Storedalsplassen gnr. 6 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storedalsplassen gnr. 6 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Storedalshaugen eller Storedals-Plassen. Helge delte frå stugu med tomt kring 1942, og selde resten av eigedomen til Svein Moen. Han testamenterte bruket til Torpo forpleiningsfond.
   

{520} År: 1799

Birgit Danielsdtr. Sørbøen Skjerping 1737-1805
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Knut Håkonson Arnegard Storedal 09.03. 1766-1835
Foreldre: Håkon Knutson søre Arnegard Vats og ... ... ... .

Birgit var tidlegare gift med Aslak Håkonson Skjerping og Bjørn Hermannson Krosshaug. Sjå søre Storedal.
    Birgit og Knut gifte seg i 1799 og flytte til plassen Storedalsjordet. På skiftet etter Birgit i 1805 var netto eige 710 rd. Knut døydde i 'Sørbøenseie' som enkjemann og inderst i 1835.

{521} År: 1815c

Ola Olson Storedal Storedalsplassen 08.02. 1789-1839
Foreldre: Ola Olson Torpehagen Storedal og Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug .
Gm Jørand Holgesdtr. Torpebråten Storedalsplassen 31.12. 1797-1872
Foreldre: Holge Olson Torpebråten nedre Granlien og Liv Aslesdtr. Ruud.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Storedalsplass 24.02. 1817-1897
G 1848 m Martin Mikkelson Ulshagaplass Storedalsplass. Sjå 1852-hushaldet.
2. Liv Olsdtr. Storedalsplassen Rikansrud 12.12. 1820-1900
Gm Arne Olson Rikansrudjordet, gnr. 15/9.
3. Ola Olson Storedalsplassen 26.07. 1824-1898
G 1864 m Birgit Henriksdtr. Skjerpingmoen. Sjå 1864-hushaldet.
4. Holge Olson Storedalsplassen 10.05. 1830-1831
5. Margit Olsdtr. Storedalsplassen 30.11. 1833-1834
6. Margit Olsdtr. Storedalsplassen 14.06. 1836-1847

Dei gifte seg i 1815 og fekk skøyte på Storedalsplassen i 1821, men hadde då budd der i mange år etter avtale og oppgjer (40 rd) med Rasmus Olson.
    Jørand gifte seg opp att i 1842 med Endre Olson. Sjå neste hushald.

{522} År: 1840

Jørand Holgesdtr. Torpebråten Storedalsplassen 31.12. 1797-1872
Foreldre: Holge Olson Torpebråten Granlien og Liv Aslesdtr. Ruud.
Gm Endre Olson Nyhusmoen Storedalsplassen 12.10. 1815-1905
Foreldre: Ola Syverson Nyhusmoen og Kari Endresdtr. Spelemannsmoen (Nes).
*Barn
1. Kari Endresdtr. Storedalsplassen Hovda 21.05. 1843-1930
G 1865 m Ola Olson Sire Bæra. G 1883 m Ola Arneson Moslåtten Hovda, gnr. 32/1a.

Jørand og Endre gifte seg i 1842. Endre gifte seg oppatt i 1878 med enkje Birgit Håkonsdtr. Smedsplassen Sørbøensmoen.

{523} År: 1852

Martin Mikkelson Ulshagaplassen Storedalsplass 30.12. 1824-1907?
Foreldre: Mikkel Martinson ... (ungkar) og Turid Olsdtr. Ulshagaplass.
Gm Ingeborg Olsdtr. Storedalsplass 24.02. 1817-1897
Foreldre: Ola Olson Storedalsplass og Jørand Holgesdtr. Granlien.
*Barn
1. Ola Martinson Storedalsplass Leistehaugen 13.08. 1849-1913
Ugift. Jordbruksarbeidar.
2. Helge Martinson Storedalsplass Leistehaugen 07.12. 1852-1923
G 1890 m Birgit Håkonsdtr. GråbeinHaugo. G 1912 m Ambjørg Gunnarsdtr. Lappebakken. Sjå Leistehaugen og Kvelvo.

Martin og Ingeborg gifte seg i 1848. Dei var i Storedalsplassen i 1852. Ingeborg hadde det ikkje lett. Om Martin heitte det 1865 at han hadde 'oppholdt sig i Bergen Stift i flere år'. Ingeborg og ungane budde hjå broren Ola Olson i 1865.
    Ingeborg flakka om i Torpo og 'betled sitt brød' i 1865. Ho skulle då på legd med barna sine. Men i 1866 held 'uvesenet' fram. Ho vart truga med polititiltale om ho ikkje reiste til sitt eige 'heimstavnsdistrikt'. Ingeborg døydde som enkje i Ål med to barn i 1897.
    Martin var født i Nordby sokn i Ås. Faren var frå ein plass under Aschehoug, og han døydde før Martin vart født. Martin voks opp i Ål og budde i Hallbjørghagen før 1850.
    Truleg var det denne Martin Mikkelson som døydde i Bergen som enkjemann og steinarbeidar i 1907.
    Sonen Helge dreiv som skomakar, og på denne tida dukkar namnet 'Leistehaugen' opp. Leiste-namnet vart brukt om både han og ungane då dei flytta til Vats.

{524} År: 1864c

Ola Olson Storedalsplassen 26.07. 1824-1898
Foreldre: Ola Olson Storedalsplassen og Jørand Holgesdtr. Granlien.
Gm Birgit Henriksdtr. ... Storedalsplassen 22.03. 1833-1895
Foreldre: Henrik Olson. (Birgit skal vera født i Drammen, siste bustad var Sande.)
*Barn
1. Jørand Olsdtr. Storedalsplassen Plassen 20.11. 1859-1944
Ugift. Sjå 1899-hushaldet.
2. Liv Olsdtr. Storedalsplassen 28.02. 1867-1873
3. Ola Olson Storedalsplassen Moldbakken 01.02. 1869-
Han budde i Moldbakken 1895. Han vart sjuk. Budde i Lier i 1920.
4. Helge Olson Storedalsplassen Dahl 06.07. 1873-
Gm Tora Halvorsen. Sjå 1935-hushaldet.

Ola og Birgit gifte seg 1864. Ola står som sjølveigar i 1865, men ein ser ikkje når han overtok Storedalsplassen. Ola Olson var flink snikkar.

{525} År: 1899

Jørand Olsdtr. Storedalsplassen Plassen 20.11. 1859-1944
Foreldre: Ola Olson Storedalsplass og Birgit Henriksdtr. ... .

Ugift. Ho dreiv husstell og sjukepleie. Jørand budde i ei stugu i Storedalsplassen. Så selde bror hennar stugu og Jørand vart husvill. Så flytta ho inn til Ola Antonson Randen i Randehaugen.
    Då han døydde, fekk ho sett opp ei stugu neda vegen til Storedal.