Tjyruhjelldalen gnr. 4 bnr. 48
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tjyruhjelldalen gnr. 4 bnr. 48-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Tjyruhjelldalen var husmannsplass under Sveinsgarden Sire. Plassen låg på ei hylle (hjall) der det hadde vore tjørebrenning. Plassen var også kalla Sveinsgardshaugen.
    Tjyruhjelldalen vart slege saman med Haugen/Tretterudhaugen i 1856.
{426} År: 1793
Ola Embrikson Hagaplassen Sire 21.10. 1759-1817
Foreldre: Embrik Torson Helling d.y. Smedplassen og Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen.
Gm Kari Olsdtr. Medgard Sundreplassen 1767-1810.
Foreldre: truleg Ola Amundson Viskebråten (ungkar) og Kari Knutsdtr. Medgarden.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Tjyruhjelldalen 1789-1808s
Det var 41 rd å dele etter Guri i 1808.
2. Gunhild Olsdtr. Sundreplassen Tjyruhjelldalen 24.01. 1790-
Truleg død i 1790-åra.
3. Ola Olson Moen Tjyruhjelldalen 04.11. 1792-
Truleg død i 1790-åra.
Ola og Kari gifte seg 1789. Ola fekk skøyte på Smedsplassen hjå broren Knut i 1789. Pris: 32 rd og kår til mora. Men Knut tok atterhald om bruk av halve plassen mot 3 ort årleg avgift.
    Dei kjøpte plassen Tjyruhjelldalen 1793 for 40 rd. Seljar var Ola Olson Sveinsgarden. Med plassen fylgde eit jordstykke, 2 risplingar på veståsen, 1 grasing, på auståsen: 1 mål innangjerdes på Pålset og løyve til å byggje stølsbu her; Blautmyrsletta; Svartetjønnsletta; Donkehaug-risplingen med ei lu. Vanlege rettar i skog og beite under Sire. Årleg leige: 1 rd, evt. slått av slåtteteigen på Pålset for bonden. (1221)
    I 1801 var Ola husmann og skomakar.
    Ola makeskifta Tjyruhjelldalen og 850 rd med Johannes Guttormson i 1802 og fekk att ein gardepart i nordre del av Søre Helling 6 laupsbol (1259) s 773b
    Ola arva alt etter ho Kari. Dvs. alle tre barna var døde. På skiftet etter Ola var buet på 657 spd. Tenestjenta Jørand Olsdtr. fekk ei kvige, då ho hevda å ha fått visse ting hjå Ola.
{427} År: 1802
Johannes Guttormson Holo Råen 1727-
Foreldre: Guttorm Nilsson Svillegard Holo og 2.g. Haldis Eivindsdtr. Logsengard.
Gm Barbro Embriksdtr. ... 1740c-
Foreldre: Embrik ... ... og ...
Om Johannes Guttormson og kona Barbro Olsdtr. Sundrelien, sjå Råen, gnr. 120/9.
    Johannes fekk barnet Haldis f. 1782 med Barbro Embriksdatter. I 1801 heitte det at Barbro Olsdtr. hadde forlatt sin mann 'for en tiid' og var dagarbeiderske i Tormodsgard.
    Johannes Guttormson makeskifta 1802 ein gardepart i nordre del av søre Helling med Ola Embrikson Helling og fekk att Tjyruhjelldalen og 850 rd.
    Det var årleg arbeidsplikt på plassen: slått av ein dalarsteig for Ola Sveinsgarden. (1259) s 773b
{428} År: 1810
Ola Tomasson Tretterud Tjyruhjalldalen 02.09. 1781-1870
Foreldre: Tomas Olson Skjerping Tretterud og Ingeborg Olsdtr. Rotneim (Gol).
Gm Ingeborg Sveinsdtr. Opheimsjorde Tretterudhaugen 12.09. 1784-1862
Foreldre: Svein Toreson Sataøyen Opheimsjorde og Ambjørg Halvorsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Tomas Olson Tjyruhjalldalen Tretterudhaugen 03.05. 1811-1817
2. Ambjørg Olsdtr. Tretterudhaugen SireBråten 27.02. 1813-1889
Gm Ola Halsteinson Lauvsletten SireBråten, gnr. 4/22.
3. Ingeborg Olsdtr. Sveinsgardshaugen 16.01. 1816-
4. Tomas Olson Tretterudhaugen 04.06. 1818-1907
G 1845 m Anne Aslaksdtr. Vesledal 1826-1906. Sjå neste hushald.
