Storedal, nordre gnr. 6 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storedal, nordre gnr. 6 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Storedal vart delt frå Storedal med 1 1/2 laupsbol kring 1790. Bruket er den vestre delen av Storedal.
    Det gamle tunet låg på høgde med tunet i søre Storedal. Tuftene syner enno. Tunet vart flytt ned i 1920-åra til noverande stad.
    Areal 1865: 11 mål åker, 30 mål naturleg eng, 25 mål utslått. Avling: 12 tunner bygg og 10 1/2 tunne potet.
    Areal 1994: dyrka jord 10 mål (bortleigd), anna areal 4 mål, produktiv skog 114 mål.
    Våningshus bygt 1930, utbygt og rest. 1984, låve med fjøs og stall 1939. (Etter at dei gamle uthusa brann i 1937.)
    Stølar. Garden har støl i Vermelia.
   

{503} År: 1790

Ola Olson Torpehagen Storedal 01.06. 1759-1819
Foreldre: Ola Syverson Hagen og Margit Olsdtr. Nøreim (Gol).

Ola Olson i søre Storedal delte garden og selde den søre halvparten til Jens Aalborg i 1795.
    Ola selde nordre Storedal til Rasmus Barskrind i 1801.

{504} År: 1801

Rasmus Olson Barskrind Storedal 10.07. 1763-1845
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard Lien.
Gm Margit Olsdtr. Ivarslien Storedal 1774-1835
Foreldre: Ola Olson Gutigarden Ivarslien og Birgit Tomasdtr. Tomasgarden Sire, Gol.
*Barn
1. Birgit Rasmusdtr. Storedal 02.11. 1794-1827
G 1814 m Olbjørn Håkonson Storlien Storedal. Sjå 1815-hushaldet.
2. Ola Rasmusson Storedal 19.03. 1797-1810
3. Ola Rasmusson Kringla Storedal 02.12. 1798-1809
4. Sissel Rasmusdtr. Storedal 18.03. 1801-1883
G 1835 m Arne Sveinson Rikansrud Storedal. Sjå 1832-hushaldet.
5. Embrik Rasmusson Storedal 08.05. 1803-1803
6. Margit Rasmusdtr. Storedal Egge 17.09. 1804-
Gm ... ... Egge. Ho reiste til Norderhov på tenest hausten 1822. I 1845 var ho gift og busett på garden Egge ved Hønefoss. FT1865: Margit var enkje og budde aleine som inderst på plassen Berget u/Klekken (?) i Norderhov.
7. Guri Rasmusdtr. Storedal 18.09. 1807-1810
8. Guri Rasmusdtr. Storedal Rikansrud 08.01. 1811-1886
G 1846 m Halvor Olson Rikansrud, gnr. 15/13.
9. Guri Rasmusdtr. Storedal Haagensen 24.03. 1814-1885
Gm Ole Haagensen, Hole 1827- . Barn: Carl Magnus 1851- .
    Ole var sjølveigar på Pålerud i Hole, og han var skreddar. Han hadde garden også i 1886. I 1900 var han enkjemann på Pålerud, og i 1903 var det ny eigar på garden. Sonen Carl Magnus levde i 1865, men var ikkje i Hole i 1900.
10. Ola Rasmusson Storedal 05.10. 1816-
Ug. Utflytt i 1837. Han verva seg som soldat i 3. gevorbne JægerCompagnie. Var før 1845 i tenest på Jarlsberg hovedgård. Som kontorist hjå grev Wedel Jarlsberg skreiv han seg for 'Ole Dahl'. Ei svikefull jente gjorde at han miste livsmotet og truleg gjorde ende på seg sjølv. Dei fann han død med oppskoren strupe på kontoret hjå greven.

Rasmus var husmann og dreiar, budde i Ivarslien og på Kringla. I 1801 kjøpte han halve Storedal for 598 rd.
    I 1815 selde Rasmus garden til Olbjørn Håkonson Storlien, og tok seg slikt kår: 2 tunner bygg, 2 settung malt, 2 rullar tobakk. Framfødd 2 kyr og 4 småfe; eit forlass frå langstølen m.m.
    Ved skiftet etter Margit i 1835 vart det opplyst at nervefeber har herja både i huset og i grannelaget, og skiftet vart utsett grunna dette.

{505} År: 1815

Birgit Rasmusdtr. Storedal 02.11. 1794-1827
Foreldre: Rasmus Olson Skjerping Storedal og Margit Olsdtr. Ivarslien.
Gm Olbjørn Håkonson Storlien Storedal 04.12. 1785-1852
Foreldre: Håkon Embrikson Lien Ellingsgard Storlien og Barbro Arnesdtr. Golberg.
*Barn
1. Barbro Olbjørnsdtr. Storedal Saraplassen 05.11. 1815-
G 1847 m Syver Vebjørnson Saraplassen under Garhamar, Norderhov 1828- . Barn: Vebjørn 1850- til Finnerud, Veme, gm Matea Hansdtr. Mellbye (3 barn), gm Kristiane Vebjørnsdtr. ... (6 barn); Kari 1858- ; Bernt 1860- hadde Jensrud/reperatør ved sliperi, gm Karen Amundsen (3 barn).
    Barbro vart konfirmert i Norderhov i 1840. Barbro var i tenest på Ringerike 1845. I 1852 tente både ho og systera på Støvern på Veme.
2. Rasmus Olbjørnson Storedal 03.02. 1818-1875
Ug. Rasmus var på legd som liten, han lauskar og budde på Skjerping i 1848. Dagarbeidar i Tretterud i 1865. Han fekk fattigstøtte i Nedre Torpo fjerding 1816-1836.
3. Margit Olbjørnsdtr. Storedal 11.09. 1822-1868
Margit reiste ut til tenest på Ringerike. Truleg gm Jens ... /eit barn med Jens ... : Mattea Jensdtr. 1859c- .
    I 1865 var Margit legdslem busett på GrønvoldMoen i Ådal i lag med dottera Mattea.
    Ho døydde i legd på Hval i Ådal i 1868. Då broren døydde i 1875, var Margit på ukjent stad.
    I 1900 var denne familien (truleg dottera til Margit) på Nordby i Norderhov:
    "Mathea Nordby, enke og husmor født 1859. Anders Gudbrandsen, ug. sønn født 1888. Hanna Mathea Pedersdtr., ug. tjenestejente født 1846 i Hole. Karl Johan Andreassen ug. tenestegutt født 1879."
4. Birgit Olbjørnsdtr. Storedal 20.05. 1826-1826

