Storedalsjordet gnr. 6 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storedalsjordet gnr. 6 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Storedalsjordet var også kalla Storedals-bråten.
    I 1872 vart småbruket Storedalsjordet frådelt Storedal. I 1989 vart både Storedalsjordet og Vesledal samanslegne med søre Storedal. Alle hus er fjerna frå eigedomen no.
   

{513} År: 1800c

Gjertrud Oleivsdtr. Bjørøyen Bjørnemoen 1747-1850
Foreldre: Oleiv ... ... og Olaug Olsdtr. Bjørøyen.

Gjertrud var enkje etter Syver Ottarson Otterplassen. Barn: sjå Otterplassen.
    Det var skifte etter Syver i 1787. Etter at Syver var død, var Gjertrud og sonen på ein husmannsplass u/Storedal.
    Det er noko ugreitt med far til Gjertrud. Ved dåp i 1781, 1787 og 1788 står det 'Oleivsdtr' og det skulle då vera Oleiv Knutson Torpo Torpemoen. Men mora Olaug skrifta 1752 at Tomas Syverson Roen var faren.
    Tomas Syverson vart innklaga 1752 for å ha besvangra Olaug Olsdtr. Bjørøyen. Tomas hadde Torkjell Villand som sakførar, og "avla sin saligheds ed" på at han ikkje hadde hadde hatt omgang med Olaug. Dermed vart Syver frikjent.
    Som enkje hadde ho dottera Ingrid 1793-___ (ukjent lagnad) med Anfinn Syverson Urden.
   

{514} År: 1833

Botolv Olson Breiehagen Storedalsjorde 1787-1862
Foreldre: Ola Nilsson Breiehagen Sveinhaug og Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Margit Knutsdtr. Sire Storedal 05.05. 1782-1871
Foreldre: Knut Solveson Helling Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden?
*Barn
1. Knut Botolvson Storedalsjorde 07.11. 1820-1898
G 1849 m Liv Arnesdtr. Bakke. G 1862 m Ragnhild Embriksdtr. Gjesthaugen. Sjå år 1862.

Margit og Botolv gifte seg i 1821. I Botolv si tid vart bruket kalla "Trefothaugen". Det kom av at han hadde trefot. I 1806 heitte det at kassa betalte 5 rd for frakt av "Ole Breiehagens vanføre sønn til Kongsberg sykehus".
    Sjølv prøvde Botolv å kalle bruket for 'Netopp', men bygde-nemninga Trefothaugen var nok rådande. I 1833 bygsla Botolv Olson Storedals-bråten hjå Syver Syverson Storedal på 9 vilkår.

{515} År: 1862

Knut Botolvson Storedalsjorde 07.11. 1820-1898
Foreldre: Botolv Olson Storedals-plassen og Margit Knutsdtr. Sire.
Gm Liv Arnesdtr. Bakke Storedalsjorde 28.08. 1819-1857
Foreldre: Arne Olson Tveito myljo Bakke og Ågot Olsdtr. Medgard Håheim.
Gm Ragnhild Embriksdtr. Tuftehaugen Storedalsjorde 16.01. 1837-1931
Foreldre: Embrik Sindreson Juven Turkarstad og Anne Persdtr. Lappegard.
*Barn i andre ekteskap
1. Botolv Knutson Storedalsjorde 09.01. 1862-
Ukjent lagnad.
2. Liv Knutsdtr. Storedalsjorde Opheim 16.06. 1864-1958
G 1896 m Lars Ivarson Opheim. Sjå Embrikstugu Opheim, gnr. 22/17.
3. Margit Knutsdtr. Storedalsjorde 19.06. 1868-1868
4. Margit Knutsdtr. Storedalsjorde 18.05. 1872-1908
Ugift. Arbeiderske, budde heime.

Knut var fyrst gift 1849 med Liv Arnesdtr. Bakke. Ingen barn. Så gifte han seg opp att i 1862 med Ragnhild Embriksdtr. Gjesthaugen.
    Knut budde på Trefothaugen i 1862. I 1888 var han blind.
    Ragnhild let etter seg husdyr og lausøyre for 50 spd og ein "stølsvoll m/tilbehør" som var kome frå Træet, verdt 100 spd. Gjeld 59 spd.

{516} År: 1872

Svein Arneson Storedal 20.09. 1840-1893
Foreldre: Arne Sveinson Rikansrud Storedal og Sissel Rasmusdtr. Storedal.

Svein kjøpte Storedalsjordet i 1872 og selde att etter 6 år. Sjå meir under Storedal.

{517} År: 1878

Johannes Sanderson Sire Storedalsjorde 07.06. 1841-1919
Foreldre: Sander Olson Øvre Sire og Turid Larsdtr.Torpeslåtta.
Gm Margit Olsdtr. Satahagen Gjesthaugen 19.05. 1850-1933
Foreldre: Ola Torsteinson Skjervheimshagen Satahagen og Dordei Sveinsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Turid Johannesdtr. Storedal 13.03. 1877-1959
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Dordei Johannesdtr. Storedal Nyhus 26.12. 1880-1964
G 1916 m enkjemann Sander Sanderson Barskrind Nyhus.
3. Birgit Johannesdtr. Storedal Storedalsjorde 11.04. 1885-1978
Ugift. Sjå neste hushald.

Johannes og Margit gifte seg i 1876. Då Johannes fekk ein arv frå Amerika, kjøpte han Torpetræet og to stølar.