Vesledal gnr. 7 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesledal gnr. 7 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Vesledal ligg litt oppe i lia nordaust for Torpo sentrum. Vesledal låg opphavleg under søre Torpo, og vart eige bruk tidleg på 1700-talet.
    Areal 1865: 8 1/2 mål åker, 16 mål naturleg eng, 12 mål utslått. Avling: 10 tunner bygg, 7 tunner potet.
    Areal 1994: 35 mål dyrka jord og 200 mål produktiv skog.
    Hallingstugu frå 1900, drengestugu 1901, stabbur 1822, grisehus 1898, bryggerhus 1910, låve med fjøs og stallar 1900.
    Stølar. Heimstøl: Vermelia. Gravarstølen vart frådelt 1847. Tidlegare hadde Vesledal langstøl på Buglebjørk under Garnås i Gol.
    Nedre Granlien var tilleggsjord til Vesledal frå sist på 1800-talet og til 1944. Plassen Storedalsjordet vart tilkjøpt i 1939. I dag er Storedalsjordet og Vesledal selt og slegne saman med Storedal.

{532} År: 1752

Ivar Anderson Rotneim Vesledal 1692-1763
Foreldre: Anders Ottarson Ottergarden Rotneim og Gjertrud Torsteinsdtr. Rotneim, Gol.
Gm Margit Halvorsdtr. Sire Vesledal 1690c-
Foreldre: Halvor Arnulfson Øvre Sire og Ambjørg Olsdtr. Flatagrov (Gol).
*Barn
1. Halvor Ivarson Vesledal Ørjanshaugen 1743-1810
G 1765 m Ingeborg Rasmusdtr. Opheimshaugen. Gm Turid Rasmusdtr. Haugo, gnr. 22/53.

Ivar kjøpte Vesledal 1752 for 555 rd hjå Ola Torsteinson Opheim. Sonen Halvor selde Vesledal i 1784 for 184 rd og flytte til Ørjanshaugen i Opheim.

{533} År: 1784

Aslak Halvorson Vesledal 1740c-
Foreldre: Halvor ... ... og ...
Gm Margit Bjørnsdtr. Nyhus Torpemoen 1731-1819
Foreldre: Bjørn Halvorson Opheim Nyhus og Torand Nilsdtr. Eikli (Gol).
*Barn
1. Jørand Aslaksdtr. Vesledal Brenno 14.12. 1766-1835
G 1797 m Herbrand Endreson Bråtalien Brenno, sjå Breibrenna, gnr. 4/43.
2. Lars Aslakson Vesledal 20.09. 1772-1821
G 1793 m Guri Toresdtr. Træet. Sjå neste hushald.

Aslak og Margit gifte seg i 1765. (Ho var tidlegare gift med Lars Knutson Sundremyren Torpemoen som døydde i Holstein i 1760.)
    Aslak lånte 50 rd i 1784 og kjøpte Vesledal for 184 rd same år. Dertil kom årleg leige på 1 ort til bonden i søre Torpo. Lånet vart avlyst alt i 1786.
    Dei selde garden 1788 for 50 rd og tok slikt kår: 3 tunner bygg, 3 settung rug, 1 s.p. salt, 1 mark humle.
   

{534} År: 1792

Lars Aslakson Vesledal 20.09. 1772-1821
Foreldre: Aslak Halvorson Vesledal og Margit Bjørnsdtr. Nyhus.
Gm Guri Toresdtr. Træet Vesledal 12.02. 1758-1823
Foreldre: Tor Eilevson Eilevmoen Tretterudhaugen og Birgit Olsdtr. Nordre Opheim.
*Barn
1. Margit Larsdtr. Vesledal Golberg 09.07. 1794-1851
G 1827 m Tolleiv Olson Slåtta under Golsberg 1793-1874. Ingen barn.
2. Aslak Larsson Vesledal 09.07. 1797-1880
G 1823 m Kirsti Syversdtr. Storedal. Sjå neste hushald.
3. Birgit Larsdtr. Vesledal 1801-1802
4. Birgit Larsdtr. Vesledal Torebråten 16.10. 1803-1835
G 1828 m Tore Person Øygard Torebråten, gnr. 8/4.

Lars og Guri gifte seg i 1793. Lars fekk skøyte på Vesledal for 50 rd og kår i 1788.
    I buet etter Lars i 1821 var det 313 spd å dele. Vesledal vart taksert for 200 spd.
   

