Torpeslåtta gnr. 7 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torpeslåtta gnr. 7 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Torpeslåtta var husmannsplass. (NB. Torpeslåtta gnr. 9/3 har truleg ikkje vore plass.)
    Namnebruken har skifta opp gjennom åra. I daglegtale vert bruket no kalla 'Moen'. Torpeslåtta ligg innved vegen, tidlegare var her servering for vegfarande ei tid. Då var bruket kalla Kaffimoen.
    Tidlegare hadde bruket langstøl i Volelien og ein heimstøl. Dei vart unnaselde. Nedpå jordet var to gamle tufter som vart fjerna under nydyrking på 1960-talet. Eirik Moen fortalde det skulle ha vore ein gamal husmannsplass der.
    I dag er her campinghytter og mjølkeproduksjon. I 1865 var her 10 mål naturleg eng.
    Areal 1995: dyrka jord 48 mål, produktiv skog 10 mål, leigd jord 22 mål.
    Jorda er fulldyrka av Harald Moen. Dei gamle husa var i dårleg stand og vart rivne på 1960-talet. Det gamle fjøset brann. Våningshus bygt 1970, kårhus 1977, ei tilkjøpt hallingstugu bygd kring 1895 vart restaurert i 1984; driftsbygning 1976; reidskapshus 1986; 8 campinghytter.

{541} År: 1800c

Ola Torsteinson Svarteberg Torpo 1729-1816f
Foreldre: Torstein Olson myljo Svarteberg og Sigrid Jonsdtr. Gunhildgard.
Gm Guri Olsdtr. Berg Torpeslåtta 24.10. 1745-1816
Foreldre: Ola Sevatson Thon Berg og Guri Olsdtr. Berg.

Ola og Guri gifte seg i 1766. Barn: sjå 1769-hushaldet på søre Torpo.
    Han var husmann med jord på sine gamle dagar. Oppkjøpar Hallgrim Ruud kjøpte Torpeslåtta og selde att i 1820 til Holge Holgeson.

{542} År: 1820

Holge Holgeson Gåsterud 1755-1830
Foreldre: Helge Helgeson Gåsterud og Anne Aslaksdtr. Hove.

Gm Margit Toresdtr. Træet. G 1814 m Guri Olsdtr. Sveinsgard. Barn: sjå Gåsterud, gnr. 16/1.
    På skiftet etter Holge i 1831 var gjelda så stor at enkja selde plassen Torpeslåtta og halvparten av stølane Volelien og Pålset.

{543} År: 1834

Gm Nils Nilsson Sveinsgard 26.07. 1767-1848
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire-Sveinsgarden og Guri Helgesdtr. Lien.

Nils Nilsson Sveinsgarden 1767-1848 kjøpte Torpeslåtta i 1834. På skiftet etter Nils i 1847 vart bruket utlagt til dottera Amalia Nilsdtr. og mannen Håkon Hermannson. Sjå meir under Byggjargarden Sire.

{544} År: 1861

Halvor Halvorson Torpehagen Torpeslåtta 14.03. 1826-1892
Foreldre: Halvor Halvorson Torpehagen og Guri Håkonsdtr. Opheimsjorde.
Gm Birgit Nilsdtr. Vestenforplass Torpeslåtta 1826-1895
Foreldre: 'Nils Nilsson Vestenforplass 29 år' (oppgitt ved vigsla i 1855. Ikkje funnen i Ål.)
*Barn
1. Guri Halvorsdtr. Torpeslåtta 02.11. 1854-
Barn: Svein Olson 1890- barebarn. Guri kjøpte ei gamal stugu og sette opp i Torpeslåtta. (No brukt til campinghytte).
    Guri dreiv med sying. Sonen Svein overtok stugu etter henne. Mehlum skildrar korleis han fekk servert kaffi hjå ho Guri i bladet 'NU'.
2. Halvor Halvorson Torpeslåtta 14.08. 1856-
Til Am. før 1895.
3. Nils Halvorson Torpeslåtta 10.01. 1859-1943
G 1896 m Anne Eiriksdtr. Sørbøensgjøta. Sjå neste hushald.
4. Guri Halvorsdtr. Torpeslåtta 26.06. 1862-
Gm ... ... . I 1895 var Guri tenestjente på eit dampskip som gjekk mellom Noreg og England. "Utflutt til Kr.ania for ekteskap."
5. Anne Halvorsdtr. Torpeslåtta 22.10. 1865-
Gm Johan Svendsen Borgen, Hole 1877- . Barn: Anne Birgitte 1899-1899; Harald Sigvart 1900- .
    Johan arbeidde på tresliperi. Dei budde på Thorneverket i Norderhov i 1900.
*Barnebarn
1. Halvor Olson Moen 28.03. 1888-1963
G 1916 m Hansine Andersdtr. Grøte. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Ola Håkonson Skjerpingmoen og Anne Halvorsdtr. (Nyhus)Torpeslåtta.
2. Svein Olson TorpeMoen Torpeslåtta 01.05. 1890-1961
Foreldre: Ola Sveinson Skardet, Gol (ungkar) og Guri Halvorsdtr. Moen Torpemoen.
    Svein dreiv ymse lausarbeid på anlegg og i skogen. Han var ein dugande amatør-skodespelar, var krokut og hadde bart.

Halvor og Birgit gifte seg i 1855. Sander Holgeson Tufto kjøpte Torpeslåtta i 1861. Neste år selde han vidare til Torstein Knutson Skjerping for 150 spd. Torstein selde halve Pålset og bygsla bort Torpeslåtta til Halvor Halvorson.
    Halvor vart kalla 'Kræmar-Halvor'. Halvor var inderst i Anfinnset (1856) og i Hagen (1859) og husmann på Torpeslåtta (Moen) frå om lag 1860.

{545} År: 1893

Nils Halvorson Torpeslåtta Moen 10.01. 1859-1943
Foreldre: Halvor Halvorson Torpehagen Torpeslåtta og Birgit Nilsdtr. Vestenforplass.
Gm Anne Eiriksdtr. SørbøensJøta Moen 07.04. 1875-1941
Foreldre: Eirik Sveinson Gjøta og Kristi Arnesdtr. Flaten (Gol).
*Barn
1. Eirik Nilsson Moen 05.08. 1897-1976
Gm Haldis M. Bomberud. Sjå neste hushald.
2. Halvor Nilsson Moen 14.12. 1908-1986
Gm Kristi Stavn, Flå. Barn: Nils Eirik 1940- dreiv markedsføring, sidan funksjonær for Birkebeinerrennet/Lillehammer kommune, sbm Else Bjørnhaug (4 barn).
    Halvor vart attgift med Borghild Hagen, Kristiansand. Ingen barn. Han var fjøsmester på Lien, sidan lærar på Storhove landbrukskule i Fåberg.

Nils fekk skøyte på Moen for 800 kr i 1893. Anne og Nils gifte seg i 1896. Her var kvilingsstad for vegfarande. Torpeslåtta vart også kalla Kaffimoen.