Storedal, søre gnr. 6 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storedal, søre gnr. 6 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Storedal ligg litt oppe i lia litt aust for Torpo sentrum. Den ubundne namneforma kan tyde på at garden er frå mellomalderen. Garden kom inn i skattelistene i 1657 og hadde tilknyting til garden Torpo.
    Storedal, i Storedal. Opphavleg landskyld: 3 laupsbol. I dag er landskylda delt med 1 1/2 lb. på nordre og søre garden.
    Areal 1865: 18 mål åker, 41 mål naturleg eng, 52 mål utslått. Avling: 21 tunner bygg, 21 tunner potet.
    Tilkjøp: Vesledal og småbruket Storedalsjordet vart kjøpt som tilleggsjord i 1988 hjå Birgit Vesledal.
    Areal 1994: Dyrka jord 200 mål, anna areal 32 mål, produktiv skog 765 mål, anna utmark 1845 mål. Buskap: 15 mjølkekyr, 15 ungdyr, 15 kalvar.
    Hyttefelt med 23 tomter. Leigd jord 5 mål. Våningshus bygt 1923, restaurert 1983, kårhus 1974, 2 gamle loft, låve og fjøs 1931, restaurert og påbygd i 1992, reidskapshus og garasje 1986.
    Stølar. Heimstøl i Vermelia og 1/4 i Torsteinsslåtta fellesbeite på 75 mål. Langstøl på Nystølen med 2 utleigehytter.

{487} År: 1754

Jakop Aslakson Storedal Steingarden 1725c-1805
G 1759 m enkje Margit Håvelsdtr. Rust, Gol ....-1762. Barn: Aslak 1760-1850 Bergajorde gm Ingrid Knutsdtr.; Margit 1762-ung. G 1764 m Guri Larsdtr. Noss (5 barn). Foreldre: Aslak Jakopson Storedal og Birgit Tomasdtr. Sire.

Jakop løyste inn att Storedal i 1754, men selde vidare same år for 34 rd og gjelda.
    Jakop budde på Steingarden i Gol og han skreiv seg Jegleim. Sonen Aslak med verge reiste odelssak mot Aslak Håkonson Berg på Storedal i 1769. Ein ser ikkje meir til denne saka.

{488} År: 1754.

Ola Olson Storlien Storedal 1720-1800
Foreldre: Ola Syverson Bøygard Storlien og Guri Olsdtr. Eikre (Hems.).
Gm Margit Eilevsdtr. Eilevmoen Skjerping 1724-1806
Foreldre: Eilev Toreson Grov Eilevmoen og Ingebjørg Halvorsdtr. ... . (sjå Gol V s 292)
*Barn
1. Eilev Olson Storedal Nyhus 02.06. 1750-1810
G 1781 m enkje Dordei Solvesdtr. Nubgarden, gnr. 11/1, Nyhus, gnr. 10/8 og nordre Helling, gnr. 20/5.
2. Tomas Olson Storedal Tretterudhaugen 10.12. 1752-1815
G 1780 m Ingeborg Olsdtr. Rotneim. Sjå Tretterud, gnr. 7/7 og Gåsterud, gnr. 16/1.
3. Guri Olsdtr. Storedal 17.11. 1754-1755
4. Syver Olson Storedal Glomsletten 08.06. 1756-1823
G 1782 m Torand Torkjellsdtr. Hagen. Sjå Perstølen, gnr. 125/2.
    G 1815 m enkje Birgit Eilevsdtr. Helgeplassen Glomsletten, gnr. 54/6.
5. Helge Olson Storedal 13.12. 1761-
Helge kjøpte 1786 slåtta Bråten hjå Syver Torkjellson Torpo for 40 rd. I tillegg fylgde skogsletta Kreklinglien ved Sireåne og løyve til å rydde heimstøl på ei liten slette sunnanfor heimstølen Vermelien. Vidare hadde plassen vanlege rettar i skog og mark. (1206) s 487b
    Sidan ser ein ikkje meir til Helge.
6. Tor Olson Storedal 1764-1764
7. Guri Olsdtr. Storedal 20.01. 1765-

