Breibrenna gnr. 4 bnr. 43
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Breibrenna gnr. 4 bnr. 43-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Brenna og Hamaren var ein (to?) husmannsplass, etter kvart vart det ein plass med namnet Breibrenna. Bruket vart delt frå nedre Sveinsgarden i 1841.
    Areal 1865: 11 1/2 mål åker; 24 mål naturleg eng; 6 mål utslått. Avling: 14 tunner bygg 15 tunner potet. Merknad: det kunne vera tung vassbering på gardsbruket.
    Areal 1995: dyrka jord 68 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 500 mål, anna utmark 1025 mål.
    Hallingstugu bygd 1889, fjøs 1900, påbygt 1985, loft 1900. Fjøs, stall, trev og låve står att, men stugu er borte. Den tidlegare plassen Hamaren (Også skrivi 'Troldhammer') vert nytta til hamn. Tuftene etter Hamaren syner godt.
{402} År: 1802
Herbrand Endreson Liahagen Brenna 19.10. 1760-1834
Foreldre: Endre Larsson Helling Liahagen og Gro Herbrandsdtr. Bråtalien.
Gm Jørand Aslaksdtr. Vesledal Brenna 14.12. 1766-1835
Foreldre: Aslak Halvorson Vesledal og enkje Margit Bjørnsdtr. Nyhus Torpemoen.
*Barn
1. Endre Herbrandson Vesledal Hamaren 04.11. 1798-1799
2. Margit Herbrandsdtr. Brenna Hamaren 22.02. 1801-1802
3. Gro Herbrandsdtr. Hamaren Drengeplassen 13.03. 1803-1889
G 1837 m Knut Person Drengeplassen, gnr. 116/1a.
Herbrand og Jørand gifte seg i 1797. Dei budde i Vesledal og sidan i Brenna.
    I Breibrenna vart alle sjuke då nervefeber (pasteurella?) herja i bygda kring 1834. Herbrand og Jørand døydde, men dottera Gro vart frisk att.
   
{403} År: 1841
Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna 12.12. 1814-1885
Foreldre: Ola Nilsson Krosshaug Sveinsgarden og Margit Olsdtr. Sveinsgard.
Gm Birgit Ivarsdtr. Berget Breibrenna 25.07. 1821-1897
Foreldre: Ivar Syverson Berget (Liaberget) og Ragne Torsdtr. Lien (Gol).
*Barn
1. Kari Hermannsdtr. Breibrenna Brenna 18.02. 1840-1900
G 1864 m Bjørn Larson Ruud Nedre Brenna, gnr. 20/12.
2. Ola Hermannson Breibrenna Hamaren 21.05. 1842-1912
G 1868 m Eli Olsdtr. Sire. Neste hushald.
3. Ivar Hermannson Breibrenna Helling 29.07. 1844-1922
G 1869 m Ingrid Rasmusdtr. Huserjordet. Sjå Søre Helling, gnr. 20/3.
4. Nils Hermannson Breibrenna RikansrudJordet 06.08. 1847-1906
Gm Kristi Sveinsdtr. Hagen. Sjå inderstar "RikansrudJordet".
5. Margit Hermannsdtr. Breibrenna 11.11. 1849-1850
6. Syver Hermannson Breibrenna Kleivstølen 25.05. 1851-1917
G 1882 m Guri Torkjellsdtr. Vesleset. Sjå Kleivstølen, gnr. 34/4.
7. Margit Hermannsdtr. Breibrenna Høgset 27.11. 1853-1907
G 1876 m Ola Herbrandson Høgset. G 1900 m Torkjell Olson Kolbjørnsgard Høgset, gnr. 26/1.
8. Birgit Hermannsdtr. Breibrenna 28.12. 1855-1861
9. Ragne Hermannsdtr. Breibrenna Haugen 27.01. 1859-
G 1887 m Ola Torsteinson Sausgardshaugen Leikvoll Helling. Barn: Margit 1887-1964; Birgit 1889- ; Anne 1891-1980; Torstein 1892- ; Hermann 1893- ; Margit 1895-1960; Ola 1898- ; Birgit 1900- ; Ivar 1903- .
    Ragne og Ola reiste til Vivelstad i Lier. (Men står ikkje i 'Norske Gardsbruk'.)
10. Anne Hermannsdtr. Breibrenna 29.10. 1861-1871
11. Ola Hermannson Breibrenna 18.11. 1863-1864
Hermann og Birgit gifte seg i 1839. Hermann kjøpte Brenna i 1841 hjå faren.
{404} År: 1885
Ola Hermannson Breibrenna Hamaren 21.05. 1842-1912
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
Gm Eli Olsdtr. Sire Hamaren 03.08. 1843-1943
Foreldre: Ola Hermannson Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
*Barn
1. Hermann Olson Breibrenna 14.03. 1870-1910
G 1897 m Gunhild Kitilsdtr. Hjallen. Sjå neste hushald.
2. Dordei Olsdtr. Breibrenna Hamaren 14.03. 1870-1888
3. Ola Olson Breibrenna 23.09. 1874-1919
Gm Ingeborg Olsdtr. Mykleset 1866-1917. Sjå 1911-hushaldet.
4. Birgit Olsdtr. Breibrenna 29.10. 1883-1883
5. Ivar Olson Breibrenna Hamaren 24.11. 1884-1969
G 1913 Bragernes m Sissel Embriksdtr. Roe. Sjå 1919-hushaldet.
Ola og Eli gifte seg i 1868. Ola fekk skøyte på Brenna i 1885.
    Ola og Eli tok seg av dei foreldrelause barnebarna, ungane etter Hermann Olson Breibrenna og Gunhild Kitilsdtr. Hjallen. Eli døde som den eldste i Ål i 1943.
   
{405} År: 1897
Hermann Olson BreiBrenna 14.03. 1870-1910
Foreldre: Ola Hermannson Breibrenna Hamaren og Eli Olsdtr. Sire.
Gm Gunhild Kitilsdtr. Hjallen Breibrenna 29.10. 1870-1910
Foreldre: Kitil Kitilson Hjallen og Ragnhild Olsdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Dordei Breibrenna Perigard 05.11. 1897-1983
G 1921 Bragernes m Svein Olson Perigard, Gol. Barn: Herman 1934-1956 (bil-ulykke).
2. Eli Breibrenna 13.02. 1900-1900
3. Ola Breibrenna 08.11. 1903-1991
G 1946 m Olga Torsethaugen f. 1917. Ekspeditør. Sjå eige hushald.
Hermann og Gunhild gifte seg i 1897.
    Ei soge vert fortalt frå dette bryllauppet. Som det leid utpå andre dagen tok det til å minke på maten, og men reiedeia ordna det slik at det vart vel med mat ved høgsetes-enden av langbordet. (Der var 'gjævaste' folket sessa.)
    I den andre bordenden var det heller snautt med mat. Då reiste Hermann seg og spurde kva dette skulle bety.
    "Ha de kji mat der nede då?" Dermed vart maten sendt nedover og alle gjestene fekk dele på det som var att. Hermann hausta lovord for dette.
    Hermann og Gunhild fekk fire dødfødte barn mellom 1900-1910. Sumaren 1910 venta Gunhild eit barn. Då tida kom vart det vanskar. Jordmora kom like inn på Solhovdstølen, men det tok tid. Ho kom for seint.