Tufto gnr. 4 bnr. 39
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tufto gnr. 4 bnr. 39-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tufto og Sveinsgarden var dei opphavlege bruka i Nordre Sire. Tufto oppstod som eige bruk kring 1635. Namnet Tufto er dativ fleirtal. Gardsnamnet fortel at garden er bygd på gamle tufter.
    Nordre Sire (15 laupsbol) vart delt i Tufto og Sveinsgarden (gnr. 4/42) med 7 1/2 laupsbol kvar.
    Plassar og underbruk: Tuftebråten; Skuleslåtta; Flatland; Sanderhaugen; Gjesthaugen og Eivindhaugen.
    I 1830 var det ein plass kalla Siredokken. Ola Sevatson budde der. Siredokken er ikkje nemnt sidan.
    Øyen gnr. 2 bnr. 1 vart tilkjøpt i 1832. Den heiter no Tufteøyne. Garden hadde både kvern og sag i Sireåne.
    Areal 1865: 40 1/2 mål åker; 66 mål naturleg eng; 10 mål dyrka eng; 51 mål utslått. Avling: 48 tunner bygg; 45 tunner potet. Husdyr: 3 hestar; 23 kyr og 32 sauer.
    Areal 2000: Dyrka jord 80 mål og anna areal 30 mål, produktiv skog 2800 mål, anna utmark 2300 mål. Våningshuset er bygt 1886, hallingstugu kring 1876, loft omkr. 1800, driftsbygning 1939.
    Stølar: langstølen Solhovdstølen vart fråseld i 1890. Då kjøpte dei Fjellset (i Nes) med 2 buer, lu og fjøs. Tufteheimstølen på Pålset er utan hus.

{363} År: 1754

Gunvor Eivindsdtr. Hovde Tufto 05.01. 1730-
Foreldre: Eivind Nilsson Tuv Hovde og Margit Persdtr Grøndalen, Hemsedal. Sjå førre hushald.
Gm Sander Holgeson Ruud Tufto 1729-1808
Foreldre: Holge Sanderson Ruud og Turid Helgesdtr. Hamarsbøen (Hol).
*Barn
1. Birgit Sandersdtr. Tufto Sire 1757-1847
Gm Ola Torkjellson Øvre Sire, gnr. 4/20.
2. Tomas Sanderson Tufte 1758-1784c
Barn: Torjus 1788 m Kari Torjusdtr. Svarvargarden.
    Tomas Sanderson Tufte var avdød soldat i 1784.
3. Turid Sandersdtr. Tufto Grov 28.09. 1760-1819
G 1788 med Guttorm Ivarson Storlien. Sjå Torebråten, gnr. 8/4.
    G 1799 m Magnus Olson Heslaeige-Smedsgarden-Grov, Gol. Barn: Ingeborg 1800-1882 g 1818 m Fingar Person Lisla, gm Ola Olson Narum; Kari 1802-1875.
4. Kari Sandersdtr. Tufte 1762-1801f
5. Holge Sanderson Tufto Bjørøyen 21.10. 1764-1853
G 1799 m Margit Olsdtr. Barskrind. Sjå seinare hushald.
6. Eivind Sanderson Tufte Sogla 1767-1818
G 1800 m Gro Knutsdtr. Juvsjord. Sjå Sogla gnr. 22/7.
7. Sander Sanderson Tufto Sanderhaugen 1770-1849
G 1810 m Guri Torkjellsdtr. Sire. G 1843 m Ingeborg Persdtr. Vestaforhaugen under Hesla. Sjå Sanderhaugen, gnr. 4/25.
8. Margit Sandersdtr. Tufto Arnegard 06.03. 1774-1837
G 1801 m Ola Torkjellson Arnegard i søre Votndalen, gnr. 40/8.

Gunvor leigde Sander H. Ruud som onnekar då ho vart enkje. Sander onna to sumrar for Gunvor. Då hausten kom det andre året, sa han at dette vart siste sumaren hans på Tufto.
    Ho undrast kva han no meinte, og då sa Sander:
    "Det finst ikkje råd å stå kar for deg, Gunvor Eivindsdotter!"
    Ho brast i gråt, kjenslene hans var også hennar. Så vart det bryllaup på nyåret 1756. (1553)44
    Sander held gardsyn på Tufte i 1755: stugu 12 rd; gamal stugu 3 rd; bu m/loft 7 rd; stabbur 4 rd; fehus 0 rd; bryggjarhus 3 rd; heststall 2 rd; sauestall - ingen verdi; loft med bu under 2 ort; badstugu 12 sk; kvernhus - ingen verdi. På plassen Bjørnemoen: stugu - forfallen 1 rd; hestestall 2 rd; fehus - ingen verdi. På langstølen Sølvhovd: ny bu 6 rd; bu 2 rd; låve 4 rd. Kvernhus i Ridalen var forfalle. (1222) s 40