Ola og Margit gifte seg i 1748. Ola Olson Storliøyen kjøpte Storedal 1754 for 34 rd hjå Jakop Aslakson på Steinsgard i Gol.
    Gardsyn i Storedal i 1755: ei forfallen stugu; loft 8 rd; låve 4 rd; hestestall m/trev 1 rd; sauestall 1 rd; eit forfalle, gamalt fehus; ei liten bu 2 ort; gamalt fehus 8 sk; gamal forfallen stugu 2 ort; smie 1 ort; gamal badstugu 1 ort; kjellarbu 2 rd; bryggerhus 3 ort; låvehus 3 rd. På Nystølen: bu 4 rd; fjøs 6 rd; lu. Heimstølen: fehus 1 ort. Engelandet var tilgrodd med småskog. (1222) s 39
    I 1766 makeskifta han Storedal og 300 rd med Aslak Håkonson Skjerping og fekk att Skjerping.

{489} År: 1766

Aslak Håkonson Berg Storedal 1725-1780s
Foreldre: Håkon Eilevson Berg Skjerping Berg og Kari Olsdtr. Skjerping.
Gm Birgit Danielsdtr. Sørbøen Skjerping 1737-1805
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.

Ålmogen vitna på tinget i 1751 at Aslak var handelskar. Han kjøpte ein part i Storedal hjå Jakop Asleson Steinsgard i Gol i 1754.
    Aslak makeskifta 1766 garden Skjerping med Ola Olson Storedal og fekk att Storedal og 300 rd.
    Aslak Håkonson Storedal gjorde avtale om kår 1769 for Halbjørg Syversdtr. Finnesgarden. Hallbjørg hadde ingen som kunne ta seg av henne, men ho hadde budd hjå Aslak ei god tid alt og var svært tilfreds med stellet der. Som mot-yting skulle Aslak og hans arvingar få alt ("som ikkund er meget såre ringe..") etter Hallbjørg når ho gjekk bort.
    På skiftet etter Aslak i Storedal 1780 var det 82 rd å dele på syskena hans. Garden Storedal var selt til Håkon Olson Berg for 550 rd og kår til enkja Birgit. Det var nytt skifte etter Aslak 13.07.1781 då var funne verdiar som enkja hadde "bortdulgt". M.a. vart ein gardhandel ("et fingatum eller oppspinn" mellom Håkon og enken) omgjort for å få garden i full pris. Tilsaman vart det 141 rd.
   

{490} År: 1781

Birgit Danielsdtr. Sørbøen Skjerping 1737-1805
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Bjørn Hermannson Krosshaug Storedal 13.01. 1748-
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.

Birgit vart attgift 1781 med Bjørn, men han gjekk tidleg bort.
    Birgit gifte seg for tredje gong med Knut Håkonson Skrindo i 1799 og slo seg ned i Storedalsplassen. På skiftet etter Birgit i 1805 var netto eige 710 rd.

{491} År: 1784

Halvor Olson TorpeSlåtta Torpehagen 1739-1819
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta og Anne Olsdtr. Storlien.

Gm enkje Ingrid Olsdtr. Sire Torpehagen. G 1801 m Anne Olsdtr. Gullhagen. Han makeskifta Storedal i 1786 og flytte til Torpehagen.

