Eivindhaugen gnr. 4 bnr. 39
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Eivindhaugen gnr. 4 bnr. 39a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Eivindhaugen (også kalla Sirehaugen) ligg nedunder Tufto ned mot Storelva. Tuftene ligg på ein haug like ova riksvegen. Eivindhaugen er i dag nedlagd og utan hus, men tuftene syner. Dei er delvis inngravne i jordbakken.

{369} År: 1750c

Syver Tomasson Sire 1701c-
Foreldre: Tomas Herbrandson Tomasgarden Sire og Gro Arnesdtr. Golberg.
Gm Ingebjørg Mikkelsdtr. Medhus Sire 1730c-1788
Foreldre: Mikkel Knutson Medhus og Guri Nubsdtr.Torpo.
*Barn
1. Margit Syversdtr. Eivindhaugen 1768-1768
Heimedøypt og død. Mora vart introdusert 25. sept. s.å.
2. Ola Syverson Eivindhaugen 10.02. 1771-

Namna Ingeborg og Ingrid vart brukt. Dei kom til Sirehaugen kring 1750. I naudsåret 1774 fekk dei utdelt såkorn. (632)
    Men det vart verre naud på Eivindhaugen etterkvart. I 1779 hadde Syver vore med på eit tjuveri på Medhushaugen, og det fekk fylgjer. Syver var innsett på festningen i 1784. Vidare lagnad for denne familien er ikkje kjend.

{370} År: 1798c

Mikkel Tomasson Tufto Eivindhaugen 12.06. 1753-1825
Foreldre: Tomas Mikkelson Tufto og Gunvor Eivindsdtr. Hovde.
Gm Turid Halvorsdtr. Opheimsbråten Bjørøyevjen 23.02. 1755-1812
Foreldre: Halvor Oleivson OpheimsBråten og Birgit Olsdtr. Eikre (?Blakkestad frå Gol).

Mikkel var i Bjørøyevjen frå 1795. Barn: sjå der. Deretter vart han husmann på Eivindhaugen før 1801.
    Vinteren 1801 lånte Mikkel ei svartflekkut, kolla ku ved namn Bli-koll hjå Eirik Sando. Han lova å betale 8 rd den 25. mars eller levere kua attende. Mikkel gjekk på legd frå 1814 og utover. (777)
    Turid rusla rundt på gardane. Ho hadde ord på seg for å vita meir enn andre. Ein dag var ho innom i Tormodsgard i von om å få seg ein matbete. Då sette bonden der, Bjørn Olson, seg til for å terge henne. Turid vart sinna, og til sist fortalde ho korleis Bjørn og kona skulle døy. Bjørn skulle bli liggande 'sør aust for der ho Beingjerd ligg', og kona skulle svelte i hel. Og, den uhyggelege spådomen gjekk i oppfylling. Sjå 1775-hushaldet på Tormodsgard.

{371} År: 1807

Per Person ... Eivindhaugen 1777c-
Foreldre: Per ... ... .
Gm Guri Herbrandsdtr. Brennhovd Eivindhaugen 1772-
Foreldre: Herbrand Halvorson Brennhovd og Kari Tolleivsdtr. Imre, (Hemsedal), Gol. (Gol VII B s 945)
*Barn
1. Ola Person Eivindhaugen 16.09. 1807-
2. Per Person Eivindhaugen 23.11. 1809-

Guri og Per gifte seg i Gol i 1807. (Han var enkjemann.) Dei vart ikkje lenge på Eivindshaugen. Ein sveit ikkje kvar Per kom frå, eller kvar det vart av denne familien.

{372} År: 1816

Syver Olson Storlien Eivindhaugen 12.08. 1787-1867
Foreldre: Ola Halvorson Storedal Storlien Eivindhaugen og Ingrid Syversdtr. Storliøyen.
Gm Sigrid Olsdtr. Siredokken Eivindhaugen 1786.-1867
Foreldre: Ola Sevatson Siredokken og Øyan Syversdtr. Bjørøyen.
*Barn
1. Sevat Syverson Eivindhaugen 02.07. 1818-1833
Sevat drukna i elva i april 1833, 14 år gamal.
2. Ola Syverson Eivindhaugen 02.04. 1823-1882
G 1847 m Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
3. Ola Syverson Eivindhaugen 27.06. 1827-1828
4. Ingrid Syversdtr. Eivindhaugen 16.07. 1829-1831

Syver var soldat i krigen 1807-14 og hadde vore med på slaget ved Onstad. Han fortalde om svenskane: "Dei skoto so kuludn dansa etter uvledo på uss, men neimen om me matte det!" (1644) Til Eivindshaugen kom Syver omlag 1816. Sigrid og Syver gifte seg i 1821.

{373} År: 1848c

Ola Syverson Eivindhaugen 02.04. 1823-1882
Foreldre: Syver Olson Eivindhaugen og Sigrid Olsdtr. SireDokken.
Gm Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde Eivindhaugen 03.03. 1824-1889
Foreldre: Ola Solveson Medgard (ungkar) og Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Eivindhaugen 19.05. 1849-1851
2. Sigrid Olsdtr. Eivindhaugen Haugen 03.08. 1852-1932
G 1884 m Ola Olson Langegardshaugen. Barn: Ola Haugen; Oscar Haugen; Marie Haugen; Gelina 1895-1994 gm Carl Garthe; Gilbert. (epost J. Marler)
    Til Amerika i 1884: Nicollet Co, MN, neste år til Bandon, Renville Co, MN. Ola og Sigrid farma i Bandon Township.
3. Syver Olson Eivindhaugen 24.02. 1855-1855
4. Guri Olsdtr. Eivindhaugen SkriuDalen 17.10. 1857-
G 1888 m Tolleiv Tolleivson Kræmarslåtta. Sjå Skriudalen, gnr. 33/3.
5. Ingrid Olsdtr. Eivindhaugen 07.09. 1860-
Barn m/Carl Johan Fredriksen Gullaug, Lier: Ola 1888- . Sjå Bergo, gnr. 2/7.
6. Syver Olson Eivindhaugen 31.05. 1863-
G 1888 m Kristi Antonsdtr. Randen 1863- . Sjå neste hushald.
7. Margit Olsdtr. Eivindhaugen 08.03. 1866-1868
8. Margit Olsdtr. Eivindhaugen 08.12. 1868-
Utvandra til Am. 1892 saman med systersonen Ola Karlson f. 1888.
*Barnebarn
1. Ola Karlson Eivindhaugen 22.03. 1888-
Foreldre: Carl Johan Fredriksen Gullaug, Lier m/ Ingrid Olsdtr. Eivindshaugen.

Ola og Gunhild gifte seg i 1847. Dei kom til Eivindshaugen om lag 1848. I 1875 var Ola fattigstøtta husmann med jord.

{374} År: 1882

Syver Olson Eivindhaugen Haugen 31.05. 1863-
Foreldre: Ola Syverson Eivindhaugen og Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Kristi Antonsdtr. Randen Haugen __.__. 1863-
Foreldre: Anton Olson Bråtaliranden og Ingeborg Nilsdtr. Ottardokken.

Truleg overtok Syver som husmann då far hans gjekk bort i 1882. Syver og Kristi gifte seg i 1888. Han var husmann utan jord i 1891.
    Syver reiste til Am. i 1892: New York. Han reiste utan Kristi, men saman med systera Margit.
   
    I 1932 budde 'Severt Haugen' i Froid, truleg i Montana.
    Eivindhaugen var nedlagd som bustad før 1900.