Flatland gnr. 4 bnr. 85
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Flatland gnr. 4 bnr. 85-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Flatland vart frådelt Skuleslåtta i 1928. Flatland ligg på sørsida av Hallingdalselva, like ved Trillhusbrua.
    Brua vart bygd av Oslo Lysverker i 1954. Før den tid brukte dei båt for å koma over elva, og det var tungvint. Asle Sanderhaugen rodde skuleungane over. Det kunne vera seigt arbeid når båten isa til og vart tyngre og tyngre om hausten. Dei brukte hjelpe til for å få islagd veg over elva fyrst på vinteren. Når kjølda slo inn og isen byrja kråve i elva, dreiv dei ned pålar og la ei kvistegran uti frå kvar elvekant. Då la isen seg lettare og dei hadde fast veg fram til vårløysinga att. (1707)
    Areal 1995: dyrka jord 22 mål, anna areal 6 mål, produktiv skog 250 mål, anna utmark 8 mål. Våningshus bygt 1975, våningshus 1926, driftsbygning 1926, garasje 1985, stabbur 1941. Vanleg buskap: 4 mjølkekyr, 3 kalvar. Garden vart bortpakta kring 1998.
    Støl: Svarvarstølen vart kjøpt i 1944.