Tretterud gnr. 7 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tretterud gnr. 7 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tretterud ligg mellom Hagen og Torpeslåtta. Tretterud vart frådelt søre Torpo i 1795. Det er uvisst om denne gardparten har vore bebudd eller brukt før den tid. Bruket Tretterudhaugen under Sire har fått namnet ved at Ola Tomasson Tretterud kom til Tjuruhjelldalen/Tretterudhaugen i 1810.
    Namnet Tretterud kan koma av gmn. trette = ei flate. Det kan for så vidt høve bra på dei flate jordene på garden. Ei anna tyding går på at det har vore 'trette' om noko eigedom t.d. NB. Trette-stølane er ikkje støl til Tretterud. Heller ikkje Tretteskogane på flatene mellom Sanderstølen og Kamben i Gol har noka synleg tilknytting.
    Kring 1870 vart tunet flytta opp til noverande tun. Tretterud II (gnr. 9 bnr. 34) er tilkjøpt garden.
    Areal 1865: 9 1/2 mål åker; 11 mål naturleg eng; 16 mål utslått. Avling: 9 tunner bygg og 9 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 120 mål, anna jbr. 60 mål, prod. skog 700 mål, anna utm. 200 mål. Buskap: 14 mjølkekyr.
    Våningshus bygt 1953, kårhus 1985, stabbur flytta og restaurert 1958, driftsbygning ombygd og påbygd 1967, garasje 1964, pelsfarm 1965.
    Stølar: langstøl i Volelia. På heimstølen på Raubrekk er dyrka 40 mål. Garden har 1/4 i Torsteinslåtta fellesbeite.
   
   
   

{550} År: 1795

Tomas Olson Skjerping Tretterud 10.12. 1752-1815
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim. (Gol V s 278)
Gm Ingeborg Olsdtr. Opheim Tretterud 27.05. 1760-1839
Foreldre: Ola Steingrimson Rotneim (Syversgarden) Embriksgarden Opheim og Ragnhild Bjørnsdtr. Nyhus.(?)
*Barn
1. Ola Tomasson Tretterud Tjyruhjalldalen 02.09. 1781-1870
G 1808 m Ingeborg Sveinsdtr. Opheimsjorde. Sjå Tjyruhjelldalen, gnr. 4/48.
2. Margit Tomasdtr. Tretterud Bøygard 01.05. 1785-1871
G 1811 m Guttorm Arneson Bøygard, gnr. 38/1.
3. Ola Tomasson Tretterud Nedreskorr 09.04. 1789-1846
G 1821 m Birgit Mikkelsdtr. Bomberud. Sjå Bergahagen, gnr. 39/2.
4. Ragnhild Tomasdtr. Tretterud 02.09. 1792-1801f
Truleg død ung.
5. Ragnhild Tomasdtr. Tretterud Hagaplassen 09.03. 1794-1828
G 1820 m Herbrand Olson Skuleslåtta Hagaplassen, gnr. 8/1c.
6. Guri Tomasdtr. Tretterud Brusedokken 11.02. 1798-1859
G 1857 m enkjemann Ivar Halvorson Medgard Brusedokken, gnr. 24/4.
7. Ingeborg Tomasdtr. Tretterud 05.05. 1804-1869
Ugift. Ho var evneveik. Etter 4 år førebuingar vart ho konfirmert i i 1827. Ho døydde like etter at ho kom på legd.

Ingeborg og Tomas gifte seg i 1780.
    Tomas handla gardar. Han kjøpte og selde Gåsterud, ein Opheimgard m.m. Då Tomas selde Gåsterud i 1794, flytte han til Tretterudhaugen.
    I 1795 kjøpte Tomas gardparten Tretterud frå garden søre Torpo. Prisen var 590 rd; 1 rd i skattehjelp; halv tiende og offermæle; 1/3 i klokkar-settungen og 1/3 i skyss og skyss-skaffar-settungen. Handelen omfatta den nordre stugu, ein 3-luta stall, dei "usle husa på Oleivhuse", heimstølen Pålset, halve Haugslettane og halve Volelie, halve skogen unnateke litt skog sunna Oleivhuset norda Lya. (1259) s 697
    I 1803 selde Tomas garden Tretterud til Ola Olson Hagabråten for 599 rd. Han fekk korn som støtte i 1815 og døydde same år i Stampejordet.

