Gjesthaugen gnr. 4 bnr. 93
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Gjesthaugen gnr. 4 bnr. 93-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Gjesthaugen eller Tuftehaugen ligg like vest for Sireåne, oppe i lia litt ovanfor Tuftebråten. Gjesthaugen var husmannsplass under Tufto. Namnet kjem av Gjest Olson Sørbøen Tuftebråten. Han budde i Tuftebråten, var nok i Tuftehaugen hjå dottera si dei siste åra.
    Som nedlagt plass vart Gjesthaugen frådelt Tufto i 1944. I dag er det ingen hus her, men tuftene syner godt.
{451} År: 1811c
Birgit Gjestdtr. Tuftebråten Gjesthaugen 1787-
Foreldre: Gjest Olson Sørbøen Tuftebråten og Randi Herbrandsdtr. Bjørøyen.
Gm Ola Larsson Finnesgard Gjesthaugen 1778c-
Foreldre: truleg Lars Anfinnson Finnesgard og Birgit Tolleivsdtr. Glomsrud, Gol.
*Barn
1. Lars Olson Gjesthaugen 28.10. 1807-
Gm ... ... . G 1838 m Gunbjørg Klemetsdtr. Glesneeie. Barn: Kari 1839- ; Ola 1842- ; Berte 1844-45; Berte 1846-1849; Ola 1849-1849; Ola 1850- .
    Foreldre: Ola Larsson Finnesgard og jente Birgit Gjestdtr.
    Til tenest. Konf. i Kr.herad i okt. 1825. Lars var enkjemann i Morudeie på Modum då han gifte seg 2. gong 1838 m Gunbjørg. Sidan på Vassendrud i Krødsherad. Bind I s 70
2. Herbrand Olson Gjesthaugen 15.04. 1811-1890
Gm Helge Knutsdtr. Sandum-eie 1812-.... . Barn: Ole 1833-1834; Ole 1835- til Lia; Knut 1839- gm Randi K. Leknes i Flå; Eivind 1843- gm Ingeborg Bråtan, til Lindbråtan; Berit 1850- gm Reiar B. Bråten Skasetbråten.
    Herbrand og Helge budde på Sortebergplassen under Sorteberg i Kr.herad.
3. Torstein Olson Gjesthaugen 06.01. 1815-1815
4. Anne Olsdtr. Gjesthaugen Fadum 28.04. 1817-
Gm ... ... Langerød. ? G 1850 m enkjemann Anders Hansen Fadum. (GulliØdegården?) 6 barn.
    Anne reiste til Horten. Sidan til Hurum.
5. Endre Olson Gjesthaugen 30.01. 1821-1821
6. Endre Olson Gjesthaugen 06.03. 1823-
Endre reiste til Borre i 1824 saman med foreldra og systera Anne.
Birgit Gjestdatter budde i Finnesgard i 1807 då ho fekk sonen Lars med Ola Larsson Finnesgard. Dei gifte seg.
    I 1835 reiste Ola reiste til Hurum med kona Birgit og 2 barn. (Endre og Olea (?)
    Dei budde på Eidsfoss jernverk i Hof i Vestfold.
{452} År: 1833
Embrik Sindreson Juven Gjesthaugen 11.05. 1794-1851
Foreldre: Sindre Embrikson Hagaplassen Juven og Rønnaug Knutsdtr. Baklien.
Gm Anne Persdtr. Lappegard Gjesthaugen 15.10. 1797-1872
Foreldre: Per Person Gunhildgard Lappegard og Margir Eiriksdtr. Lappegard.
*Barn
1. Rønnaug Embriksdtr. Tuftehaugen 14.09. 1828-
Til Amerika: Quebec 1866.
2. Per Embrikson Tuftehaugen 26.09. 1830-1853
Ugift.
3. Margit Embriksdtr. Tuftehaugen 07.04. 1834-
Til Am. i 1861.
4. Ragnhild Embriksdtr. Tuftehaugen Storedalsplass 16.01. 1837-1931
G 1862 m enkjemann Knut Botolvson Storedalsjordet, gnr. 6/6.
Embrik og Anne gifte seg i 1828. Dei budde som lottebrukarar under Skjerping i 1830, var innom Tuftebråten og Tuftehaugen.
    Embrik fekk utdelt 4 settung korn i 1833. Då budde han i "Gjesthus" (Gjesthaugen) (784)
    I 1840 bygsla han Gjesthaugen. I 1867 var Anne enkje på Gjesthaugen.
{453} År: 1884c
Ola Håkonson GråbeinHaugo Gjesthaugen 17.01. 1846-1911
Foreldre: Håkon Håkonson Megard Gråbeinhaugo og Guri Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Margit Knutsdtr. Hjelmen Gjesthaugen 22.06. 1844-1926
Foreldre: Knut Oleivson Rotneimshagen Hjelmen og Kari Olsdtr. Nyhusmoen, Hemsedal.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Gjesthaugen GjestHaugen 13.04. 1874-1905
Barn m/jarnbane-arbeidar Johan Pedersen Bråten, Tyristrand 1867- : Marie 1893- .
    ?Barn m/kunstdreier Olaf Knudsen: Oskar Henry 1897- (G.O. Tuftehaugen i Torpo KB). Gm ... ... . Busett i Oslo.
2. Knut Olson Gjesthaugen Settungsgard 26.11. 1875-1947
Gm Sissel Embriksdtr. Settungsgard.
3. Håkon Olson GråbeinHaugo Gjesthaugen 06.04. 1878-1884
Til Am.? eller død liten.
4. Ola Olson Gråbeinhaugo Gjesthaugen 22.04. 1880-
Til Am.?
5. Ola Olson GråbeinHaugo 15.12. 1882-
6. Håkon Olson Gjesthaugen Tuftehaugen 08.01. 1886-
Til USA.
7. Oleiv Olson Gjesthaugen 08.05. 1888-
Til USA.
*Barnebarn
1. Marie Johansdtr. Gjesthaugen Moe 06.05. 1893-1973
G 1911 m Olav Torson Toresgardmoen 1890-1960. Sjå eige hushald.
    Foreldre: jarnbanearbeider Johan Pedersen Bråten, Tyristrand og Guri Olsdtr. Gjesthaugen.
Ola og Margit gifte seg i 1874. Ola Håkonson Gråbeinhaugo og familie vart husville i 1884. Fattigstyret skaffa såkorn og mellombels opphald. Denne huslyden kom til Gjesthaugen før 1888. Plassen vart nedlagt som bustad i 1927. Og selt til Tretterudhaugen i 1944.