{364} År: 1799

Holge Sanderson Tufte Bjørøyen 21.10. 1764-1853
Foreldre: Sander Holgeson Ruud Sire og Gunvor Eivindsdtr. Hovde.
Gm Margit Olsdtr. Barskrind Tufte 08.06. 1772-1851
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard Lien.
*Barn
1. Gunvor Holgesdtr. Tufto Opheim 21.04. 1805-1870
G 1825 m Syver Rasmusson Rasmusgarden Opheim. Sjå nordre Rasmusgarden Opheim, gnr. 22/5.
    G 1841 m enkjemann Ola Olson Garnås øvre Medhus, gnr. 21/6.
2. Sander Holgeson Tufto 29.06. 1806-1873
G 1834 m Birgit Torjusdtr. Finnesgarden. Sjå neste hushald.
3. Sissel Holgesdtr. Tufto Rydningen 28.02. 1811-
G 1835 m Ola Mikkelson Frøysok Deveggerudningen (M. Bjørnson)
    Gm Eivind Guttormson BringeRudningen Nes 1813-.... . Barn: Ingeborg gm ... Hogaled. (1431) nr 165.

Holge og Margit gifte seg i 1799. Same år kjøpte Holge garden for 899 rd og kår til foreldra. Av kjøpesummen skulle 399 rd stå i garden inntil det vart skifta etter foreldra. Garden hadde kvern og sagbruk. (1259) s 372
    Holge og Margit kjøpte plassen Bråten av Syver Torkjellson Torpo i 1815. Pris 75 rd. I Bråten sat ein Ola Olson og kona på livstid.
    I 1821 fekk Holge Sanderson Tufte auksjonsskøyte på Bjørøyen, på odelsretten til myntlingen Ola Herbrandson i 1822. Pris: 577 spd. (1537) 15
    I 1831 selde dei garden og tok slikt kår: 3 kyr og 8 småfe framfødde og røkta; 4 mål åker til bruk, 2 forlass frå langstølen; plassen Bråten; 5 tunner korn, salt, rug, humle, 2 tunner potet, land til 2 settung hampesæd m.m.
    Det var Holge som selde det vidgjetne Hahaug-hornet til Universitetet i Oslo. (Eit eldgamalt drikkehorn frå Gol.) Sjå foto m.m. i Gol VI s 582.
   

{365} År: 1831

Sander Holgeson Tufto 29.06. 1806-1873
Foreldre: Holge Sanderson Sire og Margit Olsdtr. Barskrind.
Gm Birgit Torjusdtr. Finnesgarden Tufto 1814.-1898
Foreldre: Torjus Asleson Høgset Finnesgarden og Anne Kitilsdtr. Grøt.
*Barn
1. Margit Sandersdtr. Tufto Storla 14.12. 1834-1893
Gm Håvel Olsson Storla, Gol 1828-1893. Ingen barn.
    Margit var tenestjente på Bjellum på Jevnaker i 1865.
2. Holge Sanderson Tufte 23.08. 1838-1903
G 1865 m Birgit Knutsdtr. Tufto. Sjå neste hushald.
3. Torjus Sanderson Tufto Tomasgard 20.10. 1841-1928
G 1876 m Guri Nubsdtr. Medhus/Sire. Sjå nedre Tomasgarden Sire, gnr. 4/9 og Byggjargarden, gnr. 4/31.
4. Ola Sanderson Tufto 23.04. 1844-1910
G 1866 m Kari Ivarsdtr. Haukstad, Gol. Barn: Birgit 1867-1891 g 1885 m Per Olson Hagen, Birgit 1870-1947 g 1887 m Ola Olson Brekke-Storla; Ivar 1872-1876; Anne 1874-1937 g 1894 m Per Olson Hagen.
    G 1879 m Ragnhild Olsdtr. Amundsli. Barn: Kari 1885-1946 g 1916 m Per Jørgenson Brekko-Nedrebråten; Sander 1889-1889; Sander 1891-1893; Sander 1894-1895; Sander 1896-1962; Randi 1898-1969 g 1924 m Eivind Ankerson Hagen på Øygardo i Gol; Ola 1902-1909.
    Ola kjøpte Haukstad i Gol i 1866.
5. Anne Sandersdtr. Tufto Steingrimsli 16.01. 1847-
G 1871 m Endre Olson Steingrimsli, Gol 1853-1937. Barn: Ola 1873-1949, farmar ved Ross, Roseau Co MN, g 1905 m Ragna Olsdtr. SøreLi, Gol; Sander 1875-1952, farmar og bankmann Governor, ND, gm Lydia Emelia Anderson; Asle 1878-1949, farmar ved Ross, Roseau Co MN; Helge 1881-1960, farmar ved Ross, Roseau Co MN, gm ... ... ; Randi 1884-1955, gm Franz Larson busett Ross, Roseau Co MN; Birgit 1887-1970, lærarinne Ross, Roseau Co MN, ugift ; Guri 1890- lærarinne Ross, Roseau Co MN sidan Moorhead MN, ugift.
    Dei selde Steingrimsli i 1900 og slo seg ned ved Ross, Roseau Co MN. (Sjå Gol III s 90)
6. Sissel Sandersdtr. Tufto Kvelprud 22.03. 1850-1924
Gm Per Sanderson Kvelprud, gnr. 28/1.
7. Sander Sanderson Tufto Skjerping 19.09. 1853-1900
Gm Ambjørg Olsdtr. Ro frå Gol 1865-1929. Landhandlar på Torpo. Sjå eige hushald.