{551} År: 1803

Ola Olson Torpeslåtta Helling 08.09. 1771-1838
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg Torpeslåtta og Guri Olsdtr. Berg Thon.

Ola hadde Tretterud til han selde til systera si i 1807. G 1804 m enkje Dordei Knutsdtr. søre Helling.

{552} År: 1807

Sigrid Olsdtr. Torpeslåtta Tretterud 1762c-1842
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg Torpo og Guri Olsdtr. Berg Thon.
Gm Johannes Torkjellson Sire Tretterud 17.11. 1776-1863
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
*Barn elles
1. Ola Gudbrandson Torpebråten 09.07. 1797-
Foreldre: Gudbrand Person Sunde, Nes og jente Sigrid Olsdtr. Torpebråten/?Torpeslåtta.
    Ola var født på Trolløyen. (Mora heitte Torpebråten, og denne Sigrid høver best.) Ola voks opp på fattigkassa og gjekk som lausarbeidar i Breie-fjerdingen. Deretter var han ei tid i Numedal. I fleire år vanka Ola "i fremmede bygder", men han hadde dårleg helse og det var ikkje lett å få seg korkje fast arbeid eller dagarbeid.
    Hausten 1832 gjekk han frå Uvdal og opp i stølsmarka til Breie. Der bygde han seg ei hytte av eit vindfall og mose mellom to store steinar. Til levemåte tok han det han trong, ei geit her og ei geit der. Samt rakafisk og ymse stølsmat, 89 fiskekrokar og ein skinnfell m.m. Slik levde han til snøen kom. Då vart han avslørt av spora sine og saka kom opp for retten. Det meste av sakene vart leverte til eigarane på tinget og dei fråfall då erstatning. Dei visste at Ola åtte lite og inkje. Retten derimot var hard mot Ola: 2 års tukthus-arbeid og salær og kostnader ca 30 spd. (Dei meinte han var forderva av "lediggang og fravær frå Alterens sakramente frå 1824 om lag." (1318) s 18, (1337) s 26
    Det vart ei herme etter Ola. Då skrivaren spurde han ut om korleis geitene vart slakta, svara Ola slik: "Eg tok den are geite fysst!".
    Me veit ikkje kvar vart det av Ola. Men i boka til Gjest Baardsen er ei interessant soge. Baardsen skildrar ein medfange som heitte 'Ole Gulbransen'. Dei kalla han Kunte-gutten. Han var stor og kraftig, ein dyktig tømmermann. Dømt til festningarbeid på livstid. Ola snikkerte kister på Akershus festning. Kunteguten hengde seg i arresten. Gjest Baardsen: 'Mitt Liv' s 36.

Sigrid fekk skøyte på garden hjå broren i 1807. Johannes og Sigrid gifte seg i 1811. Dei hadde ingen barn. Johannes vart beskriven som "En Israelit uden svig". Han var ein av venene til Hans Nielsen Hauge. (1379) s 575
    Sigrid selde all skogen til Tretterud i Vestlia til lensmann Ruud i 1810 for 250 rd. Utanom handelen var rett til lauving og risping i denne skogen "så lenge jeg eier bemelte Tretterud".

{553} År: 1844c

Henrik Olson Helling Tretterud 13.10. 1805-1871
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta Helling og Dordei Knutsdtr. søre Helling.
Gm Margit Håkonsdtr. Ruud Tretterud 29.05. 1809-1884
Foreldre: Håkon Eirikson Gullhagen Ruud og Astrid Håkonsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Henrikson Tretterud Bakken 20.06. 1834-1881
G 1862 m Birgit Olsdtr. Langero. Sjå Bakken, gnr. 20/17.
2. Håkon Henrikson Tretterud Brenna 04.05. 1838-1892
G 1869 m Dordei Olsdtr. Kolsrud. Sjå Brenna, gnr. 20/6.
3. Ola Henrikson Tretterud 20.03. 1842-1842
4. Dordei Henriksdtr. Tretterud 15.04. 1843-1874
Ugift.
5. Ola Henrikson Tretterud Gjerden 29.04. 1846-1895
G 1875 m Birgit Nilsdtr. Opheimsjordet. Sjå Gjerda 22/62.
6. Astrid Henriksdtr. Tretterud 19.09. 1849-1851
7. Knut Henrikson Tretterud 19.09. 1849-1849
8. Knut Henrikson Tretterud 02.02. 1852-1852