{492} År: 1786

Ola Olson Torpehagen Storedal 01.06. 1759-1819
Foreldre: Ola Syverson Hagen og Margit Olsdtr. Nøreim (Gol).
Gm Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug Storedal 19.02. 1758-1829
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.
*Barn
1. Ola Olson Storedal 1781-1783
2. Margit Olsdtr. Storedal Ylilie 27.07. 1783-1867
G 1815 m Ola Endreson Granlien, gnr. 32/30 (Ylilie). Barn: Ivar 1809- sjå barnebarn.
3. Astrid Olsdtr. Storedal 01.10. 1786-1801f
4. Ola Olson Storedal Storedalsplass 08.02. 1789-1839
G 1815 m Jørand Holgesdtr. Granlien. Sjå Storedalsplassen, gnr. 6/7.
5. Hermann Olson Storedal 14.08. 1791-1801f
6. Astrid Olsdtr. Storedal 17.04. 1794-
Utflutt hausten 1822 til tenest på Norderhov.
7. Hermann Olson Storedal Sletto 17.07. 1796-1873
G 1848 m Anne Syversdtr. Torpo. Sjå øvre Sletto, gnr. 15/6.
8. Bjørn Olson Storedal Tuftebråten 03.12. 1798-1881
G 1839 m Anne Hermansdtr. Sveinsrud. Sjå Tuftebråten, gnr. 4/41.
*Barnebarn
1. Ivar Knutson Berg Asgrimplass 14.01. 1809-1879
G 1839 m Ambjørg Sevatsdtr. Granhagen. Sjå øvre Asgrimplass, gnr. 122/7.
    Foreldre: Knut Ivarson Espegard m Margit Olsdtr. Storedalsplass.

Ola og Ingebjørg kom til Storedal i 1786. Ola delte Storedal kring 1790 og selde den søre delen til Jens Aalborg og den andre delen til Rasmus Barskrind i 1801.
    Ingebjørg gjekk på legd frå 1814 og utover og døydde i Storedalsplassen i 1829. (777)
   

{493} År: 1795

Jens Kristenson Aalborg Storedal 1735-
Foreldre: Kristen Halvorson Aalborg og Åse Mikkelsdtr. Ljødal, Eidsvoll.
*Barn
1. Guro Jensdtr. Storedal 1765c-
Ukjent lagnad. Syver Syverson skulle betale 40 rd til "sin svigersøster Guro Jensdtr" då Jens er død. (1536)64a
2. Anne Jensdtr. Storedal 1767-1846
G 1799 m Syver Syverson Haugo Storedal. Sjå neste hushald.

Jens Aalborg frå Eidsvoll var enkjemann då han kjøpte Storedal i 1795. Han hadde i alle fall to barn, dottera Anne vart neste eigar.
    Jens lånte 404 rd hjå presten Morten Andreas Leigh i 1803 mot pant i garden. Takst: 820 rd.
    Jens overførde garden til svigerson og dotter for 799 rd i 1804 og tok seg slikt kår:
    3 tunner bygg, 1 skjeppe rug, 1 skjeppe salt; 1 1/2 mål åker tilsådd, samt 2 jordstykke (som han har brote opp til dyrking av jordeple); Sagaslettane; husrom i den nybygde kårstugu på garden m.m.
    Svigersonen Syver Syverson skulle betale 40 rd til "sin svigersøster Guro Jensdtr" etter Jens sin død. (1536)64a

{494} År: 1799

Anne Jensdtr. Storedal 1767-1846
Foreldre: Jens Kristenson Aalborg Storedal og ... ... ... .
Gm Syver Syverson Haugo Storedal 07.05. 1775-1847
Foreldre: Syver Arnfinnson Finnesgarden FinnesgardHaugo og Gunhild Håvelsdtr. Nivstad, Gol.
*Barn
1. Kristi Syversdtr. Storedal Vesledal 03.04. 1800-
G 1823 m Aslak Larsson Vesledal, gnr. 7/1.
2. Syver Syverson Storedal 24.07. 1803-1882
G 1825 m Gunhild Olsdtr. Brattåker. Sjå neste hushald.
3. Kristian Syverson Storedal 23.06. 1805-1846f
Døydde truleg som liten.
4. Gunhild Syversdtr. Storedal Vesledal 26.02. 1808-1896
G 1835 m Ivar Knutson Kolsrud Vesledal, gnr. 7/1.

