Tuftebråten gnr. 4 bnr. 41
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tuftebråten gnr. 4 bnr. 41-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bråten eller Tuftebråten var husmannsplass og låg opphavleg under Søre Torpo.
    I 1815 vart Bråten kjøpt av Holge Sanderson Tufto. Frå 1820 var plassen kalla Tuftebråten og matrikulert under Tufto.
    I 1865 hadde dei slik utsæd i Tuftebråten: 1/2 tunne bygg; 1/4 tunne havre og 1/2 tunne potet. Buskap: 2 kyr og 6 geiter.
   
{376} År: 1787c
Gjest Olson Sørbøen Juven 1740.-1802
Foreldre: Ola Gjestson Sørbøen i Juven og Birgit Persdtr. ... .
Gm Gjertrud Eilevsdtr. Buksegarden Tuftebråten 1730.-1784.
Foreldre: Eilev Steinarson Buksegarden og Birgit Ivarsdtr. øvre Ulsåk (Hems.), Gol.
Gm Randi Herbrandsdtr. Bjørøyen Tuftebråten 27.02. 1752-1827
Foreldre: Herbrand Olson øvre Bjørøyen og Anne Olsdtr. nordre Opheim.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Gjestson Juven Tuftebråten 18.12. 1763-
2. Guro Gjestdtr. Tuftebråten 1766-
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Gjestdtr. Tuftebråten Gjesthaugen 1787-
Gm Ola Larsson ..Torpeslåtta ... Gjesthaugen, gnr. 4/93.
2. Ola Gjestson Tuftebråten Sirebråten 22.08. 1790-
G 1821 m enkje Helge Olsdtr. Sire. Neste hushald.
Gjest var tenestgut i Torsteinsrud i 1762. Så var han i Svarvargarden i 1785, og kom deretter til Tuftebråten.
    Gjest vart gift 1763 med Gjertrud. Han vart attgift med Randi i 1785.
    Han fekk ei bot i 1764 for "dristigt ha motsatt Sig høiøvrigheds ordre" om vedhogst til gruvene på Kongsberg. I juni 1785 skaut Gjest ein bjørn på Torpoåsen. (1436)
    I 1802 vart Randi stevna av Helge S. Tufto til å vike plassen Tuftebråten. Saka enda med slik semje: Randi skulle betale 1 rd til Marimess kvart år, og dessutan utføre ymse lønna dagarbeid hjå Helge. Vidare måtte ho lova å vera bonden "hørig og lydig". (1259) s 590b
   
{377} År: 1821c
Ola Gjestson Tuftebråten Sirebråten 22.08. 1790-
Foreldre: Gjest Olson Sørbøen Juven og Randi Herbrandsdtr. Bjørøyen.
Gm Helge Olsdtr. Sire Sirebråten 19.07. 1789-
Foreldre: Ola Torkjellson Øvre Sire og Birgit Sandersdtr. Tufto.
*Barn
1. Nils Olson Tuftebråten 01.08. 1821-
Gm Berte Andrine Olsdtr. Han reiste ut 1839 med foreldra og systera Rangdi.
    Nils var skomakar og budde på Snarum verk i 1865.
2. Rangdi Olsdtr. TufteBråten 31.05. 1824-
Gm ... ... , busett på Snarum. Ho reiste til Drammen 1839. Rangdi budde aleine som enkje på Svendsbyhagen på Modum i 1900.
3. Endre Olson Tuftebråten 09.01. 1827-
Gm Helen Susanne ... f. 1826 frå Torpo (?). Barn: Helga Johanne 1860- ; ...
    Han var koparslagar. Budde i Drammen i 1863. Budde i Prinsengt. 28 Kr.ania i 1875.
4. Ola Olson Tuftebråten 08.03. 1830-1830
5. Ola Olson Tuftebråten 03.06. 1831-
Han var blikkenslagar i Drammen i 1863.
6. Torkjell Olson Tuftebråten 28.12. 1836-
Budde i Drammen i 1863.
Helga var enkje etter Nils Asleson Tune 1786-1818. Ola og Helga gifte seg i 1821. Då var dei i Tuftebråten.
    I 1839 reiste dei til Drammen med to barn. Ola arbeidde som snikkar i Drammen. I 1865 var Ola enkjemann på legd hjå sonen Nils på Snarum verk.
{378} År: 1845
Bjørn Olson Storedal Tuftebråten 03.12. 1798-1881
Foreldre: Ola Olson Storedal og Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Anne Hermannsdtr. Sveinsrud Tuftebråten 02.02. 1812-1879
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
*Barn
1. Ola Bjørnson Tuftebråten 18.05. 1839-
Ola flytte fyrst til Modum, sidan til Krødsherad og så til Amerika. Budde i Ashby Grant Co. MN i 1900.
2. Ingebjørg Bjørnsdtr. Tuftebråten Lukkasen 28.12. 1840-1880c
G 1869 m Andreas Lukkasen, Vestern på Norderhov 1847-1900. Barn: Karl 1869-1937 gm Anna Olness; Andrea 1872-1879; Johanne 1874-1940 g 1889 m Hans Wahl (5 barn); Lars 1876-1943 ug.; Bernt 1878-1948 g 1903 m Ellen Marie Ferden; Andrea 1880-1962 gm Andrew Anderson.
    I 1869 fekk ho presteattest for utreise til Norderhov. Men i 1865 var ho i tenest på Viel. Reiste så til Amerika i 1871. I 1916 budde dei i Fillmore Co. MN.
3. Hermann Bjørnson Tuftebråten Bråten 11.08. 1844-1916
Ug. Sjå neste hushald.
4. Birgit Bjørnsdtr. Tuftebråten 07.11. 1850-1898
Ugift. I 1875 var Birgit i Drammen, - elles var ho truleg heime.
Bjørn og Anne gifte seg 1839.
    Bjørn O. Plassen og Anne Hermannsdatter fekk skøyte på Bråten på livstid i 1845. Bråten hadde bruksrett til hamn og skogsvirke. Årleg leige: 1 tunne bygg; føde ei kvige for bonden; slå 16 mål i veke 4, 16 mål eng i veke 5, 8 mål i veke 8. Eller betale 8 1/2 spd. Plassen skulle falle attende til Tufto etter deira levetid. (1545)172
   
{379} År: 1882
Hermann Bjørnson Tuftebråten Bråten 11.08. 1844-1916
Foreldre: Bjørn Olson Storedal Tuftebråten og Anne Hermannsdtr. Sveinsrud.
Ug. Herman kjøpte Tuftebråten 1882 og hadde nordre Storedal 1894-98.