Olbjørn og Birgit gifte seg i 1814. Olbjørn selde Storedalsplassen for 40 spd. i 1840 til Ola Olson.
    Olbjørn selde han garden til svogeren Arne Sveinson i 1832. Olbjørn Håkonson Skjerping gjekk på full legd i Torpo 1850-51.
   

{506} År: 1832

Sissel Rasmusdtr. Storedal 18.03. 1801-1883
Foreldre: Rasmus Olson Storedal og Margit Olsdtr. Ivarslien.
Gm Arne Sveinson Rikansrud Storedal 09.11. 1808-1884
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen (Gol).
*Barn
1. Margit Arnesdtr. Storedal 11.07. 1836-1837
2. Svein Arneson Storedal 20.09. 1840-1893
Ugift. Sjå år 1880.

Sissel og Arne gifte seg 1835. Arne selde garden i 1847 til broren Eirik. Kring 1875 budde Arne og Sissel som 'husmann med jord på Storedalseie'. Arne døydde som kårmann i Storedal i 1884.

{507} År: 1847

Eirik Sveinson Rikansrud Storedal 10.10. 1813-1878
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen (Gol).
Gm Margit Torkjellsdtr. Opheim Garden Storedal 14.11. 1819-1884
Foreldre: Torkjell Halvorson Opheim Garden og Guri Olsdtr. Nordre Helling.
*Barn
1. Anne Eiriksdtr. Storedal 15.12. 1841-
Ukjent lagnad, ikkje død i Ål.
2. Guri Eiriksdtr. Storedal 06.03. 1844-1902
Ug. 'Fjantete jente' på legd i 1885.
3. Margit Eiriksdtr. Storedal Langbak 03.09. 1847-1924
Gm Edvard Jensen Langbak. Barn: 6. Til Am. i 1870.
4. Svein Eirikson Storedal 14.02. 1854-1917
G 1899 m Anne Torkjellsdtr. Berget. Sjå neste hushald.
5. Torkjell Eirikson Storedal 19.02. 1857-
Ug. I FT 1875 var Torkjell fugleskyttar. Til Am. 1877 Arcadia, Wisc.
6. Birgit Eiriksdtr. Storedal 25.01. 1862-
Gm ... ... og busett i Am. i 1893.

Eirik og Margit gifte seg i 1841. Eirik kjøpte Storedal hjå broren Arne. Dei delte frå plassen Storedalsjordet, Låveåkeren og noko skog i Ridalen.

{508} År: 1880

Svein Arneson Storedal 20.09. 1840-1893
Foreldre: Arne Sveinson Rikansrud Storedal og Sissel Rasmusdtr. Storedal.

Svein overtok garden utan heimel i 1880. Han var ugift. Haldis Hermannsdtr. frå Sveinsrud var tenar hjå han i 1891.

{509} År: 1894

Hermann Bjørnson Tuftebråten Bråten 11.08. 1844-1916
Foreldre: Bjørn Olson Storedal Tuftebråten og Anne Hermannsdtr. Sveinsrud.

I 1894 fekk Hermann Bjørnson auksjonsskøyte på Storedal. Han var ugift.
    Hermann var sjølveigar i TufteBråten dei siste åra han levde.
   

{510} År: 1898

Anne Torkjellsdtr. SørbøensStølen Storedal 13.03. 1852-1924
Foreldre: Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen og Anne Knutsdtr. Sørbøens-stølen.
Gm Svein Eirikson Storedal 14.02. 1854-1917
Foreldre: Eirik Sveinson Rikansrud Storedal og Margit Torkjellsdtr. Helling (Opheim?).

Anne kjøpte garden hjå Hermann Bjørnson i 1898. Svein og Anne gifte seg i 1899. Dei hadde ingen barn.
    Svein var på Anfinnset i 1893 og hadde Storedal 1898-1919. Svein Storedal gav eit legat på kr 10500 i 1919 til 'trengende i Torpo'.
    Svein og Anne vart kalla 'Lange-Sveidn' og 'Støla'. (ho var frå Stølen under Sørbøen). Som par var dei ujamne å sjå til. Han var lang og skranten, og ho var liten og rund. Ein dag fann Anne på at ho ville ta seg ein tur på bygda utan at Svein skulle vita om det. Medan Svein la seg i senga for å kvile, stiltra ho seg ut i kleven og åpna hekta-glaset. Anne vart sitjande fast då ho skulle smøyge seg ut gjennom opningen, kom korkje ut eller inn. Til slutt fekk ho teke spennetak mot ein stokk, og dermed losna heile glaskarmingen. Med dunder og brak rasa ho Anne og karmingen i marka så glasbitane dreiv. Svein såg nokså spørjande ut då han kom til.
    Svein gjekk ofte gardtal og fortalte skrøner.
    Anne selde Storedal i 1919 for 5000 kr og flytte attende til bror sin på Berget.