Sander og Birgit gifte seg i 1834. Sander fekk skøyte på garden i 1831. Pris 600 spd og kår. Til garden høyrde: plassen Bråten under Torpo matr.nr. 104; stølen Sollien; halve plassen Bjørøyslåtta. På Tufto var ei stor innmura gryte, 2 kakkelomnar og smi-redskap.
    Sander kjøpte Øyen i 1832, no kalla Tufte-øyen. I 1861 kjøpte han Byggjargarden, og sonen Torjus. Sander kjøpte Torpo Stavkyrkje saman med lensmann Pleym. Kyrkja selde dei til kommunen i 1875.
   

{366} År: 1865

Holge Sanderson Tufte 23.08. 1838-1903
Foreldre: Sander Holgeson Tufto og Birgit Torjusdtr. Finnesgarden.
Gm Birgit Knutsdtr. Tufto Tufte 12.11. 1845-1927
Foreldre: Knut Guttormson Tufto i Ustedalen og Jørand Olsdtr. Brattåker.
*Barn
1. Birgit Holgesdtr. Tufte Krosshaug 02.04. 1867-1938
G 1887 m Tolleiv Hermannson Krosshaug, Tufto i Ustedalen.
    Barn: Birgit 1887-1917 ug.; Hermann 1888-1970 bonde på Tufto g 1915 m Kristi Pålsdtr. Villand (6 barn); Margit 1890-1913 ug. veverske; Helge 1891-1921 ug. til Drammen; Sander 1893-1966 ug. elektroingeniør ved Ål kraftverk frå 1921 til 1963 utan ein dags fråvær. Kongens fortenst-medalje i 1976; Guttorm 1897-1913; Guri 1899-1911.
    Dei kjøpte søre Tufto i Ustedalen i 1888. Tolleiv tok del i offentleg arbeid i bygda. Sonen Herman tok over garden i 1910. Birgit vart attgift med Rognald Olson Brusletto, Hol.
2. Jørand Holgesdtr. Tufte Bråtalien 27.09. 1868-1939
G 1892 m Lars Botolvson Bråtalien, gnr. 4/1.
3. Anne Holgesdtr. Tufte 02.09. 1871-1951
Ug. Anne budde og arbeidde på Tufto. I 1930 bygde ho og systera Sigrid eige hus på Torpo.
4. Margit Holgesdtr. Tufte Kinneberg 09.10. 1873-1959
G 1895 Bragernes m Ola Olson Kinneberg, Gol 1869-1936.
    Barn: Olav 1897-1989 bonde på Kinneberg, g 1935 m Liv Olsdtr. Løstegard (2 barn); Helge 1899-1965 ingeniør i Bærum, g 1933 m Bergljot Håvelsen (ingen barn); Aslak 1901-1988 g 1936 m Barbro Andresdtr. Rese (2 barn); Margit 1903-1983 ug.; Birgit 1905-1987 g 1932 m Nils K. Viko; Sander 1907- bygningssnikkar i Oslo, gm Hanna Norlie, Hole g 1957 m Anny G. Westberg.
5. Sissel Holgesdtr. Tufte Gullhagen 08.11. 1875-1916
G 1903 Kr.ania m Lars Hermannson Gullhagen d.y. Barn: Herman 1904-1993 gm Gyda Haganes (3 barn); Bergljot 1906- gm Nicolai Berg (4 barn); Birgit 1912- gm Svein Hoff (3 barn); Helge 1913-1913.
    Busett på Gjøvik. Sjå Nedre gullhagen, gnr. 36/13. (1508)
6. Birgit Holgesdtr. Tufte Gullhagen 13.12. 1877-1954
G 1905 Kr.ania m Lars Hermannson Gullhagen d.e. Sjå nedre Gullhagen, gnr. 36/13.
7. Sigrid Holgesdtr. Tufte 06.10. 1880-1958
Ug. Sjå systera Anne.
8. Gunhild Holgesdtr. Tufte 23.01. 1883-1891
9. Gunvor Holgesdtr. Tufte Skjerping 22.11. 1885-1966
G 1915 i Bergen m Lars Olson Skjerping, gnr. 12/6.
10. Sander Holgeson Tufte 29.11. 1887-1966
G 1931 m Amalie Opheim. Sjå neste hushald.
11. Knut Holgeson Tufte 01.09. 1890-1935
Ug. Knut tok handelsgym. Bokholder ved Kr.ania Glassmagasin. (1553) 1913

Holge og Birgit gifte seg i 1865. Dei overtok Tufto i Ustedalen i 1885, men budde på Tufto i Torpo. 1865: sjølveigar, brukte Tufto, Øyen, Byggjargarden og Sollien.
    I 1876 bygde Holge hallingstugu og i 1886 bygde han hovudbygningen. Garden hadde sag og kvern i Sire-åne.
    Holge var skrivefør og mykje nytta som skjønsmann m.m. I 1890 selde han Solhovdstølen og kjøpte att stølen Fjellset (Nes).