Rudningen gnr. 4 bnr. 33
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rudningen gnr. 4 bnr. 33-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Husmannsplassen Rudningen ligg oppe i lia ovanfor Byggjargarden, litt aust for øvre Tufteslåtta. I dag syner berre tuftene. Vegen til Rudningen var berre ein stig, ingen køyreveg. Her var busetnad fram til Arne Rudningen kjøpte Klokkarbråten i 1937. Då vart Rudningen nytta som beite vår og haust. Dei onna enga og nytta bruket som støl. Foret drog dei på forslede ned lia til Sire. Rudningen ligg no under Klokkarbråten bnr. 7.
{353} År: 1841
Tor Hermannson Nyhus Brenna 03.06. 1798-1885
G 1822 m Margit Bjørnsdtr. Brenna. Barn: sjå Rudningsdokken, gnr. 3/8.
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim.
I 1841 kjøpte Tor plassen Rudningen hjå Nils N. Sire for 50 spd. Plassen hadde vanlege rettar i skog og utmark i høve til dyra som kan fødast på plassen. (1544)1198
    I 1845 bygsla Tor eigedomen øvre Tufteslåtta hjå Sander H. Tufte. til bygsla låg også stølen Tuftebråtet; ei myrslette på Auståsen; skog etter behov. Grunnleiga var: forsvarleg foring av ei kvige; slå 16 mål eng og rakst; 5 mål skurd; 2 dagar vegarbeid. Med unnatak for vegarbeidet skulle bonden halde kosten under pliktarbeidet. Verdi: 5 spd 4 ort. (1545) 305b
{354} År: 1845
Arne Olson Sveinsgarden SireRudningen 11.01. 1826-
Foreldre: Ola Nilson d.y. Krosshaug Sveinsgarden og Margit Olsdtr. Sveinsgard.
Gm Birgit Sandersdtr. SireRudningen 31.03. 1822-1909
Foreldre: Sander Olson Øvre Sire og Ambjørg Helgesdtr. Leikvoll.
*Barn
1. Ola Arneson SireRudningen 03.01. 1849-
Gm Bertha Hanson. Ingen barn. Til Am. 1868: Chicago. Busett i Byron, MN i 1879.
2. Ambjørg Arnesdtr. Sirerudningen Smedsplass? 28.09. 1850-1884
G 1870 m Eilev Syverson Smedplassen. Utreist 1867.
3. Sander Arneson SireRudningen 09.04. 1853-1924
G 1886 m Margit Olsdtr. Brennhovd, Gol. Sjå neste hushald.
4. Margit Arnesdtr. Sirerudningen 29.01. 1855-1921
1865: i tenest på Gårud, Hole pr.gj. Utvandra KB 1873 utfl.attest. 'Pige ...'
5. Kari Arnesdtr. Sirerudningen 28.09. 1857-1867
6. Anne Arnesdtr. Sirerudningen Edgar 27.08. 1862-1951
Gm Severt Edgar. (1747)
7. Nils Arneson Sirerudningen Rudning 20.05. 1865-1944
Gm Mary Ann Carstens 1871-1972. Barn: Florence ....-1990c gm ... Robertson; Russel 'Rudning' ....-1989 gm Adalyne .... (3 barn), busett i Florida.
    Nils reiste til Am. 1879: Byron i MN.
Arne og Birgit gifte seg i 1848. Arne kjøpte Sirerudningen i 1845 for 300 spd. (1545)164 Dei reiste til Am. i 1878, men sonen Sander vart att heime. Busett Byron, MN.
    På avreisedagen sa Arne til skyldfolket som kom ut for å 'bea velleva': "Ja, no buføre me på Nystølen."
{355} År: 1879
Sander Arneson SireRudningen 09.04. 1853-1924
Foreldre: Arne Olson Sirerudningen og Birgit Sandersdtr. Sire.
Gm Margit Olsdtr. Brennhovd SireRudningen 1848-1921
Foreldre: Ola Ivarson Myte (Hems.)Brennhovd og Birgit Jonsdtr. Skøltedokken, Gol.
*Barn
1. Ola Sanderson SireRudningen 16.10. 1886-1967
Gm Emma ... . Ingen barn. Ola reiste til Am. i 1909. Han tok land ved Opheim i Montana i 1911, og deltok i 1. verdskrigen i Frankrike.
2. Birgit Sandersdtr. SireRudningen 10.04. 1890-1980
Sjå neste hushald.
Sander og Margit gifte seg i 1886. Margit virka som nærkone i Torpo.