Tufteslåtta, øvre gnr. 4 bnr. 39
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tufteslåtta, øvre gnr. 4 bnr. 39b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Øvre Tufteslåtta var busett frå 1857 og til omlag 1890. (NB. Den andre Tufteslåtta vart etterkvart kalla 'Skuleslåtta', sjå gnr. 4/49)
    Øvre Tufteslåtta ligg oppe i lia ovanfor Siresletta, vest for Rudningen og Bråtalien. Det viser tre tufter. (Oppl. v/Reidar Flatland)
    Til plassen høyrde også stølane Tuftebråtet og Høgehaugen. Øvre Tufteslåtta vart brukt under Trillhus etter omlag 1890.

{375} År: 1857

Holge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta 02.08. 1814-1900
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
Gm Ingeborg Torsdtr. Rudningsdokken Tufteslåtta 21.08. 1825-1889
Foreldre: Tor Hermannson Nyhus Brenna Tufteslåtta/Rudningsdokken og Margit Bjørnsdtr. Brenna.
*Barn
1. Hermann Helgeson Tufteslåtta Bergo 23.09. 1858-1946
G 1890 m Ragnhild Aslesdtr. Vestenfor. Til Bergo ovanfor Trillhus. Sjå gnr. 2/7 og 4/12.
2. Birgit Helgesdtr. Tufteslåtta Liahagen 19.01. 1861-1944
G 1883 m Vigger Eivindson Oleivsgard Liahagen, gnr. 3/7.
3. Margit Helgesdtr. Tufteslåtta Underberget 11.01. 1866-1944
G 1894 Torpo m Håkon Sveinson Underberget, Gol 1867-1944. Ingen barn. Dei budde på Plassen på Rotneim.
4. Ingeborg Helgesdtr. Tufteslåtta Bråten 17.02. 1869-1957
G 1896 m Ola Olson Bruteigen Bråten Slåtteroen. Sjå nedre Sletto under Rikansrud, gnr. 15/2.
    Barn: Anders 1891- , sjå barnebarn.
5. Anne Helgesdtr. Tufteslåtta 16.01. 1875-1875
*Barnebarn
1. Anders Olson Tufteslåtta 23.06. 1891-
Gm Helmina ... . Fosterdotter: ... . (1345) Sjå Bruteigen, gnr. 11/12. Busett på Andøya.
    Foreldre: Ola Anderson Tomasgarden (ungkar) og Ingeborg Helgesdtr. Tufteslåtta.

Holge og Ingeborg gifte seg i 1856. Holge bygsla Tufteslåtta i 1857 saman med stølane Tuftebråtet og Høgehaugen. Han var husmann med jord i 1865 og i 1875.
    I 1891 var Helge enkjemann og budde hjå sonen Hermann i øvre Tufteslåtta, han var 'husmann og skomaker'. (Sjå Bergo og Trillhus.)