Syver dreiv snikkar-arbeid før han vart gift til Storedal i 1799. Dei fekk skøyte på garden i 1804. Pris 799 rd og kår.
    På tinget i 1835: Syver og kone hadde kår på Storedal. Syver var tiltala for vald og bruk av kniv på Hermann Sire. Eit drikkelag på Sire enda i villt slagsmål. I edrug tilstand var Syver kjent for å vera ein aktverdig kar.
    Syver sa seg tilfreds med den straff "som Domstolene, Gud og Kongen tilkjenner han", og la fram skussmål frå grannane sine. Syver vart ilagt 1 års arbeid i jarn på festningen, samt 40 spd erstatning til Herman.
    Syver gifte seg opp att i 1847 med enkje Anne Olsdtr. Opheim Ruud, men døydde 6 veker etterpå.
    Syver var ein kjend bjørnejeger. I 1831 kom Syver på tinget med skinn av ein bjørn og to bjørnungar. Jfr. sogene i Ål bygdesoge III s 101.
   

{495} År: 1832

Syver Syverson Storedal 24.07. 1803-1882
Foreldre: Syver Syverson Haugo Storedal og Anne Jensdtr. Storedal.
Gm Gunhild Olsdtr. Brattåker 10.06. 1804-
Foreldre: Ola Olson Brattåker og Birgit Håkonsdtr. Berg, Hol.
*Barn
1. Syver Syverson Storedal 15.06. 1827-
Gm Gunhild Olsdtr. ... . Til Am. 1850: .... .
    Syver Syverson Storedal selde Storedal i 1849 til Ola Sveinson Reinton for 1200 spd.
2. Kristen Syverson Storedal 15.07. 1830-
Til Am. i 1850: gm ... budde 1918 i Seattle, Wash.
3. Birgit Syversdtr. Storedal 26.11. 1832-
Til Am. i 1850.
4. Anne Syversdtr. Storedal Rueslåtten 18.04. 1835-1865
Gm Nils Levorson Rueslåtten (Hol) (som døydde i fangenskap under borgarkrigen 1862-65). Barn: Levor ....- vart drepen av lynet som 14-åring ; Helene ....- gm ... (mange barn). Busett Worth Co, Iowa. Død i Andersonville, Tennesee.
5. Ola Syverson Storedal 28.01. 1837-1894
Reiste fyrst til Gol i 1849. Til Am. Gm Ingrid Knutsdtr. Ekrene, farma Otronto tp, Mitchell Co Iowa.
6. Ragnhild Syversdtr. Storedal Golberg 18.04. 1838-1906
="Rosa". Gm Ola Golberg.Til Gol 1849, til Am. i 1850: budde ved Enderlin, ND.
7. Jens Syverson Storedal 19.07. 1842-
Reiste fyrst til Gol i 1849. Til Am. i 1850 ...
8. Gunhild Syversdtr. Storedal Thorson 24.01. 1845-
Gm Andrew Thorson, gm John Eggen, Lyle, MN.

Syver og Gunhild gifte seg i 1825. Dei reiste fyrst til Gol i 1849.
    Barn fødde i Gol: truleg Guro "Julia" 1850-1924 g 1886 m Lars Arneson Nord, Brandval, dei farma ved Enderlin, Ramson Co ND.
    Syver og Gunhild reiste vidare til Amerika i 1851: farma ved Cambria, Wisc., seinare Otronto, Mitchell Co Iowa.

{496} År: 1849

Ola Sveinson Reinton Storedal 1804-1892
Foreldre: Svein Levorson Reinton Vindegg og Haldis Olsdtr. Bekkestad, Hol.
Gm Birgit Guttormsdtr. Tufte Storedal 10.11. 1809-1898
Foreldre: Guttorm Larsson Nestegard Tufto i Ustedalen og Sigrid Knutsdtr. Fossgard, Hol.
*Barn
1. Svein Olson Storedal 09.06. 1836-1904
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Sigrid Olsdtr. Storedal Tretterud 11.02. 1843-1920
G 1872 m Herbrand Herbrandson Sørbøensmoen Tretterud. Sjå neste hushald. Og Tretterud, gnr. 7/7.
3. Haldis Olsdtr. Storedal Bomberud 26.07. 1847-1892.
G 1874 m Lars Mikkelson Bomberud, gnr. 32/9.
4. Margit Olsdtr. Storedal 23.03. 1851-1890
G 1883 m Mikkel Bjørnson Torseteie/Kilo (Hemsedal) Storedal. Sjå 1877-hushaldet.