Margit og Henrik gifte seg i 1836. Dei budde i Ruud fram til 1843. Sidan var dei i Tretterud. Henrik selde frå Volelie i 1847. I 1852 selde han garden og Kråkhovstølen til Embrik Olson.

{554} År: 1852

Embrik Olson Grov Tretterud 1818-1900
Foreldre: Ola Embrikson Grov og Kari Torsteinsdtr. Moldbakken.
Gm Ingebjørg Knutsdtr. Sjong Tretterud 1821-1885
Foreldre: Knut Knutson Sjong og Eli Knutsdtr.

Embrik og Ingebjørg gifte seg i 1843. Dei hadde Tretterud frå 1852 til 1862. Då reiste dei til Amerika: Bristol, Worth Co. Iowa.(Gol V s 446)

{555} År: 1862

Eilev Nilsson Nubgarden 04.03. 1812-1896
G 1833 m Ragnhild Halvorsdtr. Medhus. Sjå Nubgarden, gnr. 11/1. Foreldre: Nils Hansson Nubgarden og Guri Olsdtr. Barskrind.

Eilev selde Tretterud til sonen Halvor Eilevson i 1866.

{556} År: 1866

Halvor Eilevson Nubgarden Nyhus 18.06. 1842-1916
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
Gm Guri Torsteinsdtr. Skjerping Nyhus 07.01. 1848-1933
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).

Halvor var forpaktar på Tretterud i 1865. Skøyte hadde han frå 1866 til 1878, då Herbrand Sørbøensmoen kjøpte garden. Meir på Nedre Nyhus, gnr. 10/8.

{557} År: 1878

Herbrand Herbrandson Sørbøensmoen Tretterud 01.10. 1827-1888
Foreldre: Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen og Astrid Olsdtr. Haugstad (Gol).
Gm Sigrid Olsdtr. Storedal Tretterud 11.02. 1843-1920
Foreldre: Ola Sveinson Reinton Storedal og Birgit Guttormsdtr. Tufte i Ustedalen.
*Barn
1. Herbrand Herbrandson Tretterud 18.02. 1873-1958
G 1899 m Ragnhild Kitilsdtr. Hjallen. Sjå neste hushald.
2. Ola Herbrandson Tretterud 21.12. 1874-1950
Gm Borghild Heier, Jevnaker. Ingen barn.
    Etter 8 års opphald i Amerika kom han heim i 1905. Han starta landhandel på Solvang i 1908. Formann i Ål Kraftverk 1920-1927. Han tok del i kommunalt arbeid, og var med og starta Torpo-saga.
3. Ola Herbrandson Tretterud Opheim 04.09. 1876-1952
G 1922 Hønefoss m Guri Knutsdtr. Opheim (Larsehagen). Sjå Hagabruplassen, gnr. 8/15.

Sigrid og Herbrand gifte seg i 1872. Dei hadde 8 dødfødde barn i tida 1879-1887.
    Dei selde Storedal og var i Tretterud frå 1879.
    Herbrand dreiv fehandel ved sida av garden. Han slakta heime og kunne ha opptil 8 hestelass med varer på Kristiania-marken. På siste markensreisa gjekk lasset ned i ei råk på Krøderen. Herbrand pådrog seg lungebetennelse under strabasane med å redde hest og lass, og døydde under Kristiania-marken i 1888. (993) s 126