{535} År: 1822

Aslak Larsson Vesledal 09.07. 1797-1880
Foreldre: Lars Aslakson .. Vesledal og Guri Toresdtr. Træet.
Gm Kristi Syversdtr. Storedal Vesledal 03.04. 1800-
Foreldre: Syver Syverson Haugo Storedal og Anne Jensdtr. Storedal.
*Barn
1. Guri Aslaksdtr. Vesledal Olsenbråten 29.07. 1824-1888
G 1843 Nes m Eirik Olson Olsenbråten, Nes 1803-1876. Barn: Kristen 1843- til Amerika; Eli 1845-1912 g 1879 m Asle Olson Brattested; Ola 1847- til Am. i 1869; Kristi 1850- g 1884 m Halvor Olson Tamburplass (4 barn); Aslak 1853- til Am. i 1873; Anne 1855- til Am. i 1880; Lars 1859- til Am. i 1874; Sunnev 1863-1929 g 1886 m Karl Fredrik Frydenlund, Norderhov (7 barn); Hans 1867- til Norderhov, g 1891 m Guri Olsdtr. Grøtodden. (1764)
    Guri og Eirik budde på Olsenbråten i Nes.
2. Anne Aslaksdtr. Vesledal Tretterudhaugen 03.11. 1825-
G 1845 m Tomas Olson Tretterudhaugen. Sjå Tjyruhjelldalen, gnr. 4/48.
3. Lars Aslakson Vesledal Lofthus 01.01. 1828-1913
G 1855 m enkje Rønnaug Sandersdtr. Logsengard. Ingen barn. Sjå Lofthus, gnr. 79/1.
4. Syver Aslakson Vesledal 11.03. 1830-1908
Gm Margit Olsdtr. Tjyruhjalldalen/Haugen. Barn: Aslak 1851-1906 gm Ingeborg Nilsdtr. Strandemoen 1856-1940 (7 barn); ..
    Utflytt til Am. i 1850: Brooten, MN. Han var ei svær kjempe. 'Sjugurd Vesledalen frå Ål' står i registreret over spedalske norske innvandrerar til USA.
5. Kristen Aslakson Vesledal 17.01. 1832-1839
Kristen døydde av koppar 7 år gamal.
6. Jens Aslakson Vesledal 04.12. 1838-1839
Jens døydde av koppar 1 1/2 år gamal.

Kristi og Aslak gifte seg i 1823. Aslak selde frå Gravarstølen og kjøpte stølen Buglebjørk under Garnås. Kristi og Aslak reiste til Am. i 1856.

{536} År: 1858

Ivar Knutson Kolsrud Vesledal 09.10. 1791-1862
Foreldre: Knut Solveson Søre Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.
Gm Gunhild Syversdtr. Storedal Vesledal 26.02. 1808-1896
Foreldre: Syver Syverson Haugo Storedal og Anne Jensdtr. Storedal.
*Barn
1. Haldis Ivarsdtr. Vesledal Sveinsrud 15.10. 1836-1925
G 1864 m Tolleiv Sveinson Bekkestad Vesledal. Sjå neste hushald og Sveinsrud, gnr. 17/1.
2. Knut Ivarson Kolsrud 29.09. 1839-1840
3. Anne Ivarsdtr. Kolsrud Vesledal 15.08. 1841-
Anne budde i Vesledal 1875. Til Am. før 1891:

Gunhild og Ivar gifte seg i 1835. I 1858 kjøpte dei Vesledal. I 1835 lånte Ivar ut ut 328 spd til broren Solve. Lånet var ikkje renteberande, men han fekk brukeleg pant i halve Kolsrud. (1544)9

{537} År: 1864c

Haldis Ivarsdtr. Vesledal Sveinsrud 15.10. 1836-1925
Foreldre: Ivar Knutson Kolsrud Vesledal og Gunhild Syversdtr. Storedal.
Gm Tolleiv Sveinson Bekkestad Vesledal 27.08. 1829-1876
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Svein Tolleivson Vesledal Sveinsrud 12.03. 1865-1942
Svein og systera Birgit kom til Sveinsrud, gnr. 17/1.
2. Birgit Tolleivsdtr. Vesledal 30.03. 1868-1910
Ho døydde 1910 i Sveinsrud.
3. Ivar Tolleivson Vesledal 14.07. 1872-1876

Tolleiv og Haldis gifte seg i 1864. Haldis selde garden for 1950 kr i 1884 og fekk skøyte på Sveinsrud.

{538} År: 1885

Knut Hermannson Sveinsrud Granlien 14.08. 1822-1907
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Haugo Granlien 13.04. 1833-1898
Foreldre: Torkjell Syverson Glomsletten Tveito Haugo og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Vesledal 23.06. 1861-1948
G 1894 m Arne Olson Moslåtten Hovda Vesledal. Sjå neste hushald.
2. Hermann Knutson Vesledal 16.12. 1864-
Hermann budde i Kr.ania i 1898, var gardsbestyrar hjå A. Larsen på Grønland. Ikkje funnen i FT 1900.
3. Sissel Knutsdtr. Vesledal Moen 03.02. 1868-1952
Gm Nils Olson Satalien, sjå Skjerpingmoen, gnr. 12/11.
4. Anne Knutsdtr. Vesledal 05.11. 1875-1931
Ug. i 1910. Ho var tenar i Lier i 1898.

Knut og Birgit gifte seg i 1860. Knut budde fyrst i Sveinsrud. Under storflaumen i juni 1860 vart Sveinsrud øydelagd og Birgit var nær ved å omkoma. Sjå Sveinsrud, gnr. 17/1.
    Dei flytta då til Granlien. Og så til Vesledal i 1885.
    Knut og Birgit sat med buskapen i Granlien til foret var oppbrukt. Inn mot jul jaga dei buskapen over Tingvollisen og opp i Vesledal.

{539} År: 1899

Arne Olson Moslåtten Hovda 21.10. 1864-1957
Foreldre: Ola Arneson Moslåtta Hovda og Birgit Olsdtr. Botolvshuset.
Gm Birgit Knutsdtr. Granlien Vesledal 23.06. 1861-1948
Foreldre: Knut Hermannson Sveinsrud Granlien og Birgit Torkjellsdtr. Haugo.
*Barn
1. Ola Arneson Vesledal Granlien 17.01. 1896-1917
Han døydde ung.
2. Birgit Arnesdtr. Vesledal 27.10. 1902-1996
Ug. Sjå neste hushald.

Birgit og Arne gifte seg i 1894. Arne var snikkar og tømmermann ved sida av garden. Arne kjøpte Storedalsjordet i 1939 og selde frå Granlien i 1944.