og Anne Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Hans Nilsson Sveinsgard 13.02. 1864-1879
2. Halvor Nilsson Sveinsgard 13.01. 1867-1867
3. Halvor Nilsson Sveinsgard Opheim 19.01. 1868-1944
G 1900 m Anne Torkjellsdtr. Garden Opheim, gnr. 22/1. Sjå også Brenno, gnr. 4/45.
4. Nils Nilsson Sveinsgard 15.09. 1870-1936
G 1912 m Birgit Mikkelsdtr. Storedal. Neste brukar.
5. Barbo Nilsdtr. Sveinsgard 25.05. 1873-1873
6. Barbo Nilsdtr. Sveinsgard 03.11. 1874-1874
7. Torkjell Nilsson Sveinsgard Rikansrud 26.10. 1875-1915
G 1904 m Ågot Syversdtr. Medhus. Sjå Rikansrud, gnr. 15/13.

Nils og Guri gifte seg i 1863. I 1865 brukte Nils både Sveinsgarden 13 b og Brenna 16.