5. Svein Olson Tretterudhaugen SkjerpingHaugen 08.08. 1821-1896
G 1855 m Birgit Larsdtr. Ruud. Sjå SkjerpingHaugen, gnr. 12/14 og Medhushaugen, gnr. 21/13.
6. Margit Olsdtr. Tjyruhjalldalen Vesledal 15.05. 1825-
Gm Syver Aslakson Vesledal. Barn: Aslak 1851-1906 gm Ingeborg Nilsdtr. Strandemoen 1856-1940 (7 barn); ...
    Dei reiste til Am. i 1850: Brooten, MN.
Ola og Ingeborg gifte seg i 1808. I 1810 kjøpte Ola sjølveigarplassen Tjyruhjalldalen, og sidan kjøpte han opp meir jord.
    I 1812 fekk han skøyte frå Nils Nilsson Sire på plassen Stampejordet ("1/4 løb beliggende nedenfor min husebygning ved Sireelven på begge sider"). Pris 90 rd. Han lånte 100 spd i 1836.
    Ola kjøpte langstølen "Veslegaalen" under plassen Slåttestølen i Gol i 1815. Pris 100 rbd. Sonen Tomas overtok i 1844.
{429} År: 1844
Tomas Olson Tretterudhaugen 04.06. 1818-1907
Foreldre: Ola Tomasson Skjerping Tjyruhjalldalen og Ingeborg Sveinsdtr. Opheimsjorde.
Gm Anne Aslaksdtr. Vesledal Tretterudhaugen 03.11. 1825-
Foreldre: Aslak Larsson Vesledal og Kristi Syversdtr. Storedal.
*Barn
1. Ola Tomasson Tretterudhaugen 04.04. 1846-1846
2. Ingeborg Tomasdtr. Tretterudhaugen Bonde? 19.12. 1847-1932
G 1867 m Torstein Einarson Bonde (Vang i Valdres) 1843-1897. Barn: Edvard 1868-1882; Thomas 1869-1871; Thomas 1871- gm Julia M... . ; Andreas Bernhard ("Ben") 1874-1953 gm Ambrosia Sophia Osmundson (1877-1901) - g 1906 m Andrea Matilda Nelson; Ingebrekt Oscar 1876-1882; Anne Bertine 1878- gm Charles Mosher; Oscar Albert 1883-1971 g 1919 m Clara Severson; Edward Olaus (tvilling) 1883-1944; Carl 1885- ; Alfred 1887- g 1914 m Lelia Mae Wood; Albert 1881-1882. (1351)
    Til Am. 1856. Dersom dei skreiv seg "Hagen", så var sønene Oscar og Alfred i tenest i Frankrike under 1.verdskrigen. (1412) s 1045.
3. Kristi Tomasdtr. Tretterudhaugen Veblen 25.07. 1851-1908
G 1877 m professor Andrew Anderson Veblen 1848-1932 (av Valdres-slekt). Barn: Oswald 1880-1960 oberst under 1. verdskrigen, professor i matematikk ved Oxford i England, g 1908 m Elisabet Richardson; Agnes Kari 1882-1973 ug.; Gertrude Ingeborg 1883-1966 ug. bibliotekar; Signy Arndora 1885- ; Harold 1887- ; Thorkel Alfred 1889-1977 ; Hilda Ingeleiv 1891- ; Elling Halden 1894- .
    Hilda og Signy sine ektemenn: Rahl M. Sims og Henry G. Walker. Uvisst kven er kven. (1351), (1643) Til Am. 1856. Agnes, Gertrude og Torkjell budde i Los Angeles sine siste dagar.
    Veblen var professor ved Princeton University i Minneapolis (??).
4. Ola Tomasson Tretterudhaugen 02.11. 1855-1856c
Til Am. 1856. Ola døydde på vegen til Minnesota.
   
    Barn i USA: Ola 1857-1934 g 1879 m Mary Veblen (6 barn); Margit 1861-1863; Margit 1864- gm Ole Flom; Guri 1866-1921; Ambjørg 1870-1936. (1249) (1351)
Tomas og Anne gifte seg i 1845. Dei selde Tjyruhjallen og Stampejordet 1856 til Torkjell Person Træet, og reiste til Am. med "Gefion" frå Drammen i juli 1856. Reisemål var Goodhue Co. Dei hadde 3 barn ved utreise, men eit av barna døydde på turen til Minnesota.
    Det vart fortalt korleis Tomas fekk seg land: jordsøkjarane sprang om kapp. Det var ved Nerstrand i Goodhue Co. Tomas hadde ei kraftig røyst. (1643)