{558} År: 1900

Herbrand Herbrandson Tretterud 18.02. 1873-1958
Foreldre: Herbrand Herbrandson Sørbøensmoen Tretterud og Sigrid Olsdtr. Vindegg Storedal.
Gm Ragnhild Kitilsdtr. Hjallen Tretterud 20.10. 1873-1923
Foreldre: Kitil Kitilson Hjallen og Ragnhild Olsdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Sigrid Herbrandsdtr. Tretterud Fjellheim 16.03. 1899-1979
Gm Mats Martinsen 1889-1975. Barn: Synnøve 1922-1986 sydame, g 1968 m Harry Kjenner (ingen barn); Ragnhild 1925- g 1947 m Olav Førland (3 døtre); Herbrand 1927- maskin-entreprenør, g 1952 m Grete Østerhagen (6 barn); Knut 1929-2000 snikkar, g 1956 m Gunvor Evju (1 dotter). (1548)
    Mats og Sigrid hadde bruket Fjellheim på Lierskogen. Slektsnamn Fjellheim.
2. Ragnhild Herbrandsdtr. Tretterud Jorde 31.01. 1900-1945
G 1927 m Ola Ottarson Jorde, Rotneim 1895-1984. Barn: Margit 1927- g 1958 m Torleiv Olson Brennhovd Sjugurdgarden Rotneim (2 barn); Ottar 1929- bonde på Jorde (Gol) g 1959 m Birgit Hermannnsdtr. Trillhus (3 barn); Reidun 1932- ug. lærar i Oslo; Kristine 1935- jordmor g 1966 m Halvor Olson Nordhagen, Nes (3 barn); Herbrand 1938-1989 sjømann, fabrikkarbeidar; Sigrid 1940-1994 operasjonssyster, busett i Hønefoss; Astrid 1943- lærar, busett i Stange, g 1974 m Wilhelm Murray, Oslo (2 barn).
3. Herbrand Herbrandson Tretterud 19.92. 1902-1992
G 1932 m Olga Haugen. Sjå neste hushald.
4. Birgit Herbrandsdtr. Tretterud Skogstad 06.01. 1904-1991
Gm Bjarne Skogstad ....-1985. Ingen barn. Dei hadde gard på Modum.
5. Gunhild Herbrandsdtr. Tretterud 17.02. 1906-1995
Ug. Husholderske i Oslo.
6. Ola Herbrandson Tretterud 28.02. 1908-1995
Ug. Handelskar. Ola kjøpte skog, hogde tømmer, skar plank på Tretterud-saga og selde plank.
    Han overtok kårhuset på garden, Solbråten gnr. 7, bnr. 40, i 1940 etter faren. Ola levde nøkternt, og la seg opp stor formue. På sine gamle dagar gav han bort med raus hand. M.a. den berømte vingåva til aldersheimen i Ål, 1 million til Radiumhospitalet, og midlar til aldersbustader for Torpo. Solbråten vart gjeve til Eldrebolig.
7. Olav Herbrandson Tretterud 16.05. 1910-1969
G 1953 m Gyda Fannum ....-1984. Ingen barn.
    Han var fyrst forpaktar, kjøpte sidan gard på Modum.
8. Kristine Herbrandsdtr. Tretterud 01.08. 1912-1968
Ug. Ho stelte foreldra, var sidan hushalderske i Drammen/Oslo.
9. Margit Herbrandsdtr. Tretterud Opheim 27.08. 1914-2001
G 1939 m Bernt Opheim 1909-1995. Barn: Eirik 1938- lærar/bonde, var gm Marcela Salamanca. Dei kjøpte 1939 ein gard på Drolsum, Modum.

Ragnhild og Herbrand gifte seg i 1899. Han fekk skøyte på garden i 1900.
    Herbrand tok til med skinnhandel då han var 12 år. Sidan vart det hestehandel. Og han reiste til byen og selde saltkjøt i tunner. Herbrand bygde nye uthus og bryggerhus. Saman med sonen Herbrand har han dyrka ein god del av jorda i Tretterud. Han kjøpte stølen Raudbrekk og langstølen i Volelia. Herbrand tok del i kommunalt arbeid, sat i kommunestyre og formannskap.