Bjørøyslåtta gnr. 5 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bjørøyslåtta gnr. 5 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bjørøyslåtta var også kalla Vestenforplassen. Ola Gjermundson nedre Bjørøyen saksøkte Ola Torpo i 1748 og ville ha Bjørøyslåtta. Nokre vitne fortalde korleis slåtta (slåtta Bjørøystølen, også kalla Vestenfor) var kome til Torpo ved at Torand Torpo hadde lagt ut 10 rd ein gong. Andre vitne fortalde at Gjermund Bjørøyen hadde brukt Bjørøystølen. Ein ser ikkje dom i denne saka.
    I 1780 slo kårfolka på øvre Bjørøyen seg ned på Bjørøyslåtta. Ein gong i 1830-åra vart Bjørøyslåtta nedlagt som plass og brukt under garden att. Det er uvisst kvar hustuftene var.
   
{467} År: 1780
Herbrand Olson Bjørøyen Bjørøyslåtta 1720-1784s
Foreldre: Ola Olson Nyhus? Bjørøyen og Rangdi Olsdtr.
Gm Anne Olsdtr. Opheim Bjørøyen 1720c-1800
Foreldre: Ola Arneson nordre Opheim og Margit Guttormsdtr. Helling.
Herbrand og Anne selde Bjørøyen til sonen Ola i 1774 og fekk beskrive kåret i 1780: 3 tunner stritt korn, 1 tunne brødkorn, 2 sett rug og 2 sett hampesæd, framfødd 2 kyr og 6 småfe, hus og hest og "Christsommelig jordeferd til min grav når det behager Gud at kalle mig herfra .. ."
    Herbrand og Anne budde i Bjørøyslåtta som husmann/kårfolk. Då Herbrand var død, kravde presten sonen Ola 3 rd for arbeidsplikta. (Husmenn skulle arbeide 1 dag for presten.)
    Anne fekk slikt kår i 1793: framfødd 1 ku og 3 småfe. 30 settung korn, 18 settung brødkorn, 1 settung rug og 1 settung hampe-sæd. Varmt hus og oppvarting, samt hest 'til fornødenhed'.
{468} År: 1795
Halvor Herbrandson Bjørøyen Bjørøyslåtta 31.05. 1761-1831
Foreldre: Herbrand Olson Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Ingrid Holgesdtr. Satamoen Bjørøyslåtta 06.01. 1759-1837
Foreldre: Holge Eirikson Lien (ungkar) og Anne Botolvsdtr. Sørbøen (truleg Espegard).
*Barn
1. Ola Halvorson Bjørøyslåtta Grasstauren 1794-1811
Ola døydde 1811 som tenestgut hjå Niels Jonsen Østre Egenæs på Nøtterøy. 'Brystsvaghed'.
2. Holge Halvorson Bjørøyslåtta Bæra 14.05. 1797-1860
G 1827 m Ingeborg Olsdtr. Sehl. Sjå Bæra og Baustedokken.
3. Herbrand Halvorson Bjørøyslåtta 1800-1800
Han vart 5 veker gamal.
Halvor fekk 1795 skøyte hjå mora på Bjørøyslåtta for 60 rd og eit lite kår. Dei andre arvingane meinte at mora ikkje hadde heimel til å selja Bjørøyslåtta. Eit skøyte synte at den avdøde Herbrand Olson fekk bruket etter far sin. Under Bjørøyslåtta låg plassen Bjørnemoen som vart taksert til 100 rd. Arvingane vart forlikte om at eldste son Herbrand Olson skulle overta.
    I 1806 kjøpte dei Bjørøyen for 700 rd og kår til seljaren Ola Olson Sveinsgarden og hustru. Seljaren held att: ei eikre, Bjørøybråten; 2 mål eng + stølsbua på Bjørøystølen; rett til å inngjerde meir ... . (1536)327b
    Halvor selde Bjørøyen for 800 rd i 1811. Kjøpar var Ola Olson Sveinsgarden.
    Dei bygsla Grasstauren i 1816. Etter segna skulle Halvor Grasstauren vore den som fann sylvet i Ridalen. Sjå under Grasstauren. Ingrid døydde i legd på Skjerpingmoen i 1837.
{469} År: 1806
Anne Olsdtr. Bjørøyen Bjørøyslåtta 02.10. 1774-1821
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helge Olsdtr. Rime.
Gm Syver Torkjellson Sire Bjørøyslåtta 27.06. 1773-1847
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
*Barn
1. Torkjell Syverson Bjørøyslåtta 13.10. 1805-
Gm Andrine Pedersdtr. ..., Svelvik 1810c- . Barn: Johan 1838c- styrmann; ..
    Gardsfullmektig på Nordre Høvik i Lier i 1865.
2. Ola Syverson Bjørøyslåtta Borkhusbråten 15.03. 1808-1901
G 1834 m Anne Olsdtr. Glomsletten. Sjå Borkhusbråten, gnr. 4/28a.
3. Knut Syverson Bjørøyslåtta 29.09. 1811-
Gm Maren Madsdtr. frå Røyken. Til Hurum i mars 1829. FT 1865: bygselmann på Sønsteby, Modum. Tømmermann.
4. Margit Syversdtr. Bjørøyslåtta 05.01. 1816-
Gm Petter Evju i Rygge sokn.
Syver og Anne bygsla Bjørøyslåtta i 1806 hjå bror hennar, Herbrand Olson Bjørøyen.
    Med plassen fylgde rett til å rydde støl ved langstølen Hagastølen og heimstøl ved Sollien; slåttemyrane vest for Sollien; nødvendig skogsvirke. Leige 3 rd årleg, evt. 3 veker slått i 6., 7. og 8. veka etter jonsok. Plassen skulle falle attende til garden etter deira tid, utan vederlag for påkostnad. (1536)282b
    Syver gifte seg opp att og kom til Ramsviken på sine gamle dagar.