Brenno gnr. 4 bnr. 45
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Brenno gnr. 4 bnr. 45-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Brenno var husmannsplass under Sveinsgarden Sire. Plassen vart frådelt i 1803, men kom attende til øvre Sveinsgarden i 1837.
    Frå 1894 til 1905 var Brenno eigd av bonden i Garden Opheim, sidan har Brenno lege under øvre Sveinsgarden.
    Brenno var nedlagt som bustad før 1865.
{409} År: 1752c
Syver Syverson TorpeHagen Brenno 1720-
Foreldre: Syver Solveson Torpehagen og Guri Sandersdtr. Ruud.
Gm Margit Olsdtr. ... Brenno 1731-
Foreldre: Ola ... ... og
*Barn
1. Syver Syverson Brenno 27.12. 1753-
Ved skiftet etter bror til Syver, Torkjell S. Holshagen i 1851, vart det opplyst at Syver etterlet seg 2 søner på Ringerike. Desse barna kan vera dei same som står under broren Syver født 1758. (NB. Ingen av desse Syver er funne døde i kyrkjeboka for Ål. )
2. Syver Syverson Brenno 17.12. 1758-
Gm ... ... ... . Barn: Ola Syverson ....- Bakåsen i Lunner; Knut Syverson ....- , Ringerike. (Opplyst i eit skifte frå 1851.)
3. Guri Syversdtr. Brenno 02.08. 1761-
Guri vart konfirmert i 1780. Guri er ikkje funnen død 1781-1801.
4. Margit Syversdtr. Brenno 29.09. 1763-
Ho vart konfirmert i 1781. Margit er ikkje funnen død 1781-1801.
5. Torkjell Syverson Brenno 06.01. 1767-1851s
G 1807 m Anne Eiriksdtr. Rue, Hol ....-1843. Gm Birgit Knutsdtr. Skrindo Holshagen. Ingen barn.
    Mehlum fortel at Torkjell var ein hastig friar. Han vitja Anne på fjøshjallen, og straks han fekk ja, så fauk han inn til foreldra saman med jenta. Foreldra gav sitt samtykke, om enn litt forfjamsa.
    Men då Torkjell ville ha henne med seg med ein gong, trauta dei imot både jenta og foreldra. Dei sa at ho måtte då få tid til å snugge seg litt. "Men i morgon e det lurdan, og eg har ingen til å vaske til helgen. Snugge seg kan ho hjå meg," meinte Torkjell, og slik vart det. Gjestebodet stod like etter.
    Torkjell hadde Kvamen i Hol frå 1808-09 (Sjå Hol III s 880), deretter var han i Strandalien i 1810. Så var han innom både i Dalen og på Kleppo før han kom til Holshagen i 1845. (Hol III s 367)
    Torkjell selde garden til brorson til Birgit i 1850 for 150 rd og tok kår til 150 rd.
6. Sigrid Syversdtr. Brenno 1769-1849
G 1803 m Bjørn Nilsson Sveinsgarden Brenno. Sjå neste hushald. Barn: Ola 1799- , sjå barnebarn.
7. Ola Tolleivson Brenna 23.06. 1799-
Ikkje død i Ål, ikkje utflutt.
    Foreldre: Tolleiv Larsson Bakken (Nes) Gullbrekkodden og Sigrid Syversdtr. Brenna.
*Barn elles
1. Syver Syverson Sire 12.07. 1750-
Foreldre: Syver Syverson Hagen m/Ingeborg Klemetsdtr. Sire.
I 1748 var Syver ugift soldat busett i Gullhagen. I 1801 var han husmann med jord.
    Ei av døtrene, Guri eller Margit, var gift med Nils Olson Tane, 'høker og tobakkspander' i Tønsberg.
   
{410} År: 1803
Sigrid Syversdtr. Brenno 1769-1849
Foreldre: Syver Syverson Brenno og Margit Olsdtr. ... .
Gm Bjørn Nilsson Nyhus Brenno 23.09. 1764-1830
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire og Guri Helgesdtr. Lien.
*Barn
1. Margit Bjørnsdtr. Brenna Nyhus 17.04. 1803-1872
Gm Tor Hermannson Nyhus Brenna Tufteslåtta/Rudningsdokken, gnr. 3/8.
2. Guri Bjørnsdtr. Brenna Ursdalen 1806c-1895
Gm Arnfinn Larsson Ursdalen frå Gol. Barn: Guri 1806- . Dei budde i Ursdalen i Gol i 1851.
3. Margit Bjørnsdtr. Brenna Evensen 05.02. 1809-
Gm Even Jørgen Evensen i Tønsberg. Han kvitterte for farsarven hennar i 1837.
    I 1851 var ho enkje og busett i Tønsberg. I 1900 var ho "rentenistinde" og budde i huset til skipsførar Henrik Bull i Tønsberg.
4. Haldis Bjørnsdtr. Brenna 26.03. 1813-1813
*Barn elles
1. Sissel Bjørnsdtr. Gullhagen 01.11. 1795-
Gm Peder Olson Svangseie i Lier. Barn: Randi ....- gm husmann Ola Olson på SkinnesØygarden. (Krødsh. I s 129)
    Foreldre: soldat Bjørn Nilsson Sveinsgard Brenna m/Margit Knutsdtr. Torpo (som losjerte i Gullhagen).
Bjørn lånte 80 rd i 1797 mot pant i Brenno. Bjørn og Sigrid gifte seg i 1803.
    Bjørn var soldat og smed. I 1827 selde han Brenno for 40 spd til Tor Hermannson, men skøytet var ikkje tinglese. Tor hadde brukt Brenno 'til holmings' (=halvparten) saman med svigerfar sin i stadenfor å svara han kår. Med stølen Dokken vart garden taksert til 90 spd.
    Sigrid vart attgift 1836 med enkjemann Arnfinn Syverson Haugo i Gol. Dei hadde ingen barn saman.
   
   
{411} År: 1832
Margit Bjørnsdtr. Brenna Nyhus 17.04. 1803-1872
Foreldre: Bjørn Nilsson Sveinsgarden Brenno og Sigrid Syversdtr. Brenno.
Gm Tor Hermannson Nyhus Brenna 03.06. 1798-1885
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim (Gol).
Tor og Margit gifte seg 1822. Ungane står under Rudningsdokken. Tor og Margit hadde Brenno frå 1832 til 1837.
{412} År: 1837
Hans Jørgen Nilsson Sveinsgarden kjøpte Brenno i 1837. Bruket vart deretter liggande under øvre Sveinsgarden fram til 1894.
{413} År: 1894
Halvor Nilsson Sveinsgard Opheim 19.01. 1868-1944
Foreldre: Nils Hansson Sveinsgard og Guri Halvorsdtr. Garden Opheim.
Halvor Opheim overtok Brenno hjå far sin i 1894. Halvor gifte seg 1900 med Anne Torkjellsdtr. Opheim. Barn: sjå Garden Opheim.
    Halvor selde bruket i 1905 til eigaren av Øvre Sveinsgarden.