Birgit og Ola gifte seg i 1835. Dei kom til Storedal 1849. Dugande jordbrukar. Som kårfolk budde dei 1891 i gamlestugu i søre Storedal.

{497} År: 1876

Svein Olson Storedal 09.06. 1836-1904
Foreldre: Ola Sveinson Reinton Storedal og Birgit Guttormsdtr. Tufte (Ustedalen).

Svein Olson Storedal kjøpte Storedal hjå foreldra i 1876. Han hadde dårleg helse og var ugift. Svein selde garden same året for 900 spd og kår til svoger Herbrand Herbrandson Tretterud. Herbrand hadde både Liahagen og Storedals-bråten.
    I 1900 sat han som rentenist med kår på Vindegg. Svein gav eit legat på 10500 kr til beste for Torpo sokn. Herbrand selde Storedal i 1877.

{498} År: 1877

Margit Olsdtr. Storedal 23.03. 1851-1890
Foreldre: Ola Sveinson Reinton Storedal og Birgit Guttormsdtr. Tufte i Ustedalen.
Gm Mikkel Bjørnson Kilo Storedal 1842-1929
Foreldre: Bjørn Sjugurdson Syverson Ulsaker/Kilo frå Hemsedal og Birgit Olsdtr. Skar.
*Barn
1. Birgit Mikkelsdtr. Storedal Svensgård 06.06. 1884-1958
Gm Nils Nilsson Sveinsgard, gnr. 4/32.
2. Ola Mikkelson Storedal 09.01. 1886-1978
G 1912 m Birgit Nilsdtr. Lien. Sjå 1916-hushaldet.
3. Bjørn Mikkelson Storedal 08.03. 1888-
Ug. Til Am. i 1910.Tømmerhoggar.
4. Birgit Mikkelsdtr. Storedal Haugen 10.07. 1890-1930
G 1916 m Lars Halvorson Haugen/Bråten. Barn: Kari 1917- gm Henry Eriksen, Røyken (5 barn); Margit 1920- g 1948 m Johan Andreas Andersen, Røyken (2 barn); Martin 1922- verksmester i Oslo, ug.; Harald 1927- elektromontør, gm Else Nilsen (1 barn). (1345) s 491
    Birgit og Lars budde i Vearhagen i Røyken.

Mikkel og Margit gifte seg i 1883. Det vart herma etter Mikkel då han hadde vore i Storedal på friarferd til den ikkje heilt unge odelsjenta: "Jadå, jadå, ho va tiug med ei gong ho." Men ho Margit døydde i barnseng berre 40 år gamal.
    Mikkel var tidleg oppe, han byrja gjerne arbeidet ved 4-tida om morgonen. Han gjorde m.a. syrpebytter og teiner for sal. Som ei fylgje av dette, så brukte Mikkel opp 'det som fanst' av kjørr kring garden. Ein norsk-amerikanar tok eit foto av Mikkel med ei svær bør med teine-kvist på ryggen.
    Han var ikkje av dei som let seg hefte bort med prat i utrengsmål. Då kom det heller: "Du får gå nedatt!" til dei som vilde slå av ein prat. Under tømmerhogst hefta ikkje Mikkel med bruk av måleband. Og då timremålaren kom, vart det påpeika at det var noko ujamne mål på stokkane. Men då svara Mikkel: "Det er det det er, og blir det det blir".
    Mikkel kjøpte opp 3 stølsvollar (Kråkhovdstølen, Urholt-vollen og Storedalsvollen (frå nordre garden)) og slo saman med Nystølen som hadde høyrt til garden frå gamalt.
    På sine gamle dagar vart han mykje religiøs og ein jamn kyrkjegjengar. Mikkel sette seg fremst i kyrkja for å høyre, og kunne seia 'Amen' høgt og tydeleg, lenge etter dei andre.